Skip to main content

Design med ord (9788245037951)

Page 1

Denne boka lærer deg å kombinere designmetodikk med skrivehandverket og bruke tekst og språk for å rettleie folk gjennom digitale brukargrensesnitt.

Ei innføring i innhaldsdesign og UX-skriving

Anten du er god til å skrive frå før og vil lære deg å bruke handverket ditt i design og tenesteutvikling, eller du er ein designar som vil utvide verktøykassa di og bli betre til å skrive brukarorientert: Denne boka skal sette deg i stand til å ta rolla som innhaldsdesignar frå start til slutt i ein designprosess.

Ei innføring i innhaldsdesign og UX-skriving

med ord

Følg med på designmedord.no

Design med ord

Orda som folk brukar for å få gjort daglegdagse oppgåver, som å handle mat og betale rekningar, har flytta inn på digitale flater. Innhaldsdesign og UX-skriving tek tak i desse viktige orda frå starten av designprosessen og behandlar dei som ein del av den.

Design

Susanne Egset

Utan ord har du inga nettside eller digital teneste og ingen app. Det er på tide at orda får sin rettmessige plass i design av digitale brukaropplevingar.

Susanne Egset

Susanne Egset er innhaldsdesignar i Netlife, der ho hjelper store og små verksemder med profesjonell handtering av tekst og språk. Ho har bakgrunn frå PR- og kommunikasjonsbransjen og journalistikken – og er ein ekte språkentusiast. Boka baserer seg på år med erfaringar frå innhaldsdrivne designprosessar saman med ei lang rekke store og små verksemder, bedrifter, organisasjonar og etatar.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Design med ord (9788245037951) by Fagbokforlaget - Issuu