Johannes Eines
I nord vaknar sola i januar.
Som mora mi, då eg var liten, legg ho sine armar kjenslevart ikring meg og kyssar mi aldrande hud.
Så vekker ho meg frå mørketidssøvnen.
Sola
1
Eg heiter Johannes etter bestefar
1948
Vi er i den fyrste vårmånaden.
Doktoren har lagt tangklypa kring hovudet mitt.
Dreg meg langsamt ut av mors liv.
Så blei du fødd i fiskens teikn, seier mor, og stryk meg varsamt over dei raude tangrosene eg har fått på kinnet på vegen ut som menneske.
Mor pyntar meg med lysegule blomar.
Lyftar meg opp mot gloraudt jarn.
Slik skal du dyrkast, herdast og mogna lik løvetanna i vegkanten.
Nokon vaker når eg søv
Eg er to år, tuslar rundt på mjuke føter, utforskar krikar og krokar, kryper, går og snublar.
Fylgjer stien pappa trør ven med alle sølepyttar, gøymer meg bak eit tre, far vil høyre om han lyttar.
Kvile ut i sterke armar, vil at han skal bite tåa, synge Ole Lukkøye, telle alle grøne stråa.
Nokon vaker når eg søv, natta kviler, går til ro, lita stjerne, du på himmelen, hald mi hand i draumen no.
Inger Elisabeth Solem
Far min
Fiskaren pakka saman livet
medan han sløya fisken nede i fjæra –roleg gjekk han frå båten i støa, rett åt møtet med evigheita.
berre nokre fisk låg att etter han
Mor mi
Ho brukte ikkje store ord, men tok oss på fanget, song gamle skillingsviser, laga klappekaker med smør og sukker
ho var seint oppe, sydde og strikka,
ho la kabal og lærte oss kabal og forskjell på rett og galt.
Ho gjorde det beste ho kunne for oss
Det var hennar ord for kjærleik
Farmor
Fyrst tok dei språket ditt, pakka det inn i hån og sinne, lo av deg då du ikkje skjøna kva dei sa, kalla deg dum, kalla deg ein einfaldig lapp.
Så tok dei glansen frå augo dine, og songen din og sa at joik ikkje var for folk med reine, kristne hjarter.
Etterpå tok dei vidda, fjella, og elvane.
Alt tok dei, men du eide all visdom og dei sat fattige attende.
Så vart husa brende, dyra slakta, og du fekk ikkje meir enn kleda, ungane og ein plass på ei skøyte i opprørt hav.
Kvar gong nokon tok noko frå deg, reiste du deg opp att.
Du var ikkje skapt for mange ord.
Du var skapt av viddas folk, du var skapt av dyr, sol og vind.
Du var av stål.