f rode g ryt t e n (f. 1960) er ein av våre mest markante og folkekjære forfattarar. Sidan debuten i 1983 har han skrive bøker i ulike sjangrar. Romanen Den dagen Nils Vik døde, utgitt i 2023, har alt blitt ein moderne klassikar, omfamna av lesarar og kritikarar i inn- og utland. For denne romanen blei han tildelt Brageprisen og Bibliotekets litteraturpris. Boka er omsett til 23 språk. Handlinga i årets roman, Vinter, vinter, vinter, vår, utspeler seg i Odda, byen der Frode Grytten sjølv vaks opp.
årets første snø fell over Buardalen då Olga ser mannen sin gå frå huset, gå over tunet, før han og hunden forsvinn i alt det kvite. Hunden kjem tilbake neste dag, det gjør ikkje Martin. Kva har skjedd? Kvar er han blitt av? Olga Buer rasar og gret før ho reiser seg og tar opp kampen for sin vesle stad i verda. Vinter, vinter, vinter, vår er ein sørgesong over livet, over kjærleiken og alt som forsvinn eller går tapt. Ein moderne vestlandsk western.
F RO D E G RY T T E N Vinter, vinter, vinter, vår
Eg stira mot himmelen og fnugga som fall mot ansiktet, ned i den opne munnen min, og kvar gong seinare, når det snør på denne måten, med tunge flak som fell gjennom rommet, med snø så langt auget ser, hundretusenvis av fnugg, kjem denne dagen tilbake. Eg forsøker å la vere å tenke på han, eg forsøker å halde han unna, men han kjem tilbake når det snør slik, alt fram til augneblinken der eg står på knausen, med dalen bølgande under meg, med huset vårt som står i fare for å forsvinne i all snøen, og med Martin som er borte for alltid.
ISBN 978-82-495-3188-2
f o r fat ta r p o rt r e t t : Helge Skodvin f r a m s i d e f oto : Matt Black / Magnum Photos / n t b b o k b u n a d : Ellen Lindeberg
9 788249
531882
f o r l ag e t o k to b e r
F RO D E G RY T T E N Vinter, vinter, vinter, vår Roman | for lag et okt ob er
Okjökull / i s l a n d Breifonn / n o r g e Birch / s v e i t s Anderson / u s a Twins Glacier / u s a Pizol / s v e i t s Ilulissat / g r ø n l a n d Yala / n e pa l Skuta / s l o v e n i a La Corona / v e n e z u e l a Tuyuksu / k a s a k h s ta n Normannsjøkelen / n o r g e Fontana Bianca / i ta l i a Flua / i ta l i a Dagu / k i n a Darwin / u s a EI Carihuairazo / e c u a d o r Martial Sur / a r g e n t i n a La Concha / v e n e z u e l a Echaurren Norte / c h i l e Puncak Jaya / i n d o n e s i a Trobio / i ta l i a Mer de Glace / f r a n k r i k e Calderone / i ta l i a Schneeferner / t y s k l a n d Mount Kenya / k e n ya Ice Worm / u s a Ausuiktuq / c a n a da Sarennes / f r a n k r i k e Chacaltaya / b o l i v i a Tasman / n e w z e a l a n d Monte Perdido / s pa n i a Glisan / u s a Kilimanjaro / ta n z a n i a Chalaadi / g e o r g i a Pir-Yakh / a f g h a n i s ta n Santa Isabel / c o l o m b i a Kangerdlugssuaq / g r ø n l a n d Buarbreen / n o r g e

vinter, vinter, vinter, vår
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 1
11.08.2026 21:13
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 2
11.08.2026 21:13
f ro d e g ry t ten
Vinter, vinter, vinter, vår Roman
forl aget oktober 2026
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 3
11.08.2026 21:13
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 4
11.08.2026 21:13
Landskapet finst, personane er oppdikta.
