Skip to main content

Puls Kommunikasjon og samhandling (ambulansefag) NYN (9788211045560)

Page 1


Puls

Kommunikasjon og samhandling

Olav Østebø, Jane Therese Jensen, Silje Hemnes Halvorsen, Ole-Jonny Kloster, Kjetil Torgeirsen og Eirik Illguth

Puls Kommunikasjon og samhandling

vg2–vg3 ambulansefag nynorsk

Forord

Gratulerer med yrkesvalet, ambulansearbeidar! Du går no inn i eit av dei mest spennande, meiningsfylte og nødvendige yrka i samfunnet vårt. Å hjelpe menneske som er ramma av sjukdom eller skade, er eit viktig samfunnsoppdrag. Du blir vist stor tillit når du får vere med og utføre dette samfunnsoppdraget.

Med kompetansen du tileignar deg, vil du kunne observere og kartlegge teikn og symptom på sjukdom og skade, og du kan avdekke og behandle svikt eller truande svikt i vitale funksjonar. Du vil møte pasientar og pårørande som er sårbare og står midt i ein krisesituasjon. God kommunikasjon og aktiv lytting er viktige verktøy for å nå fram til menneske i krise, ta del i perspektiva deira og gi dei trøyst og omsorg.

Ambulansefaget i vidaregåande opplæring bidrar til at ambulansetenesta i heile Noreg har autorisert personell. Dette læreverket vil gi deg som ambulansearbeidar eit godt grunnlag for å vareta kjerneoppgåvene til tenesta:

à å frakte akuttmedisinsk personell og utstyr raskt fram til sjuke eller skada pasientar

à å undersøke, prioritere, behandle og overvake pasientar, ofte i samhandling med andre yrkesgrupper

à å frakte sjuke eller skada pasientar til eller mellom behandlingsstader

à å følge gravide og fødande til ein fødeinstitusjon

à å ha beredskap for større ulykker og kriser

à å delta i søk og redningsoperasjonar

Yrkesutøvinga inneber å samhandle i team og med anna helsepersonell, politi og brannvesen. Læreverket gir derfor kompetanse i samhandling og leiing i team, tverrfagleg samarbeid og samvirke med andre aktørar i redningstenesta. Du vil også få ei solid innføring i ambulanseoperative emne, slik at du kan utføre operative oppgåver under varierande og krevjande forhold.

Forsking, innovasjon og utvikling av ny teknologi gjer at ambulansefaget utviklar seg raskt. Nye behandlingstilbod og ei befolkning som lever lenger enn før, gjer at ein må endre på korleis oppgåver blir fordelte og tenesta blir organisert. Metodar for undersøking, behandling og overvaking av pasientar som før blei utførte på spesialiserte avdelingar i sjukehus, blir no i stadig større grad utførte prehospitalt. Desse utfordringane stiller store krav til psykisk og fysisk styrke, endringsvilje og endringskompetanse hos både ambulansearbeidarar og paramedisinarar.

Læreverket legg vekt på emne som gir deg ein framtidsretta kompetanse, blant anna det å undersøke og behandle eldre pasientar, meistre stress og vareta di eiga og andre si sikkerheit under ambulanseoppdrag. Målet vårt er å utruste morgondagens ambulansearbeidarar med ein heilskapleg kompetanse i form av kunnskapar, yrkesferdigheiter og personlege eigenskapar. Dette er ein føresetnad for profesjonalitet og livslang læring i ambulansefaget.

Vi vil gjerne takke fagkonsulentane, spesielt Nina Vatland, Marit Anda, Johan Mansåker, Hanne Vagle, Bente Dahl, Helge Hansen og Svein Eggen, for faglege innspel og god støtte.

Mai 2023

Helsing forfattarane

Innhald

Kapittel 1

Samhandling i prehospitale tenester .... 13

Ambulansefaget er i rask utvikling ..................... 15

Helsetenesta er delt inn i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta ................................... 16

Den akuttmedisinske kjeda gir befolkninga akutt helsehjelp .................................................. 26

Vi må bruke ressursane i helsetenesta rett og berekraftig ..................................................... 40

Helsefellesskap samarbeider om helsetenester til dei mest sårbare pasientane .......................... 45

Kapittel 2

Kommunikasjon og kommunikasjonssystem ........................

Kvifor er kommunikasjon viktig? ........................ 59 Kommunikasjon består av fleire trinn

Fleire forhold kan vere til hinder for kommunikasjonen ..............................................

Kapittel 6

Konflikthandtering .................................. 185

Kva er ein konflikt? ............................................. 186

Konfliktar kan hindre oss i å løyse pasientoppdrag på ein god måte ....................... 196

Oppsummering ................................................... 210

Læringsaktivitetar ............................................... 211

Kapittel 7

Yrkesetikk og etiske dilemma ............... 213

Moral er kva vi gjer, og etikk er kva vi tenker om det vi gjer ...................................................... 214

Helsepersonell har eigne lover ........................... 218

Kva yrkesetiske retningslinjer har ambulansearbeidarar?........................................ 219

Vi kan bruke refleksjonsmodellar ved etiske dilemma .............................................................. 233

Oppsummering ................................................... 238

Læringsaktivitetar ............................................... 240

Kapittel 8

Døyande og døde pasientar .................. 243

Eit profesjonelt forhold til døden krev kunnskap og erfaring ......................................... 244

Døyande pasientar er ein del av arbeidskvardagen vår ......................................... 246

Vi skal vere til stades for ein døyande pasient ... 251

Døyande pasientar reagerer og oppfører seg ulikt .............................................................. 252

Kva bør vi hugse på ved transport av døyande pasientar? ........................................................... 253

Døden trer inn når cellene og organa i kroppen stansar og sluttar å fungere................................ 254

Kva er eit unaturleg dødsfall? ............................. 263

Oppsummering

Kapittel 9

Dokumentasjon og munnleg

Helsepersonell er pålagt å dokumentere og rapportere munnleg

10

11

Behandlinga vi gir, skal vere godkjent og tufta på

Puls Kommunikasjon og samhandling

Puls Kommunikasjon og samhandling tek sikte på å utvikle ferdigheitene til elevane i å kommunisere og samhandle i ulike pasientforløp og etter yrkesetiske retningslinjer. Elevane lærer kor viktig det er med tydeleg, tillitsvekkjande og empatisk dialog med pasientar, og dei får strategiar for stressmeistring og konflikthandtering. Boka gir også kompetanse i samarbeid, rettleiing og bruk av kommunikasjonssystem og samband.

Denne læreboka er ein del av eit komplett læreverk som dekkjer den nye læreplanen for vg2 og vg3 ambulansefag. Serien består av ein tverrfagleg nettressurs og til saman fire lærebøker som følgjer programfaga:

→ Ambulansemedisin 1

→ Ambulansemedisin 2

→ Yrkesliv i ambulansefag

→ Kommunikasjon og samhandling

I lærebøkene møter elevane lettlesne og oversiktlege verk der innlæring av omgrep står sentralt. Bøkene har ordforklaringar i margen, oppsummeringar og eit breitt utval av oppgåver som stimulerer til djupnelæring. Illustrerte casar med faste karakterar følgjer elevane gjennom verket og gjer fagstoffet både aktuelt og praksisnært.

ISBN 978-82-11-04556-0

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Puls Kommunikasjon og samhandling (ambulansefag) NYN (9788211045560) by Fagbokforlaget - Issuu