Skip to main content

Under

Page 1

Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 1

1


Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 3

Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag

UNDER Søsteranarkistane I

Samlaget Oslo 


Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 2

2


Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 5

–– #Memo. Syttitre år etter reboot. Menneska. Sjå korleis dei rotar og grisar og skrik. Her er ingen songfuglar. Ingen rev. Ingen hare. Berre skitvatn som viklar seg fram mellom haugar av avfall og skrot, vatnet glimar svart og blankt i skumringa. Dagane og årstidene et på kvarandre. Det må nærme seg kveld. Eller er det morgon? Oskehimmelen ligg lågt over byen, men ein stad bak skyene og røyken finst lys. Nokre små ansikt ser lengtande ut av eit sotete vindauge, det er barneheimsjentene. Dei vil til atriet. Dei elskar treet i atriet. Blada på treet er så grøne. Aller grønast er dei nyaste knoppane. Den varme pusten til jentene doggar på glaset. Dei er låste inne. Så er dei trygge. Eg vil skape ein nisje for dei i økosystemet. Desse jentene treng fuglesong. Det finst eit individ med potensial blant jentene. Ho er notert for særskild overvaking og total skanning. Sjansen for overleving er  prosent.# ––

5


Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 6

1. Ela. Henta Handa grip Ela om armen og ristar hardt i henne. Ho bråvaknar, veit med ein gong kva det er. Dei har komme for å hente henne. Ho held pusten, kjenner hjartet slå lik ein borhammar i brystet. Ansiktet hans er i halvmørke, men ho ser det likevel; auga er svarte kuler utan noko kvitt i, eit svartauge, ein offiser. Bak han ein til med det same steinblikket. Svartauget grip hardare i armen, held fast, hansken kjennest grov mot huda hennar. I den andre handa held han ei lykt, virrar lyskjegla mot ansiktet hennar så det gjer vondt i auga. I augnekroken ser ho det kvite håret sitt skimre sølvaktig, som ei sky av flugevenger. Ho svelger, armane og beina prikkar, sovesalen, dormen, er eit uklart bilde i det blendande lyset, dei to svartauga framfor henne liknar kjempeinsekt. Det er som om Ela krympar, liksom smeltar ned i senga, i svarte blaff ser ho for seg det som kjem, det kjem til å gjere vondt. Eit vilt sinne driv gjennom hovudet, gjer henne modig, og før ho får tid til å tenke, prøver ho å vri seg fri frå handa og sparkar laus etter svartauget. Men handa hans er ein sterk mannsarm, held hardt fast. – Opp! Opp no, dritjente! Du skal komme med oss. Han drar i Ela no så ho blir sittande på sengekanten. – Oi! Qù n˘ıde, slepp meg! 6


Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 7

••• Det må vere Sarin som står bak. Først tok Sarin alle pengane hennar, og no dette. Ela tenker på Lilin som blei henta i går natt, natta før der igjen blei to jenter slepte ut. Dei gret då dei blei førte vekk. Ingen har sett dei sidan. Eg må komme meg unna, tenker Ela, blikket sveiper rundt den svære, mørke dormen. Eg er rask, eg kan klare det. Men ingen stader er trygge. Det er angivarar overalt, jenter som skaffar seg fordelar av fèngchéngane. Eller frå volpane. Angivarane blir med dei og kjem tilbake med lommene fulle av mat og smykke. At dei kan. Har inga ære. Tenker berre på seg sjølve. Frå jentene i sengene rundt henne kjem det ikkje ein lyd no, ikkje ei rørsle. Ikkje eitt ope auge ser på at ein svær volp drar i henne der ho sit på sengekanten. Feigingar! Sei noko, tenker ho, hjelp meg, ver så snille. Men sovesalen er tyst, som om alle held pusten. Jentene ligg stille slik ho sjølv har lege still når dei andre jentene blei henta. Kunne ho skrudd tilbake tida til i går, så skulle ho kjempa for dei. Men det er for seint. Ho ser skrått opp på volpen, prøver å gjere seg så søt som råd. – Slepp meg, kviskrar Ela. – Dette er ein feil. – Nei, du er den vi skal hente. Han sveiper handleddet sitt over hennar, skannar biochipen alle har der. Du er Ela. 15 år. Kom frå háiziHemmet for to år sidan. Jobbar i prodeininga.

