FORLAGET OKTOBER
STEIN TORLEIF BJELLA • FISKEHUSET
ROMAN
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 2
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 3
s t e i n to r leif bjella
fi s k e h u s e t Roman
forlaget oktober 2021
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 4
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 5
innhald
Prolog 1 2 3 4 5 6 7
7
Neste år må du klare alt sjølv Bekkaure og heimføding Tankefullt eller drivande spel Kven er eg eigentleg? Fjellets råe son I strandsona, på djupet, i vatnet Overgangar
9 39 63 81 91 103 119
Epilog
129
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 6
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 7
pro lo g
e g k u n na f o rta lt deg om Knut Hårspray, Einar Steinar, Ved-Bjørn og Dubbeltfaen. Eg kunna fortalt deg om liket i Livtjødn, ofringa på Brennodden og stridsvogna i skogen. Alt må vente. Den beste forteljinga er den om Ivar Helgesson Aal (1936–2015) og meg på haustfiske i Storsenn. Me var ikkje ofte saman, men ei veke for åtte år sidan endra livet mitt. Sjølv er eg 47 år, hjelpelærar, musikant og heimføding. Ivar herjar framleis rundt, men no i eit nytt luftlag. Der balanserer han på kanten av svarte hòl, rir på nordlyset og legg ut om ei ny verdsordning. Overalt der han kjem, sit folk stille attende, nokon ser skamfulle ned i bordplata, nokon går under middagen, ingen søv, mange er usikre. Så til ditt einaste spørsmål: Er det sant, det eg skriv? Ja, Fiskehuset er ei sann historie. Det einaste som ikkje er sant, og det har eg heller ikkje tenkt å avsløre: namnet på vatnet Storsenn. Det heiter eigentleg Øvringsvatnet, men det er galskap å skrive det her, med tanke på tjuvfiske. 7|
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 8
Under turen med Ivar noterte eg i ledige stunder: namn og tal, store og små hendingar, korte og lange tankestrekk. Skreiv i øvrekøya med lommelykt før svevnen tok meg, på utedoen før Ivar masa meir, på benken på Slottsbalkongen og om kveldane ved det grøne bordet under stearinlyset. Eg skreiv full den blå møteboka. Sidan levde Fiskehuset berre i tankane. Fyrst under pandemien vart det ro til å skrive det ut. I Fiskehuset brukar eg vanleg nynorsk, med kløyvd infinitiv og eit og anna nikk til hallingmålet. I tale og sitat er eg tettare på dialekta, Ivar er meir gamalmodig enn meg. j on asl ess on a a l Ål i Hallingdal, april 2021
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 9
m åndag | n este år m å du kla re a lt s jølv
– ska du bi ein god fiskar, må du tenkji som ein fisk. Onkel Ivar ser rett på meg. Sjølv om panna er drivvåt, ligg den amerikanske sideskilen perfekt. Me står på vollen ved båthuset. Vatnet Storsenn breier seg mot vest. Det er større enn eg hugsar. Ivar myser i lynklart haustvêr. Han har høge gummisko, feltjakke, strikkavottar og bremluve med øyrelappar. Det er berre fire kilometer frå parkeringa, men for Ivar vart det fire mil. Framoverbøygd og tungpusta kjempa han seg hit. Tyngdekrafta og hardt ramma ryggvirvlar pressa han mot bakken. To gonger ramla han. Fyrst trakka han feil og datt sidelengs. Sekken og han låg samanfletta med ungskogen. Han freste som ein hoggorm då eg fekk han laus. Like etter datt han bakover i stigen. Han kila fast baken mellom to steinar. Då eg sprang til for å hjelpe, slo han etter meg med staven. Han kom seg laus for eigen maskin, ved å vogge att og fram. Etterpå halta han på høgrefoten. 9|
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 10
Eg tenkte at onkel ikkje lenger er mannen for haustfiske i kalde fjellvatn. Han har elendig balanse, syn og høyrsel, han frys konstant på hendene og vil søkkje som ein stein. Det er berre kjeften som verkar. Sidan eg henta han i dag tidleg, har han ikkje stilt eitt spørsmål. Det er ikkje antydning til samtale, berre einetale. Eg har ikkje sagt ei heil setning, berre svara kort: «ja», «å ja» og «akkurat, ja». Ivar, derimot, har prata i eitt: «Ei gong va det vidde. Ei gong va det aure på tre kilo. Ei gong låg snøen i august. Ei gong bad dei te måne og eld. Ei gong va det to fiskebui, den eldste tå stein og jord. Ei gong va båten flåte. Eitt år hadde gofa mjølkeky med, båthuset va fjøs, ei kyr stod med teppe over seg om notte so ho ikkje fraus, slik sikra gofa seg mjølk og mat og kløv heim. Han patruljerte vatnet med sylvstav. Handtaket va revolverskjefte og stokken geværløp. Det er dine forfedru, Jon. Hard voro dei. So langt attende slekt er kjend.» Klokka er tre på ettermiddagen. Vatnet ligg rett under tusen meter. Det er mørkeblått og småkrusar seg. Ivar ormar seg ut av sekken. Han set seg på steinbordet. Han skjer smertegrimasar då han rettar seg opp. Så trekkjer han pusten og seier: – E vil du skal ha detta, Jon. Vatn, båt, båthus, gådn og alt i hop. E såg helst at nokon som va skikka, fekk det. Dessverre lova e ei gong å halde Storsenn i slekten. E ha støtt sagt at eigedoma koma og gå. Det er folk, og band 10 |
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 11
imyljo folk som era viktige. Me har føta og ikkji røta. Storsenn er unntak. Det må slekte eige. Eg stod stille. Fann ingen svar. Eg var her som gutunge. Var med far og Ivar på sundagstur i sol og varmt sommarsvêr. Ivar ville eg og han skulle ro ein tur. Me skuvde ut båten. Far sat att ved båthuset på land. Då me kom på vatnet, vart eg redd og gret. Storsenn var stort og svart og djupt. Me hadde ikkje redningsvest, og korkje Ivar eller eg kunna symje. «Når du bi redd, må du alder sjå ned. Sjå upp», sa Ivar beint til meg. Eg la meg i botnen i båten, vart våt på ryggen, for det pipla inn vatn fleire stader, festa auga på skyene og formasjonane som passerte over meg i høgt tempo, så gjorde eg ingenting av det Ivar sa, lét berre auga att, drøymde meg til fanget til far på land, fyrst då stansa gråten. No står eg her, på den vesle fiskevollen, med ein utsliten Ivar som geispar etter luft og ventar på ein reaksjon frå meg. Eg er sjakkmatt, og det einaste eg klarar å uttrykkje, er: – E? – Ja, du. Tenk det, svarar Ivar. Eg skjønte det var noko viktig Ivar ville. Heilt frå han tok kontakt for eit halvår sidan, og me avtala turen. Eg var i øvingslokalet då han ringde. Venta på dei andre i bandet. Me skulle friske opp gamle låtar, kanskje få inn 11 |
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 12
eit par nye; var me heldige, vart det speleoppdrag til sommaren. Eg hadde mitt. Ikkje at eg hadde så mange å tenkje på i kvardagen, men eg hadde mitt, som var viktig for meg. Likevel lova eg onkel å vera med denne veka. Eg syntest eg var temmeleg raus då eg sa ja. Ivar tok det som sjølvsagt. Då me svinga inn på parkeringsplassen, peikte han og sa: – E set støtt bilen der. So då gjer du med det. Sjølv om det ikkje var nokon andre på den store parkeringsplassen, sette eg bilen der. Så fort handbrekket var på, var Ivar i bagasjerommet, baksa på seg sekken, fiska fram bjørkestaven, stod ustø og klar. Eg fann sekken, med sengetøy, klesskift, turrmat og drikke. Det vart ei tung bør. Til slutt hengde eg loppisgitaren i ei reim over bringa, så la me i veg.To hundre høgdemeter opp. Fire kilometer inn. – Folk ha føta, men jammen er det mange som ynskji seg røta med, sa eg. Eit opent svar, men der og då var det det beste eg kom på. Var Storsenn ei gåve? Skulle eg takke ja? Eg, som likte å reise og vera fri. Her fekk eg arbeid og ansvar. Hadde eg berre hatt nokon å dele med. Det vart det heller aldri noko av. Går det eigentleg an å garnfiske åleine? Ivar trekte pusten djupt, rista på skallen, såg oppgitt på meg, henta brilleetui frå innerlomma og ei splitter ny blå møtebok frå sekken. Mellom to sider låg det eit brev. Han las høgt: 12 |
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 13
«Eg, underskrivne Ivar Helgesson Aal, Ål, overdreg herved og skøyter til brorson Jon Aslesson Aal, Ål, mine rettigheter i vatnet Storsenn gnr. 130 bnr. 2 i Ål kommune. I salet medfølger tilhøyrande bu og båthus med inventar, 30 fiskegådn samt 1 båt. Kjøpesummen er 200 000,–. I tillegg medfølger lausøyre verdsett til 50 000,–. Omkostninger ved salet skal betalast av kjøpar. Jon Aslesson Aal overtek eigedomen her og nu. Eigedomen er utan heftelser. Konsesjon ikke nøvendikt då kjøpar er seljars brorson. Ål, 31. august 2013. Ivar Helgesson Aal.» – E ha sendt kopi te Hallingdal tingrett. Ingen veit kor lengi livet leika. Så rekte han meg boka og ein penn. – Skriv ned alt som bi sagt og gjort desse dagadn. E fortel det berre ei gong. Neste år må du klare alt sjål. Me går til vasskanten. Til framsida av båthuset. Storsenn er glasklar utover frå land. Vatn og lys gjer botnen grønaktig. Det er ikkje mudder og vegetasjon, berre berg, små og store steinar, vaska reine, lagt på plass av vind og is. Eg ser ingen liv, ingen fisk. – Gi meg den der, seier Ivar og peikar på ein liten hellestein i vatnet like ved der eg står. Eg lyftar han opp. Ivar ber meg snu steinen. – Her ser du matfatet til auren i Storsenn. 13 |
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 14
Han peikar på fleire små kryp som heng i den våte steinen. Hektar på seg brillene. – To marflokreps, ein snigil, ei linse, to larvehus. Hadde me vore her i sumar, vilde me sett vårflugu og flygemaura, og det klekte døgnflugu over heile vatnet, og are kryp og insekti e ikkji kan nabn på, men det er berre å lære seg, auremat er det alt. Ivar hiv steinen i vatnet att. Eg snur meg mot land. Tett ved ei storgran, femti meter bak båthusbygget, står utedoen. Grått treverk gjer at han går i eitt med alt rundt. Bølgjeblekk på taket, døra vender innover mot land. Det var ikkje utsikt dei tenkte på då sanitæranlegget vart plassert. Rett avrenning, derimot, det hadde dei greie på. Ivar flyttar seg til langveggen ved båthuset. Ein meir offisiell, formell gjennomgang kjem. Onkel Ivar harkar og tek ordet. – Som du ser, Jon, er båthuset todelt. Ei gamal laftekasse lengst frå vatnet. I front eit uisolert uthusbygg i reisverk med kledningsbord, seier Ivar og lyftar ut ein stein i grunnmuren, bak den ligg smijernsnøkkelen, eit stort beist. Han set nøkkelen i låskassa i hovuddøra. – E veit ikkji kor lengi eldstebue ha stade her, men det er lengi. Fiske i Storsenn har alltid gjingi ut herifrå. Ivar nikkar mot bygget, som om det stod nokon der. Så fortel Ivar, og eg noterer alt eg klarar, slik han vil. I gamal tid var det open båtstø, med berre den vesle timrekassa 14 |
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 15
i bakkant. Då låg båten under open himmel. Bua var opphaldsstad og reiskapshus i eitt. Gofa grov ut og utvida båtplassen. Han brukte lang tid og gjorde det åleine. Det kravde planlegging og innsats. Material vart frakta inn vinterstid. Han turrmura sideveggar sommarstid. All stein fann han i vasskanten. Så la han bjelkelag, som vart til tak i båthuset, og golv i etasjen over. Han bygde uthuset oppå der, plasserte det innåt det gamle laftet med same takvinkel, same breidde og høgde. Berre med ei enkel dør mellom dei to romma, den øvste dørfyllinga var bytt ut med sprosseglas. Det ser heimelaga ut den dag i dag, men også gjennomtenkt. Eg noterer meg at Ivar omtalar påbygget frå 30-talet konsekvent som nybygget. – Nyebygget er det einaste huset far sette opp, seier Ivar. Me står på den vesle vollen ved langveggen, mønstrar bygget frå sida. Det ligg jordtak på gamledelen. Raudrusta bølgjeblekk på nyedelen. Heilt fremst, ut mot vatnet, er det eit overbygg med plass til å setja frå seg utstyr når ein er på veg inn og ut med båten. Ivar kallar utstikket Slottsbalkongen, for der er det godt å sitja, med utsyn rett mot vatnet. – Når du sit på Slottsbalkongen, vil du ikkji vera nokon an stad i verdn. Han har rett. Det er godt her. Framfor oss tronar Storsenn. Midt på åsen, midt i skogen, ein innsjø som ikkje bryr seg om oss eller meg, som berre er. 15 |
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 16
– Gofa va villmann. Far motsett, det bi gjedne slik, seier Ivar og dreg handa over munnen. Festar auga på noko langt borte. Ser og ventar. Gjer han seg til? – Far va perfeksjonist, slår Ivar fast, og held fram. – Nyebygget på båthuset er solid utført, som alt han tok seg te med. Far kunna alder vorte bonde. Han vilde alt skull vera tipp topp, reint, beint, nymåla, ryddig og i orden. Han vart handlingslamma og i ulage tå rot og skrot. Pengadn han ervde, gikk te bil, motorsykkel, barbering og fotoapparat, gramofon, radioa, dressa og hotelupphald, hatta og ei kostbar skosamling, alt berre te seg sjål. Utruleg nok førde det te den beste rakafisken, for far va petimeter. Han va nøye og brukte lang tid. Han meinte rakafisk ikkji va mat, men laga han lell, fininnstilt som ein urmakar, djuptgåand som ein våpensmed, fordi gofa vilde han skulde. Elles hadde han alder lagt ned rakafisk, men han gjorde det. Det vart beste fisken i Ål. Eg hadde høyrt mykje om gofa. Eg hugsar han vagt. Uklare bilete frå heime og trappa framfor huset og gofa med stav og hatt ein roleg ettermiddag. Det sterkaste minnet er lukta av etterbarberingsvatn, kombinert med sigarettrøyk. Det osa rundt han. Mor omtala gofa som «ein skruve». Det var kanskje ikkje berre positivt, men ho sa det med eit smil. Han må ha vore ein karakter. Då han hadde brukt opp arven etter oldefar på seg, var det ei Guds lukke at han fekk arbeid som servitør. Det var ei lukke for hotellet med, ingen tilsette lukta så godt og hadde så nystroken skjorte. 16 |
Bjella. Fiskehuset. Mat.qxp 19.10.2021 15:04 Side 17
Under gjennomgangen av båthuset følgjer eg Ivar i hælane. Han ser meg ikkje i auga. Verkar utolmodig. Trekkjer pusten djupt fleire gonger, tek av seg bremluva, dreg høgrehanda gjennom luggen, knip auga att, prøver å stå breibeint med hendene på ryggen, det går dårleg, som om han ikkje heilt veit kor han skal starte, eller stå. Eg tenkjer at onkel Ivar er glad for å sleppe ansvaret, samstundes er han engsteleg for å overlata det til meg, det har han jo sagt. Det er ikkje eg som pressar meg på her. Det var Ivar som ville. Korfor er det eigentleg eg som skal ha Storsenn?
FORLAGET OKTOBER
STEIN TORLEIF BJELLA • FISKEHUSET
ROMAN