Dyrsku’n 09.-11. september 2016
Utstillarinformasjon
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Velkomen til Dyrsku’n i Seljord! Vi ynskjer alle utstillarar velkomen til Dyrsku’n 2016. Det som starta opp som eit fesjå i 1866, har blitt landets største handels- og landbruksmesse. Vi feirar i år 150 år som marknadsplass med handel og folkeliv og det vil m.a. bli markera med eit jubileumsprogram i Fjoset fredag kveld. Det har i år, som tidlegare, vore stor pågang for å få plass. Plassen er fylt opp med nær 750 utstillarar fordela på ymse bransjar og det er med tungt hjarte vi også i år må sei nei til mange som gjerne ville kome til Seljord med sine produkt. Samtidig er det viktig for oss å ta godt vare på nye og gamle utstillarar. Vi veit at du som utstillar har mykje arbeid og førebuing for å koma til Dyrsku’n. Vi som arrangør, vil legge best mogleg til rette og håpar du finn plassen i den stand du forventar. Sei ifrå dersom det er noko du manglar. Vi gjer så godt vi kan Vi ber dykk og om å lese gjennom denne utstillarinformasjonen slik at de kjenner godt til reglar m.v. for arrangementet. Vi ynskjer dykk lykke til med salet og håpar de får nokre trivelege dagar på Dyrskuplassen.
Med helsing Dyrsku’n Arrangement AS
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Telefonliste Dyrsku’n 2016 Beredskapsvakt/Vaktbua
91 74 90 88
Politi
112/02800
Brann
110
Ambulanse
113
Legevakt
35 05 00 05
Vaktsjef
91 74 90 88
Utstillarkontoret
35 06 57 80
Utstillaransvarleg
97 71 11 38
Oppmålingsansvarleg
97 19 44 08
Lasting/Lossing(truck)
93 23 69 79
Vaktmeister
91 11 82 91
Informasjonen
35 06 57 86
Presseansvarleg
91 30 33 03
Dagleg leiar
90 65 10 11
Prosjektleiar Margit Nordstoga Aasan
48 23 77 09
Opningstider Dyrsku’n 2016: FREDAG LAURDAG SUNDAG
09.00-22.00 09.00-20.00 09.00-18.00
Opningstidene for utstillarkontoret i veke 35 og 36: Veke 35 Laurdag 3.9 og sundag 4.9 Veke 36 Måndag - onsdag Torsdag Fredag Laurdag Sundag
Kl. Kl. Kl. Kl. Kl. Kl.
10.00 08.00 08.00 07.00 07.30 08.00
– – – – – –
15.00 20.00 22.00 22.00 20.00 19.00
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
REGLAR - DYRSKU’N 2016 Vi ynskjer at Dyrsku’n skal vere eit profesjonelt og føreseieleg arrangement kor utstillarane får vist fram sine tilbod på ein best mogleg måte i hyggelege omgjevnader. Plassen skal være trygg, ryddig og tilgjengeleg. For å oppnå dette har Dyrsku’n Arrangement AS følgjande reglar for utstillarane under DYRSKU’N 2016:
Generelt
Vi ynskjer ein god miks og oversikt over aktiviteten og det er av den grunn ikkje høve til framleige eller bytte av stand. Kontaktpersonen har ansvar for å informere sine kollegaer/medarbeidarar på standen om gjeldande reglar. Plassen er disponibel ei veke før arrangementsopning. Vi ynskjer å bruke alt areal og plassar som ikkje er teken i bruk innan fredag kl. 09.00, som såleis vil bli gitt til andre. Salsplassane skal halde opent i heile opningstida frå kl. 9-22 på fredag, kl. 9-20 på laurdag og kl. 9-18 på sundag. Tildelt standskilt skal hengast godt synleg opp på standen. ID-band skal vera festa rundt armen under heile arrangementet. Plakatar og annan reklame kan ikkje setjast opp eller distribuerast utanom eigen stand. Ambulerande sal/marknadsføring er ikkje tillate. Bruk av droner må søkast om i kvart einskild tilfelle.
Salsplassen
Telt/vogner/biler må få plass til innanfor måla på standen (også drag på vogn/bardunar/ betonglodd til telt). Telt e.l., må være forsvarleg festa med betonglodd e.l. Vi oppfordrar til å parkere bilar på parkeringsplassen for utstillarar. Salsplassen skal til ein kvar tid haldas rein og ryddig fram til midt i vegen. Ei veke etter utstillinga må alt gods vere fjerna frå utstillingsområdet. Om dette ikkje er skjedd, blir den einskilde utstillar belasta for utgifter med å rydde plassen. Utstillarar som har særskilte behov for straum, må sjølv ha dette i beredskap i tilfelle straumbrott. Salsplassane skal ha minimum 1 stk. 6 kg brannslokkingsapparat. Bruk av stemmeforsterkar/lydanlegg er kun tillate på låg styrke. Ta omsyn til dine naboar! Gjeldande reglar for bruk av verneutstyr i samband med opp/nedrigg skal følges. Det er ikkje tillate å prøvekjøre utstyr/maskinar under markanden. Dette gjeld og t.d. sagway og elektriske syklar. Gravmaskinskuffer mv. skal stå på bakken under arrangementet. Ved ev. oppstart av maskinar, skal dette gjerast under påsyn av utstillar. Nyklar skal fjernast frå maskina etter bruk.
Sal
Alle som sel næringsmiddel må vere registrera hos Mattilsynet.
Arrangøren har inngått avtale om sal av serveringsmat på plassen. Det er ikkje tillate å selje serveringsmat utan avtale. Sal av sukkerspinn, popcorn, baconcrisp o.l. er ikkje tillate utan avtale. Loddsal. Seljar må sjølv ordne med løyve frå politiet.
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Ulovlege varer: Sal av softgun, fjær/luftvåpen, kastestjerner, sverd, kinaputtar, springknivar o.l. er ikkje tillate. Ferdsel
Varetransport må skje om morgonen før kl. 10 eller på kvelden etter kl. 20 dei tre Dyrsku’n dagane. Dette gjeld for alle køyretøy, også ATV. Sundag kveld opnar portane for innkøyring til plassen kl. 18.30. Fartsgrensa for køyring inne på marknadsområdet er maks 20 km/t.
Ansvar
Utstillarane skal generelt følgje gjeldande norske lovar og spesielt lovar og reglar for sal, jf. m.a. brukthandlarlova og lov om meirverdiavgift. Utstillarane er ansvarlege for skader dei, folka deira, produkt, utstyr o.l. påfører bygningar, innreiingar, anlegg og personar. Utstillarane skal ha forsikring. Arrangøren dekker ikkje tap eller tilbakebetaling av utlegg (leige, avgifter o.l.) i samband med forhold som ligg utanfor vår kontroll; t.d. vêr, tredjemanns- og leverandørars handlingar, force majeure o.l. I alle høve kan det ikkje krevjast erstatning for indirekte tap. Arrangøren dekker ikkje tap i samband med tjuveri, skadeverk, sabotasje o.l.
Sanksjoner
Ved brot på reglane kan arrangøren vise bort utstillarar frå plassen og avvise framtidige søknader frå utstillarar. Utstillar som sel ulovlege varer vil bli bortvist frå marknadsplassen og utestengd frå neste års arrangement.
Kontakt under arrangementet: Alle spørsmål i samband med reglane rettast til: Utstillaransvarleg Leiar for vakt og kontroll
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Dyrsku’n 9.-11. september 2016 Informasjon om ting som er kjekt å veta før de kjem til Dyrsku’n: -Dyrsku’n 150 år Dyrsku’n har i år150-års jubileum. Dette vil vi feire på fleire måtar, og på fredagskvelden vil det m.a. bli jubileumsforestilling frå scena på Fjoset. For dykk som utstillar, vil det føre til litt ekstra opningstid denne kvelden(til kl 22.00) -Stenging av Dyrskuplassen Av sikkerhetsmessige årsakar vil vi stenge Dyrskuplassen for publikum frå og med måndag 5.9. Det er m.a. mykje lossing/lasting med store maskinar og vi ynskjer å ha fokus på sikkerhet i samband med førebuingane til arrangementet. Kun dei som har ein gyldig grunn til å vere inne på plassen i perioden måndag-torsdag, vil få adgang. Dette gjeld t.d. transportørar, rigg-personale, utstillarar o.l. -Deling av standplass Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein standplass. Dersom det er fleire som skal inn på utstillarlista som m.a. kjem på trykk i messeavisa og på nettsida vår, må de melde inn namn på den/dei utstillarane det gjeld. -Utstillarkantine Det er kantine for utstillarar i Storstogo(adm.bygget). Her kan de få kjøpt varme og kalde rettar. Her blir og mogleghet for «take away». - Montering av telt Da plassen er eit nettverk av kablar, minner