Frå svensk ved Runa Kvalsund
Samlaget Oslo 2021
Originaltittel: Vänta på vind © Oskar Kroon og Brombergs Bokförlag 2019 Publisert etter avtale med Koja Agency © norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag, illustrasjon og design: Lisa Benk Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: Adobe Caslon Pro, 11/16 pkt. Papir: 100 g Munken Premium Cream Trykkeri: ScandBook, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0499-5
Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.
Utanfor vindauget kan vi sjå spora etter stormen. No er det berre mamma og eg. Vi går tause gjennom kalde korridorar. Vi møter nye foreldre som stråler. Vi møter sjuke gamlingar med tomme blikk. Som når som helst kan ramle saman og døy. Ein skjeggete mann med stirande auge glir ut av heisen med ei seng. Dokterar hastar av stad, ungar græt, pappaer trøystar. Plutseleg ein kafé, der kan vi stoppe. «Pust», seier mamma og blunkar, men roleg er ho ikkje. Så drikk ho kaffi, eg tar ein brus, men ønskjer det var morfars rabarbrasaft. «Eg veit at du lengtar ut dit igjen», seier mamma og liksom nikkar bortover, men eg ser berre toalett der. «Til øya, meiner eg.» «Jo», svarer eg. «Men pappa ville jo så gjerne treffe deg. Og eg har sakna deg så veldig.» Det verkar nesten som ho skal byrje å gråte, og det orkar eg verkeleg ikkje, men ho bøyer seg berre fram og klappar meg på kinnet. Eg snur meg bort, sjølv om eg eigentleg berre burde la henne halde på. «Det har ikkje vore lett for deg», seier ho. «Ikkje for nokon.» «Jo, for pappa», seier eg og held fram med å stire mot toaletta. Sitje og prate ... «Nei, sure elsklingen min, ikkje for pappa heller.» 5
«Kan du slutte å kalle meg elskling. Berre slutt.» Vi er tause ei stund. Berre nokre sukk frå mamma innimellom. «Det har vore vanskeleg for pappa også», seier ho så, og eg skjøner ikkje kvifor ho skal beskytte han, liksom. «Mmm, sikkert ...» «Men Venge ...» «Har de i det heile tatt snakka saman, du og pappa?» Det kjem ein latter frå henne. «Det er klart vi har snakka», seier ho. «Det er vel ikkje noko rart med det. Vi snakkar saman. Klart vi snakkar.» «Så bra, då.» Ho ser ned i bordet, såra. «Så bra, då, at de snakkar. Så bra at det ikkje er noko som er rart. Dritbra.» «Ja.» Vi sit sånn ei stund. Men då mamma reiser seg opp med eit rykk, er det på tide. Då sukkar ho djupt og gir meg ein stor klem. «Elskling», kviskrar ho. Ho greier berre ikkje å la vere, men eg seier ingenting. Så byrjar korridorane igjen og heisane og trappene, men ho finn tydelegvis fram. Ho har nemleg snakka med pappa. Eg byrjar å fortelje henne om spermkvalane, for noko må ein jo snakke om. Og eg har jo blitt vand til det no. Å fortelje om dyra nedi dei mektige vatna. Dessutan orkar eg ikkje å drive å tenkje på alt det andre. Mamma høyrer kanskje ikkje etter, men eg fortel likevel. Om korleis dei kan leve heilt aleine i havdjupet og svømme gjennom verdshava 6
i vekevis og berre synge dystre songar som høyrest på fleire mils hald. Om korleis dei tar vare på ungane sine saman og hjelper kvarandre. Om korleis dei kan dykke tre kilometer ned i djupet og ta seg fram i absolutt bekmørker. Om at hava ikkje kunne ha eksistert utan dei. At jorda nok ville ha slutta å snurre om ikkje spermkvalane heldt fram med å svømme rundt henne, runde etter runde etter runde. «Og visste du», seier eg. «Visste du at spermkvalen har større hjerne enn noko anna dyr på jorda.» Mamma ser berre rett fram. «Her», seier ho plutseleg. «Her er det.» «Men om hjartet er størst, veit eg ikkje heilt, det er vel kanskje elefanten som ...» Vi går inn gjennom glasdørene, og ho set seg på ein grøn stol som står inntil veggen. «Eg ventar her», seier ho og peikar mot døra som eg snart skal opne. «Skal du ikkje vere med inn?» spør eg. «Berre gå først, du, eg kjem etterpå», seier ho og ser litt annleis ut. Det rykker liksom litt i ansiktet på henne, som av latter, eller gråt som ikkje heilt slepp ut. «Hels og sei det. At eg kjem etterpå, så veit dei. Gå no.» Ho viftar med handa og gir teikn til at eg skal gå, men eg nøler. Eg har jo ikkje eigentleg lyst. Fader, som eg lengtar ut til øya. Til Rut, morfar, båten, varmen ... «Visste du», seier eg. «Visste du at ein nyfødd spermkvalunge veg eit tonn.» «Kom igjen, Venge», seier ho då. Ho klemmer meg hardt. Bak henne er det store vindauge ut mot sjukehusparken. Det er greiner og skrot overalt og øydelagde skilt og 7
takrenner. Men her inne er det stille. Som etter ein naturkatastrofe. Eit stille sus, berre, og nokre barn som græt i det fjerne. Ekko av skritt langt borte, ein kaffimaskin som brummar. No skal eg berre gå bort til døra og banke på, det er det heile. Det er det heile.
8
Om kveldane sit eg her på klippa. Då ser eg utover havet og ventar på at sola skal søkke lengst borti der. Då har eg skuggelua på hovudet og hjartet på rett stad. Då drøymer eg om Aberdeen, om Lisboa og Valparaiso. Om andre hamner, ein heilt annan stad. I havet finst det så mykje. Om kvelden ser det berre tomt ut, men under overflata lever det og strøymer. Der er løyndommane. Og på himmelen. Der blenker svarte skuggar og seinare på natta stjernene. Så store, så langt borte. Ikkje til å fatte, seier morfar, sukkar og kikkar ned i bakken. «Evigheita og det uendelege.» Evigheita og det uendelege. Iblant snur eg meg og ser bort mot huset. Det er berre ein liten, firkanta boks. Kvite vegger som liksom lyser om kvelden når sola søkk. Røyk som stig sakte opp frå skorsteinen på taket. Opp mot den der evigheita. Då ser eg korleis det stråler frå vindauga, og eg veit at morfar driv på der inne. At han set over te og dekker på. Nynnar på ei eller anna gammal sjømannsvise. Eg blir sitjande her på klippa til sola har forsvunne heilt, og kjenner at det kjem fukt og lukt frå havet. Då tenkjer eg på nattseglingar over verdshava og på kvalane som slumrar stille i det store svarte. På tunfiskar og kjempeblekksprutar. På algar, sjøgras og på skuggefulle hamneområde som ligg og ventar. 10
Eg tenkjer på snipa; den vesle seglbåten min som ligg rett nedanfor her mellom steinane på stranda og ventar på jomfruturen sin. Men eg tenkjer ikkje på pappa og Angelica. Dei er så langt borte med lykka si og den fantastiske balkongen dei har med tomatar. Varmen held berre fram her ute, døgnet rundt, det er visst ikkje heilt normalt, og ein sveittar heile tida. Sommaren er overalt og brenn og tørkar ut. Graset er gult, bakken støvar når ein går. Alle lengtar etter regn. På radioen rapporterer dei om skogbrannar på fastlandet og vassmangel. Gamlingar får slag og døyr, og plutseleg er det forbode å selje eingongsgrillar. Eg rettar på lua, speidar ein siste gong opp mot fyret for å sjekke at det lyser, og så byrjar eg å gå ned mot huset. Fyret lyser alltid, men det er viktig å kontrollere likevel, seier morfar. Ein vil jo ikkje at eit skip skal forlise utanfor øya her midt på natta, seier han. Har han alltid sagt. Men av og til, i smug, kunne ein nok ønskje det. For då måtte eg og morfar ha rodd ut og redda sjømenn. Vi måtte ha slite der ute på havet heile natta, og når vi kom heim seint på morgonen, måtte vi kjempe oss opp på berget, opp mot huset, og der måtte vi sitje framfor vedomnen og varme oss. By dei skipbrotne på kavring og dram, og dei ville fortelje oss om alle eventyra og lastane og framande dyr og hav og vertshus. Dei forliste, tenkjer eg. Dei skipbrotne. Dei ville peike på sjøkartet og vise. Men fyret lyser. Ein ser ikkje albatrossen i kveld heller. Det gjer ein aldri, men morfar har sett han ein gong. Seier han. Siste stykket ned mot huset spring eg nesten. Då vil eg liksom berre inn. Skumringsfuglane får synge dei sørgjelege visene sine for nokon andre. For havet, berre. 11
Her på øya er i alle fall alt som vanleg. Her går livet vidare trass naturkatastrofar og andre ulykker inne på fastlandet. Ikkje eingong på ein dag med perfekt sikt kan ein sjå noko anna enn horisont. Røyken når ikkje hit, vi høyrer ikkje sirenene. Her går gamlekarane rundt som vanleg i snikkarbuksene sine, berande på ulike ting. Her sit dei ved sida av kvarandre på benkane og berre smiler når nokon går forbi. Eg har alltid tenkt at smila er snille, men no skjer det av og til at eg blir usikker. Som vanleg rugar fuglane i morfars fuglekasser, og som vanleg er syrinen avblomstra. «Du gjekk glipp av han i år også», seier morfar då vi sit i skuggen av syrinen og drikk av rabarbrasafta. Han hadde ringt ein eller annan gong før skuleavslutninga og sagt «at no blomstrar han». Dei siste vekene var det vanskeleg å halde ut i byen. Mamma meinte eg var sur og sint, men ho var jo endå verre. Ja, syrinen er avblomstra no, men fuglane syng framleis. Og som vanleg finn morfar fram skipssjakkspelet om kvelden etter vi har drukke te og ete kavring. Han tenner pipa si, heller av og til opp ein dram, men berre til seg sjølv. Så seier han at når eg kjem heim, når eg skal byrje på den nye skulen, då kjem eg til å vere byens beste i sjakk. Då seier eg ikkje til han at han er den einaste eg kjenner som speler 12
sjakk, seier ikkje at han kanskje er den einaste eg kjenner i det heile. Prøver berre å la vere å tenkje på det der med den nye skulen. «Sjakk matt», seier morfar snart. Eg har framleis aldri vunne over han. Så er det vêr- og sjømelding. Som vanleg. Dei åtvarar om ekstrem skogbrannfare; det brenn allereie mange stader, og folk blir evakuerte og rekk berre å redde det viktigaste. I Bottenvika og på Nordre Kvarken er det tåke, men heile tida høgtrykk overalt og mykje lett vestavind. God sikt ved Utsira Sør. Rekordtemperaturar. Når morfar skrur av radioen, er det leggetid. Slik har det alltid vore. Han trekker eit siste puff av pipa, seier «ja, så det var den dagen». Om det hadde vore internett her. Om eg hadde hatt telefonen min. Då hadde eg vel sett eller høyrt på noko. Men no er det berre havet utanfor vindauget, og eg tenkjer på kor ein ville ende opp om ein berre fortsetje utover. Ligg der i senga og blar ei stund i sjøkartet til morfar og drøymer om øyar og skjer og grunnar og botnar, mens morfar ryddar litt på kjøkkenet. Då kjem sjømannsvisene igjen. Han berre plystrar, men eg kan teksten om briggen som var dømd til å bli vrak. Så høyrer eg morfar opne døra når han skal gå ut og hente meir ved. Så vi har til morgonkaffien og grauten. Men eg høyrer aldri at han kjem tilbake. Då søv eg. Ja, på øya er alt som vanleg. Men ikkje heilt. Det er noko anna i meg. Og så er det det med båten. Snipa.
13
Eg fekk snipa så fort det berre var oss to på øya, eg og morfar. Vi hadde vinka farvel til mamma nedpå kaia og rusla heimover langs stranda. Morfar klemde meg litt sånn lett med eine armen, som han gjer. «Endeleg aleine.» Eg var heilt einig. Endeleg. Eg hadde lengta lenge etter dette. Det var tanken på sommaren og morfar og øya og einsemda her som gjorde at eg hadde greidd å halde ut i byen. Endeleg øya igjen. Ein kan gå gjennom sentrum frå hamna til huset, men vi tar nesten alltid strandvegen om vi ikkje har bagasje å bere på. Den er lengre, men der treffer ein ikkje på så mange folk, så morfar slepp å stoppe og prate med alle som kjem bort og spør og klappar ein på ryggen. På stranda er det berre fuglane. Morfar ramsar opp namna: steinvendar, svartbak, raudnebbterne. Det har han alltid gjort. Når ein tar strandvegen, rundar ein liksom klippa der fyret står. Når hamna og båtane har forsvunne rundt hjørnet, er det berre ein bergvegg på eine sida og havet på den andre. Med fyret høgst oppe på klippa og horisonten lengst der ute på havet. Eg bruker å ta av meg skoa og gå berrføtt. Dei små, runde steinane er så varme og vakre. Dei gjer liksom vondt, men på ein bra måte: Ein får sommarføter. Det har eg alltid fått. Då vi hadde passert fyret, låg huset og lyste kvitt der oppe på berget, og vi kjempa oss opp den bratte tretrappa. Men først stoppa vi midt på 14
stranda og speida opp mot klippa der morfar seier at lomviane av og til sit. Men no var det berre måse og krykkje, måse og krykkje. Då vi kom heim, berre låg han der på bordet, pakken, brun og ruglete. Morfar hengde opp skuggelua si på knaggen, la pipa på fatet, sette kaffien på komfyren. Han nikka mot bordet og stappa hendene i snikkarbukselommene. «Ja, men opne, då», mumla han. Skuggelua som låg der i pakken, var maken til morfar si. Ei aning mindre, berre, og mykje blåare og heilare. Morfar såg nøgd ut der han stod ved komfyren og skein. Men den verkelege gåva var papiret. Det var eit kart. Det såg ut som eit skikkeleg skattekart. Ruglete og knitrande med brende kantar. Eg sette meg ned ved bordet og studerte det nøye. Eg visste at det var slik ein skulle gjere det. Rynke augebryna og seie hm. Morfar brukte å lage kart til meg då eg var lita. Då var det kart over hagen, og dei slutta nesten alltid under syrinbusken, der han hadde lagt ei lakrispipe eller noko anna dyrebart. Eg vart sitjande ei stund og lét som eg tenkte, for at morfar ikkje skulle bli skuffa. Og for at han skulle rekke å drikke opp kaffien sin. Han kan verkeleg teikne, morfaren min. Briggar og bølgjer og fiskar og måsar. Då eg var lita, tatoverte han meg med blekkpenn, og eg gret når anker og måsar flaut bort i havet når eg bada. No for tida spør han ikkje eingong om eg vil ha tatovering, men kart lagar han tydelegvis framleis. På dette kunne ein sjå øya ovanfrå, og ein såg havet. Der gjekk det store bølgjer, og langt uti der var det eit skip som heldt på å gå under. 15
Ein enorm blekksprut drog det ned i djupet med dei lange armane sine. På øya såg ein hamna og sentrum. Storskogen, huset og vedbua. Ein såg berget og fyret, og ein såg stranda nedanfor dei. Der var krysset. Skatten. På stranda, rett nedanfor fyret, der vi nettopp hadde gått. «Eg visste ikkje om du hadde blitt for stor for sånt», sa morfar utan å snu seg, og eg svarte ikkje. Eg visste ikkje, eg heller. Eg var sikkert for stor for sånt, men det kjendest ikkje sånn. Ikkje inst inne. «Blir du med, eller?» spurde eg berre. Han nikka nøgd. Augebryna rett opp. Før morfar hadde rokke å ta på seg sandalar og lue, var eg ute ved vedbua. Eg helsa ikkje eingong på sauene som går bak der, skunda meg berre ned mot den steinete stranda. Sauene glodde litt på meg før dei fortsette si evige kverning med kjevane. Eg var ikkje for stor for sånt. Halvvegs nede ved trappene stoppa eg og venta. «Berre spring, du», ropte han. «Eg finn fram.» Så eg var heilt aleine då eg nådde fram til plassen under fyret. Allereie på avstand såg eg at det låg noko der. Ein båt. Ein trebåt. Ein robåt? Han låg eit stykke opp mot klippene, og vi hadde gått nede i vasskanten på veg heim. Eg hadde ikkje sett han då, eller ikkje lagt merke til han, men no var båten alt eg såg. Der stod eg og glodde då morfar kom bort. Eg skjønte ingenting. «Den er din», sa han berre. «Min? Du meiner båten?» «Eg meiner båten», nikka morfar. «Er det sant?» spurde eg. «Heilt sant», nikka morfar. 16
Det var ei lita snipe, sa han, og ho var mi, men for å kunne dra ut på sjøen måtte eg gjere henne sjødyktig. Ved sida av låg segl og ein haug med ulike pinnar og tau. Framfor tofta, der ein bruker å sitje og ro, var det ein planke med eit hòl i. Der skulle ein kunne stikke ned ei mast, sa morfar. Men seglet måtte lagast, og skroget måtte tettast, skrapast, slipast og lakkast. Vi trong nye tampar og beslag. Det kom nok til å bli ein heil del jobb for å få henne i sjøen, sa han. Men om eg hadde lyst ... «Eg har lyst!» Eg ropte det ut. Kunne ikkje tru det. Eg sprang rundt og klemde morfar så hardt og så plutseleg at han mista pipa ned mellom steinane.
17