Utstillarinformasjon Dyrsku’n 2017
Velkomen til Dyrsku’n i Seljord! Vi ynskjer alle utstillarar velkomen til Dyrsku’n 2017. Det som starta opp som eit fesjå i 1866, har blitt landets største handels- og landbruksmesse. Det har i år, som tidlegare, vore stor pågang for å få plass. Plassen er fylt opp med meir enn 700 utstillarar fordela på ymse bransjar og det er med tungt hjarte vi også i år må sei nei til mange som gjerne ville kome til Seljord med sine produkt. Samtidig er det viktig for oss å ta godt vare på nye og gamle utstillarar. Vi veit at du som utstillar har mykje arbeid og førebuing for å koma til Dyrsku’n. Vi som arrangør vil legge best mogleg til rette og håpar du finn plassen i den stand du forventar. Sei ifrå dersom det er noko du manglar. Vi gjer så godt vi kan Vi ber dykk og om å lese gjennom denne utstillarinformasjonen slik at de kjenner godt til reglar m.v. for arrangementet. Det er og viktig at de vidareformidlar informasjonen til dei andre som høyrer til på standen. Vi ynskjer dykk lykke til med salet og håpar de får nokre trivelege dagar på Dyrskuplassen.
Dyrsku’n Arrangement AS Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord Telefon 35 06 57 70 | e-post: post@dyrskun.no | www.dyrskun.no
Telefonliste Beredskapsvakt/Vaktbua
917 49 088
Politi
112 / 02800
Brann
110
Ambulanse
113
Legevakt
35 05 00 05
Vaktsjef
917 49 088
Utstillarkontoret
35 06 57 80
Utstillaransvarleg
977 11 138
Lasting/Lossing(truck)
941 44 162
Driftsleiar
951 06 333
Vaktmeister
902 25 811
Informasjonen
350 65 786
Presseansvarleg
913 03 303
Dagleg leiar
906 51 011
Prosjektleiar Marit Mæland
917 51 390
Opningstider Dyrsku’n 2017: FREDAG
09.00-20.00
LAURDAG
09.00-20.00
SUNDAG
09.00-18.00
OPNINGSTIDENE FOR UTSTILLARKONTORET I VEKE 35 OG 36: Veke 35
Laurdag 2.9 og sundag 3.9
Veke 36
Måndag–onsdag
08.00 – 20.00
Torsdag
08.00 – 22.00
Fredag
07.00 – 20.00
Laurdag
07.30 – 20.00
Sundag
08.00 – 19.00
3
10.00 – 15.00
REGLAR – DYRSKU’N 2017 Vi ynskjer at Dyrsku’n skal vere eit profesjonelt og føreseieleg arrangement kor utstillarane får vist fram sine tilbod på ein best mogleg måte i hyggelege omgjevnader. Plassen skal være trygg, ryddig og tilgjengeleg. For å oppnå dette har Dyrsku’n Arrangement AS følgjande reglar for utstillarane under DYRSKU’N 2017:
GENERELT • Kontaktpersonen har ansvar for å informere sine kollegaer/medarbeidarar på standen om gjeldande reglar. • Vi ynskjer ein god miks og oversikt over aktiviteten og det er av den grunn ikkje høve til framleige eller bytte av stand. • Plassen er disponibel ei veke før arrangementsopning. • Vi ynskjer å bruke alt areal, og plassar som ikkje er teken i bruk innan fredag kl. 09.00, vil såleis bli gitt til andre. • Salsplassane skal halde opent i heile opningstida frå kl. 9–20 på fredag og laurdag, og kl. 9–18 på sundag. Tildelt standskilt skal hengast godt synleg opp på standen. IDband skal vera festa rundt armen under heile arrangementet frå innsjekk. • Plakatar og annan reklame kan ikkje setjast opp eller distribuerast utanom eigen stand. • Ambulerande sal/marknadsføring er ikkje tillate. • Bruk av dronar må søkast om i kvart einskild tilfelle.
SALSPLASSEN • Telt/vogner/biler må få plass til innanfor måla på standen (også drag på vogn/bardunar/ betonglodd til telt). Telt e.l. må være forsvarleg festa med betonglodd e.l. Vi oppmodar til å parkere bilar på parkeringsplassen for utstillarar. • Utstillar disponerer standplass frå vegkant og bakover hovudsakleg til midten av feltet. Ved tvilstilfelle, ta kontakt med Utstillarkontoret for tilvising. • Salsplassen skal til ein kvar tid haldast rein og ryddig fram til midt i vegen. • Ei veke etter utstillinga må alt gods vere fjerna frå utstillingsområdet. Om dette ikkje er skjedd, blir den einskilde utstillar belasta for utgifter med å rydde plassen. • Utstillarar som har særskilte behov for straum, må sjølv ha dette i beredskap i tilfelle straumbrott. • Salsplassane skal ha minimum 1 stk. 6 kg brannslokkingsapparat. • Bruk av stemmeforsterkar/lyd-anlegg er kun tillate på låg styrke. Ta omsyn til dine naboar!
