bli utstillar på dyrsku’n 14.-16. SEPTEMBER 2018
3 DAGARS FOLKEFEST 750 UTSTILLARAR 90 000 BESØKANDE 170 MÅL MARKNADSOMRÅDE www.dyrskun.no
NOREGS STØRSTE MARKNADSPLASS! Dyrsku’n har betydd mykje for mange både lokalt, regionalt og nasjonalt i meir enn 150 år. Her samlast opp mot 90.000 menneske den andre helga i september kvart år. Dyrsku’n er i dag landets største landbruks- og handelsmesse med nær 750 utstillarar fordelt på 170 mål. Som arrangør er vi svært fornøgde med at mange utstillarar kjem tilbake år etter år. Det tek vi som eit teikn på at dei trivst og at deltaking på Dyrsku’n er lønsamt.
<< DYRSKU’N ER EIN SÆRS VIKTIG SALS- OG MARKNADSFØRINGSARENA FOR OSS. I tillegg til sjølve salet under messa, får vi ekstra sal lenge etterpå og vi held kontakten med kundane år etter år. Her når vi ut til både privatkundar og potensielle forhandlarar.
>>
Halvor Holtskog - Nyhuus Gard
Vi jobbar kontinuerleg med å gjere det beste for våre kundar og besøkande. Vi brukar mykje ressursar på at plassen er i god stand, og at du som utstillar får ei god oppleving når du er her. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku’n 2018.
5 GODE GRUNNAR TIL Å VERE UTSTILLAR PÅ DYRSKU’N: • Over 90% av utstillarane er fornøgd med gjennomføringa av arrangementet • Møte og skape dialog med nye og eksisterande kundar • 85% fekk inngått dei avtalene dei ynskte under fjorårets marknad • 9 av 10 handlar på Dyrsku’n • Over 80% av utstillarane kjem tilbake år etter år
handel landbruk anlegg husdyr mat husflid kultur folkeliv
UTESTAND
INNESTAND
Underlaget er gras eller grus. Vegane mellom standfelta er i all hovudsak gode asfalt- eller grusvegar. Djubda på ordinære utestandar varierer mellom 4-7 meter. Det er lengda på fronten som tel når ein reknar ut prisen. Pris pr. frontmeter er kr. 880 + mva. På området for utstillarar med brukt/antikk (J-feltet) m.m. er prisen kr. 840 pr. frontmeter + mva. Områda for landbruk- og anleggsmaskin har eit minsteareal på 50 m2. Djubda på desse standane varierer mellom 7-12 meter.
Vi har innestandar i to hallar. Ridehallen har hovudsakleg utstillarar innan handverk, møblar, tekstil m.m. Djubda på standane er 3-4 meter med valfri breidde. Standane er delt av med messeveggar – høgde: 2,40 m. Pris pr. m2 er kr. 720 + mva I Hall A vil utstillarar innan norsk handverk og husflid bli prioritera (Sjå eigne retningsliner på www.dyrskun.no). Hallen er inndela i modular på 6-8 m2 og har 25 plassar til disposisjon. Ytterveggane på hallen har panel. Skiljeveggane er opne rammeverk som kan dekkast til med stoff e.l. Prisen pr. modul er kr. 5500 + mva
Pris: 50-100 m2 – kr. 110 pr. m2 + mva 101-250 m2 – kr. 105 pr. m2 + mva Over 250 m2 – kr. 98 pr. m2 + mva
<< DYRSKU’N ER DEN VIKTIGASTE MESSA VI DELTEK PÅ! I tillegg til sjølve salet under messa, får vi ekstra sal lenge etterpå og vi held kontakten med kundane år etter år. Her når vi ut til både privatkundar og potensielle forhandlarar.
>>
Kristen Bråthen – Butikksjef Felleskjøpet Agri SA
MATKVARTALET Matkvartalet har både inne- og utestandar. I Matkvartalet vil berre utstillarar som profilerar lokalmatprodukt bli vurdert (Sjå eigne retningsliner på www.dyrskun.no). Det store matteltet er inndelt i standar på 9 m2 og prisen pr. modul er kr. 5500 + mva. Utestandar i Matkvartalet blir berekna etter lengda på fronten og pris pr. frontmeter er kr. 880 + mva. For sal av serveringsmat er det 16% provisjon av dokumentert sal. Vi har eit avgrensa antal plassar for sal av serveringsmat.
Foto: Dyrsku’n, Dag Jenssen og ASK Gård
PÅMELDINGSAVGIFT Påmeldingsavgift pr. stand er kr. 800 + mva. Det blir sendt ut faktura på beløpet når påmelding er registrert. Påmeldingsavgifta er eit administrasjonsgebyr og blir ikkje refundera om de ikkje får tildela standplass.
SØKNADSSKJEMA OG FRIST Vårt elektroniske søknadsskjema finn du på www.dyrskun.no Søknadsfrist er 1. april Reglar for utstillarane på marknaden – sjå www.dyrskun.no Tildeling av standplassar startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, seinast innan utgangen av mai. Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig.
Vi prioriterer mangfald, variasjon og kvalitet
Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand. For at alle skal kome med på utstillarlista, må hovudsøkaren legge inn dei andre utstillar-namna i sitt søknadsskjema.
Dyrsku’n Arrangement As Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
INVITERE KUNDAR ? Om du ynskjer å invitere med deg kundar, kan du bestille kundekort på førehand. Prisen er kr 116 pr stk + mva. Dei korta som ikkje blir bruka, kan returnerast innan utgangen av september og vil bli kreditert.
Telefon: 35 06 57 70 E-post: post@dyrskun.no
www.dyrskun.no www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord