Kjetil Frøyland
Boka rettar seg til studentar i sosialt arbeid, tilsette i Nav, skule og tiltaksapparat som hjelper utsett ungdom i alderen 15–25 år med å finne arbeid. Kjetil Frøyland er utdanna sosionom og idéhistorikar og er forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet, OsloMet. Han arbeider med arbeidsmiljø og arbeidsinkludering av utsette grupper, arbeidsretta bistand (Nav) og rusmiddelførebygging i arbeidslivet.
ISBN 978-82-450-3314-4
,!7II2E5-addbee!
Arbeidsinkludering av utsett ungdom
Denne boka viser korleis Nav-rettleiarar, sosialarbeidarar og andre som hjelper utsett ungdom, kan arbeide for å inkludere ungdommane i arbeid. Forfattaren diskuterer inkludering i lys av Supported Employment (SE) og kapabilitetstilnærminga. SE har vist seg å vere særs godt eigna for arbeidsinkludering av utsette grupper, og kapabilitetstilnærminga handlar om å auke sjansen til å nå måla sine åleine eller i samspel med andre ved å omdanne ressursar til reelle moglegheiter og levd liv.
Kjetil Frøyland
Marginalisering av utsett ungdom er ei vesentleg utfordring. Unge er generelt utsette på arbeidsmarknaden. Vanskane med å få seg arbeid er endå større for dei unge som har problem med helse, rus, kriminalitet eller anna.
Arbeidsinkludering av utsett ungdom I lys av Supported Employment og kapabilitetstilnærminga
Kjetil Frøyland
Arbeidsinkludering av utsett ungdom I lys av Supported Employment og kapabilitetstilnĂŚrminga
Copyright © 2020 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåva / 1. opplaget 2020 ISBN: 978-82-450-3314-4 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign ved forlaget Framsidebilete: «Hologram» av Terje Frøyland Boka er utgjeven med støtte frå Kunnskapsdepartementet ved Lærebokutvalget for høyere utdanning. Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillaten når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.
Forord Føremålet med denne boka er å gi ei innføring og opplæring i arbeidsinkludering av utsett ungdom. I boka viser eg korleis Nav-rettleiarar, sosialarbeidarar og ungdomsarbeidarar konkret kan arbeide i møte med dei unge, arbeidsplassar og ulike hjelpeinstansar som er involverte. Boka diskuterar arbeidsinkludering i lys av tilnærminga Supported Employment (SE). Ei rekke forskingsstudiar har vist at SE er særs godt eigna for arbeidsinkludering av utsette grupper, men SE var i utgangspunktet ikkje laga spesielt for unge. I boka vurderer eg om SE eignar seg også for unge arbeidssøkjarar. Boka inneheld også ulike perspektiv på korleis ein kan forstå det å vera utsett som ung meir generelt. Ved å gjera bruk av kapabilitetstilnærminga (Capability Approach) ser eg dei utsette ungdommane i eit meir heilskapleg perspektiv og vurderer om arbeidsinkludering av utsett ungdom i tråd med SE også kan bidra til å hjelpe desse unge til å leve dei liva dei ønsker seg. Kapabilitetstilnærminga handlar blant anna om korleis eit menneska kan auke sin kapabilitet (moglegheit) til å nå dei måla han eller ho har sett seg, ved åleine eller i samspel med andre å omdanne dei ressursane han eller ho rår over, til reelle moglegheiter og moglegheitene til levd liv. Boka byggjer på konkrete erfaringar henta frå ei rekke satsingar på inkludering av utsett ungdom ulike stader i Noreg og på forskingslitteratur om dette emnet. Ho er ei bearbeiding av kappa til doktorgradsavhandlinga mi om arbeidsinkludering av utsett ungdom. Boka rettar seg til tilsette i Nav, skule, tiltaksapparat som følgjer opp og hjelper ungdom i alderen 15–25 år, og som på ulike måtar har vanskar med å finne seg arbeid eller å meistre i arbeidssituasjonar. Boka kan vera relevant for studentar og
6
arbeidsinkludering av utsett ungdom
tilsette på fagområde som sosialt arbeid, barnevern og vernepleie, men også for andre yrkesgrupper som arbeider med oppfølging av unge som av ulike grunnar har vanskar med å fullføre skule eller finne seg arbeid. Det er mange som på ulike vis har gitt meg hjelp gjennom innspel og kommentarar undervegs i avhandlingsarbeidet, og no med dette bokmanuset. Eg har fått innspel frå både kolleger, fagfeller og ikkje minst doktorgradsrettleiarane mine. Dei er for mange til å nemnast her og no. Men ein særleg takk vil eg rette til alle dei ungdommane og bistandsytarane rundt om i Noreg som har gitt meg dei data eg har kunna skrive denne boka på bakgrunn av. Ein særleg takk også til Ellen Aspelund i Fagbokforlaget for god støtte og positivitet under skriveprosessen. God lesing! Oslo, april 2020 Kjetil Frøyland
Innhald
Ordforkortingar.............................................................................. 11 Kapittel 1
Marginalisering av unge – ei uløyst utfordring.................................... 13 Utsett ungdom – kven er det? .............................................................. Arbeidsinkludering – kva er det? .......................................................... Føremålet med boka.......................................................................... Om den vidare gangen i boka ..............................................................
18 18 19 20
Kapittel 2
Kva vil det seie å vera ung og utsett? ................................................. 23 Å vera utsett – i lys av teoriar om individuelle kjenneteikn og eigenskapar (mikronivå) ................................................................. Å vera utsett – i lys av teoriar som vektlegg relasjon, interaksjon og samspel (mesonivå) ...................................................................... Nettverk og anerkjenning ............................................................... Sosial rolleteori og «Social Role Valorization Theory» ............................. Den sosiale modellen for funksjonshemming ...................................... Å vera utsett – i lys av teoriar om samfunnsstrukturar, institusjonar og system (makronivå) ....................................................................... Samspel mellom økologiske system .................................................. Skulesystemet ............................................................................. Endringar i arbeidsmarknaden ........................................................ Organisasjonsteori og avgrensingar i byråkratiet..................................
27 29 29 30 32 33 33 35 36 36
8
arbeidsinkludering av utsett ungdom
Individualisering........................................................................... Teoriar om klassetilhøyrsle .............................................................. Eit interseksjonelt og sosialkonstruktivistisk perspektiv ......................... Tid som dimensjon – chronosystemet til Bronfenbrenner ........................... Å vera utsett – i lys av kapabilitetstilnærminga ......................................... Kan kapabilitetstilnærminga bety noko for korleis vi forstår arbeidsinkludering? ..........................................................................
37 38 38 41 41 45
Kapittel 3
Arbeidsinkluderingsfeltet – med blikk på unge .................................. 47 Skule først – arbeid seinare ................................................................. Arbeid først ..................................................................................... Overgangen frå skule til arbeid ............................................................ Supported Employment (SE) – kva er det? .............................................. Røtene til SE ................................................................................ Femtrinnsprosessen ...................................................................... IPS (individuell jobbstøtte) .............................................................. Customized Employment (CE) ......................................................... SE i Noreg ................................................................................... SE og utsett ungdom ......................................................................... Oppsummering ...............................................................................
47 49 51 53 55 57 60 61 64 67 70
Kapittel 4
Sentrale roller og kvalitetar i arbeidsinkludering av utsett ungdom ...... 71 Administrasjon og sikring av grunnleggande behov.................................. Kontaktetablering og relasjonsbygging ................................................. Mogleggjering – å finne moglegheiter ................................................... Jobbutvikling – å realisere moglegheiter ................................................ Sentrale kvalitetar og kombinasjon av ulike roller – oppsummering ..............
73 73 77 83 91
Kapittel 5
Arbeidsinkludering av utsett ungdom i eit lokalsamfunnsperspektiv .... 95 Kva er det som skal samordnast? .......................................................... 96 Korleis legge til rette for god forankring og samordning av relevante instansar 99
innhald
Lokal forankring på ulike nivå........................................................... Samhandlingsmodell..................................................................... Oppfølgingsmiljø med inkluderingskompetanse...................................... Tett individuell oppfølging – kva er det? ................................................. Oppfølgingstypologi ..................................................................... Aktør som får oppfølging ................................................................ Oppfølgingstema ......................................................................... Oppfølgingsfase ........................................................................... God tilgjengelegheit og kort reaksjonstid ........................................... Treffpunkt eller base ...................................................................... Grad av aktiv oppsøking ................................................................. Intensitet og kapasitet ................................................................... Førebyggingsvinkling .................................................................... Metodisk orientering ..................................................................... Tett oppfølging i eit lokalmiljø – sentrale faktorar oppsummert ....................
99 101 102 103 103 106 106 107 107 108 108 109 109 110 110
Kapittel 6
Moglegheiter og utfordringar i lys av kapabilitetstilnærminga ............. 113 Det den enkelte har grunn til å verdsette ............................................... 117 Å omdanne ressursar til kapabilitet ....................................................... 122 Å realisere kapabiliteten – gjera levd liv av moglegheiter ............................ 125 Kapittel 7
Sterke og svake sider ved Supported Employment ............................. 129 Fast arbeid eller mellombels bruk av arbeid for å inkludere? ........................ Teambasert oppfølging ...................................................................... Skreddarsaum ................................................................................. Kvalitetssikring................................................................................. Arbeidsretta oppfølging som del av heilskapleg tilnærming ........................ Mjuk paternalisme ............................................................................ Kombinasjon av individretta og arbeidsplassretta mogleggjering.................
129 130 131 131 132 134 134
9
10
arbeidsinkludering av utsett ungdom
Kapittel 8
Avslutning og oppsummering av hovudpoeng ................................... 137 Sentrale roller og kvalitetar ................................................................. Sterke og svake sider ......................................................................... Kva det betyr at mĂĽlgruppa er ung ........................................................ Heilskapleg tilnĂŚrming ...................................................................... SE som kapabilitetstilnĂŚrming og sosialt arbeid ......................................
137 138 140 141 142
Referansar ..................................................................................... 145 Stikkord......................................................................................... 159
Ordforkortingar
ACT: ALMP: CE: EUSE: IPS:
Assertive Community Treatment Active Labour Market Politics (Aktiv arbeidsmarknadspolitikk) Customized Employment European Union of Supported Employment Individual Placement and Support («Individuell jobbstøtte» på norsk) MI: Motiverande intervju Nav: Norsk arbeids- og velferdsforvaltning Ny GIV: Eit 3-årig nasjonalt norsk prosjekt for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring SE: Supported Employment SRV: Social Role Valorization Theory