4
ANSVAR • Utstillarane skal følgje gjeldande norske lovar og aldersgrenser, og spesielt lovar og reglar for sal jf. m.a. brukthandlar-lova og lov om meirverdiavgift. • Utstillarane er ansvarlege for skader utført i aktløyse som dei, folka deira, produkt, utstyr o.l. påfører bygningar, innreiingar, anlegg og personar. • Alle utstillarane skal ha teikna eigen ansvarsforsikring med ein forsikringssum på minimum kr. 10 millionar pr. skadetilfelle. • Arrangøren dekker ikkje tap eller tilbakebetaling av utlegg (leige, avgifter o.l.) i samband med forhold som ligg utanfor vår kontroll; t.d. vêr, tredjemanns- og leverandørars handlingar, force majeure o.l. I alle høve kan det ikkje krevjast erstatning for indirekte tap. • Arrangøren dekker ikkje tap i samband med tjuveri, skadeverk, sabotasje o.l.
• Gjeldande reglar for bruk av verneutstyr i samband med opp-/nedrigg skal følgast. • Det er ikkje tillate å prøvekøyre utstyr/maskinar under markanden. Dette gjeld og t.d. Segway og elektriske syklar. Gravemaskinskuffer m.a. skal stå på bakken under arrangementet. • Ved evt. oppstart av maskinar, skal dette gjerast under påsyn av utstillar. Nyklar skal fjernast frå maskina etter bruk. SAL • Alle som sel næringsmiddel må vere registrera hos Mattilsynet. • Arrangøren har inngått avtale om sal av serveringsmat på plassen. Det er ikkje tillate å selje serveringsmat utan avtale. • Sal av sukkerspinn, popcorn, baconcrisp o.l. er ikkje tillate utan avtale. • Loddsal: Seljar må sjølv ordne med løyve frå politiet. • Ulovlege varer: Sal av softgun, fjær/luftvåpen, kastestjerner, sverd, kinaputtar, springknivar o.l. er ikkje tillate.
SANKSJONER • Ved brot på reglane kan arrangøren vise bort utstillarar frå plassen og avvise framtidige søknader frå utstillarar. • Utstillar som sel ulovlege varer vil bli bortvist frå marknadsplassen og utestengd frå neste års arrangement.
FERDSEL • Varetransport må skje før og/eller etter opningstida dei tre Dyrsku’n dagane. Dette gjeld for alle køyretøy, også ATV. Sundag kveld opnar portane for innkøyring til plassen kl. 18.30. • Fartsgrensa for køyring inne på marknadsområdet er maks 20 km/t.
KONTAKT UNDER ARRANGEMENTET: Alle spørsmål i samband med reglane rettast til: Utstillaransvarleg / Vakt- og beredskapsleiar
5
ting som er kjekt å veta før de kjem til Dyrsku’n TRÅDLAUST NETT På store delar av Dyrskuplassen er det tilgang på trådlaust breiband frå RadioLink Telemark AS. Søk etter nettet ”dyrskun” på utstyret ditt. Så fort du har kobla deg opp på internett og prøvar å gå til ei nettside, vil du kome til påloggingssida. Klikk på linken der for å kjøpe tilgang. Du kan også kjøpe tilgang før du kjem til Dyrskuplassen, tida du har kjøpt blir rekna frå fyrste gong du loggar deg på.
UTSTILLARKANTINE Det er kantine for utstillarar i Storstogo (adm. bygget). Her kan de få kjøpt varme og kalde rettar. Her blir og moglegheit for «take away» og catering. Frist for bestilling av catering er 28. august. MONTERING AV TELT Da plassen er eit nettverk av kablar, minner vi om at teltspyda ikkje skal overstige 25 cm. Vi ber derfor alle som monterar telt på sin stand om å sikre desse ekstra godt med betonglodd e.l slik at vi slepp øydelagde kablar, telt o.a. ulykker. Det er utstillar sitt ansvar å sikre sine telt og evt. andre lause gjenstandar – jfr reglane.
