

VENTRAKL
Hawkey | Georg Trakl | Mathias R. Samuelsen
Samlaget
Oslo 2026
Christian
[eit samarbeid]
Au contraire d’une fonction de numéraire facile et représentatif, comme le traite d’abord la foule, le dire, avant tout rêve et chant, retrouve chez le Poëte, par nécessité constitutive d’un art consacré aux fictions, sa virtualité.
– Mallarmé
Ask ye what ghost I dream upon?
– Pound, «Villonaud for This Yule»
Stemmer glir gjennom medvitet, no og då påkalla, andre gonger utan å vere kalla. Ofte er det dei oppsamla og tilfeldig lagra stemmene til dei som lever – ein venn, ein nabo, nokon som dagen før ropte etter deg, i forbifarta, frå vindauget til ein passerande bil. For meg er Arnold Schwarzenegger si stemme som seier «I’ll be back» ein vanleg, men ikkje heilt uvelkommen lydleg hallusinasjon. Kroppen vår, hovudet vårt, skallen vår, hola i kroppen og skallen vår er stemmekammer, lydkammer, der våre eigne uttala sjølv og andre sine uttala sjølv stadig kjem og går, og blir endra av kroppen vår når dei kjem og går. Medvit, i alle fall metonymisk, er uttala, og stemma er, slik Mladen Dolar har foreslått, ikkje først og fremst eit medium for «sjølv-nærvær», men meir eit tomrom, eit fråvær ved møteplassen.
Kva skjer når desse stemmene kjem frå dei som har gått bort? Når ein forelder, for eksempel, som lenge har vore død, plutseleg ropar namnet ditt? Kva skjer vidare, når det er snakk om dikt skrivne for nesten hundre år sidan? Å lese er å gi liv til
orda, la dei snakke med deg, ved sida av deg, som deg. Å lese eit dikt er å la ein tekst og stemmekvalitetane (klang, tonasjonar) utfalde seg på innsida av eins eiga lesestemme og på den måten skape ein loop, ein voice-over – ei mellom-stemme.
Bachelard: «Berre eit aspekt ved det tala bildet er tilstrekkeleg til at vi les diktet som eit ekko frå ei svunnen fortid.» Og å lese dei døde er å gjenopplive orda deira; mellom-stemma er ein gjengangar, ein gjestgivar.
Bøker – frå dei levande eller dei døde – er dei sannaste gjengangarane blant oss, materialiseringa av det immaterielle. Og denne boka er ein gjengangar som inneheld ein gjengangar: eit samarbeid med den tyske poeten Georg Trakl, som døyde i 1914. Trakl visste, som Heidegger, at det gjengangarliknande ikkje er ein spirituell tilstand, men ei vere mellom tilstandar, å «vere i ei redsle, å vere utanfor seg sjølv, ek-statisk». Slik sett er samarbeid mellom dei levande og dei døde møtet mellom gjengangarar, ettersom skrivinga, i si reinaste form, er ei handling som løyser oss frå sjølvfiksjonen vår. Det er også ei form for vennskap. Agamben: «Vennskap er desubjektiveringa inst i den mest intime kjensla av sjølvet.» Og ved å prøve ulike framgangsmåtar for skriving og omsetting – transwriting, transrelating – siktar ein mot å forlenge vennskapet med gjengangarane våre så lenge som mogleg.
Då eg arbeidde med denne boka, snakka eller las eg ikkje tysk enno. Dette gjorde det temmeleg vanskeleg å prate! Og det var akkurat derfor eg ville prate: for å trø over terskelen, krysse grensa. Overordna kan ein seie at omsetting skjer kvar gong ein møter ein tekst, eit bilde, eit ansikt, ein lyd, ein idé, eit trafikklys. Når det gjeld omsetting av dikt – ei form for gjengangarliknande gjenoppliving – er dei akademiske tekstane som argumenterer mot bokstaveleg eller overdriven trufastheit til originalen, no nesten like mangfaldige som dei illustrerande eksempla. Celan endra radikalt på nokre av linjene då han omsette Dickinson. Slike medvitne vrangomsettingar er sjølvsagt tydeleg kalkulerte handlingar i truskap mot det rommet som Dickinsons dikt peika mot (Spicer: «I would like to point to the real, disclose it, to make a poem that has no sound in it but the
pointing of a finger»). Det er også noko som ligg i kjernen av all god skriving: Når ein ryddar eit slikt rom, blir ei lingvistisk uttale ein invitasjon til å trå inn, til å samarbeide, til å fylle, eller fylle ut det utpeika rommet. Indeksikalitet er slik sett spatialt håp – eit rom definert av moglegheiter («an arrangement in a system to pointing», skriv Stein). Når det gjeld Trakls tekstar, var eg interessert i å nærme meg dette og peike på det (inkludert bruken av lyd som den einaste fingeren) frå så mange inngangar som mogleg, dels for å utfordre Benjamins distinksjon mellom poeten og omsettaren, mellom midtpunktet i språkskogen (der dei litterære verka er) og omsettingar (som ligg utanfor midtpunktet og kallar «innover utan å trå inn»). Om slike distinksjonar blei desentraliserte, eller utydelege, korleis ville den verkelegheita framstå, følast, kva ville den varsle? Kva rom – i utkanten av tysken – kan ein bu i? Med tanke på livet hans var eg også interessert i å byrje på ein ikkje-lingvistisk plass: bilde, og viktigast av alt, fotografi. Kva spor eller spor av eit liv kunne eg finne der, omsette der? Om ein strekker fotografiets magi til den merkelege doble auraen hos det historiske forfattarportrettet? Kan ein aktivt imøtegå det, generativt, ved å bruke skriving og visuelle redigerings- og manipuleringsverktøy som i dag er inkludert i skriveteknologien vår (beskjere, rotere, forstørre), for anten å løfte fram magien eller avsløre den? Begge delar?
Når det gjeld desse dikta, er komposisjonsmodusane som er nytta, mange og varierte. Nokre blei komponert ved å gå gjennom alle dei tilgjengelege Trakl-dikta på engelsk, for å leite etter linjer der ein gitt farge dukkar opp; deretter flytta eg om på, klipte og endra linjene (forsiktig) for å bygge dikt – centoar. Ingen poet har før eller etter Trakl nytta ein så avgrensa palett så ofte, med så mykje antyding og utan nokon umiddelbart synleg fastsett kosmologisk overbygning. Nesten kvar strofe og kvart einaste av dikta hans inneheld farge som valens, og på eit tidspunkt forstod eg at arbeidet mitt utforska innhaldets poetikk som endå ein modalitet for omsetting. Andre framgangsmåtar dreia seg om å generere det vi kan kalle homografoniske skisser (som bygde på den veksande tradisjonen for homofonisk omsetting), der eit ord (eller fleire ord) frå eins morsmål blir identifisert i eit framandt ord eller ein framand tekst, gjennom anten lyd eller syn (for eksempel
ein ser og/eller høyrer ends eller bends eller sonnet på innsida av abendsonate), delvis fordi den tekstlege overflata til eit ukjent språk blir så tydeleg visuell. Av og til, inspirert av teknikken som blei funnen opp av poeten David Cameron, skreiv eg eit Georg Trakl-dikt på tysk i Microsoft Word og brukte stavekontroll for å lage eit førsteutkast. Andre strategiar har vore å skrive diktet inn i ein nettbasert omsettingsmaskin for så å sende teksten fram og tilbake, linje for linje, mellom engelsk og tysk; eller skyte med ei 12-kalibra hagle på ei open Trakl-bok frå tre meters hald, for så å omsette, med ei ordbok, dei perforerte sidene som var att. Andre tekstar igjen kom til ved å arbeide frå ei bok med Trakl sine dikt som hadde lege ute og rotna eit heilt år i ei glaskrukke fylt med regnvatn og lauv og mygglarvar, til sidene med tida blei oppløyst til ord, delar av ord, ordstammar, som flaut opp og blanda seg med kvarandre på overflata i krukka.
Eg brukte mange andre teknikkar, utgangspunkt og avgrensingar, som hadde den fordelen at eg kunne forkaste dei. Framfor alt lét eg Trakl komme inn i den følgjande tekstens rom når han sjølv følte for det. Ein sjeldan gong, etter å ha komponert eit dikt eller ein serie av dikt, heldt vi eit kort møte – eit intervju. Han var alltid der når eg kom for å sjå etter han. Rommet vi etter kvart forlét, er no opent for alle. Når alt kjem til alt, er ikkje dette mine dikt. Dei er heller ikkje Trakl sine. Dei er å finne på ein stad mellom språka, tekstane, namna våre, og også mellom våre (gjengangaraktige) kroppar mangfoldiggjort av erotikken ved samarbeidet og omsettinga.
Ein meir fastsett, men likevel felles omgivnad er krig: min eigen amerikansk-engelsk, dagleg infiltrert av dei pågåande krigane i Irak og Afghanistan, og Trakl sin tysk, som i dikt etter dikt sporar den aukande, kollektive angsten nært av eit europeisk landskap (og ein poetisk tradisjon) i ferd med å bli absorbert – stroke ut – av den industrielle revolusjonen, som kuliminerer i hans eiga frykteleg
direkte erfaring med den første maskinbaserte krigen i det 20. hundreåret. Gitt den noverande tilstanden av permanent, teknologidriven global krigføring var og er dette dessverre ei uro eg deler. Det var også derfor eg i utgangspunktet byrja å lese han igjen – for på tvers av eit hundreår å finne ein stad med resonnerande og modig melankoli.
– Christian Hawkey South Kortright, NY 23. juni 2006
Possible To use
Words provided one treat them As enemies.
Not enemies – Ghosts.
– Georg Oppen
Grasp: translate. And everything is translation at every level, in every direction.
– Henri Michaux, Stroke by Stroke (translation: Richard Sieburth)
Golden clouds and time. In a lonely room You often ask the dead to visit you.
– Georg Trakl, «To One Who Died Young» (translation: Daniel Simko)
In any strange land I would read you, even at home.
– Robert Walser, «To Georg Trakl» (translation: Uljana Wolf)
VENTRAKL
INGEN AV OSS ER MAKTESLAUSE
Det er tydeleg at du står på ei strand, om ein skal dømme ut frå dei små bølgjene og dei mjuke krusingane på overflata av vatnet, er det ein innsjø, eller eit lite hav, Comosjøen kanskje, eller Svartehavet.
