Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 1
Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 3
Z for sorry marit o kaldhol
Roman
Samlaget Oslo
Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 5
stjerner fødest stjerner døyr glødande stjernerestar sprengde ut spreidde i verdsrommet
Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 6
Eg opnar auga. Skarpe lysrøyr i taket. Lyset dundrar i hovudet mitt. Veggane svaiar. Eg har ei dyne over meg, klorlukt frå dynetrekket stikk i nasen. Dyne, pute, ei seng. Stemmer av bomull rundt meg. Senga trillar forbi stolar, forbi bilde på veggen, forbi dører. Senga svingar, det suser i hovudet, alt flyt, eg svimlar. Senga dunkar borti noko. Dunka forplantar seg i skallen. Som om nokon slår med ei diger slegge på innsida av pannebeinet. Forplantar seg i kroppen. Som om knivar skjer lange riss i armen. Senga stoppar. Ikkje fleire dunk. Ikkje fleire svingar. Eit ansikt over meg, ein mørkhuda person i kvite klede. Han strekkjer opp ei hand, vrir ein lampe unna meg. Personen blir borte, taklyset sloknar. Så er ansiktet over meg igjen. – Er det betre slik? Ein svak kvalme bølgjar i halsen. Eg svelgjer. Bak den kvitkledde er eit vindauge. Svart firkant, gule gardiner. Eg er trøytt, kjenner at hovudet blir liggande på sida. Hovudet er for tungt. Klarer ikkje løfte det, snu det tilbake. Eg vil ikkje vere her. Eg må kome meg ut, bort frå dette. Eg klarer ikkje halde fast i tankane. Ei skodde rullar inn over auga mine. Eg sig nedover i eit mørkt hòl. Innover i søvnen. Søvnen er ei grotte. Grotta dreg meg inn, grotta eig meg.
6
Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 7
Ropte eg? Lyden av eit rop vekkjer meg. Eller har eg drøymt? Om eit ansikt som kjem nærare og nærare. Heilt nær. Ein munn heilt nær, eg kjenner pusten frå han. Kjenner tunga som vil inn mellom leppene mine. Spyttet frå den andre munnen i munnvika mi. Eg ser meg rundt. Natt. Sjukehus. Eit smalt rom. Ei seng. Eg duppar av. Vaknar igjen med eit rykk. Kjenner pulsen i halsen, han er rask. Hjartet dunkar bak ribbeina. Sjukepleiaren er her, tar handa mi. Han har tørr hud. Han spør om eg vil snakke med ein psykolog. Kva skal eg snakke med ein psykolog om? Eg er ikkje galen heller. Det er denne føkkings verda det har rabla for. Denne natta som er ute av kontroll. Eg datt. Eg slo meg. Er det eit problem, eller? – Mor di er varsla. Ho kjem så snart ho kan. Pleiaren forsvinn ut av rommet. Orda hans heng att. Mamma kjem. Så no har ho tid, altså. Det var ei sjukeseng som skulle til. Eg ser henne for meg. Ho sit i bilen sin, køyrer utover fjorden. Blikket på asfalten, auga røper ikkje kva ho tenkjer. Om ho er sint, irritert, stressa eller kva anna ei mor kan vere. Eg høyrer kva ho kjem til å seie. «Du må ikkje ditt, Susan. Du kan ikkje datt, Susan. Ikkje slutte på skulen, Susan. Ta deg saman, Susan. Ikkje vere så ufornuftig, Susan.» Ikkje, ikkje, ikkje. Eg høyrer stemma hennar, korleis ho snakkar og snakkar utan å lytte. Kor mykje veit ho? Veit ho alt? Det var idiotisk av meg å sende den sms-en. Eg lærer ikkje.
7
Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 8
Sorry, mamma. Eg kjem ikkje til ĂĽ vere her nĂĽr du kjem.
8
Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 9
Eg snur meg forsiktig. Dei har gitt meg ei sprøyte mot smertene, men det verker likevel. Elingar oppover armen. Det får ikkje hjelpe. Før det lysnar, før morgonen må eg vere ute. Vere ein annan stad. Eg kan ikkje vere her når ho kjem. Så ser eg slangen. Blank væske dryp inn i handa mi frå posen som heng i stativet. Eg er fast. Men eg må kome laus. Er det dei dropane som gjer meg trøytt? Eller er det medisinen dei gav meg? Ein liten stjernehimmel svirrar rundt bak auga. Eit gapande univers som syg meg inn i seg. Berre sove litt no, så får eg krefter. Så skal eg finne ein måte.
9
Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 10
Kanskje alt begynte den dagen mamma køyrde meg til byen. Dagen før skulestart på vidaregåande. Ho hadde ikkje tid til å bli med opp på hybelen. Typisk mamma. Ho måtte nå eit møte ein eller annan stad. Eg sa at det var greitt. Typisk meg. Så stod eg att på fortauet, såg at ho blinka seg ut i trafikken. Bilen glei inn i straumen av andre bilar. Slik små pinnar flyt bort nedover ei elv. Og forsvinn. Eg hadde nøklar. To i ein metallring. Den raude til gatedøra, den blanke til hybelen. Baggen var tung, reima gnog seg inn i skuldra. Puta mjuk mellom armane mine. På trappeavsatsen i tredje etasje stoppa eg. Gule og svarte golvfliser, sjakkmønster. Smijernsrekkverk med mørkt tre på toppen. Gule veggar. To dører. På den største var eit lite namneskilt: R. Berg. Det var stilt innanfor. Mørkt. Den andre døra var mi, eg hadde fått eigen inngang. Eg stakk nøkkelen i låsen, vrei rundt, aller første gong. Opna døra, gjekk inn. Lyset frå det store vindauget slo imot meg. Her skulle eg bu.
10
Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 11
Ei seng, ein nattlampe, eit skrivebord. Gammaldags tredelt vindauge mot gata. Lydar frå trafikken utanfor. Byen låg der ute, eg skulle bu i byen. No budde eg her. Det var blitt verkeleg. Det kribla i magen. Ein kabel dingla frå nabohuset, daska mot kanten av vindauget. Han hadde rive seg laus i eine enden, men kom seg likevel ikkje nokon stad. Berre denne daskinga. Eg sleppte baggen på golvet. Senga var fint oppreidd, dynetrekket glatt. Skinande reine golv og lukt av grønsåpe i heile rommet. Eg stod litt, såg på alle tinga. Klemte puta mot ansiktet. Kasta henne bort i senga. Skapet var høgt og mørkt, det såg ut som eit gammalt arvestykke. Eg opna skapdørene, dei hadde speglar på innsida. Eg såg meg sjølv frå to vinklar. Sparka av meg skorne, løfta armane i posisjon. Eigen hybel, endeleg. Ny skule, nytt alt. Ingen foreldre. Ingen til å mase. Ingen sure venninner som kunne klusse det til. Ingen andre til å bestemme over meg. Fri. Her kunne eg gjere det eg sjølv ville. Og eg visste kva eg ville: danse. Ikkje noko anna, berre danse. Berre trene. Trene hardt, trene mykje. Dei skulle få sjå, eg skulle få det til. Skulle bli god. Tre år på danselinja. Tre år i byen. Og så: vidare til studiar. Høgskular i Noreg eller utlandet. Kanskje Sverige. Kanskje Russland. Kanskje USA. Ingen kunne stoppe meg no. Eg var i gang. Tusen triple piruettar. Mitt eige liv begynte her, berre mitt.