STENGING AV DYRSKUPLASSEN Av sikkerhetsmessige årsakar vil vi stenge Dyrskuplassen for publikum frå og med måndag 4.9. Det er m.a. mykje lossing/lasting med store maskinar og vi ynskjer å ha fokus på sikkerhet i samband med førebuingane til arrangementet. Kun dei som har ein gyldig grunn til å vere inne på plassen i perioden måndag-torsdag, vil få adgang. Dette gjeld t.d. transportørar, riggpersonale, utstillarar o.l.
OVERNATTING/PARKERING Dei utstillarane som skal overnatte i campingvogn/bobil på standen må sørge for å ha røykvarslar og brannslukningsapparat montera i vogna/bilen. Etter pålegg frå brannsjefen skal kvar utstillar melde inn til utsillarkontoret kor mange som ligg på den enkelte stand i løpet av marknaden. Elles gjeld vanlege reglar for ro og orden. Det skal vere ro inne på Dyrskuplassen på nattetid. Det vil som tidlegare år vere ein utstillarcamping (www.grenlandsaksjonen.no) med dusj/wc/straum på eit av områda nærast inntil marknadsplassen. For info om andre overnattingsmoglegheiter, sjå www.dyrskun.no.
DELING AV STANDPLASS Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein standplass. Dersom det er fleire som skal inn på utstillarlista som m.a. kjem på trykk i messeavisa og på nettsida vår, må de melde inn namn på den/dei utstillarane det gjeld.
6
Det er ikkje lov å parkere bilar eller campingeiningar utanom eigen stand. Feilparkera bilar/vogner vil bli fjerna på eigars rekning og risiko.
Maks løft er 2,5 tonn. Noko venting må påreknast, sjølv om du har bestilt på førehand. INNSJEKK Utstillarkontoret er ope frå og med laurdag 2.9. Laurdag og sundag held vi opent frå kl. 10.00–15.00, måndag–onsdag er det opent frå 08.00–20.00. Torsdag 7.9 har vi opent til kl. 22.00.
OPPRYDDING AV STAND Mange gjer mykje ut av standen sin medan dei er her, og det er vel og bra. Det blir m.a. nytta dukar med bark, flis o.a. Vi har mykje arbeid med å fjerne dette etter arrangementet, så vi må be dykk om å ta bort alt de nyttar av utstyr til å dekke til bakken, samt anna søppel, når de reiser. Om vi må ha arbeid med opprydding på dykkar stand, vil dette bli fakturera i etterkant av Dyrsku’n.
Alle utstillarar møter her for å få tilvist plass, hente ID-band og informasjonsskriv. Utstillarkontoret ligg i administrasjonsbygget som ligg på høgre side før de køyrer inn på plassen. Om de treng ekstra kort eller band av noko slag, kan dette kjøpast på utstillarkontoret kvar dag i Dyrsku-veka. Vi anbefaler våre utstillarar om å koma i god tid for rigging av stand.
STRAUM Spenning på straum er 400/230V. All 3-fasa straum er på 400V. Utstillarane har sjølv ansvaret for å kontrollere at det utstyret som skal nyttast, kan bruke denne spenninga. Omkopling frå 380 til 400V kan gjerast på plassen av vår samarbeidspartner på elektro, men dette må avtalast på førehand. Straum inntil 1,5 kw er inkludera i standleiga. Om de treng meir straum, må de gje oss beskjed om dette på førehand. Ta med rikeleg med skøyteledning.
KUNDEKORT Desse dagskorta er primært for kundar og samarbeidspartnarar. Nokre nyttar dei òg for sine tilsette som kun skal delta på stand éin dag. Dette må de gjerne halde fram med, men vi vil understreke at det kun er dei med utstillarband som kjem inn FØR portane opnar. HUSFLID- OG HANDVERKSHALLEN (HALL A) OG MATKVARTALET Det er eigne kriteriar for dei som ynskjer plass i Hall A, samt for lokalmat-produsentar som sorterer under Matkvartalet. Du finn dei på www.dyrskun.no
KÅRING AV «BESTE STAND»/ »ÅRETS MATPRODUKT» Det er kåring av Beste stand og Beste matprodukt med premiering. Kandidatar må ha kvalitet på framsyning av varene, særs god kundehandsaming, kreativitet/originalitet og den bør vera ei oppleving for publikum. Kandidatar til beste matprodukt bør m.a. innehalde kreativitet, tradisjon, god smak og innovasjon.
OPNINGSTIDER Portane blir opna for publikum kl. 09.00 kvar morgon. Fredag og laurdag stenger vi kl. 20.00 og sundag avsluttar vi kl. 18.00. Dette gjeld òg for hallane og Matteltet.
LASTING/LOSSING Vi kan tilby laste-/losseteneste frå måndag 4. september. Vi har ikkje truck eller anna tilgjengeleg løfteutstyr før denne datoen.
