Skip to main content

Linda Ann Rusten: Poesi på liv og død

Page 1


Lyrikkforlaget © 2025

Inkognito publisering

Postboks 112

4395 Hommersåk

www.lyrikkforlaget.no

Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering

ISBN: 9788283984620

Omslag: CF media

Sats: CF media

Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.

POESI PÅ LIV OG DØD

LINDA ANN RUSTEN

Skogens løyndom

Det var seinhaustes, skogen opna seg da og var liksom berre for oss stilt kviskra han sin løyndom, ja, det var som om kvart eit lite kryp ville tale om det dei kunne ein må vere i verda sjølv når ho ikkje er til å vere til i kviskra alt det levande så må ein søkje ly når stormen kjem det er alt ein kan gjera seier han, og lukkar seg att

Møte i skogen

I skogen

møtte jeg en skapning som ikke var som meg allikevel kunne vi ane rytmen i hverandres hjerteslag, men du var vakrere enn meg, varere

hørte skogene til kun et øyeblikk delte vi så var du borte bak stillheten skogene og jeg sto alene tilbake

Dei svarte fuglane

Eg tenkjer på trea med dei svarte fuglane

dei gamle epletrea

som etter mange års fravær av stell og omsorg

likevel ikkje var ute av stand til å bere frukt

Eg tenkjer på trostane som samla seg på greinene

i store flokkar samla dei seg

desse seinsumardagane

dei bar liksom med seg eit slags vemod

desse dagane når trostane samla seg

i dei gamle epletrea

på denne måten

trea og dei svarte fuglane

det går mot haust

Kva skjuler du under di vesle bringe?

Jo, sjå, der yrer av lodden, nyfødd liv i eit mjukt reir av mose og gras

Stadig meir krevjande gaper dei mot deg ungane kan sjå like inn til avgrunnen i dei ørsmå gapa der stappar du nedi

larver og anna kryp gong etter gong

kjem du attende uavbrote følger du livets kall

sumar på sumar vonar eg ser deg neste vår

Tankar frå skogen

Det er godt å gå aleine i skogen.

la sjela vere open og klar

la grana gjere talen her

la fuglane fremme si vakre song høyre granmeisen klage i sørgmodig klang

Sjå ekornet flyge frå grein til grein

la tankane vandre og kan hende sjå, sitt eige liv som ein del av eit mykje større spel

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook