Skip to main content

Western Desert

Page 1

Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:45 Side 1


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:45 Side 3

Rønnaug Kleiva

Western Desert Noveller

Samlaget Oslo 2017


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:45 Side 4


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:45 Side 5

innhald Eg skal aldri gå frå deg 7 Western Desert 21 Ikkje nok for ein mann 43 Eg teiknar mor mi 61 Dei store linene 81 Livets framhald 101 Enno er det berre november 127


Western Desert ferdig_Ă˜rsmĂĽ gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:45 Side 6


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 61

eg teiknar mor mi Eg teiknar mor mi. Kolstift på mjukt papir. Raske strekar. Mor mi ligg i sjukehussenga. Ho døser, rører seg ikkje. Eg kunne godt tatt meg betre tid. Eg har tatt på meg ein raud kjole. Då eg var lita, pla mor mi kle meg i raudt. Kva driv du på med? seier ho plutseleg frå puta. Eg teiknar, seier eg. Så bra at du bruker evnene dine. Mor mi løftar handa mot vindauget: Er det fuglen der ute du teiknar? Kanskje det hadde vore ein idé, seier eg. Fri som fuglen, seier mor mi og lukkar auga. Sjukepleiaren kjem inn og sjekkar at alt er i orden. Eg las ein gong at sorg er vanskelegast å handtere når ein har eit uoppgjort forhold til den som døyr. Eg er glad for at eg alltid har hatt eit godt forhold til mor mi. 61


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 62

Foreldra mine var begge gamle, gamle nok til å vere besteforeldre, då eg kom, eg var eit ønskt barn. Kort tid etter at eg vart fødd, slutta mor mi i jobben og konsentrerte seg om meg. Eg hadde aldri trudd at det å få barn skulle gi slik glede, sa ho til meg ein gong. Og så har du berre meg. Som om ikkje det skulle vere nok, sa ho. Ingen ting å seie på morsinnsatsen, slett ingen ting å klage på. Som ei rasande løvemor har ho verna ungen sin. All sårheit og smerte som eg frå barnehage til høgskule og vidare inn i vaksenlivet har blitt utsett for, har ho prøvd å eliminere. Eg kom gråtande inn frå leikeplassen like ved. Ho dytta meg, sa eg om nabojenta. Dytta ho deg? ropte mor mi fortørna. Ho dytta meg i går også, sa eg. Mor mi pressa leppene saman til ein smal strek. Ho er vond, snerra ho mellom tennene. Ho er full av faenskap.

62


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 63

Då eg kom i tenåra, las ho seg opp på alt som interesserte meg, høyrde på same musikken, las same forfattarane, endå ho standhaftig og med overtyding i lang tid hadde hevda at skjønnlitteratur kjeda henne, det meste var sagt og skrive, som ho uttrykte det. Om kvelden sat ho oppe saman med meg for å følgje med på seriane på fjernsynet som eg likte. Det siste førte til at ho ikkje gjekk til sengs på same tid som pappa, som skulle på arbeid kvar morgon. For ikkje å forstyrre han installerte ho seg på eit anna rom. I studietida støtta ho meg på alle vis. Det var ikkje hennar ønske at eg skulle bli biletkunstnar, men ho skjøna at det var det eg ville, og gav meg pengetilskot når eg ymta frampå. Det er hardt å vere kunstnar, ikkje minst økonomisk, så foreldra mine har kausjonert for meg slik at eg har kunna kome meg inn på bustadmarknaden, noko til eigenkapital og avdrag har det også blitt. På det viset er det godt å vere einebarn, ingen å dele noko med, og fordi dei fekk barn seint i livet, ligg eg også an til å arve dei før eg blir utgammal.

63


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 64

Ein engasjert person er ho. Om alle eg kjenner, har ho kunnskap, veit kven dei er, kva dei driv med, interessene deira og synspunkta på ulike saker. Samtalar med spennande folk som eg fortel om, har ho heilt til det siste kunna referere utan vanskar, jamvel om ho lenge har klaga over at ho ikkje hugsar. Ho har sett seg inn i teori og praksis og blitt ein ihuga gallerigjest, til og med kuratorspråk har ho funne meiningsfylt. For å fremje det som er viktig og vesentleg, har ho også gått inn på sosiale medium og vore aktiv der. Ei reell og genuin interesse. Utan tvil har ho stått på for meg. Ho er då også av natur ein kraftfull person. Det finst eit bilete av henne frå småbarnsalderen, ho sit på potte på verandaen i huset der ho voks opp, intenst konsentrert om seg og sitt, alt då ser ho energisk ut, viljesterk og handlekraftig, på sett og vis ganske uforandra. Eg prøver å teikne ei skisse ut frå biletet slik eg hugsar det, men det blir ikkje vellykka, eg krøllar det i hop og kastar det i søppelbøtta under vasken. Mor mi rykker til, frå langt inne i kroppen kjem ein sukkelyd. Eg bøyer meg over henne og stryk henne over 64


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 65

kinnet. Ho virrar med hovudet, som om ho vil bli kvitt ei fluge som har sett seg. Eit godt ekteskap har dei hatt, mor og far. Smågnaging har det sjølvsagt vore. Og no og då sinte munnar og bråe steg over golvet. Men berre éin gong har eg høyrt dei heve stemma. Livet med deg har vore eit helvete! høyrde eg mamma rope. Høyrer du! Eit helvete! Og pappa som skreik: La meg vere i fred! Eg gjekk ut og lukka døra lydlaust bak meg. Pappa har vore ein stille og roleg mann, og også slik gjekk han bort, han berre sovna i stolen som så ofte før. Det var berre det at han sov så lenge. Mamma vart irritert, slik ho pla bli når han ikkje reagerte. Han søv berre for å irritere meg, sa ho. Han plagar ingen, sa eg. Hadde du ant kva påkjenning det har vore å vere gift med ein slik mann, ein som ikkje i det heile kommuniserer, sa mamma. Det er ingen som veit korleis eg har det. Han snakkar når du ikkje er der, sa eg. 65


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 66

Ja, der ser du. Og no har han kjøpt seg ny fuglebok igjen, sa mamma og gjekk ut. Då mamma kom tilbake, sov han framleis. Ho hadde kome i litt betre humør av lufteturen og kneip han hardt i kinnet. Hovudet datt framover, han hadde ikkje nådd å bli stiv. Mamma organiserte gravferda med kunnig hand, styring og stelling og organisering har alltid vore yndlingssyslane hennar. Mor mi rører seg brått, eg får lyst til å be henne ligge stille, det er eit motiv i ro eg teiknar, og eg liker ikkje å bli forstyrra når eg arbeider. Eg bøyer meg fram mot henne og rettar på puta. Har du det bra, mamma? spør eg. Eg har alltid likt å teikne, heilt frå eg var lita. Då eg var fem, vann eg ein teiknekonkurranse. På oppslagstavla heime heng framleis ein kopi av teikninga mi: jenter som bygger snøhytter, jenter i rørsle. Folk trudde mor mi hadde hjelpt meg med å teikne, sidan det var så avansert til å vere laga av eit barn.

66


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 67

Ho har vore eit føredøme for meg, sa eg i talen til henne på syttiårsdagen. Eg tok det opp att under opninga av ei utstilling eg hadde, eg veit ho set pris på å høyre det, endå ho utanfrå sett ikkje har utretta så mykje. Litt ut i seansen og etter ein del musserande greip mor mi ordet. Ho har alltid hatt denne intense uttrykkstrongen, sa ho om meg. Då ho var lita, på besøk hos bestemor, dekorerte ho ein heil vegg med teikningar, alle fargar. Pappa tok rundt henne for å roe henne, men ho føyste han vekk. Eg vil snakke, sa ho oppglødd. Vil du ha litt meir å drikke, prøvde pappa seg forsiktig. Heilt fantastiske små kunstverk, sa mamma, eg tok bilete, og no har eg tatt bilete av bileta igjen, det står seg bra framleis. Om nokon har lyst til å sjå, sa ho og byrja leite fram frå mobilen sin. Ute har det byrja snø, store, tette flak. Det har vore stabilt kaldt lenge, snøen har lagt seg på markene, men det har vore roleg, minusgrader og stjerneklart. Stabilt vintervêr, kaldt til her å vere, ikkje vind, men frost. Ikkje ille til å vere november. Men no snør det, og det er mildare. 67


