hoem. jordmor på jorda. omsl.qxp_Layout 1 20.12.2018 11:47 Side 1
Med denne romanen har Edvard Hoems slektskrønike, som opnar med Slåttekar i himmelen (2014), fått eit dramatisk forspel. Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter der.
E DVA R D H O E M jor dm or på jor da
edvard hoem (f. 1949) har eit betydeleg og rikt forfattarskap. Han er ein prislønt roman- og biografiforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespearegjendiktar. Hoems slektskrønike, som opnar med Slåttekar i himmelen (2014), har blitt hylla av både kritikarar og lesarar. Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren er eit forspel til denne slektskrøniken.
Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket. Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og ho var i livets teneste i meir enn femti år. Marta Kristine visste kven ho var. Ho stod støtt både når mistrua mot henne som jordmor var sterk, og da mannen fekk utfordringar som var for store for han å bera. Ut frå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Dette er ikkje berre ei forteljing om framveksten av det viktige jordmoryrket, men òg ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør.
E DVAR D H O EM j o r dmo r på j or da Huset under Blåhammaren
«ei fryd å lesa» audun mosevoll, dagen A DRESS EAVIS EN VG DAGBL A DET ROMS DA L S BU DS TIKKE BOK 3 6 5
FORLAGET OKTOBER 2018 ISBN 978-82-495-1980-4
FORLAGET OKTOBER
forfattarp ortrett: paal audestad Omslagsfoto: Illustrasjonsfoto frå Romsdal, ca. 1890 (fotograf ukjent) omslagsdesign: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | Exil d esig n
«Edvard Hoem skriv fram slekta si med meisterskap i språkleg framstilling, research og innlevingsevne. I skildringa av tippoldemora som var jordmor, trer 1800-talet fram for oss som om det skulle vore i går ... Hoem diktar så det sprutar, med utgangspunkt i visse dokumentariske fakta. Og han diktar godt ... Edvard Hoem har gjort det igjen ... Ein ny stor roman frå ein av Noregs beste forteljarar» alf kjetil walgermo, vårt land «Hoems romaner er et synliggjøringsprosjekt, han gir de stemmeløse stemme. [Ingen gir] en mer levende litterær skildring av dette kvinneyrket enn Edvard Hoem ... Marta Kristine [er] portrettert som en fascinerende og imponerende skikkelse» henning howlid wærp, aftenposten
sindre hovdenakk, vg
«Edvard Hoems make som krønikeskriver lar seg vanskelig slå ... en både rørende, klok og informativ fortelling om norsk fødselshistorie, strevsomt bondeliv og seig kamp mot trangsynthet og overtro ... Mennesker og natur omtales og omsluttes med varme og respekt i Edvard Hoems beretning» turid larsen, dagsavisen
Roman | FORLAGET OKTOBER
«Jordmor på jorda er et historisk dokument over våre ganske nære forfedres kamp for tilværelsen, men det er også en fortelling om mennesker av kjøtt og blod, skildret av en mester i faget» at l e n ie ls e n, b o k 3 65
«Nok en gang har Hoem forvandlet slektshistorie til gripende litteratur» MARIUS WULFSBERG, NRK P2 bjørn ivar fyksen, klassekampen
«På et skjelett av tørre fakta [...] bygger Hoem en fortelling av kjøtt, nerver og blod, profesjonelt og følsomt» f red rik wa nd ru p, dag bl a d et «drivande godt fortalt historie med ein detaljrikdom og anekdoter som kan ta pusten frå ein» øystein hauge, romsdals budstikke
Romanen bygger på Jordmor på jorda (2008), ei bok som blei skriven på oppdrag frå Den norske jordmorforening. Denne romanen, som har fått tittelen Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren (2018), er kraftig revidert og utvida.
«en historisk roman av beste familie»
«Med dette vakre kvinneportrettet har Edvard Hoem gitt oss forhistorien til sin store romanserie om slekten på farsiden, og dens utvandring til Amerika» FARTEIN HORGAR, ADRESSEAVISEN
«Glitrende kvinneportrett»
Hoem. Jordmor pĂĽ jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 1
Hoem. Jordmor pĂĽ jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 2
Hoem. Jordmor p책 jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 3
Edva rd H o e m
Jordmor p책 jorda Huset under Bl책hammaren Roman
Revidert og utvida utg책ve 2018
FORLAG ET OKTOBER 2018
Hoem. Jordmor pĂĽ jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 4
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 5
– Tippoldemor di, Marta Kristine, sa far, – ho gjekk til Christiania for å bli jordmor. – Og så gjekk ho heim igjen? sa eg. – Ja, så gjekk ho heim igjen og var jordmor i minst femti år.
Hoem. Jordmor pĂĽ jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 6
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 7
Fo rord 2008
Alt eg visste om mi tippoldemor, Marta Kristine Andersdatter Nesje, var det som fars knappe replikk for femti år sidan vitna om. Som vaksen hadde eg lenge forstått at eg måtte skrive om henne. No var tida inne. Det skulle bli ei lang reise tilbake i det historiske mørkret. Marta Kristine brukte som jente og ung kvinne adressenamnet Flovik, fordi det var der ho budde fram til 1817. Fornamnet hennar blir stava Marta Kristine, Marta Kirstine, eller berre Stina, som ho heiter i folketeljinga av 1865. I Statsarkivet i Trondheim finst det mange spor etter henne, og i Riksarkivet i Oslo kan ein finne i jordmorskulens protokoll at ho tok eksamen der den 23. juni 1822. I tingboka for Romsdals Amt kan vi lesa om Margrethe Jakobsdatter og hennar ulykkelege lagnad. Alle menneska som er nemnde i denne teksten, har levd. Dette er ein roman, skriven over dokumentariske fakta. Personane er dikta fram på grunnlag av spinkle enkeltopplysningar. Ingen kan lenger minnast kven dei var. Oslo, den 9. august 2008 Edvard Hoem 7
Hoem. Jordmor pĂĽ jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 8
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 9
Fo rord 2018
I 2008 var plassen for knapp og tida for kort. Forteljinga om tippoldemor Marta Kristine vart berre halvvegs fullført. Ti år seinare var det klart for meg at eg måtte gjera romanen ferdig. Den første delen av denne boka er langt på veg identisk med den boka som kom ut under same tittel i 2008, men dei siste to hundre sidene inneheld ei ny forteljing, spesielt om alle vanskane Marta Kristine møtte etter at ho kom heim frå jordmorskulen, i samlivet med Hans og i kampen for tilværet da ho vart enke. Oslo, den 24. september 2018 Edvard Hoem
Hoem. Jordmor pĂĽ jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 10
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 11
Første del Jo rdm or på j o r da
Hoem. Jordmor pĂĽ jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 12
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 13
Fø r st e ka p i t t e l
Ein vill seilas
1 D e t f ø r s t e M a rta K r i s t i n e kunne minnast frå barndommen, var ein vill seilas. Den kom ho ut for ein dag i oktober i 1800, det året ho skulle fylle sju år. Ein flokk menneske var på veg ned mot sjøen på Gjermundnes i Romsdal, karar og kvinnfolk om kvarandre. Alle hadde vadmålsklede av grov ull. Konene bar sjal eller skaut. Barna var kledde som dei vaksne, men ein og annan hadde ein vest som det var fargar i, ei raud topplue, eit blått tørkle. Det var haustleg, men ikkje kaldt. Lufta var klar, lauvet gulna i liene rundt fjorden. På dei høgaste fjelltoppane låg det nysnø. Alle såg at ein ny vinter var på veg. Husmennene og tenarane og barna deira hadde tatt fri for å seia farvel til Anders Knudsen, kona hans, Karen, og den vesle dotter deira, Marta Kristine. Det var ein stor dag i livet til dei som skulle reise. Dei skulle flytte til Nesje på den andre sida av Romsdalsfjorden. Anders Knudsen dreiv som skomakar og slaktar og var vel ingen velstandsmann, men han var flittig 13
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 14
