Margreth Olin
Heile mitt vaksne liv har eg gått til sengs saman med nokon. Og eg har tenkt, i stille forventning; eg må aldri ta dette for gitt. Å ha nokon å elske. Eg må aldri ta det for gitt.
Vi har lagt oss ved sida av kvarandre. Korleis har dagen din vore? Eg har alltid gledd meg til å høyre, og fortelje om, korleis dagen verkeleg har vore.
Har du sett noko fint i dag eller tenkt noko rart?
Rart?
Kanskje ikkje rart, men ja, er ikkje alt i livet litt rart, eller det er rart at alt er så fint?
Er alt fint?
Ja, når vi ligg her, er alt fint.
Finast var det når det var bornet mitt, som òg var bornet hans, heilt eller delvis, han hadde tenkt noko om eller
sett noko ved. Eg kjende då korleis bornets smil og fakter hadde teke plass i han, og eg kunne lukkeleg tenkje: Eg er likevel ikkje den einaste som ser dette bornet vekse opp.
Fyrste natta etter at eg flytta saman med mannen min, vi låg i den store senga i det nymåla raude rommet, han låg inntil ryggen min, eg kraup saman og gøymde meg mellom armane hans, så beskytta eg kjende meg, eg hugsar han sa:
Guten din snakkar med dyr, han snakkar liksom ikkje til dei, men med dei. Eg har aldri sett nokon ha eit slikt lag med dyr.
Ja, kviskra eg attende og kjende kor glad eg vart.
Han lyttar verkeleg til deg òg, sa han, sjølv når du ikkje seier noko.
Jenta di, sa han, ho er praktikar.
Eg høyrde på stemma hans at han smilte.
Rett nevenyttig er ho, sa han. I motsetning til mora, ho er meir som sonen.
Mhm, sa eg, kjende eg vart rørt. Han såg dette, og dei var ikkje eingong hans born.
Nokre gongar, sa han, nokre gongar kan eg bli redd.
Du? svarte eg. Det hadde aldri slått meg at han var redd for noko.
Eg er redd for at dette skal ta slutt, sa han.
Eg snudde meg mot han, eg sa: Dette er berre starten vår.
Du, sa han. Du veit du alltid kan kome til meg om det er noko som uroar deg?
Uansett kor lite?
Uansett. Det treng ikkje vere noko stort.
Og slik kunne vi liggje der på kveldane og dele det heilt små og det heilt store, og alt var så betydningsfullt, fordi det var vårt. Og i den tilliten kunne eg verte så varm. Og det kunne han verte òg, og ofte kunne han seie at eg var jenta hans, og så kom tida før vi sovna, då det berre var oss, og det starta ofte med ei hand opp i håret eller opp i andletet, og ord som røpte at han hadde tenkt like mykje på meg gjennom dagen som eg hadde tenkt på han.
Tankane mine har vandra opp og ned langs kroppen din i dag, kunne eg seie.
Er ikkje det rart? spurde eg, sprekkeferdig av latter.
Nokre gongar hadde tankane stogga, kanskje akkurat nedanfor ribbeina hans, på sida, der huda er som mest mjuk, og der hadde tankane gjeve seg til, og eg hadde kanskje gløymt meg heilt vekk i det eg gjorde på jobben, for eg hadde hatt andletet mitt der og auga mine hadde fylgt linjene i huda hans oppover og nedover. Og no då eg delte dette med han, kunne han lukke auga og sjå seg sjølv slik eg såg han. Eg la kinnet rett over hoftekammen hans, inn mot magen. Og eg kunne seie:
Ein må jo ha nokre fordelar ved å ha ein kjæraste.
Må ein? kunne han som låg der svare.
Ja, dette, sa eg og strauk handa mot lårfestet hans.
Livet har vendt seg så mange gongar.
Sist det vende, endra eg meg.
Mannen min døydde, og eg slutta å tru at livet ville meg vel.
I fem år gjekk eg til sengs åleine.
I fem år kjende eg at eg ikkje ville våge å sleppe nokon nær meg att.
I fem år stengde eg ned. Eg snakka ikkje djupt med nokon, eg let ingen kome nær huda mi.
Eg hadde ikkje noko språk for det som hende.
Men så la eg meg inntil barndomsvenen min.
Han var den finaste guten i bygda der eg vaks opp.
Mor har alltid sagt det. Ved kvar korsveg har ho sagt:
Det var barndomsvenen din du skulle hatt.
Det fyrste året etter at mannen min døydde, sat eg berre og såg ut glaset medan dottera mi var på skulen. Eg gløymde heilt kor glad eg var i desse romma. Det gule tapetet på kjøkkenet mitt, med gråkvite skisser av blomar og sommarfuglar. Eg tenkte då eg fann det tapetet, at eg ville ha ei eng rundt meg, slik det var utanfor husa der eg vaks opp. Eg ville at byleilegheita mi skulle minne meg på alt eg var glad i, alt eg hadde reist frå då eg flytta frå Fjorden.
Det fyrste året gløymde eg òg det grøne rommet med alle bøkene mine i. Eg slutta å ta fram bøkene berre for å halde dei i handa så eg kunne kjenne meg heldig som hadde vore på innsida av alle desse framande, men likevel kjende verdene. I alle bøker eg har opna, har eg funne noko av heimstaden min. Lyden av vinden inn fjorden, den svarte granskogen oppover fjellsida, den varme dampen frå ein dyrekropp, eit einsleg menneske gåande langs
vegen, andlet med trekk som festar seg. Slik ser einsemd ut, slik ser takksemd ut. Heime vart alle målestokkane trekte opp. Det fyrste året etter at mannen min døydde, gløymde eg alt dette. Eg gløymde å vatne plantene mine. Eg vart berre sitjande på den kvite sofaen min til det gjekk i døra og jenta mi kom heim frå skulen. Ofte ringde mor eller sonen min, like ofte valde eg å ikkje svare. Kva skulle eg seie? Kva om eg plutseleg tok til å rope inn i telefonen, slik eg ropte inn i den tause stova om nettene.
Namnet hans. Igjen og igjen. Ropte eg namnet til mannen min.
Det andre året etter at han døydde, byrja eg så vidt å jobbe igjen, og eg byrja å telje. Eg talde kvar time. Kvar time som hadde gått sidan siste kvelden vår. Så byrja eg å telje minutta etter kvart som dei kom, eg fokuserte på å halde ut alle minutta i ein time.
Så halde ut ein time til.
Då eg gjekk over til å telje berre nettene, tenkte eg på det som framsteg.
Kroppen min åleine, natt etter natt, i kulden i det aude soverommet.
I januar, det tredje året, kjøpte eg nye planter. Då eg skulle hengje opp årskalenderen på kjøkkenveggen, byrja eg å bla i han. Eg såg på alle dei tomme dagane som skulle kome, alle vekene og månadene som skulle utgjere framtida. Eg
kasta kalenderen i søpla og gjekk ut i parken framfor huset. Eg gjekk og gjekk, som Forrest Gump gjekk eg, så tok eg til å telje skritta mine.
År fire. Eg byrja å ta telefonen kvar gong mor ringde. Eg byrja å køyre oftare heim til Fjorden for å besøke henne og far. Ein dag sa mor at eg likna meg sjølv att. Då eg såg på andletet mitt i spegelen, såg eg at det ikkje var sant. Det var langt frå sant, tenkte eg. Men slik er mor mi. Ho seier det slik ho vil det skal verte.
Du finn deg sjølv att no, sa mor mi. Ho vinka meg av garde då eg sette meg i bilen, uroa gjorde at eg aldri stogga ved Fjorden meir enn eit par dagar. Eg måtte tilbake til byen, vere i nærleiken av borna mine.
I februar, det femte året, ringde mor og las opp kva som stod i lokalavisa heime. Det skulle vere skulejubileum i påska. Gymnaset ved Fjorden skulle feire femti år, og alle kulla ville bli inviterte.
Mor var veldig bestemt då ho sa: No kjem du heim og tek deg ein fest. Eg har ikkje bedt deg om noko på lenge. Men dette ber eg deg om, sa ho.
Og det var sant. Mor hadde ikkje bedt meg om noko på det eg kunne hugse.
Ingen hadde gjort det.
Eg kan jo vere full, tenkjer eg. Verkeleg påsegla kan eg vere, når eg kjem inn dørene. Eg kan smile, klemme folk og seie herregud, kor kjekt det er å sjå dokke igjen. På den måten kan eg kome meg unna alle spørsmåla. Eg kan vere fyrst og sist i baren og fyrst og sist på dansegolvet. Ein må ikkje setje seg ned. Er det fest, så er det fest, kan eg seie, og gli unna om nokon prøver å halde meg fast i ein samtale. Eg kan vere mitt gamle eg.
Eg ringjer mor.
Eg seier: Eg kjem. Tenkte eg måtte seie det til deg, før eg ombestemmer meg.
No vart eg glad, seier mor. Rommet ditt er allereie klart.
Eg har ikkje noko å ha på meg, seier eg.
Du er fin uansett kva du har på deg, du, seier mor.
Nja, seier eg. No smør du tjukt på.
Trur du eg har noko du kan låne? spør mor mi liksom oppgira og håpefull.
Kva trur du? Eg må le av mor mi.
Neppe, seier ho. Men som eg sa, du er fin uansett.
Eg kan sende bilete, seier eg, eg fer på handel.
Ja! Kjøp ein liten svart ein, seier mor.
Vi seier ha det. Mor legg på fyrst.
No tenner ho seg ein sigarett, tenkjer eg. Ho er letta. Eg veit ikkje kor mange gongar ho har bedt meg om å gå på dette skulejubileet.
Hotellet heime vil vere fullt av gamle kjende, har ho sagt, klart du må gå.
Då invitasjonen kom, tenkte eg at det var heilt uaktuelt.
Men det var før eg fekk ei melding frå barndomsvenen min.
Eg gler meg til å sjå deg i påska! skreiv han.
Det er fleire år sidan eg høyrde frå han sist.
Margreth Olin er ein av Noregs mest kompromisslause og kritikarroste filmskaparar. Ho står bak filmar som Mannen fra Snåsa, Barndom, Engelen, De andre, Kroppen min og Fedrelandet.
Ho har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale filmprisar, blant anna fem Amanda-prisar. Både Engelen (2009) og Fedrelandet (2023) var Noregs Oscar-kandidat i kategorien beste internasjonale film. Olin debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2024 med den høgt elska romanen Song til mor.
Heile mitt vaksne liv har eg gått til sengs saman med nokon. Og eg har tenkt, i stille forventning; eg må aldri ta dette for gitt. Å ha nokon å elske. Eg må aldri ta det for gitt.
Den store kjærleiken, finst han? Og er han til å halde ut?
Ho har flytta frå bygda til Oslo, ho har fått barn som har blitt ungdommar. Så døyr mannen hennar. I fem år har ho vore i djup sorg, ingen har ho vore nær. Så møter ho barndomsvenen sin igjen, han som i periodar av livet har betydd alt for henne. Er det deira tur no?
Han blei kalla Vandrepokalen og var den finaste guten i bygda der ho vaks opp. Har det ikkje alltid på ein måte vore dei to? Men aldri skal ho flytte heim, og aldri skal han flytte ut. Så dei bestemmer seg for å halde det lett. Det som skjer når dei møtest igjen, hadde ingen av dei sett for seg. Kan ho våge å elske igjen? Kan ho tole det?
Det går eit sug gjennom denne romanen, av lengsel etter å gje seg hen – og redsel for det same. Det er ein roman om den uuthaldelege kjærleiken, den som kan fortære eit menneske, og om begjær som ikkje lèt seg stagge. Utan språk for kjærleik er fylt av humor, lyst, løyndommar og frykt.