Kapittel 1
Marginalisering av unge – ei uløyst utfordring Arbeidsløysa blant unge er høg i mange europeiske land, og både forskarar og styresmakter har lenge åtvara mot fare for marginalisering og varig utanforskap både i Noreg og internasjonalt (Egdell og McQuaid, 2016; Halvorsen, Hansen og Tägtström, 2012; Hammer og Hyggen, 2013). Mellom 6 og 12 prosent av unge i alderen 16–24 år i Norden risikerer langvarig utanforskap (Olsen, Hyggen, Tägtström og Kolouh-Söderlund, 2016). Det vil seie at dei kan komme i ein situasjon der dei over tid korkje er i skule, arbeid eller i tiltak (såkalla NEETs: «Not in Education, Employment or Training»). Årsakene til marginaliseringa kan knytast til ei rekke forhold både på individuelt, institusjonelt og strukturelt nivå. Døme er fråfallet frå vidaregåande skule, auka helseutfordringar blant dei unge (Bragstad, 2018) og kjenneteikn ved arbeidsmarknaden, som at unge har meir utsette posisjonar og lett fell ut i nedgangstider (Olsen mfl., 2016; Sletten og Hyggen, 2013). Men også auka konkurranse på grunn av høgare arbeidsinnvandring kan bety noko (Hagaseth, 2019). Det ser ut til å vera vanskelegare å finne sommarjobbar og deltidsarbeid for unge no enn i tidlegare tider (Frøyland og Pedersen, 2019). Fleire stader – til dømes i bydelar i Oslo – vert mange unge gåande ledige gjennom sommaren med auka fare for å verte rekrutterte til kriminelle miljø som lokkar med lettente pengar for hasjsal langs Akerselva eller liknande aktivitetar (Frøyland og Pedersen, 2019). Det er
14
arbeidsinkludering av utsett ungdom
også vanskelegare å finne høvelege arbeidspraksisar for unge som del av vidaregåande opplæring no enn tidlegare. Fleire stader taper dei mest belasta unge kampen om praksisplassar og lærlingløp til fordel for meir ressurssterke jamaldringar som arbeidsgivarane kjenner seg meir trygge på. Dermed må skulen etablere skulebaserte alternativ til nokre av dei mest teorisvake elevane som kanskje i størst grad treng ei alternativ opplæring ute på ein vanleg arbeidsplass (Frøyland og Pedersen, 2019). Konsekvensen blir då for nokre demotivering og fråfall i staden for gode erfaringar med konkret arbeid ute på ein arbeidsplass. Trass i mange satsingar innanfor velferdssektoren framstår marginaliseringa av unge framleis som ei vesentleg både norsk og internasjonal utfordring som ein manglar gode løysingar på. Ei rekke tiltak, modellar og arbeidsformer er utvikla og prøvde ut for å hjelpe utsett ungdom i arbeid. Arbeidstrening eller praksis på ordinære arbeidsplassar er eitt av dei mest vanlege tiltaka både i Noreg og i andre land som vert nytta for å inkludere ungdom som ikkje sjølv finn arbeid. Men slike tiltak fører i liten grad til at dei faktisk kjem i arbeid (Hardoy, Røed, Simson og Zhang, 2017). Tvert om kan arbeidspraksis gjennom Nav ha negativ effekt blant anna fordi arbeidsgivarar systematisk vurderer arbeidssøkjarar som tidlegare har vore på arbeidstrening, som mindre attraktive (Hyggen, 2017). Vanskane med å få seg arbeid er endå større for dei av desse ungdommane som ikkje berre har vanskar med å finne arbeid på grunn av ein stram arbeidsmarknad og få ledige jobbar, men som også har problem knytt til helse, rus, kriminalitet, sosiale vanskar, nedsett funksjonsevne eller anna (Hardoy mfl., 2017). Arbeidstrening eller praksis i ordinære verksemder slik det har vorte praktisert til no, har ikkje vore ei god nok løysing for desse ungdommane. I denne boka skal eg vise korleis tilsette i Nav, i skulen eller i andre ungdomstiltak kan fasilitere og bruke vanleg arbeid som både mål og middel til inkludering av utsett og sårbar ungdom. I tillegg til å byggje på konkrete erfaringar frå tett oppfølging av utsett ungdom i ei rekke tiltak i den
kapittel 1: marginalisering av unge – ei uløyst utfordring