og flink med pengar og såg lyst på livet. Han hadde kjøpt eit kårhus som låg like ved sjøen der, av kaptein Nicolay Peter Dreyer, for 150 riksdalar. Marta Kristine, som dei ofte berre kalla Stina, såg ikkje ut til å sørge over at ho skulle reise frå fødestaden sin for alltid. Med eit stort smil gjekk ho omkring og tok tauser og drenger i handa. – Takk for meg! sa ho og neia. – Takk for meg! Dei lo. – Sjå på jentungen, sa dei, – ho gjer ikkje noko av at ho skal fara frå oss! Skal vi aldri meir få høyre den glade latteren din? Nei, det var som om det vesle, travle vesenet ikkje kunne koma fort nok av garde. Ho snakka med ei filledokke som ho hadde under armen, og la ut for dokka om kor langt dei skulle reise. Det var fjøre sjø, vinden stod på frå sørvest, båten låg og gynga ei alen under bryggekanten. Alt dei skulle ha med seg, låg i to kister og nokre striesekker som var lempa om bord. Det var sengeklede og gangklede, koppar og kar. Der var skomakarkrakken til Anders Knudsen, som hadde eit skrin under setet der verktøyet låg. Trelestane han brukte når han skulle laga nye sko, var samansnørte i eit knippe. Alt var spent fast med trosser rundt tofter og stamn. Midt i færingen hadde Anders reist ei mast med ei rå i toppen og taljer på begge sider. – Det blæs rette vegen, sa han, – så no skal vi koma fort fram! Kona hans klatra ned stigen. Ho var lett på foten, trass i at ho var fireogførti år. Marta Kristine stod på bryggekanten. 14
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 15
Faren hoppa i båten, løfta dottera ned og sette henne på ei tofte. Han greip årane, la dei i keipane og rodde ut. Dei som stod igjen, vart mindre og mindre. Stina ropte og vinka, og dei på brygga ropte og vinka tilbake, men litt seinare kunne ho ikkje høyre dei meir. Anders Knudsen drog seglet opp med taljene og sette seg i bakskuten med ei åre som han stakk gjennom eit tau bak for å styre med henne. Like etter skaut båten fart. Det var ein god sjøbåt med ein kjøl som stakk djupt, laga for fjordar med sterke kastevindar. No var vinden mykje sterkare enn han hadde rekna med. Dei fauk av garde. Dottera lo ein høg, trillande latter da vinden fylte seglet. Mora ropte til faren: – Har du tenkt å drukne oss no? – Hald deg fast, kjerring, sa faren. – Det vi reiser til, er mykje betre enn det vi reiser frå. Dermed var dei i sørvestens vald. Bølgjene var ikkje store, og Anders Knudsen lét det stå til. Vindretninga gjorde det uråd å legge tvers over fjorden, slik som han hadde tenkt. I staden gjekk det med stor fart innover langs land. Kona tviheldt på jentungen. Anders Knudsen var seksten år yngre enn kona si og kjend som ein blåsar. Kvar gong ei båre fekk vatn til å skvette over ripa, lo Stina den trillande latteren. – Kan du ikkje få henne til å teia? ropte mora. Faren hytta til sjøfuglen som krinsa over dei. Båten huska fram over bølgjene. Anders Knudsen hadde vore ute ein stormvêrsdag før. Han ville prøve å koma i le av kyrkjeøya Veøy, så han kunne få seglet ned og ta årane fatt. Han drog i trossene for å rykke seglet laust, men ei av dei to taljene som han hadde heist det opp med, hadde kilt seg 15
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 16
fast. Sleppte han roret, kunne dei kollsegle. Dottera såg det på han, det gjekk fortare enn han hadde tenkt. Latteren hennar vart klipt av. Ho klamra seg til filledokka si og visste ikkje meir før båten skura inn på stranda på ei øy langt inne i fjorden. Dei var berga, men Karen var ikkje blid. – Du skulle ikkje utsetta meg for slikt som dette! – Kan eg for at vinden er så sterk? Han hoppa på land og stod og heldt båten, slik at dei kunne koma tørrskodde inn på trygg grunn. – Der ser du! sa han til kona si og gjorde båten fast til eit tre. – Skal du ikkje takke skaparen din for at han har berga deg enda ein gong? spurde kona. – Du er like morsk, du! sa han. – Berre vent til vi er framme, så skal eg nok få deg blid igjen! – Det kan du tru! sa kona. – Eg for min del undrast på kvar vi er komne. Eg trur det må vera Holmsholmen. Han såg oppover dei furukledde knausane. – Tenk at vi skulle koma hit! No må vi vente til vinden stilnar, så skal eg ro tvers over fjorden. Det blir ikkje meir segling i dag! – Berre eg kjem levande fram, skal det bli ei stund til eg går i båt med deg! sa kona. – Det er Holmsholmen, ja, sa Anders. – Skal tru om staken står der oppe enno? – Er du forstyrra? Det har ikkje vi noko med! – Nei, no skal eg opp og sjå om staken står der! Blir du med, Stina, så skal du få sjå eit hau’ som står på ein stake! – Eg trur du er galen, ropte kona. – Du må ikkje finne på å ta dotter di opp dit! Ho får vonde draumar av det! 16
