Skip to main content

Kyrkjeblad Skjåk og Nordberg #3-2025

Page 1

ke 2014 gjeld_kyrkjeblad jul 03 31.03.14 13.47 Side 1

Kyrkjeblad påske 2014 gjeld_kyrkjeblad jul 03 31.03.14 13.47 Side 1

KYRKJEBLAD

INFORMASJON

KYRKJEBLAD Skjåk og Nordberg

KYRKJEBLAD

Nr. 3 • Oktober 2025 • 85. årgang for Skjåk og Nordberg for Skjåk og Nordberg Nr. 1 April 2014 74. årgang.

Nr. 1 April 2014 74. årgang.

Foto: Siri Hvitsand

Foto: Siri Hvitsand

Om alle tre var like Om alle tre var like og alle blomar blå og alle fuglar svarte og alle dyra grå, det trur eg ville gjera oss meir enn vondt å sjå.

Om alle hus var like, med same mat på bord og om vi tala saman alltid dei same ord då vart det liten trivnad her nede på vår jord.

Om vi var like store og gjekk i like klær og om vi alltid hadde kvar dag det same ver Det villevera meir enn trist å leva her.

Nei, dette rike mangfald vi kringom oss kan sjå av ymse dyr og fuglar og tre og blom og strå At alt er skapt så ulikt, er godt å tenkje på!

Om alle tre var like Om alle tre var like og alle blomar blå og alle fuglar svarte og alle dyra grå, det trur eg ville gjera oss meir enn vondt å sjå.

Om alle hus var like, med same mat på bord og om vi tala saman alltid dei same ord då vart det liten trivnad her nede på vår jord.

Om vi var like store og gjekk i like klær og om vi alltid hadde kvar dag det same ver Det villevera meir enn trist å leva her.

Nei, dette rike mangfald vi kringom oss kan sjå av ymse dyr og fuglar og tre og blom og strå At alt er skapt så ulikt, er godt å tenkje på! Jan-Magnus Bruheim

Jan-Magnus Bruheim

Lena Ramstad Eiesar og Erik Vaagaasar gav kvarandre sitt JA i Skjåk kyrkje 27. september.

Størst av alt er kjærleiken! Foto: Marit Sletten


2

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Messeplan

Oktober 2025 - desember 2025 Sundag 19. oktober kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Messe med dåp Sundag 26. oktober kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Messe med dåp. Veteranforeininga NVIO deltek. Sundag 2. november kl. 18.00 Skjåk kyrkje. Helgemesse Kl. 20.00 Nordberg kyrkje. Helgemesse Sundag 16. november kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Sundag 23. november kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Messe med dåp. Sundag 30. november kl. 11.00. Nordberg kyrkje. 1.sundag i advent. Utdeling av bok til 2- og 3åringar

Sundag 14. desember kl. 11.00 Skjåk kyrkje Fredag 19. desember Skjåk kyrkje. Skulegudsteneste. Sundag 21. desember kl. 19.30 Skjåk kyrkje. Vi syng og spelar jula inn. Onsdag 24. desember kl.11.30 Skjåkheimen. Julekveldsmesse Kl. 16.00 Nordberg kyrkje, Julekveldsmesse Torsdag 25. desember kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Juledagsmesse Onsdag 31. desember kl. 11.30 Skjåkheimen. Nyårsmesse ANDAKTER PÅ SKJÅKHEIMEN: Tysdag 28. oktober kl. 11.30 Tysdag 25.november kl .11.30

For å melde dødsfall og gjere avtale om gravferd: ring kyrkjeverje tlf 971 61 560 eller arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR

Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.

www.skjaak.kyrkja.no

Blomefonda i Nordberg og Skjåk Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder. Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 eller e-post til: arnborg.teigum@ skjaak.kommune.no / kyrkjekontoret@ skjaak.kommune.no Kontonr. NORDBERG BLOMEFOND 2085.64.37400 eller Vipps 141543

Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak. kommune.no Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437 / 948 62 267

Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter kari.orjaseter@skjaak.kommune.no Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Kyrkjelege seremoniar: Dåp/ Konfirmasjon/ ta kontakt med kyrkjekontoret på epost: kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no eller tlf 909 56 437 Vigsel tlf.909 56 437

Skjåk kyrkjelege liv

Nordberg og Skjåk Sokn

Kontonr. SKJÅK BLOMEFOND 2085.64.32409 eller Vipps 141547 Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Om du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, om du ikkje ringer. Dette fordi i informasjonen vi får frå vipps, berre står kven som har betalt.