vidaregåande skulen og i Nav, skal eg byggje på nyare forskingslitteratur på området, og særleg på erfaringar og lærdommar frå arbeidsinkludering av ulike grupper. Boka byggjer i stor grad på doktorgradsavhandlinga mi (Frøyland, 2018a). Boka er ein bearbeidd versjon av kappa til avhandlinga, men der eg også har teke med element av prøveførelesinga mi. Internasjonalt er det særleg knytt til tilnærminga Supported Employment (SE) at arbeidsinkludering av personar med nedsett funksjonsevne eller andre utfordringar er skildra (Drake, Bond og Becker, 2012; EUSE, 2014; Griffin, Hammis og Geary, 2007). I SE er rask utplassering i ordinært arbeidsliv med tilrettelegging, opplæring og oppfølging på sjølve arbeidsplassen hovudtilnærminga (place-train). SE utgjer eit alternativ til det som både i Noreg og internasjonalt har vore dominerande; nemleg ei gradvis tilnærming ved «opprusting» av enkeltindividet på meir eller mindre skjerma einingar før inkludering i arbeid (train-place) (Spjelkavik, 2012). SE-tilnærminga fasiliterer ved hjelp av tett oppfølging frå eigne jobbspesialistar bistand som skal sørge for at dei arbeidssøkjande ikkje berre blir plasserte ut på arbeidsplassen (place), men også at dei får tilstrekkeleg trening og oppfølging der (train). I denne tilnærminga finst det eigne jobbspesialistar som tar seg av den arbeidsretta oppfølginga. Jobbspesialistane har opplæring eller trening i å bruke vanlege arbeidsplassar som middel til inkludering av utsette grupper. Rask utplassering utan slik oppfølging – det vil seie at Nav, skulen eller andre hjelparar overlèt til arbeidsgivaren å handtere arbeidspraksisen utan at nokon med eigna kompetanse følgjer opp – vert gjerne omtala som «place-pray» i denne tilnærminga, og er ikkje i tråd med SE. Initiativ som byggjer på SE, har vist gode resultat. Randomiserte kontrollerte studiar (RCT) viser til dømes høgare overgang til ordinær jobb, lengre arbeidstid, raskare jobbetablering og lengre fasthalding av jobb for personar med psykiske lidingar (Bonfils, Hansen, Dalum og Eplov, 2017; Kinoshita mfl., 2013; Nøkleby, Blaasvær og Berg, 2017). Det er også
15
16
arbeidsinkludering av utsett ungdom
funne gode resultat når det gjeld andre brukargrupper, men evidensen er ikkje like sterk her (Arbetsförmedlingen 2017; Cimera 2011; Spjelkavik 2012). Modellen har vore prøvd ut også i Noreg (Hernes, 2014; Reme, 2016; Spjelkavik, 2016; Spjelkavik, Mamelund og Schafft, 2016). På bakgrunn av nye kunnskapsoppsummeringar (Nøkleby mfl., 2017) har dei norske styresmaktene dei siste 3–4 åra sett i gang ei implementering av denne tilnærminga i Noreg, og då særleg i Nav. I tiltaket «Utvida oppfølging» fanst det hausten 2019 om lag 400 jobbspesialistar (mange er relativt nye i rolla) som kan tilby bistand til om lag 6000 arbeidssøkjarar. Og på helsesida finst det også ei rekke jobbspesialistar som dels er tilsette i Nav, dels arbeider innanfor helsetenestene (om lag 270 hausten 2019). Likevel finn vi førebels lite bruk av tilnærminga i skulesamanheng, men nokre døme finst der, og nokre erfaringar derifrå skal eg ta med i denne boka. SE-tilnærminga vart ikkje utvikla spesielt med tanke på utsett ungdom, og det har så langt vore relativt lite kunnskap om kor godt modellen treffer behova til akkurat denne målgruppa. Eg vil difor i denne boka synleggjera og drøfte utfordringane og moglegheitene som ligg i å bruke ordinære arbeidsplassar i tråd med SE som middel til å inkludere utsett ungdom. Eg skal gjera dette ved å utforske kvalitative data samla inn frå 18 lokale utviklingsprosjekt som er plasserte på ulike stader i Noreg. Eg skal omtale desse lokale prosjekta som «pilotar». 15 av pilotane hadde som oppgåve å utvikle sosialt arbeid spesielt retta mot utsett ungdom. Ein av pilotane skulle implementere SE som del av tilbodet til elevar ved ein vidaregåande skule, og to skulle prøve ut SE som tilnærming ved det lokale Nav-kontoret retta mot utsette grupper meir generelt. Pilotane skulle utvikle tilpassa tenester med føremål om å inkludere i arbeid eller skule. Pilotane inngjekk i tre ulike forskingsprosjekt i regi av Arbeidsforskningsinstituttet, og eg var ein av fleire forskarar involvert i desse prosjekta. Data er samla inn både frå sentrale hjelparar, arbeidsgivarar og ungdommar.
