Skip to main content

Vekst (2023) NYN (9788211042705)

Page 1

Kapitla om innovasjon dekker grunnleggande teori og omgrep. I tillegg blir fleire innovative metodar og prosessar beskrivne. Det er lagt vekt på å inkludere nyare metodar som viser korleis ein driv innovasjon i dagens næringsliv. Kjerneelementet «Verdiskaping og berekraft» og det tverrfaglege temaet «Berekraft» er både integrerte i dei andre temaa og har ein eigen grunnleggande teori og eigne omgrep beskrivne i boka. Oppgåvene i Vekst er utforma slik at du sjølv får prøve deg på å utforske kva som skjer i næringslivet, og vurdere om du er einig i det du finn. Forfattaren av boka, Kåre Håkonsen, er utdanna MBA og Master of Science – Strategy frå Heriot-Watt University. Han har konsulenterfaring frå mellom anna data- og telekommunikasjon og frå energibransjen og som rådgivar om bruk av netthandel i små og mellomstore bedrifter. Vidare har han vore initiativtakar og deltakar i fleire oppstartsbedrifter og har sidan 2008 undervist på ei businesslinje i vidaregåande skule.

ISBN 978-82-11-04270-5

Vekst

Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2

Vekst dekker kompetansemåla i faget entreprenørskap og bedriftsutvikling 2. Boka handlar om strategiprosessen i ei etablert verksemd, det vil seie arbeidet med å utvikle langsiktige planar for verksemda. Ein oversiktleg struktur viser korleis verksemder veks og blir utvikla.

Kåre Håkonsen

Vekst

Den andre utgåva av Vekst er ei nyskriven lærebok for entreprenørskap og bedriftsutvikling 2 i tråd med intensjonane i fagfornyinga.

Nynorsk

Fagbokforlagets Økonomiske Programfag består av læremiddel for dei tre programfaga entreprenørskap og bedriftsutvikling, næringslivsøkonomi og marknadsføring og leiing og den tverrfaglege nettressursen Økonomiportalen.

Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2

Nynorsk


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Vekst (2023) NYN (9788211042705) by Fagbokforlaget - Issuu