Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 1
alice a4
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 2
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 3
Inger Bråtveit
alice a4
forlaget oktober 2015
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 4
Inger Bråtveit Alice A4 © Forlaget Oktober as 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil design Satt med Sabon 10,7/14 pkt. Hos Oz Fotosats as Første opplag 2015 Trykk og innbinding: ScandBook ab, 2015 Papir: Munken Print Cream 80 g, bulk 1,8 isbn 978-82-495-1054-2 www.oktober.no
av inger bråtveit Munn mot ein frossen fjord, roman, 2002 Siss og Unn, roman, 2008 Loveprosjekt, dikt, 2009
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 5
T Å R E S J Ø E N VAR IKKJE noko Loch Ness, der eit lokalt monster steig opp frå vatnet i forsøket på å eta folk levande. T å r e s j ø e n var ein gong så liten at han var å rekna for ein sølepytt. I denne sølepytten var det at ei mor ein gong hadde mista son sin. Under leitinga etter guten hadde mora gråte så mykje at søledammen vaks, og det hadde gjort leitearbeidet endå vanskelegare. Då mora skjøna at sorga hennar stod i vegen for å finna barnet att, gret ho berre meir. Synet av den gråtande mora – eller var det faren? – smitta heile leitemannskapet, og snart fløymde vatnet i strie straumar. Dalen der sølepytten ein gong låg vart eit kaldt, næringsfattig vatn. Tusen tårer låg i vatnet, og den djupe, salte sjøen strekte seg sjumillangt. Stjernene skein på himmelen, månen spegla seg i den mørke, stille vassflata, og alle skjøna at dei aldri kom til å finna den vesle guten att. T å r e s j ø e n inneheldt no meir vatn enn det er vatn i alle innsjøar i landet, var det nokon som sa. Det var berre å gi opp. Leitinga var fånyttes. Ja, det er lenge sidan no, men sanninga er framleis denne: Mistar du noko, får du oftast noko attende, men det du får, er ikkje alltid like lett å verta kvitt.
5
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 6
eg minnest eit hjul, det snurra rundt byen, blokka og betongen lyfte seg. Dei sa at hjulet var frå Paris, det gjekk høgare enn heisekranane og fabrikkpipene. Dei prøver å stela sparepengane frå oss, sa mor og gav oss to store setlar kvar. Me gjekk på tivoliet, fauk over byen, i strukturert glideflukt. Håret var laust, det blenkte i gult og grønt. Herifrå såg eg elva inni skogen renna svart. Det låg eit vatn lenger oppe, eller var det ein sjø? Eg såg bilen med sjåføren svinga ut av parkeringsplassen. Eg fekk ein glimt av passasjeren før dei blenkte seg ut, med kurs mot Autobahn. Det var ein brei veg, med fire felt og kvite strekar. På plassen mellom kjøpesenteret og det improviserte parkanlegget stod buer, telt og campingvogner. Tivoliapparata hadde allslags namn: Disco Fieber, Rollover, Break Dancer, Octopussy Monster 3. Syster mi og eg sat fastspende i ein blenkjande blekksprutarm. Eit gigantisk andletslaust hovud med paljettar roterte rundt armane på blekkspruten og lyste i neonfargar med kvar sin blå symjande delfin. Armane strekte seg ut i neonblått, raudt, grønt, rosa og gult. Syster mi talde fem, seks vogner i kvar blekkspruthand. Me hylte, me skreik. Få meg av, slepp meg ut! Eg må spy, ropa syster mi, men det var for seint. Blekkspruten hadde oss i si dansande makt. Alt gjekk rundt. Syster tok handa mi, og klemde til. Neglene bora seg inn i 6
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 7
handbaken min. Det er ikkje farleg, sa eg. Rundt oss, bak rekkverket utanfor apparatet, stod barn og vaksne. Jo, det er farleg, sa ho. Armane gjekk over i kvarandre. Grøne, rosa og gule bogar i neon som falda seg ut. Eg var ikkje redd. Eg kjende meg nærare syster mi enn nokon gong. Me vart snudde opp ned, og eg såg at blekksprutarmane likna på greinene som vaks under huset vårt, gjennom betongen, som ein gong kom til å slå veggen mellom romma våre opp.
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 8
me hang opp ned i lause lufta, før me vart førde gjennom ein sølvfarga fiskestim. Me var under vatn. Ei naken havfrue med langt, lyst hår heldt ein konkylie opp mot øyret sitt, eller var det vårt? Bak henne låg korallrevet og ein kråkebolle. Då me vart snudde på plass, var me over vatn. Gjennom inngangen såg eg radiobilane med nummer og raude flagg. Bilane sklei rundt i bane, fekk meg til å tenkja på såpeboksane me la ned på golvet i dusjen, før me fekk montert opp såpehaldarar. Etter gymtimen, når alle dusja på ein gong, flaut såpeboksane nedover mot sluket i eit vilkårleg, skumma mønster. Eg såg ein mann som prøvde å røykja ein sigarett medan han styrde bilen sin. Han såg sint ut, eller konsentrert. Bilen verka for liten til han. Såpeboksane samla seg, krasja inn i kvarandre, i ein felles kurs mot sluket. Ein stad lenger borte ropa ei røyst over eit høgtalaranlegg. Musikken starta, og røyken frå den automatiserte røykmaskina seiv inn over oss. Mannen i radiobilen slo i rattet, så reiste han seg, i fart, og sparka til dashbodet. Musikken stoppa, vakta kom springande til. Syster mi klarte ikkje å halda att. Strålen stod ut av munnen hennar, i ein knyttneve, eller i ein slags forlenga arm. Det var sjukt. At mannen som klikka i radiobilen under oss litt seinare, skulle spørja om eg kunne spela med han. Spela, sa eg, du held jo eit gevær. Luftgevær, 8
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 9
sa han, og sa han trong ein verdig motstandar. Han betalte, sa at eg måtte vera snill og vinna ein bamse til han. Syster mi sat bleik på trappa ved inngangen til blekkspruten medan eg sikta mot blinken i metall. Eg vart ikkje med han til bilen han sa at han hadde parkert utanfor.
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 10
kven var det du snakka med, seier syster mi og reiser seg frå trappeinngangen til blekkspruten. Ingen, seier eg. Eg såg deg gå med han. De stod og sikta saman med kvart dykkar luftgevær. Han tok på deg, eg såg det, seier syster mi. Eg kjende blikket hennar på meg, og kom til å tenkja på den gongen me skulle vera fine folk og gå på galleri. Mor hadde fått feriepengane sine, og me tok toget for å sjå på bilete av ein fotograf eg ikkje lenger hugsar namnet på. Eg minnest at syster mi blunka til meg då vakta gjekk inn i det andre rommet. At ho sa kom, og at me gjekk fram til den gravide kvinna og treet ho strekte seg opp mot. I treet låg eit reir. Eit smykke hang ut frå reiret. Det var tidleg morgon. Me lyfte biletet ut frå den kvite veggen, såg bakom. It’s a Woman’s Work, stod det bak biletet, skrive med blekk i lykkjeskrift. Nokon dato fanst ikkje. Kvifor me gjorde det, veit eg framleis ikkje. Me visste at det ikkje var lov. Eg såg på den gravide kvinna. Me trudde vel at det skulle finnast nokon viktige opplysningar bakom biletet. Det du såg var ikkje meg, sa eg til syster mi. Ho lo. Eg strekte meg opp mot reiret i treet. Greina hang høgt. Særleg, sa syster mi, og saman gjekk me bort frå blekksprutinngangen mot akvariet.
10
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 11
braincoolerar og sukkerspinn, karusellar og tekoppar snurra rundt. Syster var framleis bleik, eg var svimmel sjølv, men ho drog i meg og sa, kom, me går inn her. Det var ei campingvogn med eit slite fortelt. Det var dyrare enn karusellar, tekoppar, radiobilar, Feiber Dance, alt. Velkomen, sa kona og la kortstokken vekk. Ho stumpa sigaretten, sette to tynne kaffikoppar i porselen framføre seg på bordet. Gjennom stearinlyset såg eg at ringane under auga hennar var mørke, at ho hadde eit arr som gjekk frå munnen, over kinnbeinet. Bordflata var i mørkebrunt tre, med svarte spettar. På bordet stod ein vase med blomar i plast. Glaset i campingvogna stod ope, men dei kvite gardinene var trekte føre. Syster mi og eg fekk koma saman, men me måtte betala fyrst. Me mangla femten kroner, men det fekk gå. Spåkona såg på oss, ho sat i ein slags djupraud, fløyelsaktig sofa. Ho lena seg over bordet, mot oss, ho lukta rart, og det var meg ho såg på då ho sa: Du er jo berre eit barn. Blikket hennar var stivt og glasaktig, på same tid. Over hovudet hennar var det ikkje fest noko tørkle, men eit svart panneband. Dei mørke krøllene dekte for dei kvite bokstavane, men då ho rista på hovudet og snudde seg mot glaset, såg eg at det stod Pepsi Max på pannebandet. Du er glad i dyr, ikkje sant, sa ho og såg på meg. Mmm, sa eg. Gardinene hadde flekkar. Mellom 11
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 12
faldane såg det ut som om nokon hadde turka av seg på hendene. Har du nokon dyr, spurde spåkona. Ikkje no, sa eg, og spåkona sa at ho såg noko lite og kvitt. Er det ei mus, spurde ho liksom seg sjølv, før ho sa nei! nei! det er større, men spakt. Noko søtt, som i ein ball, eller eit nøste. Noko som alle barn likar. Å, no ser eg det, sa spåkona: Det er ein kanin! Ein kanin, spurde eg, og spåkona sa ja. Du skal få ein kanin. Og du kjem til å verta glad. Og så er det asfalten, og greinene, dei er det verre med.
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 13
spåkona snakka som om verken syster mi eller eg var der. Utanfor høyrde me ei flaske verta knust, ein kvinnelatter, så eit rop av mørkare karakter. Spåkona mumla noko som kunne vera banneord, før ho sette seg opp på knea i den djupraude sofaen. Ho ropa ut glaset på eit språk me ikkje forstod. Syster mi og eg såg på kvarandre, ho sat med ryggen mot oss, snart var heile hovudet hennar ut glaset. Den mørke stemma utanfor glaset kjefta lågt, spåkona kjefta attende, og så kom eit klikk. Vasen med plastblomane velta ned i sofaen, spåkona drog hovudet inn or glaset, og då ho snudde seg mot oss, hadde ho ein nytend sigarett mellom leppene. Ho pusta tungt, sukka, før ho lét seg gli ned att i sofaen, så såg ho på meg, så på syster mi, før ho bles røyken ut og opp over hovudet på oss. Eg minnest korleis ho, bestemd, tok tak i armen min. Korleis ho la handa mi på bordet, opna henne, og byrja å snakka til meg som las ho opp frå ei bok. Viljen er ein bein veg, men du må læra deg å styra han. Det er mange smålinjer inni her, og dei kryssar seg. Auga hennar var mørke, liksom blankare no, og ho sa ikkje noko meir om kaninar.
13
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 14
spåkona sleppte handa mi, og tok tak i kaffikoppen på bordet. Ho vippa koppen framover, lèt kaffirestane danna eit mønster av svarte sprekker mot det kvite porselenet. Det var eit intrikat system, men spåkona las av: Det er ein mann. Han kjem til å verta viktig. Be-tydnings-full, sa kona med vekt på kvar staving, som las ho av ein kode frå eit komplisert morseapparat. Kona feste blikket på meg og eg svelgde, drog håret som hadde falle fram, bakom øyreflippen igjen. Sakte bøygde ho koppen fram mot meg, og sa: Djup kjærleik lovar han. Ein særskild form for kjærleik. Dyre-bar. Spe-si-ell. Spåkona vrei på koppen inni handa, snudde han rundt, sakte. Teltveggen utanfor letta i vinden, før han la seg ned att. Her er ein skugge. Nei, no vert alt uskarpt. Eg ser både kvitt og svart, sa spåkona. Kan eg få sjå, spurde syster mi. Sjølvsagt, sa spåkona, og gav syster mi koppen. Eg stirte ned i kaffirestane. Spåkona lyfte blikket, og det kjendest som ho såg beint gjennom meg då ho sa: Kanskje kjem de til å skiljast, men de kjem til å f o r e i n a s t att i ein vinter kald som stål.
14
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 15
hadde du lagt merke til meg før eg såg deg? Du hadde det, eller i alle fall ei jente som minte veldig om meg. Me møttest utanfor blekkspruten der du gav meg eit luftgevær. Med olbogen planta i benken på bua stod eg og sikta inn i sentrumet av blinken. Du la hovudet litt på skakke, kvilte kinnet mot kolben, pusta liksom inn, før du pusta sakte ut og trekte av. Du heldt geværet med begge hender. Det var folk og musikk og blenkjande lys over alt. Du spurde om eg ville vera med deg til bilen du hadde parkert. Eg ville ikkje det. Du leikar med meg, sa du. Gjer eg? Eg tenkte at eg ikkje var anna enn eit slags tidsfordriv for deg. Det var fyrst seinare at du sa at eg hadde hatt slik ei makt over deg. Over høgtalaranlegget lenger borte annonserte ei røyst: Kom ned og opplev verda vår under overflata! Sjå dei vakre korallrevsfiskane, haiane og våre tropiske piratfiskar! Ver med når blekkspruten vert fôra i vår 360 graders 3Dkino! Du vann, samlinga i det svarte sentrumet var perfekt. Versegod, sa du og bøygde deg fram mot meg og gav meg bamsen. Dama bak bua spurde om du ville ha blinken og innertiaren med deg. Inngangen til Disco Feiber byrja å tetta seg med vaksne, barn og røyk. Det er for tidleg, sa du. Det er lenge sidan. No elskar du meg. Du vert galen utan meg, seier du. Du gjekk mot bilen din, eg gjekk til syster mi, som framleis sat i trappa ved inngangen til blekkspruten. 15
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 16
gjennom eit kvitskumma lys, over ei korg av eple, pærer og plommer, skulle eg finna deg att, og sjå at me to var eitt. Ein bølgjande elektrisitet gjekk gjennom meg. Eg var tretten. Eg var fjorten. Eg var femten. Det var fyrst etter at eg vart vaksen at eg høyrde at det fanst elektriske trådar som gjekk gjennom kroppen. At hendene våre er eit særs sensitivt verktøy, og at det er i hendene ein ser kva ein har med seg frå eit tidlegare liv. Når noko endrar seg i oss, set det merke i handflatene våre. Syster mi og eg såg inn under akvarieoverflata. Eg hadde lese at blekksprutar tok seg fram gjennom å pressa vatn ut frå undersida si. At slik kunne blekkspruten symja i e v i g h e t e r. Blekkspruten var ein motor, driven av si eiga underside. Me gjekk mellom fiskane og den nakne havfrua. Akvariet var delt i to, bak den nakne havfrua sumde to andre havfruer i kvit bikini og ei ganske vanleg dame i rosa badedrakt. Mellom stimen av flate fiskar i svart med tynne, gule striper blenkte havfruespordane, og det var då den blå sjøhesten på korallrevet bøygde seg fram mot meg og kviskra: Kom inn her, du, no!
16
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 17
marknadsplassen tømde seg, søppel og plast fauk med vinden over asfalten, la seg i buskaset som kvite ark. Menneska var skuggar, brukte billettar låg på bakken og berre lukta av sukkerspinn og brende mandlar vitna om dei fjerne galaksane syster mi og eg no hadde forsert. Lyden frå speleautomatane og dei einarma bandittane fjerna seg. Då me kom heim var det seint. I halvmørket ved kjøkkenbordet tende mor lightaren. Ho lèt flammen lysa over andleta våre, i eit sikksakkmønster. Ho bad oss pusta på henne, fyrst inn, så djupt ut. Kva er det kvite klisset i håret ditt? Sukkerspinn, sa syster mi. Mamma lo, sa de må hugsa på det, jenter, eg vil berre at det skal gå dykk godt her i livet, begge to. Ho tende lighteren på nytt, heldt han framføre oss, før ho bad oss om å blåsa flammen ut. Humrande gjekk ho ut av kjøkkenet, inn på soverommet. Me åt rista brød med smør, og eg visste med heile meg at det var deg spåkona hadde sett.
17
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 18
alt flaut, og i ein eigarlaus heliumsballong sleppt ut frå eit fargerikt knippe, steig eg opp frå senga der eg låg. Eg kjende lukta av brende mandlar og den søte, kvalme lukta av sukkerspinn. Eg høyrde lydar frå speleautomatar og einarma bandittar. Eg såg vaksne og barn flyta saman og inn i ein skuggetung karusell. Karusellen vart ei elv og elva delte seg, og bakom blokka skimta eg eit hav eller ein slags sjø. Eg lurte på om eg hadde livet framføre eller bak meg. Det er vanskeleg å forklara. Me reid rundt i høge sirklar. Syster mi kom bak meg, i sakte svev på hesten sin. Hesten likna ein rosa ponni, halen var i sølv og gull. Andlet, kvin, hår og latter blanda seg. Og frukta var kvitrosa med lillaskjær, som skyene høge og tunge over deg og meg. Me sveva i galopp, med taumane lause. Og då kvelden kom, la me oss til med hendene utslegne over hesteryggen, i kvilande og klårsynt flukt.
18
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 19
eg trudde det. At eg såg det, der eg låg i ein sump av tårer og duppa og flaut, før eg sokk under og fall inn i noko boblande, døsig og salt. Det kjendest slik, som om det undersjøiske svaberget saug meg fast, før eg byrja å søkkja nedover i den brungrøne T å r e s j ø e n att. Eg såg dei frimerkestore grøntareala i bydelen, blokka eg budde i, heisekranar, stillas, og som kula i eit flipperspel skimta eg mor mi, vaggande frå side til side i fortvila sinne over kjøkkengolvet. Seinare skimta eg andletet hennar, då ho hadde b e s i n n a seg. Ho hadde fred, og andletet hennar glei over i travet til tivolihesten. Syster mi og eg, på kvar vår hest, begge hadde me fått lagnaden vår skjenkt. Av spåkona i campingvogna fekk syster mi vita at ho hadde ei linje av eld i handa. At snart kom ho til å stå ved ein vegskil i livet, men at då var det viktig at syster mi stola på seg sjølv. Er svaret nei, stoppar du opp. Er svaret ja, vil du veksa og verta fylt opp av ei glede over alt godt i livet. Spåkona lukka handa til syster mi og sa at det var fyrst når syster mi fann seg sjølv, at ho kunne finna k j æ r l e i k e n. Dei mørke ringane under auga til mor vår gjekk over i ringane under auga til spåkona. Andletet hennar var hardtskore, men på hestane våre, som heva og senka seg i takt med musikken, reid syster mi og eg forbi dei små trea i kolonihagen tunge av eple, pærer og plommefersken, mumla eg og strekte handa ut. 19
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 20
du hadde ein bil, og saman køyrde me bort og vekk ifrå alt. Kor vil du eg skal ta deg med etter skulen, sa du, og eg sa eg ikkje visste, berre at eg ville vekk. Wonderland, då altså, sa du og lo. Du venta på meg ved butikken like oppføre parken der gjerdet til skuleområdet byrja. Eg lo med, sa JA, og lat oss køyra av stad i bilen din. Du og eg. Me skal spegla oss i stjernene. Eg lovar deg. Du høyrde kva eg sa, og køyrde gjennom alt som var skite, stengd av og gebyrlagd. Me køyrde langs Autobahn til me var ute av byen og lysa forsvann. Me fylgde den blenkjande blodåra av bilar, over oss hang dei blå skilta med kvite tal og piler og peika mot byar og landsbyar me køyrde forbi. Me kunne køyra i timevis. Alt var mogleg. Vegen delte seg, og elva opna seg.
20
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 21
hoppa tau, strikk, hinka paradis, skriva, byta, minnebok, skulebok, laga sin mest i n t e r e s s a n t e Facebook-profil der målet er 35 likes i løpet av eit kvarter, alt dette er dei ikkje-oppdaga jentene sitt vis, tenkte du medan du krossa armane i ei ukristeleg bøn over rattet: Å, la jentene for alltid gå himlande omkring med sine allvitande, maskarasminka auge, i sin uskuldige barndoms park. La jentene for alltid kasta hestehalane sorglaust bakover, og aldri, aldri veksa opp! Eg såg framover og leita ikkje etter svaret i det livet du hadde bakom deg. Eg ville vera med deg. Eg ville vekk. Eg tenkte på det spåkona hadde sagt. Kva ho hadde sett i botnen av kaffikoppen, på kva som var l a g n a d e n og kva som var d j u p t – og s p e s i e l t.
21
Prosjekt1.Bråtveit_Layout 1 02.08.15 09:23 Side 22
skogane var mørke, vegen var støypt i betong. Livslinja av planskilde kryss, av- og påkøyringsfelt, midtrabattar og køyrefelt teikna seg opp. Det gjekk støypte bruer over oss i kringler. Me køyrde til skogane gjekk over i gulnande åkrar, til vegen opna seg mot ein stilleståande sjø. Me køyrde til det var for seint å venda heim.
22