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 68

Eg byrjar teikne snøen. Noko må ein bruke tida til når ein sit slik. Og kven veit kva som blir bra, og kva ein kan få bruk for? Mamma prøver å seie noko, men det blir mest kvesing. Eg bøyer meg nærare. Du har alltid vore det viktigaste i livet mitt, seier ho. Du har ingen ting å klandre deg sjølv for, seier eg og legg handa mi over hennar. Å jo, seier mamma. Eg burde ha fått deg tidlegare. Eg burde ha fått barn tidlegare. Det er vel ikkje di skuld. Å jo, seier mamma. Det er vel i seinaste laget no, seier eg og må smile. Om eg hadde gjort det annleis. Om det ikkje var nødvendig. Og no blir du åleine. Nett no skulle eg gjerne hatt nokon å dele med, då hadde eg i alle fall sloppe å sitte heile tida her ved sjukesenga åleine. Om eg hadde hatt søsken, ville det ha vore nokon å dele børene og arbeidsoppgåvene med og å snakke med. For ikkje å nemne stell av gravstad. Eg har alltid ønskt meg ein storebror. Ei søster kunne for så vidt også 68


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 69

ha vore greitt, ei venninne av meg har ei søster som ho er bestevenn med. Eg merkar at eg kjenner eit snev av irritasjon, men slår det frå meg. Korleis kan vel mamma lastast for at ho kom så seint i gang med barneproduksjonen at det ikkje vart mogleg med fleire barn? Mamma snur på hovudet. Tennene dukkar opp mellom dei tørre leppene, dei har halde, men berre så vidt, dei er misfarga og fulle av gråsvarte fyllingar, mamma har aldri vore for flittig med tannpuss og tanntråd, har dessutan alltid vore glad i søtt. Og brunost. Ho rullar brunosten til kuler og tygg medan ho snakkar, ganske intenst. Men det er over no. No ligg ho stille. Eg tenkjer at eg må sjå til å få bestilt meg ein time hos tannlegen. Eg stryk mamma over kinnet. Ho rykker til. Ho aldri har likt for mykje berøring, til og med grudd seg til å gå til frisør. Korleis har du det? spør eg. Ho opnar ikkje auga. Tarmen fungerer, mumlar ho, men allergien er der. Kan du ta vekk blomane? Og så er det bronkitten. Eg hostar, det er vel den tørre sjukehuslufta. Du har vore ei god mor, seier eg.

69


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 70

Eg tenkjer på at det snart er for seint for meg å få barn. Om eg skal ha barn, må eg i alle fall skunde meg. Det kan vere kjekt med litt slekt no når mamma blir borte. Og ein mann? Skulle gjerne hatt meg ei større leilegheit også, og betre atelier, ja, det kan eg kanskje snart få råd til. Eg har vore flink til å bruke prevensjon. For sikkerheits skuld har eg av og til tatt angrepilla. Berre éin gong har eg tatt abort, og då var det nødvendig. Sant å seie har eg ikkje vore av dei mest lidenskapelege, eg er ikkje av dei som tar av og gløymer alt. Det er ikkje det at eg ikkje har kjangs, eg innser at eg ikkje er slåande pen, men pen nok til at nokon kan få lyst på meg, spesielt om ein er alkoholpåverka, og det er jo folk ofte ute på byen. Ei venninne av meg fekk barn frå Stork i Danmark. Eit vakkert barn, blå auge og lyst, krølla hår. Sidan barnet ikkje hadde far, stilte bestemora mykje opp etter at ho kom heim frå føden. Og slekta elles, sjølvsagt, det er stas med barn. Eit anna barnebarn spurde bestemora: Er det du som er pappaen til babyen, bestemor? Danmark er eit bra land. Eg kan reise til Danmark. Kostnadsfritt vil det ikkje vere, men pengane eg kjem til å arve, vil truleg dekke både unnfanging og større leileg70


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 71

heit. Noko å undersøke, kanskje? Til våren? Det er ikkje så lenge til våren. Ein vårmorgon var eg med far min ut i skogen for å sjå tiurleik. Han hadde vilja ha meg med lenge, fuglar og fuglesong og slikt var hans store glede, ofte i helgene, og også i vekene før han fór på arbeid, drog han ut i skogen, og av og til overnatta han der også, tok med seg termos og matpakke og liggeunderlag og sovepose. Til jul hadde han gitt meg ei bok om fuglar og ein cd med fuglekvitter som følgde med. Om du er glad i fuglane, blir du aldri einsam, sa han, som om han sa noko viktig. Eg syntest det var ubehageleg. Det var vår, og bjørkene skulle snart sprette. Han var så annleis enn han pla vere, han glødde og gledde seg der mellom furene og småskogen og myrane. Dei kan bli utrydda, sa eg, fuglefjellet på Runde har langt færre sortar enn før, og i Albania er det tilnærma fugledødt i dei store våtområda. Det er eit problem over heile Europa. Sei det ikkje, sa han og sukka tungt, sei det ikkje. 71


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 72

Heime venta mamma med frukost. Ho hadde sett på cden min med fuglekvitter og skrudde opp volumet då vi kom tilbake. Kanskje eg skulle få meg venger, sa ho til pappa, så ville du sette meir pris på meg? Er det ikkje nok no? sa pappa. Eg har sett fram fuglefrø, sa mamma og peika på matbordet, ho bøygde seg fram og beit han i nakken. Kanskje eg skulle få meg nebb? Ein sjukepleiar kjem innom. Du burde ta deg tid til å kvile, seier ho, ein veit ikkje kor lang tid det tar. Eg har berre éi mor, seier eg. Det tener ingen og ingenting at du blir utsliten. Tenk om ho døyr når eg ikkje er her. Du må ta vare på deg sjølv, seier sjukepleiaren. Og vi er her og passar på. Ho har alltid vore fylt av kjærleik til meg, seier eg. Eg har vore heile livet hennar. Eg verdset verkeleg denne kjærleiken. Så bra, seier sjukepleiaren.

72


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 73

Eg drar likevel heim for å sove nokre timar, set klokka på ringing og slepper meg ned mellom lakena. Huset ligg i skogbrynet rett ovanfor sjukehuset, fin utsikt. Når eg får høve til det, skal eg sette meg med eit glas vin ved vindauget og nyte naturen. Kanskje er det framleis mogleg å finne cd-en med fuglekvitter? Då eg vaknar, kjenner eg meg betre og byrjar tenkje på kva eg kan gjere for å oppmuntre mamma. Kanskje kan noko frå gamle dagar gjere nytten? Noko som gir gjenklang i hjerne og hjarte? Eg bestemmer seg for å finne eitt eller anna til dette føremålet og går opp på loftet. Loftet er fullt. Rot til å vase rundt i. Gamle bøker, gamle klede, gamle møblar. Altfor mykje. Eg opnar ein kasse og finn ein pjuskete minkpels. Når det skal ryddast etter mamma, skal eg syte for å få den brent og ute av verda. Ein alar ikkje opp levande vesen berre for eiga fåfengd. Og tenk å drepe dei. Endå godt det ikkje er ein persianar. Er ikkje pelsen der frå nyleg fødde lam eller ufødde lammefoster? I ein kasse full av papir er utklipp og notat fint tatt vare på. Ei side frå ei avis viser eit innlegg med mamma 73


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 74

sitt namn under. Ofrar vi barnet i kvinnekampen? skriv ho. Er ikkje barnet det viktigaste? Eg finn også ei skrivebok med namnet mitt utanpå. Der har mamma notert matinntak og avføring i dei første leveåra mine, alt sett opp systematisk og pent, stadfesta og tidfesta. I tillegg er det ei lang liste med slikt som eg har sagt i oppveksten. Kloke småsetningar som: Kan eg få sjå korleis de parar dykk, mamma? Kan ikkje hugse å ha høyrt lydar frå soverommet deira nokon gong. Ein samtale eg overhøyrde i ungdomstida: Mamma og pappa hadde vore på fest og kom heim i halvfylla. Mamma gret. Eg skulle ha pult meir, sa mamma. Du har jo meg, sa pappa. Eg vil at nokon skal vilje ha meg, snufsa mamma. Eg er her, sa pappa. Det er for seint, sa mamma og smelte døra etter seg i det ho gjekk inn på rommet sitt. Eg tenkjer at når eg skal døy ein gong i framtida, så skal det ikkje ligge igjen så mykje papir og rusk og rask etter meg. 74


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 75

Men det er lenge til, og eg har ikkje gløymt kvifor eg er her, no må eg finne noko som kan gi mamma glede i dødsstunda. I ein kasse finn eg barneklede, mine eigne, truleg. Interessant. Små, fine kjolar. Eg bestemmer meg for ein liten barnekjole, raud, lett i stoffet, blondeaktig. Ja, dette er tingen, det eg har leita etter. Mamma kjem heilt sikkert til å bli glad. Eg kjem på eit prosjekt eg kan tenkje meg å drive på med, eg har verkeleg lyst til å gå inn i det. Kanskje dette stoffet, altså det reelle, dette florlette kjolestoffet, dette taktile, kan kombinerast med dans, eg kjenner ein koreograf som også er opptatt av bilete. Kanskje kan vi også bruke ord? Eg elskar å samarbeide. Kanskje kan det lagast noko om ei mors draumar, sett opp mot røyndommen, altså livet, altså døden? Dans er veldig uttrykksfullt, sanseleg, meir enn mykje annan kunst, og så i konstant rørsle. Og det kan sikkert kombinerast med biletkunsten min. Kanskje med røynslene mine her frå dødsleiet også? Eg ringer til sjukehuset. Alt er stabilt, seier dei. Ta den tida du treng. Eg nøler, eg seier at eg har bestemt meg for å ta natta heime, slik tilhøva er, trur eg det er klokast, 75


