Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 1
Atterkomaren FrĂĽ dansk ved Ă˜ystein Rosse
Med vignettar av Anders Walter Samlaget Oslo 2015
Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 3
1 Ein flygande sporhund Eg låg på ryggen i sanden og såg opp på ein disig, blå himmel. Det var morgon, og papegøyane i trea kraksa og bråka verre enn ein heil skulegard rett før det ringde inn. Eg visste at eg burde reise meg – at eg iallfall måtte reise meg ganske snart – men akkurat no var det herleg å berre liggje. Å kvile armar og bein, som var mørbanka av å klatre, hoppe, trave, krype og slite, å tenkje på absolutt ingenting anna enn sanden og sola og den blå himmelen. Då fekk eg auge på han. Ein kjempefugl, med venger så breie at han såg ut som ei flygande dør. Han krinsa sakte i oppvinden, litt lågare for kvar runde, og det enorme vengespennet fekk papegøyane til å sjå ut som små, spraglete sporveungar. Var det ei ørn? Eg visste ikkje kva slags fuglar eg kunne vente å sjå her på øya til Kahla. Nei, det var visst ikkje ei ørn. Halsen var for lang, var han ikkje? Eg myste mot sola for å sjå betre. Den enorme fuglen dalte endå nokre meter, og no var han så nær at eg blei litt uroleg. Han var så stor … og sjølv om rovfuglar sjeldan angreip menneske, så … Den eine ramnungen gav frå seg eit forskrekka skvårk. Om det var Arkus’ villven Erya eller den andre, den vesle ramnehannen, kunne eg ikkje høyre, men han mumla roande til begge. Eg var i ferd med å setje meg opp då fuglen stupte. Han landa rett framfor meg og sprang nokre klossete steg mot 3
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 4
meg. Han var merkeleg rynkete og lyseraud kring auga, og bortsett frå det kraftige, gule nebbet likna han litt på ein sur, gammal mann. Auga skein vondskapsfullt og mørkeraudt, og han hadde størkna blod i fjørene på det meste av hovudet og særleg kring nebbet. «Forsvinn!» ropte eg automatisk og heldt handa opp for å beskytte ansiktet, men i same sekund kjende eg ei skarp smerte i underarmen. Den søtlege, halvrotne lukta til fuglen slo imot meg, og eg blei treft av ein kraftig veng då han baska nokre gonger, letta så fort han kunne, og flaug vekk ut over havet. «Au!» Det var eit hòl rett nedanfor olbogen. Eit djupt hòl som ein kunne stikke ein finger inn i viss ein ville. Det ville eg ikkje. Først sat eg berre dumt og glodde på såret, men så begynte det å dunke, og blodet fossa fram og rann nedover armen. «Å nei,» jamra Ingentingen forskrekka. «Kva var det som skjedde?» Kahla hadde reist seg. «Det var ein gribb,» sa ho. «Ein gåsegribb, trur eg.» Æsj. Det var ille nok å bli hakka i av noko eg trudde var ei ørn, men ein gribb … ein åtseletar som brukte nebbet til å rote i halvrotne innvolar … æææssssjj. «Han … beit meg,» sa eg. Oscar såg på blodet – unødvendig roleg, syntest eg. «Det er frykteleg djupt,» sa han. «Ein kan sjå sener og slikt …» Det hadde begynt å gjere skikkeleg vondt. 4
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 5
«Kahla,» bad eg. «Kan du ikkje …» Det begynte faktisk å svimle litt for meg. Ein gribb. Noko så ekkelt! Kahla greip meg kring handleden og begynte å syngje. Eg syntest nesten eg kunne sjå blodstraumen saktne farten og tørke inn. Såret lukka seg litt – men ikkje heilt. Det var vel for mykje forlangt, sjølv av ei dyktig villheks som Kahla. «Vask det,» sa ho og peikte på bølgjene som slo lett og flatt opp over stranda. «I sjøvatn? Det kjem til å svi som berre …» «Saltvatn hemmar betennelse,» avbraut ho meg. «Berre gjer som eg seier!» Eg vassa nokre meter ut og stakk nølande armen ned i vatnet. Det sveid som søren, og eg måtte konsentrere meg veldig om alle dei fæle gribbebakteriane saltvatnet