Torill Steinfeld, Bente Aamotsbakken, Mads Breckan Claudi
LITTERATURKANON
I NORSKFAGET
– historiske liner, aktuelle utfordringar

Litteraturkanon i norskfaget – historiske liner, aktuelle utfordringar
Copyright © 2022 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved
1. utgåve 2022 / 1. opplag 2022
ISBN: 978-82-450-4011-1
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen
Omslagsdesign ved forlaget
Framsidebilde: ©shutterstock.com/Antonov Maxim (1419636224) ©shutterstock.com/WonderfulPixel (127518881)
Forfattar Torill Steinfeld har fått stipend frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Spørsmål om denne boka kan rettast til:
Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no
Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor
Forord
Som det går fram av tittelen, er dette ei bok om norskfaget sin litteraturkanon. Vi undersøker og drøftar kva for tekstar og forfattarskap som skolen har festa seg ved, og korleis dette utvalet har blitt endra over tid. Og vi ser etter kva for målsettingar, prioriteringar og dilemma som har prega utviklinga av ein slik skolekanon. Men boka handlar også om kanonformidlinga og dermed om litteraturundervisninga. Dette opnar for mange spørsmål. Kva har lærarar og elevar gjort med desse tekstane? Korleis har synet på lesing og tolking endra seg? Kva for rammer har ein gitt tekststudiet? Korleis har skolen handtert nye litterære retningar? Er det verkeleg slik, som fleire synest å tru i den offentlege skoledebatten, at norskfaget har forsømt den eldre litteraturen sidan 2006-reforma? Taper skjønnlitteraturen for sakprosaen i vår tid? Det er slike problemstillingar som ligg til grunn for denne boka. Det enklaste spørsmålet er dette: Kvifor skal elevar lese skjønnlitteratur? Vi er ikkje aleine om å spørje om slikt, men dette er den første boka som følger kanondanninga og -formidlinga i skolen gjennom meir enn 200 år, fram til Fagfornyinga. Vi skriv òg om skolereformer og om kultur- og samfunnsforhold som har påverka norskfaget. Kanonordet blir brukt om både eldre og nyare tekstar og forfattarskap. Gjennom heile boka legg vi mest vekt på den høgre skolen, det som i dag er ungdomstrinnet og studieførebuande liner i den vidaregåande skolen. Hovudkjeldene vi bruker, er fagplanar, lese- og lærebøker, norskverk og skoleutgåver.
Boka er bygd opp slik at vi gir oversikter og vel ut nokre tema i dei ulike kapitla som vi går grundigare ned i. Det første kapittelet tek opp kanonomgrepet og kanondebattar. Deretter startar den historiske gjennomgangen, som går kronologisk framover, men med nokre tyngdepunkt. Skolereformer og fagplanar får markere kapittelovergangane: innføringa av den lærde skolen med planar for det nye morsmålsfaget
frå 1801, reforma av den høgre skolen i 1868, norskplanen for den høgre skolen i 1911, overgangen til 9-årig grunnskole frå 1959, reforma av vidaregåande opplæring i 1994, og så avsluttar vi hovudbolken før arbeidet med Fagfornyinga starta. Deretter kjem eit sluttkapittel som drøftar perspektiv som ligg i Fagfornyinga.
Det skiftar litt kva for pedagogiske tekstar vi legg mest vekt på. I kapittel 2 fokuserer vi på leseverket. Kapittel 3 gir stor plass til skolelitteraturhistoria, men vi tek òg opp viktige folkeskoleverk og lesebøker med mykje landsmålslitteratur. I kapittel 4 er skoleutgåva ny sjanger, og vi tek opp lesebøker og litteraturhistorier. I dei to siste kapitla konsentrerer vi oss om leseverka og norskverka, særleg verka for gymnaset og den vidaregåande skolen.
Ei bok om norskfaget sin litteraturkanon over så lang tid, kan ikkje ta opp alle lese- og læreverka. Nokre av vala våre kan sjølvsagt diskuterast, som det at vi omtalar norskverk frå nokre tiår og hoppar over andre. Men vi håper at dei oversiktene og konklusjonane vi kjem med, i det store og heile står seg.
Emnet for boka gjer at framstillinga stundom kan bli noko oppramsande. Det er så mykje som bør nemnast! Vi har prøvd å motverke dette ved å løfte fram nokre tekstar og forfattarskap som vi gir meir rom enn andre. At Wergeland og Bjørnson får breie seg, er kanskje ikkje så overraskande. I andre tilfelle har vi gått inn på tekstar som har fenga oss av andre grunnar enn kanonstatusen. Dette kan vere eldre tekstar som viser seg å vere uventa relevante også i vår tid, eller nyare tekstar som har blitt særs mykje brukte.
Det ligg mykje arbeid bak boka, men vi har ikkje utforma ho som eit vitskapeleg verk. Vi viser til faglitteratur, men sløyfar oversikter over relevant forsking og drøftar ikkje andre sine resultat. Norskdidaktikken er eit felt i vekst; det finst mykje relevant faglitteratur, men vi har måtta prioritere kva vi skal bruke og omtale, inklusiv våre eigne publiserte arbeid.
I litteraturlista har vi teke med den nyare faglitteraturen vi har vist til. Men det er mykje kunnskap ein kan hente frå mange hald, og vi har prøvd å unngå at lista blir urimeleg lang. Vi sløyfar lese- og læreverk og skoleutgåver i litteraturlista. Det går fram av teksten kva verk vi skriv om, ofte også kva for bind og utgåve det gjeld, og skulle vi liste opp alle binda og utgåvene, vil dette ta mykje plass. I fleire tilfelle, der vi nemner særs velkjende verk eller tekstar eller bruker memoarlitteratur o.l., har vi også sløyfa desse i litteraturlista. Vi viser heller til Nasjonalbiblioteket. Dei fleste verka vi har brukt, er digitaliserte, og elles gir katalogen opplysningar. Vi oppgir berre sidetal for sitat frå nyare faglitteratur.
Boka er meint for lærarar, studentar, norskdidaktikarar og andre som er interesserte i norskfaget. Vi håper og trur ho kan komme til nytte i norsklektorutdanningane. Vi er tre forfattarar som står bak boka. Torill Steinfeld og Bente Aamotsbakken har samarbeidd om kapitla 1, 5 og 6, Torill Steinfeld har skrive kapitla 2–4, og sluttkapittelet er skrive av Mads Breckan Claudi. Forlagsredaktør May Helene Solberg fortener stor takk for god og fleksibel hjelp.
Oslo, Svelvik mai 2022
Torill Steinfeld, Bente Aamotsbakken og Mads Breckan Claudi
Innhald
Kapittel
Kapittel
Kapittel 6
Kanon i norskfaget. Frå 1990-åra til Fagfornyinga 171
Nye reformer i ei endringstid ...................................................................... 172
Literacy, kulturell kapital og kulturarv 176
Prioriteringar og tendensar i norskplanane 179
Kva har skjedd med læreverka?
To nyare noveller 185
Tekstar fram til ca. 1970 187
Realisme, modernisme og litteraturteori 197
Nyare litteratur – nokre tendensar 201
Oppsummering 206
Kapittel 7
Kanonlitteraturen og LK20 – tradisjon, brot og nye kontekstar 209
Mads Breckan Claudi
Nye opningar
Eit norskare norskfag?
Kritisk tilnærming til tekst i kontekst? 215
Kvifor kanon?
Utvald litteratur
og artiklar
Hovud- og masteroppgåver
Læreplanar, og reglement
Kva skal vi lese, og korleis bør vi lese og tolke litteratur i skolen?
Korleis har litteraturkanon endra seg? Slike spørsmål står sentralt i denne boka om litteraturundervisning i norskfaget frå ca. 1800 til dag. Boka omtalar og drøftar tekstutval, fagplanar, litteratursyn, lesemåtar, analysemetodar og litteraturhistorieskriving. Det blir lagt særleg vekt på litteraturutval for ungdomstrinna og den vidaregåande skolen. Siste kapittel tek opp fagfornyinga og dei gevinstar og utfordringar denne reforma fører med seg.
Torill Steinfeld er professor emeritus ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Bente Aamotsbakken er professor emeritus ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag, Universitetet i Søraust-Noreg. Mads Breckan Claudi er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo.


ISBN 978-82-450-4011-1