B O RTE HEIMANFRÅ
Rikke Gürgens Gjærum
Tomas Rolland (ill.)
Til Ludvig Liten og uunnverleg.
Ei påminning om livskrafta,
håpet og trua.
Med mors tolmod,
Torfinns bøn og fars omsorg fann du vegen til livet.
Me er deg evig takksam for di kraft.
PROLOG
Medan sola står opp, dveler me ved gårsdagen med eit håp om kva morgondagen måtte bringe. Kvar dag lever me som amatørar.
Kavande kortpusta opp bakkane er ikkje utsikta klår, så me lengtar etter frampeika og høgdedraga.
SYKLUS I
Det regnar i Gaza og buldringa frå grensa overdøyver brottsjøen ved Grønland.
Lufta er høgspent havet elektrisk og jorda smuldrar mellom hendene våre.
Territoriale behov gneg hol på sjela vår.
Me er snart brennmerka alle i hop.
Me skrik ikkje høgt nok men bit tennene saman.
Kjenner grusen sprute når me vaknar opp etter nok ei natt med kjevekamp i samvitet.
Kvar er håpet etter tredje dag når ingen lenger sit ved den høgre handa?
Det er tomt mellom dei gråblå skyene.
Nokon har skrive det før,
men det ser ikkje ut til å vere mykje til hjelp her me svirrar rundt
som på ei maurtue utan dronning.
Likevel kjem nye hjarteslag til å slå.
Ho ser ned på magen som veks. Draumane glitrar lik diamantar i snøen. Snart er det nye spor små stavar
nasepuss og vasskoppar så kjem friminutt og gongetabell
før skuledansen varslar ei anna tid natta tek over for dagen som gjekk.
Ho ser ned på magen som er like mjuk, men no med spor av liv.
Den vesle guten med dei store auga stirra opp på den varme handa.
Prøvde å halde følge med dei lange skritta.
Hinka langs brusteinen.
Hoppa over fortauskantane.
Måtte småspringe for å halde tritt
med moras stortrasking og kamp mot klokka.
Tida tikka.
Den vesle guten høyrde ikkje.
Vaksenverda breia seg
medan småskoa held han igjen.
I går, rett før han gjekk ut av gamleheimen
kikka han ned på dei slitne tøflane til bestefaren.
Den eine solen liksom gapa mot han som ein gapskratt over livet.
Tøflane gjekk ikkje fort
dei subba og laga ein rar lyd
kvar gong bestefaren dytta stortåa borti.
Guten likte lyden like godt
som linjene i andletet på den gamle mannen
og dufta av korall.
Korallreva er heimen til alle dei vakraste
skapningane i verda, tenkte guten
medan han forsøkte å halde tritt med mor si.
Det var så mange artige namn på dyra.
Ein gong skal eg lage namn på ein ekte skapning eg har funne på tokt med mi eiga skute, tenkte han medan han nynna på
sjø-anemonar
kråke-bollar
ull-gris
tresko-nebb
og sjø-drage.
«No må du følgje med, André!»
utbraut mora oppgitt.
«Sjå deg for», gå nå ikkje der og subb!»
«Det er farleg å vandre i eigne tankar slik», pleidde mora å messe
når guten flaug inn i sitt eige univers av vedunderlege skapningar.
Den vesle guten med dei store auga blunka knapt.
Han slukte verda innanfrå.