vi om at teltspyda ikkje skal overstige 25 cm. Vi ber derfor alle som monterar telt på sin stand om å sikre desse ekstra godt med betonglodd e.l slik at vi slepp øydelagde kablar, telt o.a. ulykker. Det er utstillar sitt ansvar å sikre sine telt og evt andre lause gjenstandar – jfr reglane. - Overnatting/parkering Dei utstillarane som skal overnatte i campingvogn/bobil på standen må sørge for å ha røykvarslar og brannslukningsapparat montera i vogna/bilen. Etter pålegg frå brannsjefen skal kvar utstillar melde inn til utsillarkontoret kor mange som ligg på den enkelte stand i løpet av marknaden. Elles gjeld vanlege reglar for ro og orden. Det skal vere ro inne på Dyrskuplassen på nattetid. Det vil som tidlegare år vere ein utstillarcamping(www.grenlandsaksjonen.no) med dusj/wc/straum på eit av områda nærast inntil marknadsplassen. For info om andre overnattings muligheter, kontakt Møtestad Seljord på telefon 35 05 04 00. Det er ikkje lov å parkere bilar eller campingeiningar utanom eigen stand. Feilparkera bilar/vogner vil bli fjerna på eigars rekning og risiko. - Opprydding av stand Mange gjer mykje ut av standen sin medan dei er her, og det er vel og bra. Det blir m.a. nytta dukar med bark, flis o.a. Vi har mykje arbeid med å fjerne dette etter arrangementet, så vi må be dykk om å ta bort alt de nyttar av utstyr til å dekke til bakken, samt anna søppel, når de reiser. Om vi må ha arbeid med opprydding på dykkar stand, vil dette bli fakturera i etterkant av Dyrsku’n. - Straum Spenning på straum er 400/230V. All 3-fasa straum er på 400V. Utstillarane har sjølv ansvaret for å kontrollere at det utstyret som skal nyttast, kan bruke denne spenninga. Omkopling frå 380 til 400V kan gjerast på plassen av vår samarbeidspartner på elektro, men dette må avtalast på førehand. Straum inntil 1,5 kw er inkludera i standleiga. Om de treng meir straum, må de gje oss beskjed om dette på førehand. Ta med rikeleg med skøyteledning. - Kåring av «Beste stand»/»Årets matprodukt» Det er kåring av Beste stand og Beste matprodukt med premiering. Kandidatar må ha kvalitet på framsyning av varene, særs god kundehandsaming, kreativitet/originalitet og den bør vera ei oppleving for publikum. Kandidatar til beste matprodukt bør m.a. innehalde kreativitet, tradisjon, god smak og innovasjon. -Lasting/lossing Vi kan tilby laste/losse teneste frå måndag 5. september. Vi har ikkje truck eller anna tilgjengeleg løfteutstyr før denne datoen. Maks løft er 2,5 tonn. -Innsjekk Utstillarkontoret er ope frå og med laurdag 3.9. Laurdag og sundag held vi opent frå kl. 10.00-15.00, måndag-onsdag er det opent frå 08.00-20.00. Torsdag 8.9 har vi opent til kl. 22.00. Alle utstillarar møter her for å få tilvist plass, hente ID-band og informasjonsskriv. Utstillarkontoret ligg i administrasjonsbygget som ligg på høgre side før de køyrer inn på plassen. Om de treng ekstra kort eller band av noko slag, kan dette kjøpast på utstillarkontoret kvar dag i Dyrsku-veka. Vi anbefaler våre utstillarar om å koma i god tid for rigging av stand. -Husflids og handverkshallen(Hall A) og Matkvartalet Det er eigne kriteriar for dei som ynskjer plass i Hall A, samt for lokalmatprodusentar som sorterar under Matkvartalet. Du finn dei på www.dyrskun.no Opningstider Portane blir opna for publikum kl. 09.00 kvar morgon. Fredag held vi i år opent til kl 22.00 pga jubileumsprogram. Laurdag stenger vi kl 20.00 og sundag avsluttar kl. 18.00. Dette gjeld òg for hallane og Matteltet. Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Vel møtt til Dyrsku’n 2016!
Søppel Vi ber dykk om og overhalde våre reglar om sortering av papp og anna søppel. Papp skal flatpakkast og leggast framfor standen. Resterande søppel skal pakkast i svarte søppelsekkar og settas framfor standen. Om de ikkje har tilstrekkeleg med søppelsekkar, kan de få dette i informasjonen. Søppelbilen køyrer tømerunde: Fredag frå kl. 06.00 Laurdag frå kl. 06.00 og 21.00 Ved avreise sundag kveld, skal standen ryddast og søppel skal sorterast på same måte som over. Tomme askar og anna søppel skal ikkje oppbevarast inne på og bak standen under marknaden!! Det vil under Dyrsku-dagane og stå ein container for papp/papiravfall stasjonera ved Ridehallen(Hall D)(sjå kart).
Lasting/lossing Vi utfører alt av lasting og lossing før, under og etter Dyrsku’n 2016. Kontakt Håkon Haugan på 93 23 69 79 Minstepris kr. 400,Timepris kr. 800,-
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Ulovlege salsvarer under Dyrsku’n 2016 Det er ikkje tillat å selje følgjande varer under årets Dyrsku’n: softgun fjør/luftvåpen sverd kastestjerner kinaputtar springknivar sprayboksar som medfører forsøpling varer som medfører forureining eller helsefare narkotikasymbol/brukarutstyr varer som strider mot norsk lov Om desse reglane ikkje blir fylgd, vil ordensvaktene/politi be utstillaren forlate plassen. Det vil ikkje bli gitt nokon forvarsel på slike ordensbrot. Utstillaren vil da ikkje få plass ved neste års Dyrsku’n. Under marknaden er det og viktig at vi tek omsyn til sikkerhet. Det er svært mange menneske inne på plassen, og vi vil for ein kvar pris unngå ulykker. Det er derfor viktig at dei som har gravemaskinar, traktorar med kraner, skuffer o.a. utstyr, let dette stå på bakken. Testing av maskinar bør ikkje skje inne på plassen. Elles vil vi minne om våre opningstider som er: Fredag kl. 09.00 – 22.00 Laurdag kl. 09.00 – 20.00 Sundag kl. 09.00 – 18.00 Vi ynskjer at alle utstillarar held standen open heile opningstida. Det er svært negativt om nokon opnar seint og/eller stenger tidleg. Det vil bli foretatt kontrollar om det er nokon som ikkje held oppe heile opningstida. Dusjanlegg Dusjanlegga på plassen vil vera opne i tidsrommet 06.00 – 24.00
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Storstogo servering Utstillarkantine inne – idband som adgangsbevis
Storstogo servering - ute Fredag Laurdag Sundag
10.00 – 22.00 10.00 – 20.00 10.00 – 18.00
Matservering Matservering Matservering
Storstogo servering – utstillarkantine - inne Onsdag Torsdag
11.00 – 14.00 Lunsj 11.00 – 14.00 Lunsj 15.00 – 20.00 Middag Fredag 07.00 – 09.00 Frukost 10.00 – 23.00 Matservering Laurdag 07.00 – 09.00 Frukost 10.00 – 23.00 Matservering Sundag 07.00 – 09.00 Frukost 10.00 – 18.00 Matservering Måndag 11.00 – 14.00 Lunsj Redusert tilgang i utstillarkantina på fredag i tidsrommet 12.00 – 14.30
Fårikålteltet Fredag Laurdag Sundag
11.00 – 18.00 11.00 – 18.00 11.00 – 18.00
Pop up kjøkken Fredag Laurdag Sundag
11.00 – 21.00 11.00 – 19.00 11.00 – 17.00
Velkomen! Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
BRANNVERN REGLAR - FOR UTSTILLARAR DYRSKU’N 2016 Alle må ta ansvar for branntryggleiken på eigen stand og området rundt. Som arrangør har vi ansvar for branntryggleiken på plassen, vi har kompetente brannmannskap med brannbil og brannutstyr. Dyrsku’n er stor, det er mykje utstyr, mange standar og mykje folk, som kan gjera det problematisk ved utrykking inne på plassen. Det er viktig at alle utstillarane fylgjer reglane. Særleg viktig er det å halde seg innan tildelt område slik at evt utrykkingskjøretøy kjem fram BRANNMANNSKAP Brannvernleiar og brannfolka vil gå brannvernrundar på plassen under rigging av stand og under Dyrsku`n. Alle utstillarar må rette seg etter dei eventuelle pålegg som blir gjeve av desse. Har de spørsmål om bruk eller oppbevaring av brannfarleg utstyr/ materiell – spør brannfolka om faglege råd. RØYK/GASS VARSLARAR OG SLØKKJEUTSTYR Alle utstillarar må ha godkjent brannslokkar apparat på standen, på pulverapparat er kravet 6 kg ABE, men vurder om skumapparat vil vera betre for dine varer/ stand. Dersom overnatting i campingvogna på standen, tilrår me sterkt at det er montert røyk- og gassvarslar i vogna. Dette er først og fremst for eigen tryggleik, ein røykvarslar vil varsle deg tidleg nok til at du og naboane kan koma i sikkerheit. BRUK AV OPE ELD Det er ikkje tillate med ope eld på plassen utan godkjenning. Grilling kan bare skje