HUSFLID 8.-10. SEPTEMBER 2017
3 DAGARS FOLKEFEST 740 UTSTILLARAR 90 000 BESØKANDE 170 MÅL MARKNADSOMRÅDE www.dyrskun.no
INVITASJON TIL HUSFLIDSTEVLINGA Dyrsku’n har som siktemål å syne fram kvaliteten og mangfaldet husflids- og handverksfeltet har å by på, samt å stimulere til kunnskapsformidling og auka rekruttering. Dyrsku’n feira 150 år i 2016, og får kvart år besøk av nær 90.000 gjester og 740 utstillarar. Innan husflid og handverk har det vore tevla sidan 1963, då med hovudsakleg fokus på tradisjonelt handverk, gjerne knytt opp mot landbruket. Gjennom Husflidstevlinga Dyrsku’n 2017 skal vi ta vare på denne tradisjonen, like mykje som målet er å stimulere til nyskaping og rekruttering, samt å ha fokus på kvalitet. Vi har i år eit særskild fokus på kubbestol gjennom særutstillinga «Ein kubbe til å stole på», og vi oppmodar deltakarar til å la seg inspirere til nytenking. Vi ynskjer med dette å invitere til deltaking i Husflidstevlinga og -utstillinga Dyrsku’n 2017.
<< Dyrsku’n er en attraktiv og viktig arena som
synliggjør og viderefører viktig håndbåren kunnskap, og som stimulerer barn og unge til å delta.» «For min bedrift er Dyrsku’n en viktig arena for å bygge et godt renomme, og for å møte den rette kundegruppen. I så måte har hevingen av den håndverks- og kvalitetsmessige standarden i Hall A vært viktig. Bine Melby, fjorårets særutstillar, og mangeårig utstillar i Hall A
>>
Bine Melby. Foto: Mona Nordøy.
ÅRETS SÆRUTSTILLING
HUSFLIDSTEVLINGA 2017 KVEN KAN DELTA?
Både dei som har handverket sitt som hobby og dei som driv profesjonelt er velkomne til å delta. Elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon er særs velkomne til å bidra.
KVIFOR DELTA?
Du får produktet ditt vurdert av ein fagjury og du får konstruktive tilbakemeldingar. For å sikre fagtyngda i dette arbeidet har Dyrsku’n eit samarbeid med Norges Husflidslag. I tillegg vil det å delta vere med på å marknadsføre og synleggjere deg som handverkar og produsent.
ULIKE PRISAR
• Heidersprisen skal gå til ein eller fleire personar som over lengre tid har gjort ein innsats utover det vanlege innan husflidsfeltet. • Nyskapingsprisen vert dela ut under mottoet «Nye skot frå gamle røter». Prisen er ein gåvesjekk på kr. 5000,- samt eit diplom. • Stimuleringsprisen vert dela ut til ein handverkar som utmerker seg med særs godt arbeid. Prisen er ein gåvesjekk på kr. 5000,- samt eit diplom. • Diplom for godt handverk blir dela ut av Norges Husflidslag, og kan bli dela ut til opp til tre deltakarar. Alle prisane er eit heiders- og kvalitetsstempel, og blir gjeve til inspirasjon for vidare arbeid.
PREMIERING
Dei beste arbeida vert premiert og stilt ut i Husflidsutstillinga på Dyrsku’n. Berre dei som har oppnådd ein fyrsteplass blir premiert.
Til Husflidsutstillinga på Dyrsku’n inviterer vi kvart år enten ein særskild handverkar som har utmerka seg innan moderne eller tradisjonell husflid, eller ei gruppe handverkarar som set fokus på utvalde områder. Årets særutstilling «Ein kubbe til å stole på», syner eit utval kubbestolar som gjev eit historisk perspektiv, samt stolar frå vår samtid. Samtidig får vi sjå idear til korleis vi kan ta denne flotte tradisjonen med oss inn i framtida. Dyrsku’n ynskjer å stimulere og inspirere kunstnarar og handverkarar innan både dekor og kubbestol-making til å tenke nytt. På denne måten vil vi bidra til at handverket blir halde i hevd og til at kubbestolen framleis kan ha sin naturlege plass i norske heimar.
STUDENTUTSTILLING Dyrsku’n er glade for å ha eit godt samarbeid med Høgskolen i Sørøst-Norge, og studentarbeid frå HSN campus Notodden og Rauland blir synt fram på utstillinga.
HUSFLID OG HANDVERK PÅ DYRSKU’N • I Hall A finn du husflidshandverkarar som sel ulike produkt i ulike teknikkar. Alle har produkta sine som næringsveg. • Hall B inneheld innsendte produkt frå heile Noreg. Desse har deltatt i Husflidstevlinga, og er vurdert og dømt av faglege dommarpanel. Under Dyrsku’n utgjer desse Husflidsutstillinga saman med særutstillinga, samt utstilling av studentarbeider frå HSN campus Notodden og Rauland. • På Sterke Nils-tunet blir bl.a. gamle husflids- og handverkstradisjonar demonstrert. • Ung Husflid arrangerer aktivitetar innan handverk for barn i Loftet. • I Dalane Skule syner Telemark Husflidslag fram ei utstilling knytt til Dyrsku’n og tradisjonelt handverk. I tillegg kan barn og unge få lage produkter i ull. • Vest-Telemark Museum syner fram ei aktuell utstilling i Gonge-stogo.
tre
• Rekrutt • Handverk • Formgjeving Undergrupper: Treskjering, dreiing, møbel, andre teknikkar (lagging, sveiping, neverarbeid, o.l), eksperimentell form.
tekstil
• Rekrutt • Handverk • Formgjeving Undergrupper: Maskearbeid, toving, brodering, vev, saum, bunad, eksperimentell form.
rosemåling
• Rekrutt • Rosemåling • Lasering/dekormåling
smiing
• Rekrutt • Eggverktøy/verktøy • Kunstsmiing/ eksperimentell form
sylv
• Rekrutt • Handverk • Formgjeving Undergrupper: Filigransarbeid, gravering, smiing/korpus, smykke, eksperimentell form.
kniv
• Rekrutt • Brukskniv • Staskniv • Open klasse
KONKURRANSEREGLAR Alle arbeid må vere påmeldt av utøvar, med gode utfyllande opplysningar på skjema. I klassene for formgjeving og eksperimentell form må utøvarane ha vore med i prosessen frå idé til ferdig arbeid. Dette må dokumenterast gjennom skisser, utprøvingar m.m. Det skal fyllast ut eit påmeldingsskjema pr. innsendt gjenstand Arbeida må vere utført i perioden 2015 – 2017 Arbeida kan ikkje vere bedømt i annan konkurranse. Arbeidet kan ikkje vere påmeldt i fleire klasser. I klassa for eggverktøy skal det sendast inn eit blad til knekking Bilde av innsendte gjenstandar til tevlinga kan bli brukt i publikasjonar av Dyrsku’n Arrangement AS og Norges Husflidslag. Det tilkjem ei påmeldingsavgift på kr. 250 som blir fakturert deltakar etter påmelding. Arbeidet sendast til adressa under. Spørsmål? Kontakt ein av oss: Eva Flatin, telefon 906 07 875, e-post: husflid@dyrskun.no Marthe Haugerud, telefon 950 74 892, e-post: telemark@husflid.no Påmeldingsfristen er måndag 21. august 2017.
forsikring
Arbeid som vert sendt er forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS, det vil sei frå arbeidet er motteke av oss, til arbeidet er returnert. Postgangen er ikkje forsikra av Dyrsku’n Arrangement AS.
Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord Telefon: 35 06 57 70 E-post: post@dyrskun.no www.dyrskun.no www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord
Husflidstevlinga vert arrangert i samarbeid med Norges Husflidslag
handel landbruk anlegg husdyr mat husflid kultur folkeliv
Foto: DAAS, Øystein Køhn, Guro Mæland, Mona Nordøy
KATEGORIAR MED KLASSER OG UNDERGRUPPER