11
Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 12
Det banka på døra. Før eg rakk å svare, opna døra seg. Hybelvertinna, R. Berg. Før eg rakk å seie noko som helst, steig ho innanfor. Stod på golvet mitt i sokkelesten. Stripete sokkar, grasgrøne bukser, ruskete hår. Helste, forklarte meg ting, ville vise meg rundt. Ho opna døra til den smale innergangen. Eg følgde etter henne. Vi gjekk gjennom lukta av kanel i halvmørket inn til kjøkkenet. Ikkje altfor ryddig. Ikkje altfor rotete heller. Nokre skitne koppar, knivar og gaflar i oppvaskkummen. Alt her var R. Berg sitt. Komfyren, kjøleskapet med ei hylle til meg, vaskemaskinen i rommet ved sida av. I hjørnet av kjøkkenbenken, støtta mot veggen, stod ein ananas med solbriller på. Matt støv i den grøne hårluggen. Han stirte på meg. Som om eg var ein framand og han spurde: Kva har du her å gjere? R. Berg peika innover mot ei stove, dei andre romma. Sa at ho ofte var heime om dagen. Eg måtte berre kome og spørje viss eg lurte på noko. Ja vel. Trudde ho at eg ville opphalde meg i stova hennar? Ho var ferdig. Eg kunne gå tilbake til hybelen. Lukke døra bak meg. Ute begynte det å regne, dropane klaska mot vindaugsrutene og rann som rømlingar nedover glaset. Nede i gata kom ei dame i blå skjorte ut frå ein kiosk og drog eit avisstativ i ly under taket. Folk slo opp paraplyar og gjekk med raskare steg. Dette var byen. Ei heilt vanleg bygate. Mi gate. Eg sette meg i vindaugskarmen, trekte knea opp til meg. Herifrå såg eg alt.
12
Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 13
Skulen var diger. Eg gjekk over den asfalterte plassen. Passerte ein benk, ei søppelkasse, eit sykkelstativ. Tre bygg pluss brakkehuset. Dans og drama i det gule. Eg var tidleg ute, men det var mange andre òg. Eg kjente ingen. Ingen kjente meg. Folk gjekk forbi meg, snakka, lo. Eg såg rett fram. Lange korridorar. Grå veggar. Rette vinklar. Men eg fann fram. Dans til venstre, drama til høgre. Lappar festa med teip på dørene, raud tusjskrift som fortalde kven som skulle møte kor. Første vidaregåande, danselinja. Her. Eg sette igjen skorne utanfor døra, slik eg såg andre hadde gjort. Dansestudioet var stort og lyst, høgt under taket. Vi sat i ein ring på golvet. To lærarar, ni elevar. Presentasjonsrunde, vi skulle fortelje litt om oss sjølve. Interesser, kor vi er frå, slike ting. Alle sa namnet sitt. Lærarane nikka for kvart namn. Som om namnet fortalde alt. Kven vi var, kva vi ville, kven vi skulle bli. Heile livshistoria. Alt som enno ikkje hadde skjedd. I spegelen såg eg ryggane til dei andre. Sju ryggar, ni ansikt. Kven av dei kom eg til å bli best kjent med? Kven kom til å bli mine nye venner? Eg møtte ingen blikk. Berre mitt eige såg tilbake på meg frå spegelen. Min tur til å fortelje, eg var nest sist. Eg sa kor eg er ifrå, staden inst i fjorden. Ei med pinnkort hår braut inn og spurde: – Er det ballettskule der? Ho slikka på piercinga i underleppa. Såg rundt på dei andre. Så på meg. Ho hadde smale katteauge. Eg kjente at eg var tørr i munnen. – Eg sa jo det. 13
Z for sorry ferdig_a 29.01.17 12:21 Side 14
Eg gjorde meg ferdig. Neste og siste elev sin tur, ho var frå byen. Alle dei andre var det. Lærarane smilte, ønskte oss velkomne til skulen. Vi reiste oss, gjekk ut på gangen, på med skorne. Tid for omvising. Det var no alt skulle begynne. Alt = livet.
14