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 5
11.08.2026 21:13
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 6
11.08.2026 21:13
vinter
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 7
11.08.2026 21:13
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 8
11.08.2026 21:13
mannen min hadde snøfiller på lue og dyffel då han gikk heimanfrå litt før klokka seks om kvelden den ellevte desember. Han hadde allereie rydda på kryss og tvers med snøfresaren. Han hadde til og med snudd seg og vinka til meg. Eg vinka ikkje tilbake. No kunne eg sjå strålen frå hovudlykta idet Martin rusla over gardsplassen. Molly sprang framfor han i store sirklar, bjeffa slik ho brukte å bjeffe, rulla rundt i snøen, forsøkte å fange fnugga. Borte ved låven stansa mannen min, som om han hadde glømt noko. Meg eller tida eller staden. Ja, kven veit. Beina hans var planta i snøen. Molly snudde seg og venta på h erren sin. Slik stod dei utan å røre seg i ti eller femten sekund eller til og med eit halvt minutt, før Martin rykte seg laus og gikk vidare. Bikkja tok ut i lykkelige klyv. Eg såg lysstrålen gli i flukt over jordet bort mot hovudvegen, så forsvann dei to i alt det kvite. Fram til då hadde eg tenkt at vi gikk mot ein tredje vinter på rad utan snø, også dette året hadde som maren strekt seg inn i september, ja til og med inn i oktober. I byrjinga av desember var innmarka som stål, grastustar stakk stivfrosne opp, vegen gjennom 9
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 9
11.08.2026 21:13
dalen var hard, men ingen snø hadde falle før denne morgonen. Eg var tidlig oppe, såg dei første fnugga utanfor. Då dagen kom, blei fjella hylla inn i tåke, og i tolvtida sveipte ei kraftig bye over huset, som om snøen hadde blitt halden tilbake så lenge at det ikkje var mulig å stanse han. Etter den første kraftige snø bya var det eit opphald, så tok ei ny bye over for den første, og så slutta det liksom aldri å snø den vinte ren. Eg stod i vindauget med armane i kors, sur og tverr, slik eg hadde vore gjennom mesteparten av denne dagen i desember. Eg rista på hovudet, trekte pusten djupt og tok til å jobbe vidare med maten. Det er sjølvsagt umulig å vite når noko er over, og når noko anna tar til, men hadde eg visst kva som venta, hadde eg sprunge ut, tatt tak i Martin, trygla han, trua han, tvinga han med meg heim igjen. Eg kunne ha gjort kva som helst for å gjøre om på den scena, kva som helst for å unngå å setje punktum.
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 10
11.08.2026 21:13
dette er sannsynligvis rein trøst, men kvelden før hadde vore harmonisk, ja siste kvelden med litt lykke. Vi drakk vin for å sikre nattesøvnen, slik vi brukte å gjøre, eit lite glas før sengetid. Eg hugsar korleis kroppen min blei svampete, rørslene mindre koordinerte. Eg sette meg på fanget til Martin, spurte om han fraus. Nei, svarte han. Men eg er kald, sa eg, du må varme meg. Vi gikk til køys rundt m idnatt, pusta frostrøyk i rommet. Sei at eg verdas d eiligaste, kviskra eg. Det gjorde mannen min, han sa at eg var verdas deiligaste, eg var i alle fall B uardalens d eiligaste, det var udiskutabelt. Vi ønskte kvarandre god natt og la oss på kvar vår side av madrassen. Flytt den feite ræva di, sa Martin, ho fyller heile forbanna senga. Eg låg vaken heilt til eg kunne høre pusten hans bli tung og rolig av søvn. Om morgonen blei eg vekt av eit lite kyss og av at Martin kitla meg under føtene. Det er det verste eg veit, ingen har lov til å kitle meg under føtene, eg blir rabiat om nokon kitlar meg under føtene. Eg hadde knapt fått opp augene før Martin sa at han ikkje kom til å kokke for kveldens gjestar, eg fikk skaffe vikar for 11
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 11
11.08.2026 21:13