Kyrkjetenar Skjåk/Nordberg Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no Kyrkjetenar Nordberg Per Øyvind Ørjasæter, tlf 95292912 e-post korjaset@outlook.com Kyrkjetenar har kontortid etter avtale. Organist Eirik Matias Urdi, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com Trusopplærar Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Siv Jorunn Welve tlf: 415 24 571 sjw_886@hotmail.com Kyrkjebladredaksjonen: 909 56 437 kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 200,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 760974 - Merk «Kyrkjeblad»


3

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Kyrkjebøker Litt historikk:

I Danmark starta kyrkjebokføring på slutten 1500-talet, men den eldste bevara er frå 1611 (Nordby på Fanø). Den eldste bevara kyrkjeboka i Norge (frå Andebu i Vestfolk), startar i 1623, og den nest eldste i 1634 (frå Bragernes, Drammen). I 1668 bestemte prostemøte i Bergen stift at soknepresten skulle føre bok over døpte og vigde, men det gjekk enda 20 år før det vart innført påbud om kyrkjebokføring i heile landet. Lova trådde i kraft Mikkelsdagen (29. september) 1688. I kyrkjebøkene noterte presten dei kyrkjelege handlingane gjennom året. Slik sett var kyrkjebøkene datida sitt folkeregister, og i dag ei viktig kjelde for slektsgranskarar.

Kva opplysningar finn ein i ei kyrkjebok? Dei eldste bøkene er ført kronologisk, gjerne på latin, og er ikkje så lett å finne fram i. Dei inneheld opplysning om fødte, konfirmerte, trulova, vigde og gravlagde. Det var vanleg å registrere dåp, men ikkje fødselsdato, dato for gravlegging, men ikkje for dødsfallet. Enkelte kan innehalde introduksjon, offentlege skriftemål og kommunikantlister, og har gjerne berre namn på far til barnet (med unntak av barn født utanfor ekteskap). Dei kan som sagt vera utfordrande å finne fram i. Dei fylgjer ikkje eit fast mønster, men berre kronologisk etter kvart som den kyrkjelege handlinga fann stad. Frå 1. desember 1812 vart det bestemt at kyrkjebøkene skulle førast etter trykte skjema, med sju rubrikker: fødte, konfirmerte, vigde, døde, avgangslister, tilgangslister og jamnføringsskjema (dette var tenkt som eit alfabetisk namneregister i kyrkjeboka, men vart sjeldan ført). Ei anna viktig endring var at klokkaren skulle føre ein eige protokoll (klokkarboka). Dette skulle vera ein kopi av presten si kyrkjebok (ministerialboka), og desse to bøkene skulle samanliknast to gonger pr. år. Det var og eit pålegg at desse to bøkene aldri skulle oppbevarast under same tak natta over. Grunngjevinga for at det skulle førast to ulike bøker var dels at ein skulle eliminere feil i kyrkjebøkene, men og at ein skulle ha ei kyrkjebok i reserve, i tilfelle ei av bøkene gjekk tapt i brann el. Sidan kom det endringar av kyrkjebokskjema både i 1820 og i 1877. Endringane gjekk stort sett ut på at det var fleir og fleir opplysingar som skulle førast inn i bøkene ( bl.a. dødsårsak, vaksinasjonar). Klokkaren vart ikkje lenger pålagt å føre eiga bok, men dei flest heldt likevel fram med dette. Ei av endringane i 1877 var at det no skulle førast eigene kyrkjebøker for kvart sokn. Frist for gjennomføring var 31. desember 1886. Dvs. at dei fekk skrive ut dei bøkene dei hadde, før dei tok i bruk nye. Frå 1916-1982 førde presten i tillegg fødselsregister som inneheldt opplyning om meldedato, fødselsdato og namn, foreldra sine namn og stilling, kva trussamfunn dei tilhøyrde, bopel og fødselsår. Frå 1983 overtok folkeregisteret denne føringa.

Avlevering av kyrkjebøker I fylgje kgl.res. 10. juni 1837 skulle geistlege embetsmenn sende inn til Riksarkivet alle papirdokument og protokollar som var så gamle at dei ikkje lenger var til nytte for å utføre embetet, men som antikvarisk, statistisk eller historisk var av interesse. Resultatet vart at svært lite vart innsendt.

