H elsing
til
Ă…se
2
Venner_materie_original.indd 2
09/10/12 11.48
E r n a O sl a n d
Il
l
us
er tr
t av I nge r
Li
se
Be
lsv
ik Samlaget, Oslo 2012
Venner_materie_original.indd 3
09/10/12 11.48
4
Venner_materie_original.indd 4
09/10/12 11.48
DINAS OPPDAGING Dina er aleine. Ho sit inne i varmen og ser ut.
Da oppdagar ho ein fugl!
Fuglen fer forbi i ein veldig fart. Som om han har eit viktig ĂŚrend.
Noko som berre han skal vite om. Denne boka er om Dina og fuglen ho oppdaga. Fuglen som blei Dinas hemmelege venn, og gjorde henne til fuglekikkar.
5
Venner_materie_original.indd 5
09/10/12 11.48
EIN HEMMELEG VENN? Kvar dag etter skolen er Dina aleine. Det bur nemleg ingen barn der ho bur. Jo forresten, William bur der! Han går i klassen hennar. Men han er så redd for jenter. Når Dina kjem frå skolen, er ho altså aleine, heilt aleine ved det veldige havet. I to lange timar går ho og ventar på at mor og far skal komme heim. Men ein dag Dina kjem frå skolen, får ho besøk. Ho får besøk av ein fugl. Han gyngar seg gjennom lufta. Han flyg opp og ned som ei dansande, ørlita rosa sky. Dina har aldri sett noko så fint! Ho går nærare, ho vil sjå han betre. Men da blir han borte, like fort som han kom. Skal ho spørje mor – eller far – om dei har sett ein slik fugl? Nei, tenkjer Dina. Denne fuglen skal vere min. Denne fuglen vil eg ha heilt for meg sjølv. Han skal vere hemmeleg. Min hemmelege venn, kan han bli det, tru?
VENTE OG VAKTE Dina fortel ingen om fuglen. Ho berre tenkjer på han. Og ser etter han. Kvar dag etter skoletid speidar ho etter
6
Venner_materie_original.indd 6
09/10/12 11.48
fuglen. Ho har god tid, for William liker framleis ikkje jenter. Og Stina og Klara bur altfor langt unna og har ingen til å skysse seg heim. Så Dina er aleine, med ei fuglebok. På rommet til Dina er det nemleg ei bok om fuglar. Før var det farfar si bok, han hadde henne på rommet sitt. Men no er dette rommet blitt Dina sitt. Og boka er hennar òg. Boka er lita, heilt tynn og smal. Og full av fine fugleteikningar. Tenk at Dina ikkje har komme på å sjå i denne boka før? Teikningane er ørsmå, men dei er veldig nøyaktige. Og mange, så mange at det er teikningar av alle fuglar i heile verda. Og da må vel hennar fugl vere her òg? Korleis var det fuglen var, no igjen? Rosa. Og grå. Og litt svart, kanskje? Ho blar i boka. Ho finn mange fuglar som kan likne litt. Men å peike ut nett den ho såg, greier ho ikkje. Ho såg ikkje heile han. Da er det som det skjer eit under. For akkurat i det ho skal slå boka igjen, kva er det ho ser? Fuglen.
7
Venner_materie_original.indd 7
09/10/12 11.48
Fu gla r har små hja rt e som slår fort. Eit steindulphjarte slår nesten
500 slag i minuttet .
Han sit i treet rett utanfor rommet hennar. Brystet skin som ei lita rosa sol. Og ryggen, den er grå, kanskje? – Snu deg, vesle fugl, kviskrar Dina. – Snu deg og vis deg for meg. Men han gjer ikkje det. Han slår ut vengene og forsvinn i lause lufta, liksom.
GUT ELLER JENTE? Dagane går. Fuglen kjem ikkje, same kor mykje Dina blar i farfars fuglebok. Ho er nemleg begynt å sjå i boka kvar dag etter skoletid. Det står altså så mykje underleg der! Ein dag finn ho ut at fuglar kan ha ein farge om sommaren og ein heilt annan om vinteren. Ein annan dag ser ho at ho-fuglen kan vere heilt annleis enn hann-fuglen, sjølv om dei er same fuglesort. Vesle fine, rosa fugl, er du ein gute-fugl? undrast Dina. Er du ein William-fugl som ikkje liker jenter? Er det derfor du ikkje vil komme tilbake i hagen min? Ho leitar etter den vesle rosa fuglen i hagen, bak huset og bak garasjen. Ho vil så gjerne sjå han igjen. Han var jo så mystisk, så forunderleg fin. Dina ser etter den mystiske fuglen kvar ho går. Heime. På veg til bussen. Og på skolen. Ho ser
8
Venner_materie_original.indd 8
09/10/12 11.48
mange fuglar, grøne, gule, brune, kvite og grå. Men ingen rosa som gyngar seg gjennom lufta. Fuglen til Dina er ikkje å sjå! – Er det ufoar du stirer på? spør William ein dag. Dina veit ikkje om ho skal svare når han er så dum. Men ho liker han jo òg. Om litt seier ho: – Eg har oppdaga ein ny fugl. Ein veldig sjeldan fugl. Det er berre eg som har sett han. – Pøøh! Farmor har heilt sikkert sett han, blæs William. – Farmor veit alt om fuglar. Og så spring han sin veg.