skylde vekk. «Eg trudde ikkje gribbar angreip levande menneske,» sa Oscar. «Kanskje han trudde du var død? Du låg veldig stille …» «Eg sette meg jo opp! Då kan han vel ikkje ha trudd at eg var eit åtsel.» «Gåsegribbar liker ikkje å fly over vatn,» sa Kahla. «Men han flaug rett ut over havet då han stakk. Dessutan … held dei stort sett til i fjellet. Det er noko som ikkje stemmer …» «Trur du det var eit trældyr?» Eller … trælfugl heitte det vel. Eit vesen som var blitt fråteke sin eigen frie vilje. Akkurat som slangane som mor til Kahla hadde undertvinga seg – iallfall til dei gjorde opprør og drap henne. 5
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 6
«Kanskje.» Men kven ville gjere det? No som Lamia var død, kom eg berre på ei anna villheks som kunne finne på noko slikt. «Blodsungen?» «Korleis skulle eg vite det?» sa Kahla surt. «Eg veit ikkje kva alle vonde villhekser i verda driv med. Berre fordi mor mi var … berre fordi mor mi …» Ho gjekk i stå. Eg såg det rykte i skuldrene hennar, og visste at ho hadde problem med å halde gråten tilbake. «Det var ikkje slik meint,» sa eg stille. «Du er berre … så mykje flinkare enn oss andre. Eller iallfall enn meg. Du veit meir.» Ho fekk orden på skuldrene. Sende meg til og med eit trist lite smil. «Gjer det framleis vondt?» spurde ho. Det gjorde det, men saltvatnet sveid ikkje så veldig lenger, og eg følte meg i det minste reinare no. «Det er ikkje så ille,» sa eg. «Men det er nok best eg finn noko å forbinde det med.» Kahla gav meg taust eit av silketørklea som høyrde til «prinsessedrakta» som mora hadde meint ho burde gå med. «Gribbar har svært god luktesans,» sa ho ettertenksamt. «Dei kan skilje mellom friske kadaver og rotne lik, og dei kan spore dei på fleire kilometers avstand.» «Ja, det visste eg òg!» sa Oscar plutseleg og lyste opp av begeistring. «Nokre stader bruker ein dei til å spore lekkasjar i dei lange, transkontinentale gassleidningane.» Det var moro å høyre eit vaksenord som transkonti6
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 7
nental kome ut av munnen til Oscar, men iblant visste han dei merkelegaste ting. «Korleis veit du det?» spurde eg. «Og korleis gjer ein det?» «Ein tilset ein gasstype som luktar åtsel. Og så ventar ein og ser kvar gribbane krinsar. Eg såg eit program om dyr med merkelege jobbar. Visste du at dei bruker ilderar til å dra leidningar gjennom lange røyr under fotballbanar og slikt?» «Nei,» sa eg fråverande. «Men kvifor er det så viktig? Ikkje det med ilderane, altså, men det med at gribbar er gode til å lukte?» Eg syntest det var litt overraskande. Ein tenkte ikkje akkurat på fuglar når det gjaldt luktesans. Dei hadde jo liksom nebb og ikkje nase. Kahla stirte ut over havet. Gribben var sjølvsagt borte for lengst, men det var nok den ho såg etter likevel. «Viss ein treng ein sporhund,» sa ho, «ein som kan leite gjennom eit kjempestort område på null tid …» «Det er derfor dei bruker dei til det med dei transkontinentale leidningane,» sa Oscar, framleis i fullstendig nerdemodus. «Ein gribbesporhund?» sa eg og kjende eit grøss som iallfall ikkje hadde noko med vêret å gjere. Det var minst 30 grader. «Å nei,» sa Ingentingen. «Det er nokon som leiter etter oss.» Ho kasta eit blikk på armen min, som allereie hadde laga ein blodflekk på silkebandasjen. «Og det er ikkje ein som liker oss!» Arkus hadde ikkje sagt eit ord – han var ofte så taus at 7
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 8
vi nesten gløymde at han var der. Men no retta han seg opp. «Vi må få ramnane tilbake til Ramnekjelen,» sa han. «Dei er ikkje trygge her.» Eg tok meg forsiktig til armen og tenkte at det var det nok ingen av oss andre som var heller.