•••

7


Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 8

Ela lukkar auga. Høyrer sin eigen pust. Avslag på søknad om å besøke yngre slektning, stod det på det feittete papiret som Mol, skuggen til Sarin, kom og trykte inn i handa hennar i går. Ikkje mogleg å klage på avslaget, stod det med små bokstavar under. Ela krølla det saman og kasta det på golvet. Det er to år sidan ho såg Sika. Ho er att på barneheimen, ventar på å bli flytta. Ho er så lita. Ansiktet hennar er som mjukt glas. Svalt og glatt. Ela lova å passe på henne. Ikkje gå frå meg, gret Sika då dei kom og henta Ela. Snart kjem du etter. Snart er vi saman igjen. Ela sa det for å trøyste henne. Ho trudde på det sjølv, til og med. Men Sika kjem ikkje til å komme til same sektor. Familiar og venner skal splittast for rettvis fordeling av kjærleik, seier Ingmor. På infHoloen seier Ingmor at det er restriksjonar på besøk mellom sektorar på grunn av smittefare. Det er til alles beste. Etter avslaget gjekk Ela til Sarin. Drog fram synteple frå hemmelege lommer i tunikaen, la dei på bordet. – Du har makt, du kan hjelpe, sa Ela. – Eg har med eple til deg. Du liker frukt, gjer du ikkje? – Frukt! Gi meg pengane dine, så skal eg ordne ein permisjon for deg, sa Sarin. Og Ela trudde at ho kunne sjå noko bak det harde blikket til Sarin. Som rennande vatn under is. Ein gong var dei som familie. Gjekk saman med dei andre små jentene til treet i atriet. Dei elska dei grøne blada. Men det er lenge sidan. – Takk, sa Ela, – takk, Sarin. Eg visste at du hadde eit hjarte. Men Sarins hjarte er giftig.

••• 8


Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 9

Svartauget stirer på henne med steinblikket sitt. Støvlane hans knirkar mot golvet når han lener seg fram. Ei metallisk lukt av gråvatn siv frå frakkane deira. Ho må prøve, sjølv om ho veit det er nesten umogleg. Men ho har lurt volpar før, nokre gonger kan ein komme laus frå grepet deira om ein er smart. – Eg var ikkje vaken, det var derfor eg gjorde motstand. Ja, eg er Ela, men det kan ikkje vere meg de skal hente. Eg er berre ein ærleg arbeidar i Grøn Sektor. Ein god tenar i Zeijang-Volvo. Ein av Ingmors små lydige døtrer. Ho drar teppet sitt rundt seg heilt opp til haka, prøver å sjå lita og uskuldig ut der ho sit på sengekanten. Men volPolisen trampar med støvelen, er kvassare i tonen no. – Du er anklaga for kriminell aktivitet av alvorleg karakter. – G˘unk¯a i! bryt ho ut, kviskrar det mellom tennene før ho får tenkt seg om, ser med det same at han har høyrt det. Hanskehanda treffer øvst på kinnbeinet når han fiker til henne, den sviande kjensla frå kinnet søkk inn i henne som ulmande fortviling. – Antydar du at våre kjelder lyg? VolPolisen sparkar hissig i sengestolpen. Han er ein gamling, sikkert førti, minst, luktar sursøtt piss. Cào. Kva er det som feiler deg, din psykopolis? Få dei klamme fingrane vekk frå armen min, tenker ho og høyrer volpen seie: – Du skal straffast for alvorlege brotsverk. Alt du seier, vil bli brukt mot deg. Ein varm flamme blussar opp i hovudet, veks og veks, som brannane dei kunne sjå gjennom vindauget frå háiziHemmet. S˘ı pì y˘an Sarin. Så eksploderer Ela. 9


Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 10

– Eg har ikkje sett den vesle søstera mi på to år. Eg har søkt og søkt om å få permisjon. Eg saknar søstera mi, høyrer ho seg sjølv skrike. – Sjå på deg sjølv, din mette feite gris. Zhu- ! De får alt, de bestemmer alt, vi får ingenting. Med det same ho har sagt det, kjenner ho den harde handbaken treffe kinnet igjen, mykje hardare no, slaget slenger hovudet rundt som på ei filledokke. Ei kald iling skjelv gjennom kroppen. – Du er på feil side, kvekker ho, kjenner tårer stikke bak augnelokka, men han skal ikkje få det, ikkje tårer. Ho ser han rakt inn i auga, vik ikkje. – Du kjem til å bli straffa for dette. Ingmor seier at rettferd skal skje. Ingmor er god!

••• Volpen ler vondskapsfullt, tar tak i håret hennar, vrir rundt og drar henne opp. Sølvkre knepper under foten, blir til sleipt belegg når ho trær føtene i sandalane. Han slepper håret brått så ho må stø seg mot senga. Eg skal drepe Sarin, tenker ho mens ho trekker den grøne arbeidstunikaen sin over nattkleda. Volpen glor på henne. Ho vil slå dei svarte, kalde kulene som stirer på henne til mos, klore dei ut, men volpane er væpna og sterke, sonPàoar heng over skuldrene deira. Soniske gevær. Dei kan drepe henne på sekundet. Ela triv med seg nylonposen som alltid ligg under puta når ho søv, smit den opp i lomma. Ho kan det, snike til seg ting utan at nokon ser. Posen er svart med eit raudt og grønt broderi ho har laga sjølv. I den har ho multiJúen. Faldekniven. Ho sparte lenge før ho fekk råd til den, bytte den frå ei eldre jente, ein maskinist. Kni10


Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 11

var er ulovlege, men mange har slike, ein treng det her. Så snart ho får sjansen, skal ho køyre den i magen på Sarin. Murringa frå transportbanda dei går på, synest høgare no på natta når bandet er tomt for folk. Normalt er dei tre i breidda begge vegar. Lysrøyra lyser berre svakt i døropningane dei passerer. Enno er det natt eller kanskje tidleg morgon, ho veit ikkje. Ingmor tillèt ikkje klokker. Ho passar på tida for dei. Ela kjenner brått fortvilinga bølge over seg, og liksom før ho får tenkt seg om, sparkar ho etter dei knirkande frakkane. Svartauget bråstoppar, seier: – Vald mot ordensstyrken er brot på reglementet. Du har no tre regelbrot, og vi må reagere. Hanskehanda hans ligg som kaldt kjøtt i nakken når han slenger henne ned på bakken med eit hardt dytt. Ho landar på olbogen mot det rifla transbandet, mistar nesten pusten – så vondt gjer det. Ho ligg nokre sekund med det kalde metallet mot kinnet, kjenner eit hardt spark i ryggen. Volpane er alltid menn, gutar har så lett for å vere brutale. Det er derfor det er nesten berre jenter i sektorane, ein kan ikkje ha så mange menn gåande laus, seier Ingmor. Dei må kontrollerast. – Dritjente, sh˘ab¯ı. Du seinkar oss, seier svartauget, drar henne på beina att. Han synest endå meir utgammal ute i korridorlyset, zhú, den grisen, han kan aldri ha fått nokon foryngingskur. Du er stygg, tenker Ela, som ei skabbete bikkje, cào! Han flirer no, kjem heilt opp i ansiktet på henne og tar av seg hansken. Den gamle, beinete handa hans legg seg på baken hennar, stryk henne ivrig, ho kjenner den lik eit utslett gjennom det slitne stoffet i tunikaen. 11


Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 12

– Kanskje vi skal ta henne med ein tur på bakrommet? seier han til det andre svartauget. Ho stirer blindt framfor seg, drar fingertuppane over posen med multiJúen i lomma, ser for seg det blanke bladet hogge seg inn i eit svart auge. Det kjem litt spraking frå høgtalarar, så høyrest Ingmor si mjuke røyst frå infHoloen langs veggane. Volpen skyv Ela vidare, men så slepper han taket. Det er som om han ikkje tør gjere noko så lenge hologrammet av presidentDirektør Ingmor ser dei. –– Høyr, høyr, småjenter, de som går nattskift. De som held reint. Det er viktige jobbar de gjer, de er sjølve hjarteslaga i Zeijang-Volvo. No er det på tide å ta ein velfortent kvil på dormen. Sov godt, lat draumen opne seg! Og hugs – i Zeijang-Volvo held vi kvarandre i hendene! –– Gangen dei går gjennom, har raude veggar. RAL3020. Raud Sektor. Ela heldt mykje på med urfargane på háiziHemmet, ho kunne sitte og blande fargar i timevis, kan dei alle saman. Frå golvet og 96 cm opp er det blodraudt, resten er kvitt. Ela kjenner redsla drive gjennom beina, gjennom magen og opp i hovudet. Ho er i Raud Sektor! Alle er redde for Raud Sektor. Rykta seier at jenter blir drepne her. Seier det ikkje rett ut, men nesten. Lilin frå dormen. Ela ser for seg ansiktet hennar. Er Lilin også tatt med hit? Volpane går eit skritt framfor henne, blikka vende framover. I eit tidels sekund stoppar ho opp, før ho 12


Under ferdig.qxp_A 10.10.2017 10.43 Side 13

vender om og spring det fortaste ho klarer, mens ho ser til høgre og venstre etter smau, opne dører. Men det er berre breie, raude gater, ingen stader å komme ut, ho må berre springe, og ho prøver å springe endå fortare, høyrer sin eigen pust, høg og framand, føtene er fylte med uventa krefter. – Hei, stopp. Stopp! Høyrer ho svartauget rope ut, men ho fortset å springe, kjenner føtene hamre mot bandet i transgata. Så. Noko hardt treffer henne i ryggen, den konsentrerte lydbølga frå sonPàoen er ein kjempeneve som løftar henne frå golvet og slenger henne bortetter. Lungene er med eitt tomme for luft, ho klarer ikkje å puste. Ela ligg som ei fille på bakken, høyrer seg sjølv hive etter pust. Ho blir liggande med ansiktet ned i transbandet som sig bortetter, kjenner huda filtre seg ned i underlaget. Så er dei der, sparkar laus på henne, i magen, i låret, i ryggen. Ho held armane rundt hovudet, krøllar seg saman til ein liten ball, græt lydlaust mens dei sparkar og sparkar, og ho ser på volpen mellom fingrane, som for å be om nåde, men dei svarte auga har ingen uttrykk i det heile. Skåne, tenker ho, du som er volp. Skåne, du må hjelpe meg! Regel sju hamrar seg inn i henne ord for ord: Oppvigleri fører til omsorgsfull reprogrammering og overføring til Svart Sektor. Styrarinna på háiziHemmet brukte å seie: Du klarer deg alltid, Ela. Du er den sterkaste av alle barna mine. Men kva hjelper det no. Ei rotte smett inn bak ei rad tommeltjukke røyr som følger golvet bortetter. Den blir vekk, set berre att små spor i kvit, avskala murpuss og ei sveipande stripe etter halen. 13


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Under by Det Norske Samlaget - Issuu