VĂ…RMARKNAD - MAI
nyt vĂĽren pĂĽ dyrskuplassen www.dyrskun.no
handel nytt & bruka bil og motor veteranvognutstilling mat gjenbruk folkeliv
telemarks største skattekammer Vårmarknaden på Dyrskuplassen i Seljord er staden å gå om du er på leit etter antikvitetar, motordelar til den gamle bilen din eller om du er på utkikk etter noko heilt spesielt. Her kan du finne alt du treng - og litt til. Plassen blir fylt opp av nær 250 utstillarar som sel nyttige og unyttige ting til ein rimeleg penge. Her kan du gå på skattejakt og gjere eit skikkeleg kupp om du er heldig.
gjenbruk
utstilling av veterankøyretøy
Det du sjølv ikkje lenger har bruk for, kan vere ein uoppdaga skatt for andre. Her er det publikum som er på jakt etter bil- og motordelar, klede eller bruksgjenstandar som ikkje finst i bruktbutikkar eller andre utsal. Sjansen er stor for at du finn det på nettopp Vårmarknaden.
Både fredag og laurdag er det utstilling av veterankøyretøy på Vårmarknaden. Dei siste åra har det vore meir enn 100 blankpussa køyretøy utstilt. For deg som har eit køyretøy som er meir enn 30 år, kan bil og sjåfør delta gratis på marknaden og utstillinga. Vi oppmodar om å stille i tidsriktige klede om du kjem med bilen/sykkelen din. Premiering i kvar klasse!
underhaldning for dei minste Synast ikkje minstemann det er like moro på skattejakt som deg? Vi har leikepark og mange andre aktivitetar for borna som besøker oss.
utstillar På Vårmarknaden kan alle få plass, ingen er for små og ingen er for store. Vi prioriterer dei som sel brukt, antikk, vintage og/eller retro produkt. Vi har salsplassar både ute og inne. Uteplassane har i all hovudsak gras eller grus som underlag. Djubda på standane varierer litt, og er mellom 5-7 meter. Inneplassane er i Husdyrhallen. Her er det støypt betonggolv og det er ikkje skiljeveggar mot naboen. Vegane på marknadsområdet er gode asfalt- og grusvegar.
Utestand: kr. 150,- pr. frontmeter Innestand: kr. 100,- pr. m2 (Prisane er inkl. mva) Born under 12 år får gratis stand for sal av leiker, bøkar, sportsutstyr m.m. på eige område DET ER IKKJE MOGLEG Å TINGE PLASS PÅ FØREHAND, DET ER FYRSTE MANN TIL MØLLA. Du betaler standleige ved oppmøte på Utstillarkontoret, og blir synt tilmålt standplass av tilvisarane våre. Vi opnar for innsjekking torsdag 18.5. kl. 12.00
svolten? Sjølv på skattejakt blir ein svolten, og vi kan freiste med fleire matutsal på plassen. Du finn både litt til kaffien og varme rettar, alt etter kva magen krev.
Foto: DAAS, Dag Jenssen, Guro Mæland & VTMK
CAMPING Dyrskuplassen er Noregs finaste og best utbygde festivalplass med alle fastilitetar. På Vårmarknaden har vi eigen marknadscamping frå torsdag til sundag. PRIS Torsdag – sundag kr. 450,- pr. pers. Fredag – sundag kr. 400,- pr. pers. Laurdag – sundag kr. 250,- pr. pers. Born under 11 år gratis. Prisane inkluderer straum og inngang til marknaden fredag og/eller laurdag. For andre overnattings- og aktivitetstilbod i Seljord, sjå www.seljordportalen.no
Opningstider Fredag 19. mai kl. 12.00 – 20.00 Laurdag 20. mai kl. 09.00 – 17.00 For utstillarar vil det vere opent på plassen frå torsdag 18. mai kl. 12, og fredag frå kl. 08.00
Inngang på marknaden Born under 11 år GRATIS // Vaksen f.o.m. 12 år kr. 100,Parkering GRATIS
Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60 3840 Seljord Telefon: 35 06 57 70 Faks: 35 06 57 84 E-post: post@dyrskun.no www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord www.dyrskun.no
VEST-TELEMARK MOTORHISTORISKE KLUBB www.vtmk.net