han. Eg kan lage maten, sa Martin, men eg kan ikkje servere dei folka, der går grensa mi. Irritert skubba eg han til side og gikk på badet for å dusje. Han hadde nemnt dette tidligare også, men eg hadde ikkje tatt han på alvor, det var sånt sludder Martin kunne by på innimellom. Julebordet for trettitre lokalpolitikarar hadde eg skrive inn i boka mi like etter fjorårets jule bord, i nesten eitt år hadde det stått der, svart på kvitt, han kunne sjølv ha skaffa vikar om denne kvelden blei for mykje for hans sarte mannesinn. Han minte meg om den typen gjestar som roper servitøren til seg for å fortelje kor skuffa dei er over korleis egga er kokte. Martin gjentok trusselen då han kom tuslande ned trappa til frukost. Eg trur til og med at han nytta ut trykket over mitt lik, men det skal eg ikkje banne på, godt mulig at eg har fabla opp akkurat det i ettertid. Han stod lent mot kjøleskåpet med kaffikopp i handa og flir om munnen. Hører du etter? spurte M artin. Same for meg, svarte eg. Vel, dei seier at det er mannen som har pengebekymringane. Hos oss er det meg. Eg hadde sete med kalkulatoren heile den morgonen, mens Martin slumra oppe i senga. Kjøkkenbordet var dekt med rekningar og fakturaer, sjokoladepapir og sigarettstumpar, og etter at eg hadde addert og divi dert og multiplisert, viste dei harde fakta at vi gikk i minus. Eg sa til Martin at dette var talas nådelause konklusjon, ein pub i ein småby treng bare tre–fire lokale alkisar for å halde det gåande i årevis, så a nnleis med ein restaurant som vår. 12
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 12
11.08.2026 21:13
Eg sukka og stønna der eg sat med dei ferske tala. Du er ein stønnar, sa Martin. Slett ikkje, svarte eg, du veit godt at eg er ein nynnar, eg har nynna meg gjen nom livet. Det ordnar seg, sa Martin, det gjør det alltid. Nitti prosent av meg har allereie gitt opp, sa eg, før eg retta meg sjølv: Nittini komma ni prosent av meg har gitt opp, og det skal du ha klart for deg, Martin, det er mykje kropp. Han lo og sette seg på stolen, med hendene i bukselommene. Min depresjon er frå no av djup og udiskutabel, erklærte eg. Det var eit slit, dagen lang og kvelden lang og rundt og rundt oppe i skallen natta lang. Eg var bikkjetrøtt, det var det eg var. Korfor halde fram i sånt tempo i vår alder? Korfor ikkje bare finne fram pennen og skrive under? Vi kan bli rike, sa eg, søkkrike kan vi bli, har du ikkje lyst til å bli søkkrik, Martin? Han reiste seg for å skjenke meir kaffi. Eg vil bare ha nok til å leve, svarte Martin, har eg nok, har eg mykje, då treng eg ikkje meir. Å, mister Perfekt, sa eg, for eit godt menneske eg er gift med. Du veit at pengar er djevelens avfø ring? sa Martin. Nei, sa eg, no snakkar du som om du er med i ein dårlig westernfilm. Eg er det, sa han, du òg. Martin sa at han ikkje ønskte seg noko han ikkje hadde gjort seg fortent til. Heller gi enn ta, sa han, og dei folka, dei vil ta. Så kjente eg armane hans rundt meg, nasen hans i håret mitt, kyssa hans oppå skallen. Du og eg kunne hatt det ganske fint saman, sa han, hadde det ikkje vore for at du er ein tosk. Jo jo, eg er toskete, svarte eg, 13
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 13
11.08.2026 21:13
men eg er ingen tosk. Du har eit rosa temperament, sa Martin, du ser alle ting i eit rosa skjær, du trur godt om alle. Gjør eg? spurte eg. Ja, sa han og la til at dei som kom seinare i kveld, var åtseletarane, grib bane i westernfilmane, dei som krinsar tålmodig over den døande hesten eller kviga. Eg vurderte å hisse meg opp. Når slik dumskap blei ytra mellom desse fire veggane, hadde det nok hendt at eg pelma rundt på glas og tallerkenar. Ein endrar seg. Ein blir eldre. Ein blir klokare. Ikkje minst hadde vi no langt dyrare glas og tallerkenar i skåpa enn då vi starta opp på Buarheim. Eg måtte uansett ha gjort ei totalvurdering av kva som kunne kastast og kva som ikkje kunne kastast i dei veggane, og då ville mykje av vitsen med ein sånn reaksjon ha vore vekke. Der og då burde eg ha komme Martin i møte. Om eg hadde møtt han på halvvegen, ville han kanskje ha blitt verande i huset for å jobbe med meg. Men du veit aldri når noko skjer for siste gong, og eg visste det i alle fall ikkje då, der eg sat med mitt budsjett og min surmunn. Som varsla tusla Martin ut på yttergangen i sekstida den dagen, tok på lue og dyffel, fann fram støvlar og hovudlykt, ropte på Molly. Så opna han døra, gikk inn i snøen og ut av livet mitt.
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 14
11.08.2026 21:13
lukta av mannfolkverd, det er ei lukt eg fram leis kan framkalle frå den kvelden då Martin f orsvann. Mennene kom i maksitaxiar i sjutida. Eg såg dei trippe gjennom snøen på tunet, før dei ramla inn og glei ned ved borda, glupske og griske. Det er alltid flest menn. Det er bare å sjå på tv eller lese i avisa. Menn som er parate, menn som sprett opp, menn som tar plass. Vi har til dømes aldri hatt ein k vinnelig ord førar i Odda. Eg veit ikkje kva det seier om staden. Kvinnfolk er gjerne ikkje flinke nok i Odda, kvinn folk er gjerne ikkje mannfolk nok her, ein skal helst ha kjønnsorganet hengande utanpå i denne byen. Blant dei trettitre til bords den kvelden var det fire kvinner, fleire kvinnelige representantar hadde blitt ramma av influensa, og dermed hadde den mannlige varaen deira steppa inn. Eg kjente ikkje alle saman, fleire måtte vere benkeslitarar, sånne som aldri nokon gong ville komme opp med eit einaste o riginalt stand punkt eller forslag. Menyen? Jo, h eimelaga gløgg som velkomstdrink, Martins spesialitet. Som forrett fikk dei laksetartar med eple, pinnekjøt og svineribbe som hovudrett, sjølvsagt, og til slutt ei overjordisk 15
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 15
11.08.2026 21:13
rømmeiskake, eg lover, overjordisk. Dei fikk handverks sider frå fjorden, vi skjenkte vårt eige mørke juleøl, og til slutt kaffi eller varm sjokolade med raudvin. Eg sakna Martin på kjøkkenet, men det er ingen kunst å lage julemat, ein må bare lage nok julemat, og den maten må serverast som om måltidet er livets siste. Og det gjorde vi, serverte til menn med fuktig panne, menn med sveitte på overleppa og munn som var halvopen mellom rettane, menn som løyste på belte og slips og skjortekrage mens dei mumla ah og åh og ja. Sånne kveldar kan vere hektiske, men den lyden, snatringa og stønninga frå Oddas fremste menn, fortalte meg at alt gikk som det skulle. Servitørane pendla til og frå, kokkane jobba effektivt, og v ikaren var suveren. Etter måltidet måtte staben inn etter tur for å bli hylla og takka. Vi kan vere ueinige om så mykje, sa ordføraren der han stod med eit glas i handa, ja, i lokalpolitikken er vi rykande ueinige på daglig basis, men akkurat i kveld veit eg at eg har eit einstemmig kommunestyre bak meg når eg seier at Buarheim, som ligg så vakkert til her under breen, serverer Vestlandets beste mat. Korleis kjente eg meg der eg stod? Brydd, f orlegen, alt sånt ein ikkje kan ta feil av. Det prikka oppover armane. Eg heldt dei stramt bak ryggen for at eg ikkje skulle ta til å veive rundt med dei. Eg forstod kor for Martin hadde stukke av. Det er noko sjølvutslet tande med å drive restaurant, gjestane veit alltid best, 16
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 16
11.08.2026 21:13
og her skulle eg få dommen av ein amatør, ein mann som midt i ordflaumen måtte svelge sure oppstøytar. Ja, dette var mennene som med overveldande fleirtal hadde vedtatt at kommunen skulle inn på eigarsida i Buardal Resort, dei som ville ha gondol og hotell og hytter i dalen, dei som i praksis ville avvikle oss. Eg er ei enkel sjel, sa ordføraren, vi vil kvarandre godt i Odda, vi vil skape rike liv, same om vi liker sau eller gris, same om vi er for eller mot gondol. Han la ein arm rundt meg, og med eigarmine klemte han meg. Eg gjorde meg fri. Vanskelig å sjå for seg no, men ein gong i tida hadde ordføraren vore ein jente fut. Eg hugsar korleis Einar Moe bare trong nokre minutts arbeid for å få kvinner til sengs. Han skrytte av at vi to hadde vore kjærastar. Vi var altså så opp over øyra forelska, hørte eg Einar Moe seie ein gong han hadde med seg ein gjeng andre Ap-ordførarar. Ingen av oss har glømt det, sa han og blunka til meg. Vel, eg har glømt det, eg kan ikkje hugse at vi på noko tidspunkt var noko som minte om kjærastar, tvert om, eg hugsar at eg fleire gongar måtte avvise den feite slasken. Eg permitterte servitørane rundt halv elleve og skjenkte sjølv kaffi og varm sjokolade, samtlige slo til på tilbodet om likør og konjakk, til og med han eine frå KrF takka ja. Kommunestyret fikk også dispen sasjon til å røyke innandørs sigar, sidan det framleis lava ned ute. Eg makta å stappe alle inn i tre maksi taxiar litt før halv tolv. Dei flirte og førte hendene 17
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 17
11.08.2026 21:13
over mageregionen. Ein av politikarane la ut på ein lang monolog om verdiskaping og nytenking. Han sa at alle oddapatriotar måtte stå saman, Odda måtte bli ein ja-kommune igjen. Han hadde også ein drøm om at eg skulle seie ja og skrive under på opsjonsavtalen. Ut frå korleis hundeaugene hans var retta mot brysta mine, ville eg tippe at han var på h øgresida, eg m anglar empirisk grunnlag for dette, men det var noko med blikket. Opplagt ein høgremann. Då eg gikk inn igjen, ønskte eg bare at Martin skulle stå der. På dette tidspunktet burde eg ha vore urolig for han, men det trur eg ikkje at eg var, eg ville bare ha mannen min tilbake, for å avslutte arbeids dagen med eit glas vin og ein sigg, slik vi brukte.
Vinter, vinter, vinter, vår_Frode Grytten.indd 18