Husflidsutstillinga TEVLING I HANDVERK & DESIGN
Dyrsku’n får årleg besøk av 90.000 gjester og over 800 utstillarar. Her er både landbruk, dyrehald, lokalmat og handverk representera, saman med fleire andre bransjar. Saman med Norges Husflidslag og Vest-Telemark Museum arrangerer vi landets største tevling i husflid, handverk og design, før arbeida vert synt fram i ei spennande utstilling under marknadsdagane på Dyrsku’n. I utstillinga kan du og sjå ei dagsaktuell særutstilling, spennande gjesteutstillarar, demonstrasjon av handverksteknikkar og flotte elev- og studentarbeid.
Lyst til å delta i tevlinga?
Kvifor delta?
Tevlinga er open både for profesjonelle handverkarar og for dei som har handverk som hobby. For elevar, studentar, lærlingar og kursdeltakarar er det oppretta eigne klasser, og desse gruppene er spesielt velkomne til å delta.
Marknadsføring og synleggjering for eit stort og interessert publikum ∙ Moglegheit for å knyte viktige kontaktar ∙ Verdifull erfaring med å stille ut og ha kontakt med publikum ∙ Moglegheit for å bruke Dyrsku’n som salsarena ∙ Ekstern, objektiv og fagleg tilbakemelding ∙ Heve kvaliteten på arbeidet ved hjelp av tilbakemeldingar ∙ Premie og diplom for 1. plass med moglegheit til å vinne spesielle prisar ∙ Verdifull post på CV’n ∙ Sette fokus på husflid, handverk og design ∙ Halde oppe og utvikle tradisjon
Utstillinga er open 11.-13. september 2020
Kategoriane i tevlinga er:
Tre . Rosemåling . Kniv Tekstil . Sylv . Smiing Kvar kategori er dela inn i ulike klasser med rom for dei fleste utøvarar. Stikkord for innleverte arbeid kan vere: Tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald.
«Det å motta Stimuleringsprisen i 2015, ga meg troen på at mitt formspråk og håndverk kunne være med på å belyse gamle norske sagn og tradisjoner på en ny måte. Når jeg ser tilbake, har motivasjonen jeg fikk etter å ha vist frem arbeidet for et større publikum gitt meg nødvendig styrke og selvtillit som kunstner, håndverker og selvstendig næringsdrivende.» – Marie Ridderhus
Ulike prisar
Forutan fyrste-, andre- eller tredjepremie, kan du òg vinne ein av dei spesielle prisane våre: Nyskapingsprisen består av eit diplom og ein gåvesjekk på kr. 5000,Stimuleringsprisen vert dela ut som stimulering for vidare arbeid, og består av eit diplom og ein gåvesjekk på kr. 5000,Diplom for godt handverk blir dela ut av Norges Husflidslag
Årets tema: SMIING
HUSFLIDSUTSTILLINGA DYRSKU’N
Husflidsutstillinga på Dyrsku’n er ei spennande og dagsaktuell utstilling der du kan sjå det enorme spekteret som finst innan husflid, handverk og design i Noreg. I tillegg til arbeid frå tevlinga inneheld utstillinga: Særutstillinga 2020, med tittelen «SLAGKRAFT - Smiing i 2020». Utstillarar er smedane Steven Carpenter og Johannes Grøstad Barstad med sitt flotte kopieringsarbeid av ei stavkyrkjedør, etter sigende frå Botndalen i Mo, Tokke. Smedane Terje Granås med sine velkjende kvalitetsreiskap, Ola Svensson med spanande skulpturelle verk og reiskap, og Simen Roheim Iversen med spisskompetanse innan smidde munnharpar. Gjesteutstillarar er spesielt inviterte handverkarar som er med på å syne fram handverka sine på ein god måte. Elev- og studentutstilling med flotte arbeid innanfor forskjellige fagområdar. I tillegg vert det demonstrasjonar av handverk i utstillinga.
Pris- og premieutdeling
Sundag 13. september kl. 14.00 er det pris- og premieutdeling med møteplass for deltakarar og handverkarar i Hall B. Lyst til å delta i tevlinga? Du finn påmeldingsskjema, reglement og anna viktig informasjon for tevlinga på www.dyrskun.no. Vel møtt som deltakar, og velkomen til Dyrsku’n!
Sals-stand i Hall A
Dersom du er profesjonell handverkar, eller har planer om å drive profesjonelt, er det mogleg å søke om sals-stand i Hall A. Send ein e-post til post@dyrskun.no snarast, gjerne med bilde som syner fram produkta dine.
innleverings- og påmeldingsfrist: Fredag 21. august 2020
Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord Telefon: 35 06 57 70 E-post: post@dyrskun.no www.dyrskun.no www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord
Husflidstevlinga vert arrangert i samarbeid med Norges Husflidslag og Vest-Telemark Museum
Foto: Dyrsku’n, Ola Svensson, Steven Carpenter Design: ETN Grafisk