MED NEBB OG KLØR Ein dag, rett før mor og far kjem heim, skjer det noko fælt. Først ser Dina ein glimt av den rosa fuglen. Ho ser han frå rommet sitt. Og det gjer henne sjølvsagt glad. Men så skjer det fæle! Noko svart kjem fykande. Rett mot ruta. Dunk! Ein fugl har susa rett mot vindauget. Ikkje den vesle rosa, han er heldigvis borte. Det er ein brun fugl som ligg igjen. Han ligg på hellene ute i hagen. Er han død? Nei, auga lever. Dei stirer på Dina, store og gule. Dei er så kvasse at det stikk i henne. Forsiktig – for ho er ørlite redd – listar ho seg ut. Fuglen ligg framleis i ro. Berre hovudet
9
Venner_materie_original.indd 9
09/10/12 11.48
Er
R o v fseglu ge lapå rut st re kt e venger. kan
ven gen e butt e og h a le n la n g , er de t
ei n
hauk.
med det krokete nebbet rører seg. Han er redd, han også, ser Dina. Til og med ein fugl som vil ete andre, kan altså bli redd? Dina bøyer seg over fuglen. Men da får vengene liv! Dei gjer eit par slag, og så er heile fuglekroppen i lufta. Med kraftige vengeslag seglar han bort. Men korleis gjekk det eigentleg med den vesle, rosa? Blei han så redd at han aldri vågar å komme igjen? Dina fer inn etter fugleboka. Ho leitar etter fuglar som har brune fjør, gule auge, kroket nebb og sterke klør. Er det ei ørn? Nei, ørner er mykje større. Men kva med hauk? Av haukar finst det både hønsehaukar og sporvehaukar. Og sporvehauken er minst. Så det kan kanskje vere den? Om det ikkje er ein veldig liten hønsehauk, da?
LEVANDE MAT Frå no av ser Dina etter to fuglar: ein stor brun, og ein liten rosa. Det blir den brune ho ser igjen først. Han kjem fykande frå dei store granene ein morgon ho skundar seg til bussen. Men den brune er slett ikkje aleine. I klørne har han ein fugl. Enn om det er den vesle, rosa?
10
Venner_materie_original.indd 10
09/10/12 11.48
Dina spring til. Ho vil at hauken skal sleppe den vesle fuglen. Men det er for seint! Når hauken lettar, ligg det igjen ei fille av ein fugl. Brystet er borte. Berre vengefjørene er heile, dei skin i grått og grønt. Og kanskje litt rosa? Dina er ikkje sikker, men ho får ikkje tid til å undersøkje det nok. Ho må springe for å nå bussen. Setet ved sida av Stina er ledig. Dina dumpar ned og fortel henne om fuglen. – Så ekkelt, seier Stina. Ho vil helst ikkje snakke om det. Men Dina greier ikkje å slutte å tenkje på den sundrivne fuglen. Var det fuglen min? tenkjer ho. Var det den rosa fuglen som var riven heilt sund? Ho får ikkje ro. Eg går på biblioteket, tenkjer ho. Der skal eg nok finne ut av det. – Har du ei bok om fuglar som et andre fuglar? spør Dina skolebibliotekaren. Og så fortel ho om den brune fuglen i granene. – Det kunne vere likt ein sporvehauk, seier bibliotekaren. Han har funne ei bok som er full av teikningar. Kvar fugl har eit nummer. Og når Dina slår opp på det nummeret bak i boka, kan ho lese meir om fuglen.
m havørna. o s r o t s å s I n g e nNeårr du ser h e n n e i svev, ge r. ngt ut se r du b r e ie vd ens o m s t ik k li k e la u O g e it h o v st je r t e n st ik k ut ba k. m fr am m e so
11
Venner_materie_original.indd 11
09/10/12 11.48