ute og etter at utstillinga er stengt for kvelden. Det skal vera minst 1 meter avstand frå telt campingvogn. Forlat aldri ein glødande grill. Eingongsgrill er ikkje tillatt på plassen. PROPANLEKKASJE. Dersom du oppdagar propanlekkasje, skal hovudkrana straks stengast og reguleringsventilen koplast frå flaska. Stans all bruk av open eld. Lokaliser lekkasjen, er den frå flaska, bring straks flaska vekk frå campingvogner - telt. Varsle brannvesenet. VED BRANNTILLØP Alle tilløp til brann må meldast til vaktene. Det er normalt brannvakter på plassen. Vår beredskapstelefon er bemanna og i dirkektekontakt med brannfolk. Opplys namnet ditt, kvar du er – standnamn/ nr. og kva som har hendt. Prøv å slokke og hugs å varsle dei som er truga av brann. BRENNBART AVFALL / PAPP OG PAPIR Det er viktig at det ikkje blir lagra brennbart avfall, spesielt papp og papir, inne på eller rundt standen. Søppelbilen vil samle inn papp, papir og plast kvar kveld. Alt svært brannfarleg materiale må fjernast. VIKTIGE TELEFONNUMMER i prioritert rekkefølgje (dersom ikkje tilgang til sikringsradio) Brannvernleiar Kjetil Hagen 91 54 59 99 Vakt og beredskapsleiar 91 74 90 88 varslar brannfolk, lege/ambulanse, politi/ordensvakter Politi/Lensmannsvakta 02800 (35 06 56 38) Kommunal legevakt 35 05 00 05. Naudnummer: Politi 112 Brann 110 Ambulanse 113 Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
UTKØYRINGSPLAN SUNDAG 11. SEPTEMBER – DYRSKU’N 2016 Vi oppmodar utstillarane til å lese denne planen og studere kartet nøye, slik at alle er kjent med tider og kvar de skal køyre ut av utstillingsområdet sundag kveld. Dersom planen følgjast vil me få ei rask og effektiv utkøyring frå plassen. Køyremønsteret er det same som i fjor med tillegg av køyrerute inn på Jfeltet og ut att på heimveg,Nordbygdivegen. SE EGET KART HUGS AT UTSTILLINGA ER OPEN FRAM TIL KL 18.00 PÅ SUNDAG OG DET VIL VERA MANGE GJESTER PÅ PLASSEN FRAM TIL KL. 19.00. ALLE SOM SKAL KØYRE PÅ UTSTILLINGSOMRÅDET MÅ VISE OMSYN TIL VÅRE GJESTER. For å få ei best mogleg koordinert utkøyring, vil arrangøren følgje denne planen. Det er viktig at publikum og bilar som allereie er inne på plassen slepp ut fyrst. A
INN/UTKØYRINGSPORT NORDGARDEN OPNAR KL. 18.30 Standar må ikkje riggast ned før utstillinga stenger kl. 18.00. Utstillarar som blir registrert i å stenge i opningstid vil få merknadar for eventuell søknad neste år. Det vil ikkje vere mogleg å køyre inn på plassen mellom kl 10.00 og kl 18.30 på sundag.
B UTKØYRINGSPORT BJÅLAND,utstillingsområde J,fylgjer same regelverk som under. pkt.A C
INNKØYRINGSPORT HOVEDPORT OPNAR KL. 19.00. Det vil ikkje vere mogleg å køyre inn på plassen mellom kl 10.00 og kl 19.00 på sundag. PERSONBILAR/VAREVOGNER Personbilar/varevogner vil bli prioritert for innkøyring. LASTEVOGNER Lastevogner må vente til kl 19.00 før dei kjem inn på plassen. Før dette er det så mange folk og småbilar at det ikkje er forsvarleg å køyre med store køyretøy inne på området. Desse køyretøya skal så langt plassen tillet det,ta oppstilling i begge nedkjøringsfelt i Dyrskugata. Utstillarane oppmodast om å varsle sine lastebilsjåførar om at dei ikkje kjem inn på plassen før tidlegast kl 19.00. Dette for at dei kan lage kaos ved å koma inn tidlegare og/eller kan risikere å bli sendt på runde rundt i Seljord med omegn av politiet. DERSOM ALLE FØLGJER PLANEN, VIL ME FÅ GOD FLYT I TRAFIKKEN PÅ PLASSEN.
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
Våre samarbeidspartnarar
Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA
dyrskun
#dyrskun2016 #dyrsku150
www.dyrskun.no Dyrsku’n Arrangement AS – Nordbygdivegen 60, 3840 SELJORD - Tlf: 35 06 57 70 - Faks: 35 06 57 84 – nettside: www.dyrskun.no - Org. Nr: NO 976 466 365 MVA