Skip to main content

"Ung mann vil ut" av Edvard Hoem

Page 1

forlaget oktober

forfattarportrett: paal audestad omslag: egil haraldsen | exil design omslagsbilde: andrew wyeth | Afternoon Flight, 1970 Drybrush watercolor, 56.8 x 72.1 cm. Private Collection © 2024 Wyeth Foundation for American Art | Artists Rights Society (ars), New York | bono, Oslo

Seksti år seinare sit Edvard i det gamle huset på Hoem. Her skriv den aldrande forfattaren han fram: den unge mannens bitre nederlag, store fryd, gnagande tvil og grenselause ambisjonar.

EDVARD HOEM Ung mann vil ut

edvard hoem (f. 1949) har eit framståande og rikt forfattarskap. Han er ein prislønt roman- og biografiforfattar, dramatikar og salmediktar, poet og Shakespeare-gjendiktar. I 2019 vart Hoem tildelt Brages heiderspris, og i 2020 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for framifrå innsats for norsk litteratur og kulturarv. Hoems slektskrønike, som opnar med Slåttekar i himmelen (2014) og endar med Husjomfru (2023), har blitt hylla av både kritikarar og lesarar.

på seinsommaren i 1963 flyttar den fjorten år gamle Edvard til Molde. Han skal gå på realskulen, som det heitte da, i byen – ein småby, riktignok, men så mykje større enn bygda han reiser frå. Han er ung, og han vil ut: bli eit menneske i den moderne verda, i si tid, ikkje ein av mange i den lange rekka av bønder som han stammer frå, i eit landskap der tida står stille. Og han vil skrive. Slik tenker han på det. Han forstår ikkje at han framleis er eit barn.

Om Husjomfru (2023) «Husjomfru er eit verdig punkt på ei familiekrønike det knapt finst maken til i moderne norsk litteratur, i sin frigjerande, gammaldagse romanform» jan nyberg, bergens tidende BBBBB «Stolt avslutning: Hoems slektsserie vil bli husket og lest lenge» sindre hovdenakk, vg «Korleis er det mogleg å ta avskjed med levd liv på ein verdig og sann måte? Ved stadig å minne oss sjølve om at ‹ingen er berre det du ser›. Kanskje også å lese romanar som Husjomfru av Edvard Hoem?» rolf nøtvig jakobsen, vårt land

EDVARD HOEM UNG MANN VIL UT Roman | forlaget oktober

Om Felemakaren (2020) «Eg kan knapt få fullrost denne romanen om ein felemakar i ei fjern tid» leif ekle, nrk, årets beste bøker 2020 «en fortelling det svinger av, fylt av stor dramatikk, mye kjærlighet og musikk … en stor leseopplevelse» turid larsen, dagsavisen «Det er en fryd å lese en slik forfatter. Setningene er gjennomarbeidet, glassklare alle som en … Det blir nesten litt tafatt å si at Hoem har skrevet en rik roman, men han har altså det» atle christiansen, aftenposten


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
"Ung mann vil ut" av Edvard Hoem by Forlaget Oktober - Issuu