Skip to main content

Velkommen til Husflidstevlinga på Dyrsku'n 2018

Page 1

husflid 14.-16. september ‘18

3 dagars folkefest

750 utstillarar

90 000 besøkande www.dyrskun.no

170 mål marknadsområde


INVITASJON TIL HUSFLIDSTEVLINGA Dyrsku’n har som siktemål å syne fram kvaliteten og mangfaldet husflids- og handverksfeltet har å by på, samt å stimulere til kunnskapsformidling og auka rekruttering. Dyrsku’n feira 150 år i 2016 og får kvart år besøk av over 90.000 gjester og 750 utstillarar. Innan husflid og handverk har det vore tevla sidan 1963, og fokuset har hovudsakleg vore på tradisjonelt handverk, gjerne knytt opp mot landbruket. Gjennom Husflidstevlinga Dyrsku’n 2018 skal vi ta vare på denne tradisjonen, like mykje som målet er å stimulere til nyskaping og rekruttering, samt å ha fokus på kvalitet. Vi har i år eit særskild fokus på norsk ull, blant anna gjennom særutstillinga «Norsk ull – kvalitet i særklasse». Hovudutstillar er Kristin Holte, som syner sine krotekofter, og vi oppmodar deltakarar til å la seg inspirere av dette. Som ei vidareføring av fjorårets utstilling, «Ein kubbe til å stole på», oppmodar vi og deltakarar til å sende inn kubbestolar, gjerne i ny drakt. Vi ynskjer med dette å invitere til deltaking i Husflidstevlinga og -utstillinga Dyrsku’n 2018.

<<

Som ung handverkar i etableringsfasen er Husflidstevlinga og –utstillinga ein flo stad å syne seg fram på. Gjennom sin mangeårige eksistens og faste forankring i tradisjon, gjev tevlinga tyngde og truverdighet, og ein 1. premie herfrå heng høgt. Samtidig er det og veldig viktig at me som er unge og fremadstormande er med på å pushe li grenser.

>>

Audun Rhønebæk Stikbakke bidragsytar til fjorårets særutstilling, «Ein kubbe til å stole på»


HUSFLIDSTEVLINGA 2018 KVEN KAN DELTA?

Både dei som har handverket sitt som hobby og dei som driv profesjonelt er velkomne til å delta. Elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon er særs velkomne til å bidra.

KVIFOR DELTA?

Du får produktet ditt vurdert av ein fagjury og du får konstruktive tilbakemeldingar. For å sikre fagtyngda i dette arbeidet, har Dyrsku’n eit samarbeid med Norges Husflidslag. I tillegg vil det å delta vere med på å marknadsføre og synleggjere deg som handverkar og produsent, samt at du er med på å sette fokus på husflid og handverk.

ULIKE PRISAR

• Nyskapingsprisen vert dela ut under mottoet «Nye skot frå gamle røter». Prisen er ein gåvesjekk på kr. 5000,- samt eit diplom. • Stimuleringsprisen vert dela ut til ein handverkar som utmerker seg med særs godt arbeid. Prisen er ein gåvesjekk på kr. 5000,- samt eit diplom. • Diplom for godt handverk blir dela ut av Norges Husflidslag, og kan bli dela ut til opp til tre deltakarar. Prisane er eit heiders- og kvalitetsstempel, og blir gjeve til inspirasjon for vidare arbeid.

PREMIERING

Dei beste arbeida vert premiert og stilt ut i Husflidsutstillinga på Dyrsku’n. Berre dei som har oppnådd ein fyrsteplass får ein fysisk premie.

ÅRETS SÆRUTSTILLING

Til Husflidsutstillinga på Dyrsku’n inviterer vi kvart år anten ein særskild handverkar som har utmerka seg innan moderne eller tradisjonell husflid, eller ei gruppe handverkarar som set fokus på utvalde områder. Årets tema er norsk ull, som blir synleggjort blant anna gjennom Særutstillinga Dyrsku’n 2018, «Norsk ull – kvalitet i særklassse».

Utstillinga vil ha fokus på kvalitet, bærekraft og dei moglegheitene som ligg i den norske ullproduksjonen. Kristin Holte, som tok i mot Nyskapingsprisen Dyrsku’n 2016 for si fargerike og flotte veggfrise inspirert av kritkroting, er hovudutstillar. Konseptet med å bruke kritkroting som inspirasjon for tekstile arbeider er vidareutvikla, og i 2017 gav ho ut boka «Krotekofter» med oppskrifter til kofter inspirert av kritkroting, samt bakgrunnsmaterialet for desse. Det er kun bruka norsk ull til oppskriftene, og garnet er henta frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, Sjølingstad Uldvarefabrikk og Telespinn AS.

ELEV- OG STUDENTUTSTILLING

Dyrsku’n er glade for å ha eit godt samarbeid med Seljord Ungdomsskule og Høgskolen i Sørøst-Norge, og arbeid både frå ungdomsskule-elevar og frå studentar ved HSN campus Notodden og Rauland blir synt fram på utstillinga.

PRIS- OG PREMIEUTDELING

Sundag 16. september kl. 14.00 er det pris- og premieutdeling med møteplass og fagprat for deltakarar og handverkarar i Hall B.

HUSFLID OG HANDVERK PÅ DYRSKU’N

• I Hall A finn du husflidshandverkarar som sel ulike produkt i ulike teknikkar. Alle har produkta sine som næringsveg. • Hall B inneheld innsendte produkt frå tevlinga, ei særutstilling, samt utstilling av elevarbeider ved Seljord Ungdomsskule og studentarbeider frå HSN campus Notodden og Rauland. Ein handverksteknikk blir i tillegg demonstrert. • På Sterke Nils-tunet blir bl.a. gamle husflids- og handverkstradisjonar demonstrert. • Ung Husflid (Norges Husflidslag) arrangerer aktivitetar innan handverk for barn i Loftet. • I Dalane Skule syner Telemark Husflidslag fram ei utstilling knytt til Dyrsku’n og tradisjonelt handverk. I tillegg kan barn og unge få lage produkt i ull. • Vest-Telemark Museum syner fram ei aktuell utstilling i Gonge-stogo.


KATEGORIAR

REGLEMENT

MED KLASSER OG UNDERGRUPPER • • • •

Rekrutt Handverk Formgjeving Open klasse (ny av året) Undergrupper: Treskjering, dreiing, møbel, andre teknikkar (lagging, sveiping, neverarbeid, e.l.)

TEKSTIL • • • •

Rekrutt Handverk Formgjeving Tradisjonstekstil (ny av året) • Open klasse (ny av året) Undergrupper: Maskearbeid, toving, brodering, vev, saum, bunad, eksperimentell form

KNIV

• Rekrutt • Brukskniv • Staskniv • Open klasse Ingen undergrupper

SYLV

• Rekrutt • Handverk • Formgjeving • Open klasse (ny av året) Undergrupper: Filigransarbeid, gravering, smiing/korpus, smykke, eksperimentell form

ROSEMÅLING

• Rekrutt • Rosemåling • Lasering/dekormåling • Open klasse (ny av året) Undergrupper: Møblar, pyntegjenstandar, bruksgjenstandar, el.l. dekorert med utgangspunkt i rosemåling

SMIING

• Rekrutt • Eggverkty/verkty • Kunstsmiing/eksperimentell form • Open klasse (ny av året) Undergrupper: Verkty, eggverkty, brukskunst, skulpturar, e.l.

Det tilkjem ei påmeldingsavgift på kr. 300,- som blir fakturert utøvar etter påmelding. Påmeldings- og innleveringsfrist er fredag 24. august 2018 Spørsmål? Ta kontakt med ein av oss: Eva Flatin, telefon 906 07 875 husflid@dyrskun.no Linda Thiis, telefon 412 87 169 buskerud@husflid.no

Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord Telefon: 35 06 57 70 E-post: post@dyrskun.no www.dyrskun.no www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord

Handel

Landbruk

Anlegg

Husdyr

Husflidstevlinga vert arrangert i samarbeid med Norges Husflidslag

Mat

Husflid

Kultur

Folkeliv

Foto: DAAS, Øystein Køhn, Guro Mæland og Kristin Holte

TRE

Alle arbeid må vere påmeldt av utøvar. Dersom arbeidet er utført av fleire må dette førast i påmeldingsskjemaet. Arbeida må vere utført i perioden 2016 - 2018. Arbeid kan vere synt fram tidlegare, men ikkje i ein konkurranse, og eit arbeid kan ikkje vere påmeldt i fleire klasser. I klassene for formgjeving og kunstsmiing/eksperimentell form må utøvarane ha vore med i prosessen frå idé til ferdig arbeid. Dette må dokumenterast gjennom skisser, utprøvingar m.m. Dokumentasjon må leverast i klassa for tradisjonstekstil. I klassa for eggverkty skal det sendast inn eit blad til knekking. I kategorien for kniv kan det kun sendast inn to arbeid i kvar klasse. Arbeidet sendast til Dyrsku’n si postadresse. Bilde av innsendte gjenstandar kan bli bruka til marknadsføring. Dei påmelde arbeida er IKKJE forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS. Dersom du ynskjer å forsikre arbeidet ditt, må dette gjerast privat. Postgangen er forsikra gjennom Posten.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Velkommen til Husflidstevlinga på Dyrsku'n 2018 by Dyrsku'n Arrangement AS - Issuu