Universitetet uttala at sjølv om ein fann historiske opplysningar hist og her i kyrkjebøkene, var det ikkje hensiktsmessig å fylle opp arkivet sine lokalar med ei slik mengde av protokollar som kyrkjebøkene ville utgjera. Og så dei skreiv ”hvorav forholdsvis kun et såre lite historisk utbytte var å vinne”. I 1838 vart sokneprestane oppmoda til å sørge for at eit passande utdrag av kyrkjebøkene vart sendt til Universitetsbiblioteket. Heldigvis endra synet på kyrkjebøkene seg, og i 1866 bad stiftsarkivaren i Trondhjem biskopen sørge for at kyrkjebøkene frå tida før 1800 vart innsendt til stiftsarkivet. Litt etter litt kom dei etter i andre delar av landet, men den fyrste landsomfattande avlevering av kyrkjebøker vart sett i gang i 1904, og da av bøker fram til 1819. Dei neste landsomfattande innkallingane kom i 1929 (kb. fram til 1840) og i 1953 (kb. utskrivi seinast i 1872). I Kyrkjedepartementet sitt rundskriv av 23. juni 1853 vart alle prestar bede om at for framtida skulle utskrivi kyrkjebøker leverast inn når det var gått 80 år sidan siste innførsel. Klokkarduplikatene skulle avleverast så snart dei var utskrivi. Desse reglane vart gjenteke i eit rundskriv v 3. februar 1959, og gjeld framleis. Vi har framleis kyrkjebøker frå 1904 og framover lagra i safen på kyrkjekontoret. Desse har vore flittig brukt til både slektsgransking, skriving av attestar, for å leite opp fadrar, dåpsdatoar og mykje, mykje meir. På sikt skal alt innleverast til Statsarkivet på Hamar, og da vil vi i ei periode ikkje ha tilgang til desse opplysningane, men etter kvart som dei blir skanna, vil dei bli tilgjengelege for alle i digitalarkivet. Dette gjeld sjølvsagt berre dei eldste bøkene, for ihht. gjeldande regelverk, er det sett grenser for publisering av dei ulike opplysningane i kyrkjebøkene. Kyrkjekontoret vil få tilgang til dei nyaste bøkene når dei er ferdig skanna.

Regler for innsyn i kyrkjebøker Den generelle sperrefrist for personopplysninger er 60 år, men opplysning om dødsårsak er 80 år. Døypte og konfirmerte kjem i ei særstilling, da desse listene kan innehalde opplysningar om ”sterk adopsjon” etter adopsjonslova av 1935, og lova krev ei sperrefrist på 100 år. Opplysningar om vigde, trulova og lysningar, inkl. borgarleg vigde, er fritt tilgjengeleg fram t.o.m. 1949. F.o.m. 1950 er desse kategoriane sperra i 82 år. Det at nokon har gifta seg, er i seg sjølv ikkje sensitivt, men presten har i ein del tilfelle notert opplysningar som ikkje kan publiserast fritt (fødselsog personnummer, medlemsskap i trussamfunn og liknande.)

Elektronisk kyrkjebokføring Frå 2016 vart all føring av kyrkjebøker elektronisk. Kva er det siste som er ført inn for hand i fysisk Kyrkjebok for Skjåk og Nordberg sokn? Det får de ikkje veta før i 2115… Artikkelen har vi fått låne av Kyrkjeblad for Lesja og Lesjaskog og tilpassa den til Skjåk og Nordberg sokn.