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 9
2 Blodgass «Eg skulle no gjerne hatt ein liten badeferie,» mumla eg for meg sjølv mens vi samla saman tinga våre og gjorde oss klare til å dra. Ei veke her på stranda utan å gjere anna enn å liggje i skuggen av palmane, ete solmodne mangofrukter og drikke kokosmjølk og hoppe i det turkisblå vatnet når eg ville. Kvifor hadde Kahla aldri bede meg heim til seg? Eg ante ikkje at ho budde i noko som var som teke rett ut av ein tropeferiekatalog. Far hennar hadde sikkert vore imot det. Eg tenkte på alle dei åra han hadde klart å skjule for Kahla korleis – og kvar – mor hennar eigentleg var. Alle dei åra han hadde halde Lamia fanga og uskadeleggjord nede i labyrinten, mens Kahla trudde at ho hadde «forsvunne». Han hadde sikkert ikkje hatt lyst til å ha ein framand og nysgjerrig villhekslærling rennande rundt der. Tru om tante Isa og resten av heksekrinsen hennar visste det? Var det derfor tante Isa hadde sagt ja til å undervise Kahla? Så ho kunne lære å bli villheks på den rette måten: å ta seg av den ville verda utan å utnytte ho. Aldri ta utan å gi. Det var ei villhekslov som Lamia heilt sikkert aldri hadde forstått. Eg kikka bort på Kahla. Ho hadde allereie lagt prinsessedrakta under fleire fargerike, ulne lag og hadde pakka endå fleire reiseklede i ein ryggsekk. No stod ho slik litt for seg sjølv og såg opp mot det tomme huset, og ho såg til dei grader ut som ein som trong ein klem – sjølv om ho 9
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 10
ikkje akkurat var typen som omfamna folk og gav kyss på kinnet slik i tide og utide. Oscar kom meg i forkjøpet. Altså ikkje slik å forstå at han kasta seg over henne og tok henne i dei sterke armane sine som i ei vekebladnovelle. Han gav berre skuldra hennar ein liten klem. «Er alt bra med deg?» spurde han lågt. Ho nikka kort og stramt, to små nikk og ikkje meir. På Kahla-språk betydde det: «Nei, det er det ikkje, men eg vil gjerne late som det er det.» Det trur eg faktisk Oscar skjønte, for han gav henne berre ein oppmuntrande klapp på skuldra og tok ryggsekken hennar for henne. Ho sende han endå eit av dei små, triste smila sine. Oscar var min besteven, men det ville liksom berre vere for småleg å bli sjalu no. Nett no hadde ikkje Kahla andre i heile verda enn oss. Mor hennar var død, og far hennar kunne nesten like gjerne vere det. Viss ikkje vi fekk Erya og den vesle hannramnen tilbake til Ramnekjelen, var døden uunngåeleg for både meister Millaconda og tante Isa og resten av heksekrinsen hennar – Shanaia, fru Pommerans og herr Malkin. Berre ved hjelp av ramnungane kunne ramnemødrene fri dei frå det stivna sekundet dei var fanga i, før livskrafta deira ebba heilt ut. Og vi var jo ikkje kjærastar heller, Oscar og eg. Kanskje var det heilt greitt at bestevenen min og den einaste villheksveninna mi heilt opplagt var i ferd med å falle for kvarandre? Kattunge nytta høvet til å hoppe opp på meg, huke seg fast med klørne og klatre opp på skuldra mi. Han rista seg på kattevis så sanden skvatt til alle kantar. Eg 10
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 11
blunka fort for ikkje å få han i auga og kjende korleis skarpe, små sandkorn dryste ned innanfor genseren. Han gneid hovudet mot kinnet mitt og mol som ei symaskin. Mi. Mi, mi, mi. «Ja då,» mumla eg. «Eg har skjønt det.» Eg klødde han litt bak øyret med tommelen, akkurat der han likte det aller best. «Er vi klare?» spurde eg. «Kahla, kan du …?» For det var framleis Kahla som var best til det med villvegane. Ho nikka. «Kanskje vi skulle ta kvarandre i hendene,» peip Ingentingen. «I tilfelle det kjem ein ny ramnestorm …?» Ingentingen hadde ingen hender, men det var det ingen som var taktlause nok til å seie. «Det er nok lurt,» svarte eg. Eg overtalte ein motstrevande Kattunge til å smette innanfor genseren – meir sand på irriterande stader – og Ingentingen tok det som etter kvart hadde blitt den vanlege plassen hennar, i ryggsekken min. Oscar, Kahla, Arkus og eg tok kvarandre i hendene. Kahla lukka auga og nynna nokre innleiande villsongtonar. «OK,» sa ho. «Denne vegen …» Tåkene begynte å samle seg nesten med det same. Den eine augneblinken gjekk vi bortover sandstranda, og den neste … … var noko forferdeleg feil. Tåkene lukka seg tett ikring oss. Sjølv om eg visste at Kahla gjekk nesten rett framfor meg, såg eg henne ikkje. Eg kjende handa til Oscar og såg omrisset av den kjende skapnaden hans, og fingrane til Arkus klemde nervøst 11
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 12
kring mine. Men bortsett frå det var eg så godt som blind. Og tåkene … «Det er varmt …» sa Oscar. «Bruker det vere det?» Det hadde det vore før ramnestormen hadde kome hylande gjennom villvegane for å drepe alle dei vaksne ramnane i Ramnekjelen òg. «Kahla,» ropte eg. «Eg trur vi må ut herfrå …» Det høyrdest nokre underlege, fjerne smell, og så gjekk det opp for meg at alt rundt meg ikkje lenger var grått. Tåkene hadde begynt å gløde med eit mørkeraudt skjær, som gammalt blod. Eg høyrde Kahla hoste, og like etter kjende eg det òg: ein veldig svie i auge og lunger, ein følelse av å bli skålda av etsande dampar. Eg hosta sjølv krampaktig, og det snørte seg i magen. Kva var det som skjedde? «Gass,» gispa Oscar. «Kahla … vekk!» Han stramma grepet kring handa mi, og eg gjorde det same med Arkus. Vi kjende eit veldig rykk, og så tumla vi ut av tåkene. Eg slo skjenebeinet i noko, snubla og måtte sleppe handa til Oscar. Kattunge kveste og sette klørne i meg så eg etterpå oppdaga åtte klomerke, små, men djupe. Eg kunne framleis ikkje sjå, tårene blenda meg og rann nedover kinna, eg hosta og harka, og då eg prøvde å gni tårene vekk med den ledige handa, blei det endå verre, som om dei varme, blodraude gassdampane framleis klistra seg til huda mi. Tungt, tett regn trengde gjennom håret og genseren på ein augneblink, men eg var glad for det. Det skylde den sviande hinna av huda, kjende eg, og eg vende ansiktet opp og prøvde å halde auga opne så regnet også kunne lindre den forferdelege etsinga som fekk tårene til å fosse fram. 12
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 13
Eg stod slik i fleire minutt før synet sakte vende tilbake. Det var mørkt rundt oss – ikkje slik stummande langtute-på-landet mørkt, meir slik bymørkt med gatelys. Den dunkande følelsen i skjenebeinet kunne eg takke ein benk for – ein heilt vanleg, grøn parkbenk av jern og plast. Ein kort augneblink fekk eg ein rar, draumeaktig følelse av å vere tilbake der eg kom frå. Men sjølv om det i første omgang likna litt, var ikkje dette Stjerneparken heime. Blomar og tre var heilt annleis. Fuksiabuskane bak benken var meterhøge og urskogaktige, og frå dei sirlege beda sende nokre store, trompetforma kvite blomar ut ei sterk, søtleg duft som nett no, saman med gassen, var meir kvalmande enn behageleg. I det store treet på den andre sida av stigen og ei stripe bleikt gras sat fire ørsmå apar og stirte på oss med enorme auge. Nei, vi var så avgjort ikkje heime. Og ikkje stort nærmare Ramnekjelen heller, kom eg til. Men kvar var vi då? Og kva hadde skjedd med villvegane? «Atsssjooo. Å nei. Atsssssjjjooooo. Harrrk. Kva var det for noko … forferdeleg?» jamra Ingentingen. Vengene hennar gjekk opp og ned i små, korte vindaugsviskarrykk, ikkje fordi ho prøvde å lette, men fordi ho heile tida måtte bremse trongen til å røre ved auga med dei. «Brei vengene ut så regnet får reinsa dei betre,» foreslo eg. Ho gjorde som eg sa, men dei sitra framleis krampaktig, og sjølv i skjæret frå parklyset kunne eg sjå at auga hennar var heilt raude og opphovna. Tru om mine var like hardt angripne? 13
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 14
«Det var ein eller annan slags gass,» sa Oscar. Han såg heller ikkje så godt ut. Tårer og regn rann nedover det freknete ansiktet. «Nærmast ein slik … blodgass.» Kattunge kjempa seg kvesande fri frå genseren min. Han virra nokre gonger med hovudet og likte nok heller ikkje regnet noko særleg, men verka elles like heil. «Ramnane,» utbraut eg. «Er dei skadde, Arkus?» «Nei,» sa han håst. «Eg trur skjorta mi beskytta dei. Iallfall litt.» Det såg i det heile ut til at dyra hadde sloppe lettare frå det enn menneska. «Kahla,» sa eg. «Kvar er vi?» «Eg veit ikkje,» sa ho. «Eg … eg prøvde berre å kome ut.» Det var det jo ikkje noko å seie på, og eg var glad for at ho hadde klart det. Men det gjekk kaldt nedover ryggen på meg når eg tenkte på kor gale det kunne ha gått. Det viktigaste og vanskelegaste med villvegane var å halde greie på kvar ein var på veg. Ikkje fare vill. Anten slapp ein kanskje aldri ut att – det var slik foreldra til Shanaia døydde – eller så risikerte ein å kome ut på heilt feil stad: for eksempel 20 meter under havflata. Det kunne godt vere at vi no var midt i eit tropisk regnvêr i ein eller annan by vi ikkje ante kvar var, gjennomvåte, gjennomgassa og svært langt frå målet, men vi hadde vore heldige. Vi var framleis i live.
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 15
3 Nærmaste villheks «Tjueseks og ein halv,» sa Oscar nedslått og såg på den samla tilgjengelege formuen vår. «Dessutan bruker dei sikkert heilt andre slags pengar her òg.» «Det der hadde vi knapt nok fått ein pizza for,» sukka eg. Vi hadde teke med mat til ramnungane, men ikkje til oss sjølve. Vi hadde rekna med å vere framme innan ein time. Eg skulle ønskje eg ikkje hadde sagt ordet «pizza». No som kvalmen hadde lagt seg, var eg skrubbsvolten, og eg likte ikkje å vere så svolten. Det minte meg altfor mykje om den gongen eg hadde opplevd atterkomarsvolten til Blodsungen på min eigen kropp. Eg hugsa enno korleis det var å ha overveldande lyst til å ete eit kull nyfødde grevlingungar. «Eg gjer det ikkje igjen, altså,» sa Kahla. «Ikkje ein gong til.» Dei vonde auga mine heldt med henne. Ikkje ein gong til. «Kvar kjem den gassen frå?» spurde Ingentingen. «Er det …» «Blodsungen,» sa eg utan fnugg av tvil. «Det er henne. Eg trur ho prøver å hindre oss i å kome oss til Ramnekjelen.» «Korleis kan du vite det?» spurde Oscar. «Det … luktar henne. Og kven andre ville gjere noko slikt? Eller kunne gjere det, for den del.» 15
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 16
«Meiner du at gassen er magisk? At det er ei villheks som har laga han?» Han såg skeptisk ut. «Du trur ikkje på det?» «Nja … det er berre det at … gass er jo liksom noko … noko kjemisk. C10H5CIN2 og så vidare.» «Kva er det?» spurde eg. «Den kjemiske formelen for tåregass.» Det er det eg seier. Iblant veit Oscar dei merkelegaste ting, særleg viss det har noko med våpen å gjere. «Det er henne,» sa eg sta. «Eg veit det.» «Eg seier ikkje at det ikkje er henne. Berre at … eg ikkje skjøner korleis ho gjer det. Ho er vel ikkje akkurat typen som står på lur med ein haug gassgranatar?» Eg var trøytt og svolten og hadde vondt i auga og i armen der gribben hadde teke kjøtbiten sin. Det sveid slik under bandasjen at eg hadde rive han av. Det hjelpte, og regnet kjendest kjølig og lindrande. Eigentleg hadde eg mest lyst til å ta av meg alle kleda og ta ein lang regnvêrsdusj. Den kriblande, kløande gassfølelsen ville ikkje forsvinne, og det gjorde meg ganske irritabel. «Eg veit ikkje korleis ho gjer det,» sa eg surt. «Og akkurat no gir eg blaffen i det òg. Er det nokon som har noko forslag til korleis vi skal kome oss vidare?» Eg såg meg om i krinsen. Vi såg ut som ein flokk drukna myser – særleg Valiant, så klart, som jo meir eller mindre var ei mus, eller iallfall ein sjusovar. Han sat på skuldra til Oscar og pussa i veg på nase og vêrhår med begge frampotane på ein gong. Det var rare greier. Om eg skulle ha tippa på kva for dyr Oscar ville få som villven, 16
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 17
så hadde eg nok ikkje akkurat peikt på Valiant. Ein hund, kanskje, eller iallfall noko større og modigare. Men likevel … Tante Isa hadde ein gong sagt at vi helst ikkje skal ha villvener som liknar for mykje på oss sjølve, men i staden dyr vi kan lære noko av, og som kan lære noko av oss. Og Oscar var modig nok frå før, så kanskje var det noko anna han trong å lære – å ta farar på alvor, for eksempel? «Vi treng hjelp,» sa Kahla. «Ja,» svarte eg. «Men korleis får vi det?» «Vi må finne nærmaste villheks,» sa ho. «Og håpe at ho er nokolunde venlegsinna.» «Greitt nok,» sa eg. «Men korleis gjer vi det?» Tolmodet mitt føltest omtrent like tynnslite som den sviande huda. Kahla beit seg i leppa. Så breidde eit lite regnvått smil seg i ansiktet hennar. Ho peikte på apane i treet overfor oss. «Vi spør lokalbefolkninga,» sa ho.
«Er du sikker på at det er her?» sa eg. Apen berre stirte på meg med dei overdimensjonerte auga. Kahla hadde sagt at det var ein spøkelsesape, og det var i grunnen eit veldig godt namn. Han var ikkje stort større enn ein gjennomsnittleg hamster, men hadde lange, underleg knokkelaktige klatrehender og klatreføter, eit kulerundt hovud med ein ørliten nase og eit par flaggermusaktige øyre, og så var resten av ansiktet berre auge – nokre kjempestore, gylne gluggar med pupillar som svarte knappenålshovud. Sjølv om det var Kahla som hadde stått for dei inn17
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 18
leiande forhandlingane, var det mitt hår og min hals den vesle apen klamra seg til. Eg trur ikkje han hadde så lyst til å kome altfor nær Kahlas slangevillven Saga. Det kjendest nesten som å ha ein fugl på skuldra, så knøttliten var han. Han svarte ikkje beintfram «ja» på spørsmålet mitt. Eg følte berre eit visst utolmod frå han. Men eg syntest ikkje det såg ut som noko villhekshus. Eg veit ikkje korleis eg hadde førestilt meg at ei typisk villheks på desse kantane budde – kanskje noko med ei hytte med palmebladtak og veranda? Bygningen framfor oss var inga hytte. Det var ei stor, kvit betongkasse med metallemmar for vindauga, omgitt av eit sirleg symmetrisk hageanlegg der ingenting fekk bli meir enn cirka 40 centimeter høgt før det blei trimma, klipt og skore halvt i hel. Alt saman var omgitt av eit svartlakkert stakitt, og ved porten var det eit samtaleanlegg og eit overvakingskamera som ikkje gjorde det minste forsøk på å vere diskré. Oscar trykte på ringjeknappen, og vi høyrde ei summing. Elles skjedde det ingenting. Han prøvde igjen. «Kanskje det er midt på natta her,» sa eg. Men denne gongen høyrde vi ei skurring i høgtalaren og eit nølande: «Ja?» Spøkelsesapen hoppa frå skuldra mi og over på porten og gav seg til å pludre oppglødd. Eller det vil seie … eg trur iallfall det, for det såg slik ut. Men det kom ingen lyd. Likevel reagerte stemma i den andre enden. «Bima? Er det deg?» Meir lydlaus pludring frå den vesle apen. Så høyrdest eit klikk, og porten gjekk sakte opp. 18
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 19
«Kom inn,» sa stemma. «Og fortel meg kven det er Bima har med seg heim denne gongen …»
«Det må eg seie. Bima har aldri før drege med seg menneske hit,» sa dr. Yuli og såg på oss over kanten på dei blanke lesebrillene. «Det plar vere nødlidande apar. Men set dykk. De ser jo også litt … medtekne ut.» Dr. Yuli var ørlita og gammal. Kanskje det var derfor ho minte meg om fru Pommerans? Elles var dei ikkje like. Håret til dr. Yuli hadde ein gong vore svart, og det var framleis overraskande mange mørke striper att i det elles kritkvite håret, så det nesten var litt sebrapels over det. Huda var tynn og rynkete og kanelfarga og augebryna kolsvarte. Ho hadde på seg ein kvit laboratoriefrakk, men han var ikkje knept, og under titta ei noko meir fargerik gul og smaragdgrøn drakt fram. Det med det grøne var sjølvsagt også Pommeransaktig, men eg trur no først og fremst det var venlegheita som strålte ut av dei gamle auga. Ho hadde sjølv opna døra for oss og sagt at ho heitte dr. Yuli. Viss ho var svært overraska over å sjå ein flokk unge villhekser og eit vesen som Ingentingen, så viste ho det ikkje. Ho smilte berre, så dei tindrande, mørke auga nesten forsvann i rynkene. Bima hadde kasta seg i armane hennar med eit av dei merkelege, lydlause skrika sine. No låg han og slanga seg i den eine armkroken hennar og lét seg stryke på magen, med alle teikn på fryd – dei små, tynne armane var strekte opp over hovudet, og beina rykte som beina på ein hund når ein klør han på den heilt rette staden. 19
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 20
Inne var det store huset ei herleg blanding av heim og laboratorium, og litt meir villheksaktig enn det såg ut som utanfrå. Store fargeplansjar med bilete av dyr, fuglar og insekt dekte dei fleste veggene, men der var også allslags teknisk utstyr – mikroskop, så klart, men også meir mystiske apparat. Det såg ut som om ho kunne sentrifugere, fordampe, destillere, riste, filtrere, fermentere og analysere nesten kva som helst. Men møblane passa ikkje akkurat så godt på eit laboratorium – plysjsofaer med fargerike silkeputer, blanke, runde mahognibord, spraglete ullteppe og ei mengd lakkerte korgstolar med ryggar som var måla som påfuglhalar. «Set dykk,» sa dr. Yuli og peikte på nokre av påfuglstolane. «Vil de ha noko kaldt å drikke? Eg har fruktsaft og limonade. Eller te, viss de heller vil ha noko varmt?» Halsen min var framleis ru og sår etter blodgassen, og tanken på sitrussviande limonade eller glovarm te fekk han til å kjennast endå sårare. «Kanskje berre litt kaldt vatn?» bad eg. «Det var eit beskjedent ønske,» sa dr. Yuli med endå eit fort smil. «Det står ein vassbehaldar bak koflerbenken.» Ho peikte på eit av laboratorieborda, der det stod eit apparat som ved første augekast minte litt om eit mikroskop, men som tydelegvis ikkje var det. Det var iallfall kopla forskjellige andre kasser og målarar til det. Eg reiste meg stølt og henta vatn i plastkrus, til både dei andre og meg sjølv. Det viste seg at alle var tørste, dyra òg. Sjølv ramnungane dukka fram frå gøymestaden hos Arkus, dyppa det umodne nebbet i vatnet og la hovudet tilbake, omtrent som drikkande høner. 20
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 21
«Unnskyld at eg stirer så uhøfleg,» sa dr. Yuli etter å ha studert Ingentingen ei stund, «men eg har aldri sett eit vesen som den unge dama der. Kan eg få spørje kva du heiter, og kvar du kjem frå?» Ingentingen blei sjølvsagt straks heilt forfjamsa. «Å,» sa ho. «Eg … eh … eg er eigentleg berre ein feil. Eg heiter Ingentingen.» Dr. Yuli heva begge augebryna. «Det er då ikkje noko namn for ein levande skapnad,» sa ho. «Det er upassande og farleg, for viss ein ikkje passar på, blir ein det ein seier ein er. Eller kanskje til og med – det andre seier ein er. Og det er endå verre.» «Åå,» sa Ingentingen igjen. «Unnskyld! Det er berre det at … eg har ikkje noko anna namn.» «Det bestemmer du sjølv,» sa dr. Yuli strengt. «Men eg vil rå deg til å finne eit betre namn snart!» «Eg … eg skal prøve.» Stakkars Ingentingen. Det var lett å sjå at ho tenkte at no var det endå ein ting som var feil med henne. «Vi skal hjelpe deg,» mumla eg og klappa henne lett på den eine handfoten. Dr. Yuli rista på hovudet. «Det er ikkje opp til dykk,» sa ho. «Eg er redd for at Ingentingen vil fortsetje å vere ingenting til ho sjølv finn ut at ho er noko.» Ingentingen såg ut som om ho var på gråten, og eg fatta ikkje at den elles så hyggjelege dr. Yuli kunne seie noko så fælt. Eg hadde ein ekkel mistanke om at ho hadde rett, men … det høyrdest berre så hardt ut. 21
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 22
«Eg treng visst ikkje spørje om de er villhekser,» fortsette dr. Yuli tørt. «Men kva gjer de her? Og kva har skjedd med dykk?» «Det var ikkje meininga,» sa eg. «Vi skulle … ein annan stad. Til Ramnekjelen, faktisk.» «Ramnekjelen,» gjentok dr. Yuli. «Ja, då er de på avvegar!» «Vi hadde ikkje kome så langt,» forklarte Oscar, «før … blodgassen plutseleg kom. Glovarm og raud. Vi kunne ikkje fortsetje.» «Eg måtte berre få oss ut,» sa Kahla og såg ut som om ho syntest det var eit pinleg nederlag. «Eg trur rett og slett det var … den nærmaste utgangen.» Dr. Yuli nikka sakte. «I parken?» spurde ho. «Ja.» «Det er alltid lettare å kome seg inn og ut av villvegane på dei stadene som ofte blir brukte. Og eg plar gå til parken når eg vil bruke dei. Ein kan vel seie at eg opp gjennom åra har trakka ein stig. Men det var flaks. De kunne ha hamna kvar som helst.» «Eg veit det,» sa Kahla og hang med hovudet. «Det var ingen kritikk, venen min. Du kunne ikkje ha gjort det betre – og det kunne ha gått mykje verre viss du ikkje hadde vore ei så flink villheks.» Eg trur faktisk Kahla raudna. Iblant var det litt vanskeleg å sjå fordi huda hennar var så mørk som ho var, men det skjedde iallfall noko. «Takk,» mumla ho. 22
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 23
«Det er utruleg viktig at vi kjem oss til Ramnekjelen,» sa eg. «Desse ungane … dei er dei aller siste ramnane til ramnemødrene.» Dr. Yuli såg sjokkert ut. «Dei siste?» sa ho. «Ja, men korleis …» «Dei vaksne ramnane blei drepne i ein forferdeleg storm. Har du høyrt om Bravita Blodsunge?» «Det har vel alle,» svarte dr. Yuli. «Eller iallfall alle villhekser.» «Ja, men … dei fleste trur vel at ho er død. Men ho har … vendt tilbake til livet.» «Ein atterkomar?» Dr. Yuli bleikna, og Bima gav frå seg eit lydlaust lite klynk og gøymde ansiktet i ermet hennar. «Ja. Akkurat no – trur vi iallfall – har ho ingen kropp ho kan bruke, og det hemmar henne litt. Men ho er likevel skremmeleg sterk. Og eg er heilt sikker på at både ramnestormen og blodgassen er hennar verk.» Eg var glad for å kunne snakke om Blodsungen. Det var vanlegvis ikkje det eg likte best, men akkurat no betydde det at eg slapp å fortelje kva som hadde skjedd med egga og alle dei andre små ramnungane som ville ha kome til verda viss ikkje Kahla hadde knust dei. Rett nok fordi ho blei tvinga til det av mor si, men alt det der var litt innvikla å forklare, og Kahla ville vel nærmast visne på flekken av rein og skjær skuldkjensle. «Men … kva vil ho?» spurde dr. Yuli. «Denne atterkomaren? Kvifor drepe ramnane?» «Fordi ho vil ha verdsherredømme,» sa Oscar med sikker sans for melodramatisk skurkelogikk. 23
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 24
«Eh … ja,» sa eg og prøvde å hugse dei litt for verkelege Blodsunge-mareritta mine. «Eller … ho vil ha hemn over dei villheksene som sperra henne inne i fleire hundre år, og over dei menneska som i mellomtida har fordrive alt det ville og øydelagt det ho ser på som heilagt.» Dr. Yuli sukka. «Eg er berre 92,» sa ho. «Ikkje eit hundreår eingong. Men når eg tenkjer på alt det vi har mista berre i mi levetid …» Ho strauk Bima over hovudet. «Han er ein av dei siste av sin art,» sa ho sørgmodig. «Det er nok mindre enn hundre att. Eg prøver å hjelpe dei, prøver å redde dei … men eg er redd for at det er for seint. Ei rekkje spøkelsesapeartar har alt bukka under og finst ikkje meir. Eg seier ikkje at eg held med Blodsungen. Men eit stykke på veg kan eg … forstå henne. Viss eg hadde vore borte i – kva blir det, cirka 400 år? – og kom tilbake og såg kor mykje som var borte …» Eg såg på vesle Bima. Det var forferdeleg å tenkje på at slike små, fine vesen var i ferd med å forsvinne frå jordas overflate. Men når eg tenkte på atterkomaren sin svolt etter liv, når eg tenkte på korleis ho berre tok og tok … «Blodsungen er ikkje svaret,» sa eg stille. «Ho gjer berre vondt verre. Viss det blir ho som vinn, så … blir verda ein blodig stad å vere. Og nett no er ho i ferd med å utslette ein art.» Eg peikte på Erya og den vesle hannramnen som framleis leikte med vatnet i plastkruset – ikkje fordi dei var tørste, trur eg, berre fordi dei syntest det var moro. «Ja,» sa dr. Yuli. «Det må vi hindre. Utan Ramnekjelen 24
Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 25
er villheksene her i verda ikkje anna enn nokre naturfantastar spreidde rundt omkring, utan samlingspunkt, utan felles rett og reglar og utan ramnane sin visdom og deira overblikk over den store verda. Blodsungen kan sigre over oss ein etter ein – viss det er det ho vil.» «Det er det,» sa eg. «For henne er alt svart eller kvitt. Anten er ein på hennar side, eller så …» Eg skutta meg. Dr. Yuli nikka. «Ja vel,» sa ho. «Då må eg jo gjere det eg kan for å hjelpe dykk. Kan eg få ein liten bit av blusa di?»