Skip to main content

Dyrsku'n 2019 Husflidsutstillinga - tevling i handverk & design

Page 1

Husflidsutstillinga TEVLING I HANDVERK & DESIGN


Dyrsku’n er ein yrande smeltedigel av ei handelsmesse, og har eksistert heilt sidan 1866. Kvart år får vi besøk av nær 90.000 gjester og heile 750 utstillarar innan landbruk, dyrehald, lokalmat, handverk og mykje, mykje meir! Saman med Norges Husflidslag arrangerer vi landets største tevling i husflid, handverk og design, før arbeida vert synt fram i ei spennande utstilling under marknadsdagane på Dyrsku’n. I utstillinga kan du og sjå ei dagsaktuell særutstilling, spennande gjesteutstillarar, demonstrasjon av handverksteknikkar og flotte elev- og studentarbeid.

Lyst til å delta i tevlinga?

Kvifor delta?

Tevlinga er open både for profesjonelle handverkarar og for dei som har handverk som hobby. For elevar, studentar, lærlingar og kursdeltakarar er det oppretta eigne klasser, og desse gruppene er spesielt velkomne til å delta.

Marknadsføring og synleggjering for eit stort og interessert publikum ∙ Moglegheit for å knytte viktige kontaktar ∙ Verdifull erfaring med å stille ut og ha kontakt med publikum ∙ Moglegheit å bruke Dyrsku’n som salsarena ∙ Ekstern, objektiv og fagleg tilbakemelding ∙ Heve kvaliteten på arbeidet ved hjelp av tilbakemeldingar ∙ Premie og diplom for 1. plass med moglegheit til å vinne spesielle prisar ∙ Verdifull post på CV’n ∙ Sette fokus på husflid, handverk og design ∙ Oppretthalde og utvikle tradisjon


Utstillinga er open 13.-15. september 2019

Kategoriane du kan melde deg på i, er:

Tre . Rosemåling . Kniv Tekstil . Sylv . Smiing Kvar kategori er dela inn i ulike klasser med rom for dei fleste utøvarar. Stikkord for innleverte arbeid kan vere: Tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald.

«Jeg lanserte Ronja Revilla på Dyrsku’n 2018 i Hall A, og det var en flott opplevelse. Jeg ble veldig inspirert av å møte så mange kreative håndverkere. Det er også en god plass for å knytte kontakter, med god stemning og mye variasjon innenfor norsk husflid og håndverk.» Ronja Revilla Fagerheim, utstillar og vinnar av Stimuleringsprisen 2018

Ulike prisar

Forutan fyrste-, andre- eller tredjepremie, kan du òg vinne ein av dei spesielle prisane våre: Nyskapingsprisen består av eit diplom og ein gåvesjekk på kr. 5000,Stimuleringsprisen vert dela ut som stimulering for vidare arbeid, og består av eit diplom og ein gåvesjekk på kr. 5000,Diplom for godt handverk blir dela ut av Norges Husflidslag


Årets tema: Tre

HUSFLIDSUTSTILLINGA DYRSKU’N

Husflidsutstillinga på Dyrsku’n er ei spennande og dagsaktuell utstilling der du kan sjå det enorme spekteret som finst innan husflid, handverk og design i Noreg. I tillegg til arbeid frå tevlinga inneheld utstillinga: Særutstillinga 2019, med tittelen «Gull frå Grøne Skogar». Utstillar er Mari Fallet Mosand, som mellom anna driv den suksessfulle bedrifta «Krokvokst» i Bø i Telemark. Elev- og studentutstilling med flotte arbeid frå elevar ved Seljord ungdomsskule og frå studentar ved USN, campus Notodden og Rauland. Gjesteutstillarar er spesielt inviterte handverkarar som er med på å syne fram handverka sine på ein god måte. Demonstrasjon av handverksteknikkar, i år ved særutstillar Mari Fallet Mosand.

Pris- og premieutdeling

Sundag 15. september kl. 14.00 er det pris- og premieutdeling med møteplass for deltakarar og handverkarar i Hall B.

Sals-stand i Hall A

Dersom du er profesjonell handverkar, eller har planer om å drive profesjonelt, er det òg mogleg å søke om sals-stand i Hall A. Lyst til å delta i tevlinga? Du finn påmeldingsskjema, reglement og anna viktig informasjon for tevlinga på www.dyrskun.no. Vel møtt som deltakar, og velkomen til Dyrsku’n!

innleverings- og påmeldingsfrist: Fredag 23. august Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord Telefon: 35 06 57 70 E-post: post@dyrskun.no www.dyrskun.no www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord

Husflidstevlinga vert arrangert i samarbeid med Norges Husflidslag

Foto: Dyrsku’n, Mari Fallet Mosand, Eva Flatin Design: ETN Grafisk


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Dyrsku'n 2019 Husflidsutstillinga - tevling i handverk & design by Dyrsku'n Arrangement AS - Issuu