7
Storstogo servering Utstillarkantine inne – ID-band som adgangsbevis. Kundekort gjeld ikkje som adgangsbevis. UTE Fredag Laurdag Sundag
10.00 – 23.00 10.00 – 23.00 10.00 – 18.00
Matservering Matservering Matservering
UTSTILLARKANTINE – INNE Onsdag 11.00 – 14.00 Lunsj Torsdag 11.00 – 14.00 Lunsj 15.00 – 20.00 Middag Fredag 07.00 – 09.00 Frukost 10.00 – 23.00 Matservering Laurdag 07.00 – 09.00 Frukost 10.00 – 23.00 Matservering Sundag 07.00 – 09.00 Frukost 10.00 – 18.00 Matservering Måndag 11.00 – 14.00 Lunsj LOKALMAT-KJØKKENET Fredag 11.00 – 19.00 Laurdag 11.00 – 19.00 Sundag 11.00 – 17.00
Velkomen! 8
Søppel Vi ber dykk om og overhalde våre reglar om sortering av papp og anna søppel. Papp skal flatpakkast og leggast framfor standen. Resterande søppel skal pakkast i svarte søppelsekkar og settas framfor standen. Om de ikkje har tilstrekkeleg med søppelsekkar, kan de få dette i informasjonen. SØPPELBILEN KØYRER TØMERUNDE: Fredag frå kl. 06.00 Laurdag frå kl. 06.00 og 21.00 Ved avreise sundag kveld, skal standen ryddast og søppel skal sorterast på same måte som over. Tomme askar og anna søppel skal ikkje oppbevarast inne på og bak standen under marknaden! Det vil under Dyrsku-dagane og stå ein container for papp-/ papiravfall stasjonera ved Ridehallen (Hall D) (sjå kart). LASTING/LOSSING Vi utfører lasting og lossing inntil 2,5 tonn i perioden 4/9 – 13/9 Tlf. 941 44 162
9
Ulovlege salsvarer Det er ikkje tillat å selje følgjande varer under årets Dyrsku’n: • • • • • • • • • •
softgun fjør/luftvåpen sverd kastestjerner kinaputtar springknivar sprayboksar som medfører forsøpling varer som medfører forureining eller helsefare narkotikasymbol/brukarutstyr varer som strider mot norsk lov
Om desse reglane ikkje blir fylgd, vil ordensvaktene/politi be utstillaren forlate plassen. Det vil ikkje bli gitt nokon forvarsel på slike ordensbrot. Utstillaren vil da ikkje få plass ved neste års Dyrsku’n. Under marknaden er det og viktig at vi tek omsyn til sikkerhet. Det er svært mange menneske inne på plassen, og vi vil for ein kvar pris unngå ulykker. Det er derfor viktig at dei som har gravemaskinar, traktorar med kraner, skuffer o.a. utstyr, let dette stå på bakken. Testing av maskinar bør ikkje skje inne på plassen.
Elles vil vi minne om våre opningstider: Fredag kl. 09.00 – 20.00 Laurdag kl. 09.00 – 20.00 Sundag kl. 09.00 – 18.00
DUSJANLEGG Dusjanlegga på plassen vil vera opne i tidsrommet 06.00 – 24.00
Standen skal vere open heile opningstida. Det er svært negativt om nokon opnar seint og/eller stenger tidleg, og det er ikkje tillate i følgje reglane. Det vil bli foretatt kontrollar om det er nokon som ikkje held oppe heile opningstida.
10
11
BRANNVERNREGLAR FOR UTSTILLARAR Alle må ta ansvar for branntryggleiken på eigen stand og området rundt. BRUK AV OPE ELD Det er ikkje tillate med ope eld på plassen utan godkjenning. Grilling kan bare skje ute og etter at utstillinga er stengt for kvelden. Det skal vera minst 1 meter avstand frå telt campingvogn. Forlat aldri ein glødande grill. Eingongsgrill er ikkje tillatt på plassen.
Som arrangør har vi ansvar for branntryggleiken på plassen, vi har kompetente brannmannskap med brannbil og brannutstyr. Dyrsku’n er stor, det er mykje utstyr, mange standar og mykje folk, som kan gjera det problematisk ved utrykking inne på plassen. Det er viktig at alle utstillarane fylgjer reglane. Særleg viktig er det å halde seg innan tildelt område slik at evt utrykkingskjøretøy kjem fram.
PROPANLEKKASJE Dersom du oppdagar propanlekkasje, skal hovudkrana straks stengast og reguleringsventilen koplast frå flaska. Stans all bruk av open eld. Lokaliser lekkasjen, er den frå flaska, bring straks flaska vekk frå campingvogner - telt. Varsle brannvesenet.
