verdas
forsvu nne skattar Av Jens H anseg책rd Illustrert av A nders N yberg Fr책 svensk ved Ole Jan Borgund
Samlaget oslo 2016
Skju lte skat tar på mystiske øyar, sjørøvargu ll, gå tefu lle kart, skju lte grot ter og hemm elege gravkamm er fylte av fantastis ke rikdommar. Gjennom mange tusen år har skat tar lokka lykkejeger ar og vekt eventy rlyst, fantasi – og mis unning. Vegane dit er m ange. Kanskje m å ein ut forske underj ordisk gangar, ho ppe over djupe fjel lk løfter , knek kje mysti ske kodar, unngå livsfarleg e feller og søkje et ter leietrådar i gam le dokument. Men éin ting er i al le fa ll si kker t: Ifølgje historien e og legendene li gg skat tane der ute ... og berre vent ar på at du skal finne dei. Det te er ei bo k for modige skat teje gerar som vågar å legg je ut på farlege even ty r for å leite et ter
V E R DA S F O R S V U N N E S KAT TA R !
6
7
Inkagullet ECUADOR
I 1532 kom spanjolen Pizarro med 168 soldatar, 27 hestar og éin kanon til det mektige inkariket. Dei tok keisaren, Atahualpa, til fange, men lovde å sleppe han fri dersom dei fekk eit heilt rom fylt med gull og to rom med sølv i løysepengar. 8
Inkagullet
Skatt: gjenstandar av gull og sølv Stad: Llanganatisfjella i Ecuador
Det blei samla inn skattar frĂĽ heile riket. Men det gjekk for sakte. Pizarro blei lei av ĂĽ vente og drap keisaren.
9
På same tid var ein inkageneral på veg med dei siste 750 tonna med gull som mangla. Da han fekk vite at keisaren var drepen, ville han ikkje levere frå seg skatten. Ein trur at han gøymde gullet i ei grotte eller senka det i ein innsjø oppe i fjella. 10
Spanjolane tok generalen til fange, men han avslørte aldri kvar gullet var. Etter den tid har mange leita etter skatten, men ingen har funne han. Fleire har møtt ein mystisk død. Kanskje blei dei ramma av «Atahualpas forbanning» ...?
SØRAMERIKA
Ein svensk eventyrar drog til Ecuador seks gonger for å leite etter skatten. Han oppdaga i staden ei kjempepadde som er blitt oppkalla etter han. Padda heiter Bufo Blomberg.
11
Skatten på Kokosøya STILLEH AV ET I 1820 var det opptøyar i Peru, og kyrkja ville redde rikdommane sine. Ein sjøkaptein, William Thompson, skulle frakte to prestar og den store gullskatten til Mexico.
12
Skatten på Kokosøya
Men Thompson var ein skurk. Vel ute på havet kasta han prestane over bord til hammarhaiane.
Skatt: to store gullstatuar av jomfru Maria – som vog 500 kilo kvar – innsette med perler og smaragdar, 50 kister med gullgjenstandar, topasar og juvelar og 9000 gull myntar Stad: Kokosøya, 550 kilometer ut i Stillehavet frå Costa Rica
Så segla han til Kokosøya og grov ned skatten.
Kokosøya
PERU
STILLEHAVET
13
Seinare blei kaptein Thompson og mannskapet hans tekne til fange. Alle blei hengde utanom Thompson og styrmannen hans. Dei lovde 책 fortelje kvar skatten var, dersom dei fekk leve.
14
Dei viste veg til øya, men der rømte dei inn i jungelen. Verken Thompson, styrmannen hans eller skatten blei nokosinne sett igjen. Sidan den tid har mange grave etter gullet på Kokosøya. Ein tysk skattejeger som heitte August Gissler, leita i tjue år, men det einaste han fann, var seks gullmyntar. Kvar er resten? Kokosøya er ikkje berre kjend for skatten. Utanfor øya kan ein sjå den største stimen av hammarhai i verda.
15