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 17
– Ho blir vel heller glad i livet, når ho ser kor grufull døden er! – Alle andre enn du skyr slike plassar! – Eg er ferdig med all gammal overtru. La mor halde dokka di så lenge! Han tok dottera i handa og gjekk opp den smale krøtterstien som førte til det høgaste platået på holmen. Der stansa dei. Eit lite steinkast unna stod ein jernstake i ein sprekk i berget. På toppen av staken hang ein blankskurt dauingskalle, berre omgitt av nokre restar av kvitt kvinnehår som flagra i vinden. Marta Kristine vart ikkje redd med det same. Det gjekk opp for henne litt etter litt kva ho såg. Einkvan hadde hogd hovudet av ei kvinne, og kvinna var død. Der dei stod, kunne ho sjå fjorden og fjella rundt på alle sider, skyene i vest, skumtoppane på bølgjene. Ho høyrde eit ul frå hovudskallen på staken. Landskapet mista fargane sine, alt vart grått. Det dundra omkring henne. Midt i larmen stod ho, og ho ville skrike, men fekk ikkje fram ein lyd. Røysta til faren var som eit toreskrall: – Akk, Margrethe Jakobsdotter, ulykkeleg vart din ende! Tunga til Marta Kristine var tørr, men ho fekk spørsmålet fram: – Kva hadde ho gjort? – Ho fødte eit barn. – Men kvifor hogg dei hovudet av henne? – Fordi ho drap barnet. – Men kvifor drap ho barnet? – Fordi ho hadde mist forstanden, barnet mitt. 17
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 18
– Men kvifor sette dei hovudet på ein stake? – For at ikkje andre jenter skal gjera det same når dei får barn! Faren tok henne i handa, drog henne med seg. Ho snudde seg, men han skunda på: – No må vi finne igjen mor og båten! Sola skein ikkje meir. Skyene drog for. Det vart kaldare. Mora sat urørleg ved båten. Ho greip handa til dottera som om ho hadde vore redd for aldri å sjå henne igjen. Vinden stilna som ved eit trylleslag, og faren skuva båten på vatnet. Marta Kristine kom til seg sjølv. Ho skreik så det skrall i hamrane på holmen. Skrikinga gjekk over i gråt. – Kva er det med deg? ropte faren. Han rodde med hissige tak. – Kva sa eg, kva sa eg? sa mora. – Ho er av same slaget som deg – ho tåler ingen ting! Han rodde så båten huska. Gråten gjekk over i klynking. Marta Kristine sovna med hovudet på mora sitt fang. Først da dei nærma seg støa i Flovika, vakna ho og såg staden der dei skulle bu. For mora ropte av glede: – Så fint eit hus! Så fin ei strand!
2 Huset låg like ved sjøen, og det var meir enn eit husmannshus, sjølv om staden var omgjort til ein husmannsplass. Anders Knudsen skulle betale ei årleg grunnleige på to riksdalar til kaptein Dreyer, og så skulle han utføre pliktarbeid på Flovik gard om sommaren. 18
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 19
Dei kunne ikkje koma fort nok inn til støa nedanfor huset. Faren slo eit halvstikk på eit tau så ikkje båten skulle reise sin veg med floa. Han lempa reisesakene på land. Marta Kristine tok filledokka og ho og mora skunda seg opp til huset. Frå kjøpekontrakten visste dei at det var eit våningshus med stue, kjøkken, spisskammers og vedskur i første etasje; soveromma låg i andre etasje. Det var kledd utvendig med ståande furubord, slik ein gjerne gjorde i desse traktene. Det var som eit lite slott i lys av det dei var vane med frå før. Dei stod og venta på Anders Knudsen som kom pesande med ein del av reisesakene. Han slo døra på vidt gap. – Tenk at dei har smurt hengslene også! sa han. Det var lyst der inne, og dei kunne sjå korleis alt var. Det var skorstein med grue i kjøkkenet og jernomn i stua. For ein velstand! Himlingane var måla, alt var lyst og reint. – Det er vel ikkje det dårlegaste huset her i traktene, sa faren. – Om ein ikkje får det bra her, kvar skal ein da få det bra? – Vi må ikkje gløyme å takke Vårherre, sa Karen, – som steller alt så vel i stand! – Ja, og så må vi takke han Ola Nesje som fekk i stand kjøpet! sa skomakaren. Det stod ein slagbenk der, eit bord, eit skap og ei veggfast seng. Dei opna sekker og romsterte i kister og fann fram det dei hadde med seg, nokre knivar og koppar, ei gryte, tinntallerkar, og også skinnfellar som dei bar opp loftstrappa. Før dei tok kvelden henta faren vatn i ein treholk frå brønnen litt lenger oppe i bakken. Marta Kristine dyppa eit krus i vatnet og drakk. 19
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 20
– Er det ikkje godt vatn her? sa faren. Ho nikka og fylte koppen sin ein gong til, og så enda ein gong. – Nei, no må det greie seg! sa mora og tok koppen frå henne. – Gud bevare, sa faren, – skal ho ikkje få lov til å drikke seg utørst ein gong? – Ho heller i seg så mykje at ho væter seg i natt! – Ikkje den jenta, sa faren, – ho var tørr da ho var årsgammal. – Ja, du får bestemme du, sa mora, – eg rår snart ikkje med henne. – Kvifor skal ein rå med dei, skal dei ikkje rå med seg sjølve? spurde faren. – Du skal no alltid vera klokare enn hittfolket, sa mora, men kunne ikkje skjule kor glad ho var for det nye huset. – Eg er det, smilte faren, og tok etter kona, – eg er det! – Fyr opp og ikkje skap deg, sa mora. Ho slo handa hans frå seg og gjekk i gang med kveldsmaten. Faren stilte saman pinnar i grua og gjorde opp eld. Mora hengte ei gryte i skjerdingen og tok fram posen med mjøl som dei hadde med seg frå Gjermundnes. Ein knivsodd salt måtte ein ha i grauten. Så kokte gryta. Mora varma den siste mjølkeskvetten dei hadde med seg og slo han over grauten. Så åt dei, utan mange ord. – Det blir fint, sa faren. – No får vi legge oss, sa mora. Dei gjekk opp trappa til loftet. Faren bar eit vokslys, så dei kunne sjå hand for seg. Han slo opp døra til det minste
20
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 21
kvistrommet. – Her skal du bu, Stina. Vi kan ha døra open, om du vil. – Eg er ikkje redd! sa dottera. – Nei, da så! sa faren og bles ut lyset. Men han lét døra stå open. Marta Kristine la seg under skinnfellen. Ho høyrde at faren heldt fram med å snakke, meir lågmælt no. Mora mumla til svar. Marta Kristine ville at dei skulle tru ho hadde sovna. Ho låg og pusta jamt. – Vi får sjå om vi kan forlikast i dette nye huset, sa faren. – Ikkje no, sa mora. – Å, du er somme tider så vrang å be, sa han. Han var munter i røysta. – Ikkje når jentungen høyrer det, mumla mora. Så kom det eit dunk, og det vart stille. Så vart det uro i senga. Brått stod det tindrande klart for Marta Kristine kva dei heldt på med. Redsla frå tidlegare på dagen overfall henne på nytt. Sengebotnen knirka, mora ynka seg, så vart det stille. Marta Kristine var aleine i verda. Ho famla etter filledokka og fekk tak i henne, men oppdaga at dokka var død. Hovudet hennar hang og slang i ein tråd og ville ikkje vera saman med kroppen, same kor mykje ho prøvde å trykke det på plass. Ho låg heilt stille og tenkte: Eg har drepe filledokka mi! Snart sov begge foreldra. Faren snorka, mora pusta. Marta Kristine reiste seg, sette dei nakne føtene ut på golvet, gjekk stilt ned trappa, løfta slåa, opna døra og kom seg ut på dørhella. Det var kjølig, men det låg måneskin over
21
Hoem. Jordmor på jorda. Mat.qxp_mat 20.12.2018 13:05 Side 22
fjorden. Det var kald dogg i graset, det kjende ho da ho gjekk rundt hushjørnet og huka seg ned for å lata vatnet. Så gjekk ho mot eit lite skogholt like ved huset, la den døde dokka i ein sprekk bak ein stein og dekte henne til med lauv.