BRANNMANNSKAP Brannvernleiar og brannfolka vil gå brannvernrundar på plassen under rigging av stand og under Dyrsku`n. Alle utstillarar må rette seg etter dei eventuelle pålegg som blir gjeve av desse. Har de spørsmål om bruk eller oppbevaring av brannfarleg utstyr/ materiell – spør brannfolka om faglege råd.
VED BRANNTILLØP Alle tilløp til brann må meldast til vaktene. Det er normalt brannvakter på plassen. Vår beredskapstelefon er bemanna og i dirkektekontakt med brannfolk. Opplys namnet ditt, kvar du er – standnamn/ nr. og kva som har hendt. Prøv å slokke og hugs å varsle dei som er truga av brann.
RØYK-/GASSVARSLARAR OG SLØKKJEUTSTYR Alle utstillarar må ha godkjent brannslokkar apparat på standen, på pulverapparat er kravet 6 kg ABE, men vurder om skumapparat vil vera betre for dine varer/ stand.
BRENNBART AVFALL / PAPP OG PAPIR Det er viktig at det ikkje blir lagra brennbart avfall, spesielt papp og papir, inne på eller rundt standen. Søppelbilen vil samle inn papp, papir og plast kvar kveld. Alt svært brannfarleg materiale må fjernast.
Dersom overnatting i campingvogna på standen, tilrår vi sterkt at det er montert røyk- og gassvarslar i vogna. Dette er først og fremst for eigen tryggleik, ein røykvarslar vil varsle deg tidleg nok til at du og naboane kan koma i sikkerheit.
VIKTIGE TELEFONNUMMER I PRIORITERT REKKEFØLGJE Brannvernleiar/ Pål Christian Syvertsen Vakt og beredskapsleiar Politi/Lensmannsvakta Kommunal legevakt
928 17 501 917 49 088 (varslar brannfolk, lege/ambulanse, politi/ordensvakter) 02800 (35 06 56 38) 35 05 00 05
Naudnummer:
Brann: 110
12
Politi: 112
Ambulanse: 113
13
UTKØYRINGSPLAN SUNDAG 10. SEPTEMBER Vi oppmodar utstillarane til å lese denne planen og studere kartet nøye, slik at alle er kjent med tider og kvar de skal køyre ut av utstillingsområdet sundag kveld. Dersom planen følgjast vil vi få ei rask og effektiv utkøyring frå plassen. NB! DET ER SAME KØYREMØNSTER SOM I FJOR, SJÅ KART
B. LASTEBILAR INNKØYRINGSPORT HOVUDPORT OPNAR KL. 19.00. Det vil ikkje vere mogleg å køyre inn på plassen mellom kl 10.00 og kl 19.00 på sundag.
HUGS AT UTSTILLINGA ER OPEN FRAM TIL KL 18.00 PÅ SUNDAG OG DET VIL VERA MANGE GJESTER PÅ PLASSEN FRAM TIL KL. 19.00.
PERSONBILAR/VAREVOGNER Personbilar/varevogner vil bli prioritert for innkøyring.
ALLE SOM SKAL KØYRE PÅ UTSTILLINGSOMRÅDET MÅ VISE OMSYN TIL VÅRE GJESTER.
LASTEVOGNER Lastevogner må vente til kl 19.00 før dei kjem inn på plassen. Før dette er det så mange folk og småbilar at det ikkje er forsvarleg å køyre med store køyretøy inne på området.
For å få ei best mogleg koordinert utkøyring, vil arrangøren følgje denne planen. Det er viktig at publikum og bilar som allereie er inne på plassen slepp ut fyrst. A. PERSON-/VAREBILAR INN/UTKØYRINGSPORT NORDGARDEN OPNAR KL. 18.30. Standar må ikkje riggast ned før utstillinga stenger kl. 18.00. Utstillarar som blir registrert i å stenge i opningstid vil få merknadar for eventuell søknad neste år. Det vil ikkje vere mogleg å køyre inn på plassen mellom kl 10.00 og kl 18.30 på sundag.
Utstillarane oppmodast om å varsle sine lastebilsjåførar om at dei ikkje kjem inn på plassen før tidlegast kl 19.00. Dette for at dei kan lage kaos ved å koma inn tidlegare og/eller kan risikere å bli sendt på runde rundt i Seljord med omegn av politiet. DERSOM ALLE FØLGJER PLANEN, VIL VI FÅ GOD FLYT I TRAFIKKEN PÅ PLASSEN.
14
15
VÃ…RE SAMARBEIDSPARTNARAR: