Viljen til språk (2006) Ein kan berre bukke og takke og ta av seg hatten (om ein har) for den flotte boka Ottar Grepstad no har skrive. GURI HJELTNES , VG Avisene som utvida Noreg (2010) Det er eit imponerande arbeid Ottar Grepstad har signert. Her er oversikt og refleksjon, fakta og teoriar. HARALD STANGHELLE , Aftenposten Historia om Ivar Aasen (2013) Sjeldan har jeg vel lest en biografiforfatter som viser tilsvarende oversikt og forståelse for sitt stoff. SINDRE HOVDENAKK , VG
Skriftkultur (2018) Resultata av den viltre skrivinga hans er allstøtt silkemjuke tekstar og talar – gjennomstrøymde av retoriske hjelpe- og verkemiddel. MORTEN SØBERG , Prosa 1900-talet (2020) Det beste med boka er overraskingane: Hendingane eg ikkje visste om, dei uventa samanstillingane. ERLING RIMEHAUG , Vårt Land Brent ord (2022) En imponerende mengde dokumentasjon om hendelser som nå vekker unisont ubehag, og som de fleste helst vil glemme. ARNE DVERGSDAL , Dagbladet
Farlege språk er ei historisk lesebok om korleis språkkonfliktar oppstår, kor farlege dei kan vere, og korleis dei kan løysast. Ottar Grepstad møter augevitne på fleire kontinent, les bortgøymde dokument på ny og fortel andre historier enn dei vanlege om store konfliktar i verdshistoria. Forfattaren utviklar ei ny forståing av identitetspolitikk, diskuterer problemet mangfald og viser korleis retten til å bruke eige språk handlar om makt, demokrati og respekt for mindretal. Boka opnar med den enkle tanken at språkstrid har vore med og lært nordmenn å løyse kulturelle konfliktar utan vald. Når boka sluttar, har både forfattaren og lesarane fått mykje å tenkje på. Ei slik bok har aldri vore skriven på norsk før. Neppe på noko anna språk heller.
Farlege språk
Språksansen (2013) Først og fremst viser Språksansen hvordan språkforståelse er selve grunnlaget for all annen kulturell forståelse. SINDRE HOVDENAKK , VG
Ei tenåringsjente i Soweto såg politiet drepe fredelege studentar som avviste koloniseringsspråket afrikaans. Ein prest i Cornwall hang tre år i sitt eige kyrkjetårn fordi han støtta eit språkopprør mot den engelske kyrkja. Ein dansk konge innførte eit prinsipp som blei grunnlaget for norsk språkpolitikk.
ottar g r ep stad
Det litterære skattkammer (1997) Grepstads bok vitnar om ein aldeles imponerande innsats. Den gir langt meir enn undertittelen lovar. ATLE KITTANG , Bergens Tidende
DREYER DREYER
ottar grepstad
Farlege språk
OTTAR GREPSTAD (fødd 1953) frå Jølster
er forfattar, språk- og litteraturvitar. Frå debuten i 1974 har han gitt ut over 60 bøker om historie og politikk, retorikk og skriftkultur. I tillegg til mange hundre foredrag har han vore journalist, spaltist, tidsskriftredaktør og leksikonredaktør. Han har vore forleggjar i Samlaget, bygt opp Nynorsk kultursentrum, vore styreleiar i Språkrådet og rådsmedlem i Kulturrådet. I 1999 fekk Ottar Grepstad Norsk språkpris for framifrå sakprosa frå Norsk språkråd for Det litterære skattkammer, og i 2018 blei han utnemnd til riddar 1. klasse av St. Olavs orden for sin innsats for å fremje nynorsk språk, litteratur og skriftkultur.
Historisk lesebok om språkkonfliktar
FRAMSIDEFOTO : Markhusbane er 86 cm lang
og blei laga i jern under striden om Trondhjem skulle skifte namn til Nidaros eller Trondheim kring 1930. Stortingsrepresentant Knut Markhus var det fremste hatobjektet for dei som ville halde på Trondhjem. I denne boka blir historia om denne øksa avdekt. Foto: Erik Børseth, Sverresborg Trøndelag Folkemuseum FORFATTARFOTO : Sara Olivia Berntsen, Samlaget