Gjertrud Langva
VI SPRING IKKJE SLIK VI SPRANG Roman
Samlaget Oslo 2018
Til Jonas
Ein morgon står søster og bror opp slik dei plar gjere når det er blitt lyst. Dei plar springe inn til mor og far, og far plar bli med dei ned på kjøkenet. Dei spring inn på rommet til mor og far, men mor og far er ikkje der. Søster ristar dyna for å vere sikker. Bror går inn på badet, men det er ingen der heller. Når dei heller ikkje finn foreldra på stova eller på kjøkenet, foreslår bror at mor og far kanskje har gøymt seg. Søster og bror tek til å leite på stader dei sjølve ville gøymt seg. I kottet, under senga og til og med bak sofaen leitar dei. Bror er svolten, og søster blir med inn på kjøkenet. Kjøkenbordet er dekt på med fat, glas og bestikk. Det var ikkje du som dekte på, spør søster. Nei, seier bror. Søster skjer skivene, sidan ho er eldst. Medan ho gjer det, held bror fram med å leite. Bror leitar under skrivebordet til mor, og i alle kjøkenskapa. Dei kjem nok snart heim, seier søster. Set deg, seier ho. Bror set seg ned ved kjøkenbordet. Medan bror tygg skiva si, spør han: Kor er det blitt av mor og far?
5
Etter frukost går bror og søster ut i hagen. Dei går saman, hand i hand, rundt huset. Dei byrjar på plenen på nedsida og går heilt rundt. Bror stoppar brått og seier: Men tenk om mor og far leitar etter oss og går saman rundt huset, dei òg. Heile tida er vi på kvar vår side av huset. Vi får vente her, då, seier søster, så kjem dei vel rundt snart. Men, seier bror. Tenk om dei stoppar akkurat samstundes med oss. Søster ser mot hushjørnet. Du kan vente her medan eg går rundt huset og ser, seier ho før ho går mot hushjørnet. Vent, seier bror. Du kjem tilbake, ikkje sant? Søster snur seg og ser på han. Eg kjem ikkje tilbake same vegen, nei, seier ho. Eg går rundt huset, så kjem eg ned frå andre sida. Bror nikkar idet søster går rundt hushjørnet. I graset teiknar bror vegen ho skal gå. Huset er ein firkant. Først rundt hushjørnet. Der må ho gå varsamt for å ikkje trakke i blomebedet, der krokusane akkurat har kome fram. Med peikefingeren og langfingeren går bror langs firkanten, forbi hjørnet, hushjørnet. Forbi den store steinen, og så kjem ho til neste hushjørne. Ho går langs vindauga, og der kan ho sjå inn på kjøkenet. Dersom ho ser til andre sida, kan ho sjå ut i skogen, men det gjer ikkje søster. Ho ser inn kjøkenglaset. Ho går forbi trappa som far har laga, og då kjem ho til det neste hushjørnet. Ho går forbi hushjørnet, og langs veggen ser ho nokre av trea som far har felt. Dei far ikkje har fått laga noko av enno. Ho følgjer trestammane og husveggen, og då kjem ho til hushjørnet her. Ho skal kome ned på plenen no. Bror ser mot hushjørnet, men søster er ikkje å sjå. Bror ser mot hushjørnet til han ikkje lenger tør å sjå mot 6
hushjørnet. Han legg seg ned i graset til han kjenner skuggen til søster i ansiktet, og han veit at det er søster. Dei er ikkje i hagen, seier søster. Bror ligg i graset med auga att. Eg skulle ønske, seier bror.
7
Eg skulle ønske vi var ein skarvfamilie, som følgde kvar andre på rekkje og rad. Vi kunne berre følgje etter skarvforeldra våre, og dei visste at vi var rett bak dei, og vi kunne alltid sjå dei i ryggen, og når ein skarv roper, så kjem dei andre, for dei høyrer at han roper på dei, og då kjem dei.
8
Skal vi plukke blomar til mor, spør søster. Vi kan vente til ho kjem, seier bror. Mor blir så glad når vi overraskar ho, seier søster. Plukk kvite blomar, så blir det ein kvit bukett. Vi skal overraske mor, seier bror. Ja, seier søster. Mor smiler alltid når vi gir ho blomar. Har de plukka blomar til meg, seier mor. Ja, kan vi seie då. Så flinke de er, seier mor. Ein etter ein blome plukkar dei. Dei legg fing rane heilt nedst rundt stilken, og så riv dei til. Her, seier bror og gir søster blomane sine. Takk, seier søster, men desse to er ikkje kvite. Dei er blå, seier ho og peikar på to av blomane. Eg trudde dei var kvite, seier bror. Skal eg plukke to til av dei blå, så har vi fire blå blomar i buketten. Nei, seier søster, det er nok med to. Dei går inn og set blomane i vasen. No kan mor kome og sjå kor flinke vi er, seier bror.
9
I gangen står støvlane til far, saman med turskoa og vinterskoa. Støvlane til mor og turskoa og vinterskoa hennar er her. Har mor fleire sko, spør bror. Ja, her er finskoa, seier søster. Kva med inneskoa, spør bror. Eg såg dei under senga, seier søster. Anorakken til far og anorakken til mor. Parkasen som er far sin, men som mor bruker når ho går ein liten runde i hagen. Strikkejakka med hol i olbogen, som far alltid seier at han snart skal sy, og då seier mor at ho kan sy den. Ullkåpa til mor, og vindjakkene heng her, dei òg. Og her er regnjakkene. Det er ikkje så kaldt ute lenger, seier bror. Dei kan ha gått utan jakke. Ja, seier søster, men utan sko?
10
Det er vi som bur her i dette huset som ligg i skuggen av trea. Det er oss to, alltid oss to, og mor og far. Mor og far passar på oss. Mor plar sjå på oss frå vindauget, og far kjem ofte ut i hagen og roper på oss. Når vi svarer på ropa, går far inn att til mor. Han liker å halde seg i nærleiken av ho, og han liker å halde seg i nærleiken av oss. Derfor går han mellom.
11
Ein kjem inn i huset ved å gå opp trappa, gjennom ytterdøra og inn i gangen. Når ein går gjennom gangen, ser ein ei trapp som går opp til overetasjen, og ei dør som fører til kjøkenet. Når ein går inn på kjøkenet, går ein forbi døra som går ned til kjellaren. Vi har ikkje leita i kjellaren, seier bror. Dei ser mot kjellardøra. I kjellaren er det mat. Mor og far pla kome opp kjellartrappa med tørka kjøt og fisk. Kanskje mor og far er der nede, seier bror. Dei opnar døra og ser ned trappa. Det er heilt mørkt der nede. Dei roper ned til mørket. Mor, er du der, roper bror. Far, kan de høyre oss, roper søster. Dei er ikkje der, seier ho og lukkar døra.
12