Dei homeriske verka Iliaden og Odysseen har eit førpatriarkalsk verdsbilete og ei livsforståing som skil seg radikalt frå det me kjenner frå Bibelen og den klassiske antikken, aller mest i synet på kvinneleg og mannleg. Helena, til dømes, blir ikkje straffa for ekteskapsbrotet med prins Paris, Penelope kan senda friarane heim kva tid ho vil, og det er gudinnene Atene og Hera som fører grekarane til siger, mens Apollon og Ares støttar dei tapande trojanarane.