Nynorsk
Økonomi 2 består av tre delar. Del 1 «Leiing og berekraftig utvikling» tar for seg leiing av verksemder som kan bidra til ei god økonomisk, miljømessig og sosial utvikling. Vidare handlar det om evna verksemda har til å tilpasse seg dei endringane som skjer i omgivnadene. Del 2 «Økonomisk verksemd» viser korleis verksemder set opp produktkalkylar, vurderer risiko ved produkt og korleis verksemda bør tilpasse seg for å oppnå ei tilfredsstillande lønnsemd. Berekraftig utvikling handlar også om korleis økonomiske avgjerder i verksemda påverkar sosiale og miljømessige forhold i samfunnet. Del 3 «Investering og finansiering» tar for seg korleis verksemder budsjetterer for kva ei investering vil koste og korleis ho kan finansierast på ein tilfredsstillande måte. Vidare ser vi på korleis verksemda kan vurdere om investeringa er lønnsam ut frå dei krava som blir sett til avkastning, og kor stor risikoen er for at investeringa blir ulønnsam. Boka Økonomi 2 saman med nettressursen Økonomiportalen inneheld eit stort utval av oppgåver på alle nivå.
ISBN 978-82-11-04280-4
Næringslivsøkonomi, økonomi og leiing
Økonomi 2 tar for seg grunnleggjande omgrep og framgangsmåtar i programfaget økonomi og leiing i vidaregåande skole, studieførebuande utdanningsprogram. Boka er skriven etter ny læreplan gjeldande frå august 2022.
Økonomi 2
Fagbokforlaget sitt Økonomiske Programfag består av læremiddel for dei tre programfaga entreprenørskap og bedriftsutvikling, næringslivsøkonomi og marknadsføring og leiing og den tverrfaglege nettressursen Økonomiportalen.
Riana Steen Margaret Smørholm
Nynorsk
Økonomi 2 Næringslivsøkonomi, økonomi og leiing