Skip to main content

Velkommen til Vårmarknad 2018

Page 1

nyt vĂĽren pĂĽ dyrskuplassen www.dyrskun.no/vaarmarknad

handel nytt & bruka bil og motor veteranvognutstilling mat gjenbruk camping


telemarks største skattekammer Vårmarknaden på Dyrskuplassen i Seljord er staden å gå om du er på leit etter antikvitetar, motordelar til den gamle bilen din eller om du er på utkikk etter noko heilt spesielt. Her kan du finne alt du treng - og litt til. Plassen blir fylt opp av nær 200 utstillarar som sel nyttige og unyttige ting til ein rimeleg penge. Her kan du gå på skattejakt og gjere eit skikkeleg kupp om du er heldig.

gjenbruk

utstilling av veterankøyretøy

Det du sjølv ikkje lenger har bruk for, kan vere ein uoppdaga skatt for andre. Her er det publikum som er på jakt etter bil- og motordelar, klede eller bruksgjenstandar som ikkje finst i bruktbutikkar eller andre utsal. Sjansen er stor for at du finn det på nettopp Vårmarknaden.

Både fredag og laurdag er det utstilling av veteran­køyretøy på Vårmarknaden. Dei siste åra har det vore meir enn 100 blankpussa køyretøy utstilt. For deg som har eit køyretøy som er meir enn 30 år, kan bil og sjåfør delta gratis på marknaden og utstillinga. Vi oppmodar om å stille i tidsriktige klede om du kjem med bilen/sykkelen din. Premiering i kvar klasse!


underhaldning for dei minste Synast ikkje minstemann det er like moro på skattejakt som deg? Vi har sjølvsagt aktivitetar for borna som besøker oss.

utstillar På Vårmarknaden kan alle få plass, ingen er for små og ingen er for store. Vi prioriterer dei som sel brukt, antikk, vintage og/eller retro produkt. Vi har salsplassar både ute og inne. Uteplassane har i all hovudsak gras eller grus som underlag. Djubda på standane varierer litt, og er mellom 5-7 meter. Vegane på marknadsområdet er gode asfalt- og grusvegar. Inneplassane er i Husdyrhallen. Her er det støypt betonggolv og det er ikkje skiljeveggar mot naboen.

Utestand: kr. 150,- pr. frontmeter Innestand: kr. 100,- pr. m2 (Prisane er inkl. mva) Born under 12 år får gratis stand for sal av leiker, bøkar, sportsutstyr m.m. på eige område DET ER IKKJE MOGLEG Å TINGE PLASS PÅ FØREHAND, DET ER FYRSTE MANN TIL MØLLA. Du betaler standleige ved oppmøte på Utstillarkontoret, og blir vist tilmålt standplass av tilvisarane våre. Vi opnar for innsjekking torsdag 24. mai kl. 12.00

svolten? Sjølv på skattejakt blir ein svolten, og vi kan freiste med fleire matutsal på plassen. Du finn både litt til kaffien og varme rettar av norsk­ produsera råvarer.


Foto: Dyrsku’n og VTMK

CAMPING Dyrskuplassen er Noregs finaste og best utbygde festivalplass med alle fastilitetar. På Vårmarknaden har vi eigen marknadscamping frå torsdag til sundag. PRIS Torsdag – sundag kr. 450,- pr. pers. Fredag – sundag kr. 400,- pr. pers. Laurdag – sundag kr. 250,- pr. pers. Born til og med 11 år gratis. Prisane inkluderer straum og inngang til marknaden fredag og/eller laurdag. For andre overnattings- og aktivitetstilbod i Seljord, sjå www.visitseljord.no

Opningstider for publikum Fredag 25. mai kl. 12.00 – 20.00 Laurdag 26. mai kl. 09.00 – 17.00

Inngang på marknaden Born til og med 11 år GRATIS // Vaksen f.o.m. 12 år kr. 100,Parkering GRATIS

Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60 3840 Seljord

VEST-TELEMARK MOTORHISTORISKE KLUBB www.vtmk.no

www.facebook.com/VaarmarknadenSeljord www.instagram.com/dyrskunseljord www.dyrskun.no/vaarmarknad

ETN Grafisk

Telefon: 35 06 57 70 E-post: post@dyrskun.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Velkommen til Vårmarknad 2018 by Dyrsku'n Arrangement AS - Issuu