Skip to main content

Vidareutdanning i lys og skugge

Page 1

Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 1

1


Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 3

Eva Jensen

VIDAREUTDANNING I LYS OG SKUGGE Dikt og prosa

Samlaget Oslo 2014


Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 4


Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 5

Del 1

Fredriksen satte seg ned med hodet i hendene: – Sørg ikke, sa jeg. – Jeg sørger ikke, jeg tenker (…). Tove Jansson


Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 6


Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 7

snøen kjem, tidleg om morgonen; før folk har stått opp og tent lys i kjøkkenet, før den første kaffien. Først fell eit usannsynleg stort snøflak ned rett framfor lyset frå gatelykta, så stort at den som ser på, ein augneblink lurer på om det var ein fugl som sleppte seg ned. Så fell eit flak til. Etter ei stund kjem det «som sloppe ut av ein sekk», det snør tett, så tett. Og vinden kjem til, får snøflaka til å legge seg diagonalt under lyset frå gatelyktene. Det snør.

7


Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 8

i den halvmørke morgonen beveger lyset frå lyktene på løypemaskina seg langsamt framover i fjellsida. Det store landskapet, den smale kjegla lys som rører seg i skiftande tempo; raskt i dei flatare partia av løypetraseen, møysommeleg i dei kuperte områda med meir vanskelege kurver og brått fallande terreng. Starte ein arbeidsdag: ta fatt, sjå kor landet ligg.

elgen står ved vegen med noko lyst ved øyra.

8


Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 9

ein spinkel grønfarge mot ei kvit gardin. Gulkvite skjermar lyser mellom. Frost. Sola sender firkantar av lys inn i rommet. Det gløder i tre smilande hovudfotingar på veggen; ein blå, ein brun, ein gul. Hovudfoting er: Eit teiknestadium i barnas utvikling, menneskehovudet teikna som ein sirkel og med beina som kjem rett ut frå sirkelen. Enno er ingen kropp avbilda. Jula over, og eg pakkar inn den heimelaga krybba. Eg pakkar inn Josef og Maria og dei tre vise mennene. Eg pakkar inn det bleike Jesusbarnet, laga av trolldeig. Eg legg ned palmane (av papphylser og farga papir) og sauene (leikedyr). Ein blånande ås av silkepapir i Betlehem har lausna. Eg hentar limstiften og reparerer den, eg heller varsamt den finkorna sanden frå stallen i ein tett pose, eg legg alt forsiktig ned i skoeska.

mannen i kyrkja julaftan, som sat med eit leiketøys-esel mellom hendene i fanget. Av og til vifta han formålslaust med det. 9


Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 10

eg såg ein liten flokk på sju skarvar då eg gikk ut ein tidleg morgon. Inkarnasjonen av fargen svart i kvar fugl. Eg lærte ordet «bananmodneri» frå eit skilt på ei lagerbygning. Eg såg ein middelaldrande mann som kjørte ein rød pickup. Ved sida av han i framsetet sat ein stor, gul labrador. I vegkrysset snudde hunden hovudet til høgre og til venstre samtidig som eigaren gjorde det, når han skulle sjekke om det var klar bane. Eg såg eit barn som gikk ut og song mellom dei to blokkene, med ei kraftig, mørk stemme. Rommet mellom blokkene gav god akustikk og ein særskilt klang. Barnet gikk omkring, rusla på eit vis, mens det song. (Det vesle barnet med den store stemma mellom blokkene.)

10


Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 11

yrkesliv, mislykka: I ein av dei blakke periodane mine jobba eg som lærarvikar. Eg kunne få telefon om morgonen med spørsmål om å stille på ein skole kor som helst, på kort varsel. Ein gong mista eg kontrollen over ein klasse med tjuesju seksåringar; dei blei leie av å høre på meg og eit par–tre stykke tok til å krabbe og krype rundt omkring. Snart kraup heile gjengen under bord og stolar, over koseputer og bak skap. Ein annan gong let eg ein sjetteklasse spele yatzy heile mattetimen, eg tenkte at det trass alt hadde noko med tal å gjere. Eg hadde lagt merke til at læraren hadde kopiert opp store yatzyark til bruk i klassen, sikkert tenkt som ei belønning i ny og ne. Assistenten ville vise meg at han kunne meir om å vere i denne klassen enn eg. Han samla opp misnøye, drøfta yatzyopplegget høgt med elevane, let heilt vere med å hjelpe meg, slik at timen skulle bli dårleg til det siste. Ein ungdomsskoleklasse lurte meg til å tru at den faste musikklæraren deira nokre gonger let dei få velje i grupper kva dei ville gjere, berre det hadde med musikk å gjere. Eg gikk med på det under tvil. Nokre sette seg i ei gruppe for å synge, andre kjørte musikkanlegget på full guffe slik at det drønna gjennom gangane. Sjølv sat eg i eit hjørne med éin roleg elev som hadde uttrykt ønske om å lære nokre grep på gitar, eg lærte han Tom Dooley, på slutten av timen greidde han den aleine. 11


Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 12

yrkesliv, vellykka: Eg har poesitime i første og andre klasse, og lærer elevane korleis dei kan finne ut noko om forma som dikta har. Vi les nokre dikt om fargar. Ein liten gut rekker opp handa. Overraska fortel han at orda «rosa for rose» berre fall ned i hovudet hans. Diktkurs, åttande klasse: Ei jente lagar eit dikt med setninga «havet tenker stort».

12


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook