Skip to main content

Utstillarar Dyrsku'n 09.-11. september 2016

Page 1

bli utstillar på dyrsku’n 9.-11. SEPTEMBER 2016

3 DAGARS FOLKEFEST 700 UTSTILLARAR 90 000 BESØKANDE 170 MÅL MARKNADSOMRÅDE www.dyrskun.no


NOREGS STØRSTE MARKNADSPLASS! Ei unik oppleving ventar deg på 150-årsjubileet til Dyrsku’n i Seljord 9. – 11. september 2016! Dyrsku’n har betydd mykje for tusenvis gjennom alle desse åra. Møteplass, handelsplass, fesjå, fagleg arena og kulturformidlar. Kva er hemmelegheita? Stein Ørnhøi sa i 1994 at «Kanskje det rett og slett skyldes at Dyrsku’n er ekte? Dyrsku’n er et under og dit drar alle». I dag er marknaden landets største landbruks- og handelsmesse, som samlar nær 90 000 besøkande og 700 utstillarar årleg dei tre dagane i september. Vi er svært fornøgde med at utstillarar kjem tilbake år etter år. Det tek vi som eit teikn på at deltaking på Dyrsku’n lønner seg, og at det er ein triveleg stad å vere.

5 GODE GRUNNAR TIL Å VERE UTSTILLAR PÅ DYRSKU’N:

• Møte og skape dialog med nye og eksisterande kundar • 85% fekk inngått dei avtalene dei ynskte under fjorårets marknad • 9 av 10 handlar på Dyrsku’n • Over 80% av utstillarane kjem tilbake år etter år • Over 90% av utstillarane er fornøgd med gjennomføringa av arrangementet

<< DYRSKU’N ER FOR OSS EN FANTASTISK SALGSARENA. Vi møter mange kjøpelystne mennesker samtidig som folkelivet gjør messa unik.

>>

Bjørn Jensen Grenland Bilservice

(tal basera på spørjeundersøking utført av CPM Scandinavia)

handel landbruk anlegg husdyr mat husflid kultur folkeliv


UTESTAND

INNESTAND

Underlaget er gras eller grus. Vegane mellom standfelta er i all hovudsak gode asfalt- og grusvegar. Djubda på ordinære utestandar varierar mellom 4-7 meter. Det er lengda på fronten som tel når ein reknar ut prisen. Prisen pr. frontmeter er kr. 840 + mva

Vi har innestandar i to hallar. Ridehallen har hovudsakleg utstillarar innan handverk, møblar, tekstil m.m. Djubda på standane er 2-4 meter med valfri breidde. Standane er delt av med messeveggar – høgde: 2,40 m. Det er ikkje anledning til å spikre eller sette opp faste installasjonar på desse veggane. Pris pr. m2 er kr. 720 + mva

Områda for landbruk og anleggsmaskin har eit minsteareal på 50 m2. Djubda på desse standane varierar mellom 7-12 meter. Prisen pr. m2 er kr. 84 + mva

I Hall A vil utstillarar innan handverk og husflid bli prioritera (Sjå eigne retningsliner på www.dyrskun.no). Hallen er inndelt i modular på 6-8 m2 og har 25 plassar til disposisjon. Ytterveggane på hallen har panel. Skiljeveggane er opne rammeverk som kan dekkast til med stoff e.l. Prisen pr. modul er kr. 5500 + mva

MATKVARTALET Matkvartalet har både inne- og utestandar. I Matkvartalet vil kun utstillarar som profilerar lokalmatprodukt bli vurdert (Sjå eigne retningsliner på www.dyrskun.no). Det store matteltet er inndelt i standar på om lag 8-9 m2 og prisen pr. modul er kr. 5000 + mva. Utestandar i Matkvartalet blir berekna etter lengda på fronten og pris pr. frontmeter er kr. 840 + mva. For sal av serveringsmat er det 16% provisjon av omsetnaden, dette må dokumenterast for arrangør.


Foto: Dyrsku’n Arrangement AS, Dag Jenssen og Åsmund Tynning

PÅMELDINGSAVGIFT Påmeldingsavgift pr. stand er kr. 800 + mva. Det blir sendt ut faktura på beløpet når påmelding er registrert. Påmeldingsavgifta er eit administrasjonsgebyr og blir ikkje refundert om de ikkje får tildela standplass.

SØKNADSSKJEMA OG FRIST Vårt elektroniske søknadsskjema finn du på www.dyrskun.no Søknadsfrist er 1. april Reglar for utstillarane på marknaden – sjå www.dyrskun.no Tildeling av standplassar startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, seinast innan utgangen av mai. Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig.

Me prioriterer mangfald, variasjon og kvalitet

Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand. For at alle skal kome med på utstillarlista, må hovudsøkaren legge inn dei andre utstillar-namna i sitt søknadsskjema.

Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Telefon: 35 06 57 70 Faks: 35 06 57 84 E-post: post@dyrskun.no

www.dyrskun.no www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Utstillarar Dyrsku'n 09.-11. september 2016 by Dyrsku'n Arrangement AS - Issuu