Den gode juleforteljinga skal fylle dei
stille stundene våre med høgtid og få
dei urolege tankane til å finne fred.
Å, MENNESKE, VED JULETID er ei samling mektige og vakre salmar, songar, dikt og forteljingar om jula, henta frå Edvard Hoems rike forfattarskap. Jula har alltid vore viktig for Hoem, han har ofte skrive om jula: tida som fører menneska saman, julebodskapen om fred og forsoning, lengten etter stille stunder fylt av ettertanke og høgtid.
EDVARD HOEM er ein av våre mest folkekjære forfattarar. Han er utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden «for framifrå innsats for norsk litteratur og kulturarv».