Eit verkeleg liv
Roman
forlaget oktober 2026
Eg har ikkje lyst til å fortelja korleis me møttest første gongen, eg hoppar over det.
Den andre gongen er det eg som dreg til henne. Eg tek bussen. Det er tidleg haust, septemberfargar, ein overgang.
Klar blå himmel.
Eg går rett frå jobb, kjøper med ei flaske vin. Eg veit ikkje så mykje om kva som er godt, kjøper ei flaske som er passe dyr med fin etikett, Chateau de Meaux. Idun møter meg på busstoppet i sentrum i den vesle byen ho bur i. Ho er uforståeleg vakker. Tydeleg, skarpt teikna. Me skal heim til henne, men ho seier at ho først vil invitera meg på eit glas. I minnet mitt er det ingen andre der, i kafeen ved kyrkja. Ho kjøper to glas varm vin med krydder og appelsinskal i. Benkene i kafeen er kledde med saueskinn. På denne tida har ho framleis ein kjærast. Eg veit om henne. Eg veit ikkje kva me snakkar om. Det er som om eg har blitt lukka inn i ei lun, vakker verd for ei stund. Har dette vore her heile tida? Etterpå går me ut av bykjernen, langs nokre marker, til me kjem til huset hennar. Her er det også slik: lunt, lyst, vakkert. Bøker
og instrument, ein stor peis. Kjølig, men ho fyrer opp. Ho synest vinen eg har med, er god, ho seier det. Ho har laga ei suppe som ho varmar på komfyren, ho tek fram heimebakt brød.
Eg veit framleis ikkje kva me snakkar om.
Eg set meg ved bordet overfor henne.
Eg trur ho ser på munnen min, hendene mine.
Eg vil ho skal det.
Ho har tent mange stearinlys.
Ho speler gitar og syng. Ein stad høyrer eg at ho byter ut «him» med «her». Det er Joni Mitchell. Go to her, stay with her if you can. But be prepared to bleed.
Eg har ikkje lyst til å dra herfrå.
Eg lèt vera å sjå på klokka, og plutseleg har den siste bussen gått.
Det hender ingenting mellom oss. Men eg har lyst til å seia: Alt hender mellom oss.
Eg søv på gjesterommet. Eg søv lett og engsteleg gjennom natta, redd for å ikkje vakna og nå den tidlege bussen. Men eg når alltid bussen, kjem meg på jobb. Liksom tynnhuda og veldig vaken. Eg er hyperkonsentrert på morgonmøtet, men har ingen idear til saker, gløymde å høyra morgonsendinga på vegen, sat berre og glodde ut på markene, motorvegen, den møtande trafikken.
Eg tenker: Det finst ei grense, og idet eg går over den grensa, kan eg ikkje gå tilbake.
Kan du seia til meg viss du møter ein ny? sa kjærasten min då det blei slutt i sommar. Eg orka ikkje svara han, orka ikkje seia verken ja eller nei. Eg hadde ikkje lyst til å møta nokon. Eg prøver å seia at det var ei sorg. Det var ein varm og sorgtung sommar, og eg gjekk og gjekk gjennom gatene. På veg til jobb. På veg frå jobb. På veg til å ta ein øl med nokon. Beina mine er sterke, tenkte eg. Beina mine ber meg. Kroppen er sterk sjølv om sjela er svak.
Då eg møter Idun, har eg vore vikar i kulturavdelinga i radioen nokre månader. Det er nok jobb til å overleva. Men eg treng ein plass å bu, eg har lånt kollektivromma til gamle venninner gjennom sommaren, har flytta ofte på meg, flyttelasset mitt stappa saman i ein stor bag med hjul på.
I begynninga av hausten søv eg på sofaen i kollektivet til Anna. Dei har ein rull teiknepapir ståande i hjørnet bak sofaen, eg riv av eit stort ark ein kveld eg er aleine heime, og teiknar meg sjølv midt på arket. Eg teiknar meg med stripete genser og det
mjuke svarte skjørtet, dei blå skoa. Det er vanskeleg å teikna føter, kva veg skal dei peika? Det blir éin i kvar retning, som første posisjon i ballett. Eg ser glad ut, optimistisk. Rundt meg skriv eg moglege løysingar. Kor eg skal bu, kva eg skal gjera med tida mi, kven eg skal bli. Eg teiknar piler frå kroppen min til løysingane. Det ser lett ut, det er så mange ting eg kan gjera. Eg er 23 år, eg har hendene planta i sida, eg ser ut som ei sterk kvinne.