4

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Kyrkjekontoret

informerar

Haust

Overgang frå sommar til vinter, vert rekna frå tida før haustjamdøgn og til noko før vintersolkverv. I læra om klima vert ofte hausten definert som den periode av året da den normale døgnmiddeltemperartur er mellom 0-10 grader. Etter den berekninga er det 60 døgn med haust i Oslo og 66 døgn i Tromsø For mi eiga rekning så tykkjer eg at det kjem eit strok av haust når ein snur almanakk frå juli til august Og det er noko med at kvar årstid, har sin sjarm og det er vel noko ein kan halde fast ved. Nesten dagleg kan ein høyre og lese om kva for klimaavtrykk (klimaavtrykk; er storleiken klimagassar som direkte eller indirekte vert utløyst, som ein fylgje av livsstilen vår). Men ein kan og vere oppteken av kva for andre fotspor vi set etter oss, om det er tema klima eller andre spor ein vil bli hugsa for. Endringar er det på så mange måtar rundt omkring oss. Eit godt døme i det daglege, er t.d. i staden for, der det før var mjølkerampar ved avkøyringane til gardane, er det no søppelhus ved kvart grindled. På Skjåk kyrkjegard har det vorte sett opp eitt, no i sommar og jordbingen er flytta. Den gamle skal fjernast frå kyrkjegarden. Vona er at det vert nytta, slik det er tenkt. Altså jord, planterestar skal hit, ikkje i søppelet. Og bra er det at handtering av søppel er sett på dagsorden både i det private og offentleg rom. Samstundes så kan ein ha håp om at folk som ferdast på kyrkjegardane og, vil PRØVE å sortere. Av og til kan ein undre seg om kunnskapen å lesa er gløymt, da det er informert på plakatar korleis ein skal handtere søppel. Mange er flinke og andre har att ein veg å gå. På Nordberg har det vore slikt i fleire år og der skal og jordbingen flyttast. Elles så har Nordberg kyrkjegard vorte sjølvforsynt med vatnarvatn, etter det vart bore etter vatn i sommar. Stor takk til Brustugun

Brønnboring AS for god service med dette. Det har og vore utarbeidd ein tilstandsrapport på Nordberg kyrkje nå i vår og noko vedlikehald skal gjerast no i haust. Alle vindaugo skal restaurerast. Grindene skal plukkast ut og restaurerast på verkstad for å få ein skikkeleg reperasjon. Det skal m.a. sjekkast at alle rutene ligg i kitt. I samband med tidelegare reperasjonar av råteskader på timberveggen er nokre gerikter demontert og sett på plass att. Her er det sår etter spikar, dette må kittast og målast. Likeins skal dørene skarpast og målast med linolje måling det har vore mindre lekkasjar Taket på porten skal og reparerast og tjærebreiiast. I tillegg er det synlege hol etter vår uven/hakkespetten, som skal stellast. I tillegg til vedlikehaldsarbeidet på Skjåk kyrkje som har gått føre seg i sommar, vart det og bestemt at ein må skifte noko vindaugo og vassbrett Glasrute er sprukke og skal skiftast og reinskast. Fordampar på bårehuset i Skjåk må og skiftast, ja alt i alt så er det eit pågåande vedlikehald både her og der. Sokneprest stillinga i Skjåk er lyst ut for andre gong, med søknadsfrist 05.10.25 Vi i den kyrkjelege stab prøvar så godt vi kan å halde verksemda og hjula i gang, lell. Men krevjande er det!!! Sidan førre utgåve av kyrkjebladet har det vore mykje folk innom kyrkjedørene både i Nordberg og Skjåk. Kyrkjeromma våre har bydd både på sorg og glede. Vi gler oss når vi har seremoniar som berre er glede og vi gret når sambygdingar vert råka av sorg. Kyrkjedørene står oppe når kyrkjetenar er på arbeid og svært mange turistar stoppar og er innom. Alle gjev uttrykk for stor takksemd for å få eit gratis tilbod om å få sjå inne i kyrkjebygga våre. Det er tross alt kulturbygg som har stått frå 1752 og 1864 og betyr noko for dei aller fleste av oss. Saman med Lom og Vågå hadde vi ei særs triveleg setermesse på Gubhagesetra 3.august.Buss frå Bismo, forteljing om Finndalen av Rolv Kristen Øygard. Sveler, kaffi

med godt attåt hjå Hans Gubhage og Trond Flo. Vikarprest var Paul Skuland og Ragnvald Sørensen, organist i Vågå trakterte piano Samtalemesse, konfirmantjubileum og vi har hatt gleda av å konfirmere 19 flotte ungdomar, som står på startstreken til både utfordrande og spanande år, som vil vere med å forme framtida. Våre ønskje ar at livet skal fara godt med dei og dei med livet. Og tenk at dei til neste år kan ta eit val, om dei vil flytte på hybel for vidare utdanning eller kan vere i nærskulen Lom. Ein stor takk til TAFI og alle andre som har drege dette i land og står på for framtida for bygdene våre. Noko om dette arbeidet skriv Hanna Gjeilo Skjåkødegård, på ein anna plass i dette Kyrkjebladet. Kos dykk med hausten, jakt, bærplukking og anna matauk. Eller rett og slett berre seta seg framfor ei varmekjelde med ei god bok. Velkomne innom på kyrkjekontoret, om det er noko dykk har på hjarta eller berre er huga på ein kaffekopp. Vi har ope alle kvardagar! Vil få avslutte med eit dikt av Audun Høgbrenna frå Lesja som ein kan leggje seg på minnet.

Framtida Kva byr ho oss tida oss møter av glede, spenning og savn? Trur du at freden slær røter og fører oss trygt i havn? Er det kanskje von om å feire med glede, åra som kjøm Eller trur du ondskap vil seire og knuse vår store drøm Det hender så mangt ut i verda som ingen forstår Men ondskapen gjer oss herda for livet i verda vår Kvifor lagar oss eit helvete for kvarandre her på jord? Kvifor kan oss aldri lære å eta ved same bord? Arnborg Teigum kyrkjeverje


5

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Konfirmantar i Skjåk kyrkje 14. september

Bak f.v. Jenny Eiesar, Margrethe Sperstad Kveen, Vemund Vang, Rakel Krogstad, Trine Tråstad Kvålshagen, Celina Bøhle. Framme f.v. sokneprest i Lom Margit Husevåg, Thyra Isabel Brandsar, Vilde Holø, Ina Kolstadløkken Bergli, Rikke Røhr Brukveen. Foto: Espen Skjåk

Konfirmantar Nordberg kyrkje 7. september 2025:

SKEIMO

Tlf: 61 21 40 65

www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00

Tlf 61 21 21 90

Bak f.v. : Torjus Eiesar-Moen, Bjørnar Melhus Aaboen, Line Fallingen Høiberg, Tonje Fallingen Stadeløkken Midt f.v.: Louise Skjåkødegård Malvik, Merete Fallingen Stadeløkken Framme f.v.: Elisabeth Skjåk-Hidemstrædet, Ørjan Fallingen, Stella Agnete Blien Holand, sokneprest i Lesja Magnus Halle


6

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Mi salme

Hanna Flækøy Skjåkødegård

”Å leva , det er å elska” salmar som fyller meg med varme og kjærleik. Kjærleik blir kanskje aller vakrast skildra i salmen «Å leva, det er å elska». «Å leva, det er å elska, det beste di sjel fekk sjå». Budskapet om at kjærleik er livets djupaste meining, er sterkt. Kjærleik til dei som står deg nærast, men like viktig er nestekjærleik. Å vise omsorg for andre menneske, uavhengig av kven dei er, og utan å vente noko tilbake. Dette budskapet er sjølve kjernen i Jesu lære, og mi viktigaste rettesnor som kristen.

Det er mange salmar som ligg hjartet mitt nær. Særleg salmar knytte til dåp og mirakelet det er at eit barn kjem til verda. «Det skjer eit under i verda» og «Fylt av glede over livets under» vart brukte i dåpsgudstenestene til dei to døtrene mine, og er

18. august opna vi dørene til Jotunheimen privatistskule, og som avslutning på denne symboltunge dagen var vi samla til skulegudsteneste i Lom stavkyrkje. Utgangssalmen var «Deilig er jorden», og det var eit utruleg sterkt augeblikk då ei fullsett Lomskyrkje reiste seg og song denne saman. «Tider skal kome, tider skal henrulla, slekt skal følgje slekters gang». Vi er alle ein del av flokken, vi er alle ein del av ei slekt. Vi høyrer til. Når Jotunheimen privatistskule får offentleg godkjenning, blir vi ein kristen privatskule. Ein skule bygd på ei grundtvigiansk kristendomsforståing – eg er menneske først, så kristen. Ein inkluderande og open skule som vil setje elevane i fokus, og med nestekjærleik som ein av ein av grunnpilarane.

Det kan til tider kjennast som om verda blir kaldare, og at eigen suksess er nøkkelen til eit lykkeleg liv. Eg trur snarare at lykka er å bety noko for andre, vere ein del av eit fellesskap og bidra utan å forvente noko tilbake. Dette har blitt svært tydeleg gjennom den opprivande skulesaka vi har stått i, i Innlandet sidan sommaren 2024. Vi har kjent på avmakt og fortviling, men samhaldet og fellesskapet har gjeve oss styrke til å utrette det umogelege – saman.

Hanna utfordar Ida Marie Banken til å skrive om mi salme i neste utgåve av Kyrkjebladet.

Å leva, det er å elska det beste di sjel fekk sjå. Å leva, det er å vinna, og sigra i sæle få.

Å leva, det er å leva i strid for si tru og rett, å leva, det er å vera eit lys i det mørke sett.

Å leva, det er å leggja all urett og vondskap ned, å leva, det er å skapa det gode i ord og sed.

Å leva, det er å elska, det beste di sjel fekk sjå. Å leva, det er å vinna, og sigra i sæle få. Tekst: Elias Blix (1836–1902) Melodi: Ludvig M. Lindeman (1812–1887)

2690 Skjåk tlf 61 21 38 90 www.skjak-trelast.no

Tlf 61 21 37 00 • post@melbytransport.no

www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 • avd. Vågå 61 23 70 72


7

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12.

Haustquiz

Kva er det danske ordet for haust? Kva er spesielt med haustjamndøgn? På kva for to datoar kan haustjamndøgn falle på? Kva er det andre namnet på kvæfjordkake? Kva heiter den italienske desserten som inneheld fingerkjeks, kaffe og mascarponekrem? Kva er verdas største hav? Kven skreiv Romeo og Julie? Når vart Berlinmuren reven? Kven måla «Mona Lisa»? Kva er det raskaste dyret på land? Kor høg var den høgaste mannen som har vore målt? Kva er det minste landet i verda – i areal?

Fleip eller fakta: 1. Honning blir aldri dårleg 2. Ein kan sjå den kinesiske muren frå månen 3. Tomat er frukt 4. Flaggermus er blinde

Gåter 1. Feil 2. Kjetting 3. Kva er klokka? 4. Eit ljos 5. Kol Fleip eller fakta 1. Sant. Arkeologar har funne honning i gamle graver som fortsatt var etande 2. Usant 3. Sant 4.Usant Svar 1. Efterår 2. Dag og natt er like lang 3. 22. eller 23.september 4. Verdens beste 5. Tiramisu 6. Stillehavet 7.William Shakespeare 8. 1989 9. Leonardo da Vinci 10. Geparden ( kan springe opp til 100km/t) 11. 272 cm 12. Vatikanstaten

Gåter: 1. Kva for ord stavast alltid feil? 2. Eg er full av hol men sterk som stål! 3. Du han stille spørsmålet når som helst og få fullstendig ulikt svar kvar gong. Likevel er svara korrekte. Kva er spørsmålet? 4. Kva er mindre enn ei mus men fyller eit heilt hus? 5. Kva er svart når du kjøper det, raudt når du brukar det og grått når du kastar det?


8

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Laurdag 30. august var det tradisjonelt

konfirmantjubileum i Nordberg kyrkje

50 års konfirmantane

Frå venstre 1. rekke: Marius Jøingsli, Inge Gjerdet, Asta Irene Aamodt Mork, Eldbjørg Johansen, Ann Eli Haugen Synstnes, Synne Gjeilo, Signe Elise Tjønneland, Anne Elisabet Gjerdet, Åse Randi Jonsgard Robertsen, Kjell Rune Kjørren.

2. rekke: Per Rune Høgvoll, Geir Kjartan Bustad, Einar Eiesar, Ove John Plassen, Egil Håvard Moen, Lars Dalen, May Iren Langleite Lund, Nils Reidar Langleite, Svein Magnus Banken, Kjell Arne Jøingsli, Bengt Arild Morken.

70 års konfirmantane

Frå venstre: Erling Teigum, Randi Marit Bøje Flækøy, Målfrid Åmot Tamburstuen, Ola L.Haugen


Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

60 års konfirmantane (Over)

Frå venstre: Hans Kristen Skamsar, Kåre Sperstad, Svein Tundrali, Leif Egil Teigum, Magnhild Bruheim, Amund Hånsnar, Mari Brenna, Susanne Ramstad Brenna, Mari Bakke Nakkeid, Live Bruheim Mork, Kristin Stormo, Ragnhild Godtland, Lars Aaboen, Anne Rusthaug Allum, Randi Lund, Kjell Jonsgard, Sverre Andersbakken.

80 års konfirmantane (til høgre):

Lars Harald Skjelkvåle og Håkon Ørjasæter

9


10

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Petra Langleite Brenna vart døypt i Nordberg kyrkje 6. juli 2025. Foreldre er Karina Werge Langleite og Jens Brenna. Privat foto.

Vebjørn Haugom-Heggem vart døypt Skjåk kyrkje 14. september. Foreldre er Randi Marit Haugom og Frode Heggem. Foto: Amund Hånsnar.

Marte Wenaas Plassen vart døypt i Nordberg kyrkje 28. september. Foreldre er Anne Katrine Ribe og Kurt Albert Plassen. Foto: Amund Hånsnar.

Alea vart døypt i Lom kyrkje laurdag 30. august. Foreldre er Sondre Kvambekk og Ida Rusten. Foto: Privat.

Aurora Sommarset vart døypt i Nordberg kyrkje 28. september . Foreldre er Guro Brenna og Jonas Aarre Sommarset. Foto: Amund Hånsnar.

Ella Dagsgard vart døypt i Nordberg kyrkje 28. september. Foreldre er Silje Kristin Aamodt og Kevin Dagsgard. Foto: Amund Hånsnar.


11

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Kommunane Vågå, Lom og Skjåk har

Pårørandeskule i samarbeid med Nasjonalforeininga på Friviljugsentralen i Vågå

Info /påmelding: innlandet@nasjonalforeningen.no eller 62 51 79 10 Kr. 300,- pr. deltakar

Bygd og ætt

Konfirmant 2026

Frå vogge til grav

NORDBERG SOKN Døde: Johnny Kveen f. 04.12.1972 – d. 22.06.2025

Vi ynskjer velkomne til informasjonsmøte for konfirmantar og føresette i Kraftverket onsdag 19. november kl. 19.00. Invitasjon kjem i posten.

Randi Torlaug Lilleødegård f. 21.02.1951 – d. 29.06.2025 Gunnbjørg Jøingsli f. 11.12.1938 – d. 08.07.2025 Signe Bakken f. 03.08.1930 – d. 22.08.2025 Døypte: 06.07.2025 Petra Langleite Brenna 28. 09. 2025 Ella Dagsgard Aurora Sommerset Marte Wenaas Plassen

Skjåk Bil AS Din verkstad i Skjåk

Tlf: 61 21 36 70

2690 Skjåk Tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no

Velkomen til triveleg handel! Skjåk Kjøpesenter

SKJÅK SOKN

Annonser_kyrkjebladet.indd 30

19.09.2022 10:53

Døde:

Skjåk Kjøpesenter Ingrid Ulen Forberg - alt du treng!

f. 16.11.2002 – d. 29.08.2025

POLLFOSS

Skal du feire en stor dag?

HOTELL I RESTAURANT

En perle mellom aust og vest 61 21 47 00 • info@pollfoss.com • Skjåkvegen 3484, 2693 Nordberg

HØYFJELLSHOTELL

+47 612 17 474 post@grotli.no

SKRIFTHUGGEREN AS v/ Jørn Westby Inskripsjonar og oppussing av gravminne Tlf. 413 21 075 • post@skrifthuggern.no

Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 • Ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper.

Skjåk Gartneri AS Tlf. 901 69 255 Fylg oss på Facebook: Skjåk Gartneri

Døypte: 14.09.2025 Vebjørn Haugom- Heggem Vigde: 28.06.2025 Eline Raae Ødemark og Tim Robin Johnsgård 16.08.2025 Anne Gudrun Aamodt og Thomas Berger 27.09.2025 Lena Ramstad Eiesar og Erik Vaagaasar


12

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

BRUDEPAR Anne Gudrun Aamodt og Thomas Berger gifta seg i Skjåk kyrkje 16. august 2025. Foto: Privat

6-ÅRSBOK Fire 1.klassingar fekk kvar si 6 års bok på Haustakkemessa i Nordberg sundag 28. september. Bøkene vart delt ut av vikarprest Hans- Jakob Dahl, som fortalde historia om Johannes døyparen og at ein skal lære seg å dele. Etter messa var det duka for kyrkjekaffe og gulrotkake i kyrkjestugu. Ein fin dag i strålande haustvær.

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonsering • Salmeark • Blomar • Minnesider

post@gravferdlomogskjaak.no • tlf 23 90 59 01

Bygger´n Skjåk, 2690 Skjåk • Tlf 61 21 38 80

Garcia Holding AS

YX Skjåk

2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53

Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. Tlf.: 90 68 81 13

2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no

tlf 97 70 08 14 • www. turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no

bism elektr

Tlf 61 28 45 45

Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113

Skjåk Turistheim Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Kyrkjeblad Skjåk og Nordberg #3-2025 by Terje Randen - Issuu