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 76

men at mobilen vil stå på, og at dei må ringe meg om det skulle bli forandringar. Det er ein ok pub i nærleiken. Eg tar med meg Macen, bestiller eit glas vin og set meg til å jobbe med prosjektet eg har byrja tenkje på. Det fascinerer meg, eg blir heilt borte i konseptet. Ein mann kjem bort til meg og spør om han får spandere eit glas vin. Han verkar hyggeleg, eg seier han kan slå seg ned. Eg kjenner eg har behov for å slappe av, og protesterer ikkje når han kjem med ei heil flaske. Eg tar han med heim. Han bruker lang tid på å kome, vi har begge fått i oss i meste laget av drikke, slikt gjer at ein blir mindre følsam. Då eg vaknar, er han borte. Eg tar ein dusj og går så til sjukehuset i føremiddagsmørket. På vegen ligg ein død fugl. Må ha krasja med høgspentlina rett over. På sjukehuset legg eg kjolen i nevane på mamma. Du har alltid kledd raudt, seier ho. Eg tenkte det ville glede deg. 76


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 77

Det er noko eg vil fortelje, seier mamma. Eg ser på snøen som fell. Ein lett snø, slik det ofte plar vere før det frys på. Det er lettare å køyre når det er opphald enn når det er snødriv, meir føreseieleg. Gravferdsbyrået ligg like i nærleiken og ordnar truleg det meste. Likevel er det alltid noko ein må ordne sjølv, det skal ikkje stå på vakre blomar i kyrkja, noko raudt må det vere der. Og kvitt saman med det raude, om det framleis snør, vil det stå til vêret. I minnestunda vil eg servere noko smått som kan etast i éin bit, enkelt og estetisk. Er det noko du treng? seier eg og glattar på sengetøyet. Eg tenkjer at ho kanskje ikkje høyrer så godt i den tilstanden ho er i no, og spør om att om det er noko ho treng. Eg prøver å snakke høgt og tydeleg. Eg kjenner eg er tørr i munnen. Det ville kanskje vere godt med litt vatn? seier eg. Eg går ut på vaktrommet og seier at mamma vil ha vatn, gjerne med sitron i. Mamma søv då eg kjem inn igjen med glaset. Eg blir sittande og sjå ut vindauget på snøen som dalar.

77


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 78

Ei uggen lukt breier seg i rommet. Eg snur meg mot senga der mor mi ligg, eg drar i snora over senga for å tilkalle personalet. Eg trur det må skiftast, seier eg då pleiaren kjem. Det er ofte slik på slutten, seier pleiaren. Det tar nok ikkje lang tid no. Ute i gangen drikk eg kaffien som blir bydd meg. Eg går inn på rommet igjen. Vindauget er sett på gløtt. Frisk luft. Er det ikkje for kaldt for henne? spør eg. Eg trur ikkje det er så farleg, seier pleiaren. I treet utanfor vindauget sit ein liten fugl med vengene inntil skrotten. Ser ut til å fryse. Eit helikopter er i ferd med å lande på taket av sjukehuset. Eg drikk vatn frå vassglaset til mor mi, det er eit reint glas, ho har ikkje drukke av det. Det er flekkar på den raude kjolen min, eg må levere han inn til reinsing. Mor mi ligg grå mot det kvite lakenet. Ho har munnen lukka, ansiktet fell tungt mot halsen og kraniet, som om musklane har slutta å halde det oppe. Ho opnar munnen. Pusten blir borte. Så pustar ho igjen, tunge drag frå langt 78


Western Desert ferdig_Ørsmå gleder-ferdig.qxd 25.01.17 14:46 Side 79

inne i kroppen. Ho sluttar å puste. Nokre rallelydar stig opp frå bolen. Eg teiknar ei rask skisse av mor mi og tar bilete av den, legg så ut meldinga om at ho er død på Facebook saman med skissa.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Western Desert by Det Norske Samlaget - Issuu