På Marienlyst er det ingen som kritiserer stemma mi for å vera for sart, slik dei gjorde på distriktskontoret på Vestlandet. Det er til og med nokre som synest eg har ei god radiostemme. Dei fleste i redaksjonen er mykje eldre enn eg, men det er ei jente på min alder, Siri. Ho ser tøff ut, pønkete, ho er uredd på møta, har jobba i feministradioen før ho kom hit. Ho er annleis enn eg, uvørden og flink. Me er begge tilkallingsvikarar. Ein dag seier ho at det er eit ledig rom i kollektivet hennar, vil eg ha det? Det kostar ikkje mykje, leilegheita ligg i ein forfallen bygard i eit pent strøk. Det bur fem eller seks andre der, det ledige rommet er det gamle pikeværelset innafor kjøkkenet. For å koma dit må eg gå gjennom ein lang gang, gjennom toalettet og så gjennom endå ein lang gang. Alt er mørkt og skittent. Men pikeværelset har kvitmåla perlestaff og eit vakkert vindauge mot bakgarden. Eg seier ja. Tusen kroner
i månaden. Fem kvadratmeter. Eg dreg til Ikea og kjøper ei fredslilje og ein madrass som eg akkurat får pressa inn under vindauget. Eg snur ein vinkasse opp ned og bruker som nattbord. I det inste hjørnet får eg plass til eit lite skrivebord, ei smal bokhylle og ein kjøkkenstol eg overtek frå ho som hadde rommet før meg. Eg fiksar ei gardin i rispapir som nesten er lang nok til å dekka vindauget. Det plagar meg ikkje at ho slepper inn lys. Det er ingen varmekjelder her. Etter kvart må eg kjøpa ein liten panelomn, skru han opp under vindauget.
Dei dagane eg ikkje jobbar i radioen, sit eg ved skrivebordet på rommet mitt, les og noterer. Eller eg legg meg på senga, oppå det grøne sengeteppet, og lyttar til musikk. Ser opp i taket. Eg lyttar til det Siri har anbefalt. Det er nye ting for meg, feministisk pønk, ein samisk duo. Det er som om føtene mine ikkje vil festa seg heilt til bakken, eg er for lett. Eg prøver å jorda meg, gjera meg verkeleg. Nokre morgonar skåldar eg frø i ein stor bolle. Eg ventar to timar, så blandar eg inn gjær og mjøl. Det må heva. Eg bakar ut. Det må heva igjen. Eg les og kviler i mellomromma. Eg har ikkje dårleg samvit. Det skitne, vesle kollektivkjøkkenet eignar seg eigentleg ikkje til å baka, det luktar svidde matrestar frå steikeomnen, eg unngår å kna deigen på benkeplata. Når kvelden kjem, et eg ferskt brød med smør på,
eg skjenker eit lite glas whisky frå flaska eg har ståande i bokhylla.
Nokre dagar går eg i brudekjolen til bestemor mi. Det er store blå blomar på han, ikkje ein typisk brudekjole. Han er sydd i tung silke som liksom dansar rundt knea mine. Viss eg ser nøye etter, ser eg at han er i ferd med å sprekka litt i saumane, rundt dei små handsydde innsnitta. Eg trur aldri han har vore vaska. Av og til, på varme dagar, er det som om eg kan kjenna sveittelukta frå bryllaupsdagen hennar.
Tida går. Eg tenker på Idun. Me sender nokre meldingar. Ho eksisterer i ei verd som for meg er opphøgd, fjern. Ho lever i ei vakrare verd. Eg har kjensla av at eg ikkje kan forstyrra henne for mykje, ikkje no, ikkje enno.
I radioen intervjuar eg ei kvinne om stolar. Det er ei utstilling på det kulturhistoriske museet som viser korleis møbeldesignet har endra seg gjennom tidene. Ho har på seg tynne tøyhanskar, løftar fram stolane for å visa, sjølv om det berre er lyd i reportasjen, ho peiker og fortel. Eg spør om ho har ein favoritt. Men det er som om eg ikkje blir nøgd med svara hennar. Eg synest ho held seg på overflata. Eg vil vita kva ein stol er, kvifor me begynte å sitja på stolar, eigentleg. Eg forstår at eg er urimeleg, at det ikkje blir gode intervju av at eg vil gå heilt til botnen med alt.
Dei andre i redaksjonen gir ofte saker til meg. Eg veit ikkje om det er for å vera greie, eller om dei gir meg sakene dei sjølv helst vil sleppa. Eg trur alle bur
på vestkanten. Siri og eg også, men det er annleis, me høyrer ikkje til her. Ein dag intervjuar eg ein forfattar som nett har kome med ny bok, det er ei av sakene eg får i fanget. Det hastar litt, han skal reisa utanlands dagen etter, så eg rekk ikkje å lesa boka før me sit på ein benk i Vigelandsparken. Det slår meg ikkje før eg sit der, at det er respektlaust. Burde eg berre sagt nei til å gjera det? Vinden lagar stygge, brå lydar i mikrofonen, eg har gløymt vindhette, eg tek av meg den lilla lua mi, legg mikrofonen inni, surrar luestoffet rundt skaftet. Forfattaren kunne ha audmjuka meg, men han gjer det ikkje. Eg har ikkje fått med meg at ein del av handlinga går føre seg i verdsrommet. Då me går frå parken, trur eg begge synest den andre er litt dum, men me tilgir kvarandre utan å seia noko, og eg klipper saman saka slik at me begge høyrest smartare ut enn me var der på benken.
Eg har to par kinasko, eitt par svarte og eitt par rosa. Solane er av tynn, hard plast. Eg kjenner asfalten gjennom dei, eg liker det. Eg går gjennom gatene frå radioen og til kollektivet. I ein butikk på vegen sel dei glaserte fliser og svære aga omnar. Det står ei metallkorg med fliseprøvar utafor, dei kostar ikkje mykje, eg kjøper ei okergul flis som eg tenker at eg kan bruka som underlag til espressokanna. Eg lurer på om eg ein dag kjem til å drøyma om flislagde
vegger, dyre og eksklusive ting. Bygarden der kollektivet ligg, har ei blank, svartmåla dør mot gata. Eg skyv henne open, traskar opp dei skitne trappene.
Siri har eit band, dei er på turné i Europa, eg får ekstra mange vakter i radioen. Ho kjem heim med to små koppar ho har kjøpt i Barcelona: ein gul og ein blå i kantete keramikk. Siri seier at ho ikkje føler seg heilt i form, ho forstår ikkje kva det er. For å koma til badet må eg gå enten gjennom rommet hennar eller gjennom rommet til Gabriel. Han har bygd ein stor hems å sova på. Eigentleg bur han i ein spansk økolandsby, men det har skjedd noko, det har blitt slutt med kjærasten, ho han har barn med. Han må vera i Norge ei stund og køyra buss, tena pengar. Men det går ikkje så bra. Han seier at det gjeld å antyda til legen at han tenker på å køyra bussen av vegen. Då får han sjukemelding.
Gabriel har lange dreads, han manglar ei tann på den eine sida. Han seier at eg ser redd ut. Han vil gi meg ein klem på kjøkkenet medan eg bakar. Han saknar barna sine. Eg er ikkje redd, det er ikkje det.
Me har ei vaskeliste, men det er ingen som vaskar. Me har fått billigare leige i byte mot å vaska trappeoppgangen, men ingen vaskar den heller. Det ligg grus utover golvet i den ytste gangen. Sko i ein stor
haug. Eg prøver å halda mitt eige rom reint, litt hyggeleg. Men eg lukkar ikkje auga når eg går gjennom resten av leilegheita. Eg prøver ikkje å gjera noko med situasjonen.
ingrid z. aanestad (fødd 1983) debuterte som 22-åring med romanen I dag er ein fin dag og har sidan etablert seg som ein unik stemme i den norske bokheimen. Aanestad skriv med ein særeigen økonomi i formen og samtidig med stor detaljrikdom og djupn. Eit verkeleg liv er hennar tiande bok.
forfattarportrett: Fartein Rudjord forsidebilde: iStock | Getty Images omslag: Ellen Lindeberg
Eg har ikkje lyst til å fortelja korleis me møttest første gongen, eg hoppar over det.
Den andre gongen er det eg som dreg til henne. Eg tek bussen.
Det er tidleg haust, septemberfargar, ein overgang.
Klar blå himmel.
liv har flytta til Oslo, ho jobbar som tilkallingsvikar i radiohuset på Marienlyst, studerer litt, bur i eit skittent, folksamt kollektiv. Ho er tidleg i tjueåra og full av håp for livet.
Idun er eldre, høgreist, sjølvsikker, og den første kvinna Liv er kjærast med. Hos Idun er alt på plass, gjennomtenkt, nydeleg, det luktar lavendel og sitron på badet, ved og eld i kjøkkenet.
Det er ein god stad å vera – heilt til det ikkje er det lenger.
Eit verkeleg liv er ein intens og sanseleg roman om å kasta seg ut i ein oppslukande forelsking og mista seg sjølv i svevet.