kapittel 1: marginalisering av unge – ei uløyst utfordring
Det finst fleire versjonar av SE, og eg skal i hovudsak ta for meg tre av dei: I tillegg til IPS («Individual Placement and Support» – Individuell jobbstøtte på norsk) skal eg ta føre meg det som vert omtala som femtrinnsprosessen til European Union of Supported Employment, og Customized Employment (CE). CE har vorte mykje nytta for personar med lærevanskar eller utviklingshemming (Griffin, Hammis, Geary og Sullivan, 2008), medan IPS er utvikla for menneske med alvorlege psykiske helseproblem (Drake mfl., 2012). Femtrinnsprosessen har hatt ei litt vidare brukargruppe enn IPS og omfattar også menneske med andre former for funksjonsnedsetting eller bistandsbehov (EUSE, 2014; Frøyland og Spjelkavik, 2014). Felles for alle desse tre SE-versjonane er det at jobbspesialistar – nokre gonger omtala som jobbcoachar eller tilretteleggarar – er dei sentrale bistandsytarane. For å analysere den arbeidsretta bistanden som vert gitt til utsett ungdom, og kva for moglegheiter og utfordringar som kan ligge i det å ta i bruk SE, skal eg også diskutere arbeidsinkludering av utsett ungdom i lys av kapabilitetstilnærminga. Kapabilitetstilnærminga vart etablert av filosofen Amartya Sen (Nussbaum, 2011; Sen, 1999, 2009). Kapabilitetstilnærminga byggjer på ein idé om borgaren som eit fritt og verdig menneske, eit vesen som gjer val (Svendsen, 2009). Spørsmålet kapabilitetstilnærminga stiller, er: Kva er det enkelte menneske i stand til å gjera og vera (Nussbaum, 2011; Robeyns, 2016)? Sentrale omgrep i kapabilitetstilnærminga er blant anna kapabilitet, det vil seie «moglegheit», og omdanningsprosess («conversion process»), som viser til omdanninga av ressursar til moglegheiter og deretter til realiseringa av desse. Kapabilitetstilnærminga gjer kvart individ til eit mål i seg sjølv. Ved å nytte kapabilitetstilnærminga som målestokk får eg høve til å diskutere om og korleis arbeidsinkludering i tråd med SE kan hjelpe utsett ungdom i retning av det dei er «i stand til å gjera og vera». Eg skal gå meir grundig inn på kapabilitetstilnærminga i kapittel 2.
17
18
arbeidsinkludering av utsett ungdom
Utsett ungdom – kven er det? «Utsett ungdom» slik eg har definert det i boka, er mellom 15 og 25 år gamle. Omgrepet «utsett ungdom» vert nytta her som eit samleomgrep for ei heterogen gruppe som har det til felles at dei står i fare for eller allereie har falle ut av skule eller arbeid. Denne boka fokuserer særleg på dei av desse som i tillegg til utanforskapet har utfordringar knytt til psykiske lidingar, lærevanskar, rus, kriminalitet, åtferdsvanskar, sosiale vanskar eller andre utfordringar. Medan nokre av desse er elevar i den vidaregåande skulen, har andre droppa ut, og nokre har fullført med dårlege resultat. Nokre uttrykkjer klar motivasjon for å komme tilbake til skule eller i jobb, medan andre ikkje veit kva dei vil, og framstår som umotiverte og utan «drive». Nokre har alvorlege og omfattande problem, medan for andre er problema meir moderate.
Arbeidsinkludering – kva er det? «Arbeid» vert i SE-tilnærmingane vanlegvis definert som ordinært arbeid i vanlege verksemder i motsetnad til ulike former for skjerma arbeid. Det kan vera vanleg lønnsarbeid, men også arbeid i vanlege verksemder utan vanleg lønn eller fast stilling kan falle inn under omgrepet slik det vert brukt i boka. Med «inkludering» siktar eg til både faktisk og opplevd deltaking i nærmiljø og samfunn generelt. Termen «arbeidsinkludering» peikar på det å stimulere til deltaking i nærmiljø og samfunn gjennom arbeid. Arbeidsinkludering slik eg då brukar det i denne boka, vil ikkje berre kunne handle om å finne fast eller meir varig lønnsarbeid, men også det å bruke vanlege arbeidsplassar til å inkludere, til dømes slik at ein demotivert ungdomsskuleelev gjennom arbeidspraksis på ein vanleg arbeidsplass, kan oppleve meistring, finne interesse og motivasjon og lyst til å returnere til skulen for å fullføre denne på eit fag han eller ho har interesse for.
kapittel 1: marginalisering av unge – ei uløyst utfordring
Tre aktørgrupper er sentrale i boka: På den eine sida dei utsette ungdommane, det vil seie dei hjelpetrengande individa, brukarane. Den andre hovudaktørgruppa er arbeidsgivarane og arbeidsplassane. Den tredje hovudaktørgruppa er hjelparane som her kan vera jobbspesialistar, rådgivarar ved den vidaregåande skulen, sosialarbeidarar ved eit ungdomstiltak eller andre frontlinearbeidarar. Det er i hovudsak denne tredje gruppa boka er skriven for – både dei som alt arbeider i ulike tiltak retta mot ungdom, og dei som er under utdanning ved universitet eller høgskolar.
Føremålet med boka I denne boka er eg ute etter å beskrive korleis sosialarbeidarar, jobbspesialistar og andre frontlinearbeidarar kan bruke vanlege arbeidsplassar betre for å inkludere utsett ungdom. Eg er også ute etter å gi frontlinearbeidarar nokre reiskapar eller innspel som kan hjelpe dei til sjølv kritisk å vurdere, velje og ta i bruk ulike arbeidsformer og tilnærmingar når dei bistår utsett ungdom med å finne arbeid. Eg er ute etter å skissere eit potensial, å utvikle eit perspektiv, stimulere til auka innsikt. Sidan Supported Employment i mange miljø vert oppfatta som den mest effektive og verksame måten å hjelpe arbeidslause personar til å finne ein jobb, vil eg gjera ei kritisk gjennomgang av om der kan ligge eit inkluderingspotensial i SE også for målgruppa utsett ungdom. Med dette meiner eg å skissere og stille spørsmål ved SE-tilnærminga brukt overfor denne målgruppa. Kva for sterke sider har ho? Og kva for svake? Kva for inkluderingspotensial ligg i det å bruke vanlege arbeidsplassar i tråd med SE-tilnærminga for utsette ungdommar som er elevar i den norske skulen eller under oppfølging frå Nav eller andre ungdomstiltak? For å gjera dette er det naudsynt å definere kva SE er for slags tilnærming – altså sjølve modellen – og dernest å vurdere om SE-tilnærminga ser ut til å kunne treffe behova, utfordringane og situasjonane som utsett
19
20
arbeidsinkludering av utsett ungdom
ungdom møter. Erfaringane til sosialarbeidarar og andre hjelparar som følgjer opp utsett ungdom som skal hjelpast inn i arbeid er ei viktig kjelde til kunnskap som eg skal nytte meg av. Det same vil tilsvarande erfaringar hjå dei unge sjølv og arbeidsgivarane som tilset dei. Eg er særleg interessert i å skissere kva som krevst når målgruppa har store utfordringar, og kjem difor til å bringe inn teoriar som seier noko om kva for særskilde behov marginaliserte menneske kan ha. For å kunne vurdere potensialet i SE, meiner eg også det er naudsynt å undersøkje om SE liknar eller skil seg frå andre tilnærmingar til arbeidsinkludering av utsette grupper og då spesielt utsett ungdom. Det vil seie om SE representerer noko anna eller noko nytt i høve til dei tilnærmingane som elles er i bruk i dag.
Om den vidare gangen i boka I kapittel 2 skal eg gå nærare inn i kva det vil seie å vera ung og utsett. Korleis skal vi forstå det å vera utsett som ung? Kva handlar dette om? I kapittel 3 gjer eg greie for sentrale satsingar generelt på arbeidsinkluderingsfeltet. Eg ser særleg på kva SE er, og kva for resultat denne tilnærminga kan vise til generelt og for ungdom spesielt. Eg gjer også greie for kva forskinga viser om verknader av andre arbeidsinkluderingstilnærmingar retta mot utsett ungdom, og eg presenterer kapabilitetstilnærminga som er eit sentralt perspektiv eg skal komma innom i dei fleste kapittel i boka. I kapittel 4 skildrar eg sentrale roller hjelparane kan ta i arbeidsinkludering av utsett ungdom. Eg gir også ei innføring i kva som er sentrale kvalitetar hos hjelparar som skal følgje opp utsett ungdom. I dette kapittelet kjem dei unge sjølv og arbeidsgivarane si stemme tydelegare fram enn i andre kapittel. I kapittel 5 ser eg nærare på kva som skal til for å forankre og fasilitere eit heilskapleg arbeidsinkluderingsarbeid i eit lokalmiljø. Eg prøver blant anna her å operasjonalisere kva tett individuell oppfølging er for noko.
kapittel 1: marginalisering av unge – ei uløyst utfordring
I kapittel 6 drøftar eg arbeidsinkludering i lys av kapabilitetstilnærminga, før eg i kapittel 7 vurderer sterke og svake sider ved SE i arbeidsinkludering av utsett ungdom. Kapittel 8 inneheld ei kort oppsummering av dei viktigaste poenga i boka, og eg prøver her å setje ord på essensen i det arbeid eg har gjort.
21
Kjetil Frøyland
Boka rettar seg til studentar i sosialt arbeid, tilsette i Nav, skule og tiltaksapparat som hjelper utsett ungdom i alderen 15–25 år med å finne arbeid. Kjetil Frøyland er utdanna sosionom og idéhistorikar og er forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet, OsloMet. Han arbeider med arbeidsmiljø og arbeidsinkludering av utsette grupper, arbeidsretta bistand (Nav) og rusmiddelførebygging i arbeidslivet.
ISBN 978-82-450-3314-4
,!7II2E5-addbee!
Arbeidsinkludering av utsett ungdom
Denne boka viser korleis Nav-rettleiarar, sosialarbeidarar og andre som hjelper utsett ungdom, kan arbeide for å inkludere ungdommane i arbeid. Forfattaren diskuterer inkludering i lys av Supported Employment (SE) og kapabilitetstilnærminga. SE har vist seg å vere særs godt eigna for arbeidsinkludering av utsette grupper, og kapabilitetstilnærminga handlar om å auke sjansen til å nå måla sine åleine eller i samspel med andre ved å omdanne ressursar til reelle moglegheiter og levd liv.
Kjetil Frøyland
Marginalisering av utsett ungdom er ei vesentleg utfordring. Unge er generelt utsette på arbeidsmarknaden. Vanskane med å få seg arbeid er endå større for dei unge som har problem med helse, rus, kriminalitet eller anna.
Arbeidsinkludering av utsett ungdom I lys av Supported Employment og kapabilitetstilnærminga