Skip to main content

Tre vener og ein dum ting

Page 1

og inni drømmen: en drøm om ei seinsåmmårsnatt og inni den drømmen en dagdrøm, ja en dagdrøm inni seinsåmmårsnattdrømmen inni kråsåfarne blækkspænnhuet

Kælven (Leif Høghaug)

3


i opphavet kalla mor meg Rånnien for i augo hennar var eg ingen tilfeldig Rånni men sjølvaste Rånnien og mor er død med kiste og blomar og hendene på magen for lenge sidan men Guri og Kjørvald har alltid kalla meg Rånnien og det er eg framleis dersom eg då framleis er meg men det trur eg trass i det dumme som har hendt og trass i at eg på grunn av den dumme hendinga har stått fasttjora til ein raudmåla naustvegg som ei bikkje og det er ikkje det verste men det må eg fortelja om før eg kjem vidare så no spolar eg attende som ein gammal kassettradio til den kvelden då det dumme skjedde og det var på stranda og det var på grensa mellom seinsommar og den tida då lauvet vert brunt og ramlar ned og tørkar opp og blæs vekk i alle fall så lenge det er opphaldsvêr og me bestemte oss for å gå til stranda og sjå på solnedgangen med noko godt i glaset som Kjørvald sa og det passa meg bra for eg trong ein tur ut og Kjørvald visste nok det for eg har alltid hatt denne trongen til å gå og han hadde drikke med seg på ølflasker men det var ikkje øl på flaskene det var heimebrent som var blanda med eitkvart og eg merka det straks men me drakk likevel og saup som faen og vart fulle og rulla omkring i fjøresteinane nesten før me hadde lukta på skvipet men du kan tru det brann i matrøyret og eg er ikkje sikker på rekkefølgja for me hadde allereie røykt eitkvart som smaka merkeleg liksom av brake og det var ikkje så reint lite heller som Kjørvald hadde fått frå ein av kontaktane sine som han støtt snakka om så alt var i grunnen like løye og det gjekk som det måtte for Kjørvald sprang i veg ja han sprang som ei geværkule eg har aldri sett fullare mann springa fortare for augo kunne ikkje følgja han eller det ekkoet av jakka hans som hang att innpå netthinna mi så det likna ei teikneserierute som skal syna kor fort nokon spring og så går det så fort at ein berre anar fargen som sit att 4


framfor fjeset og så er det ute av biletet men ein rekk ikkje snu på augo for å laga eit nytt bilete for då er hin karen straks ute av det og dermed måtte det vera noko han hadde fått for seg og fått i seg sjølvsagt for Kjørvald vart villare di meir rusa han var men kva idé som stod i hugen på han visste eg ikkje sjølv om det måtte ha vore eitkvart som hasta for han hadde det travelt som ein nyårsrakett og han var fæl til å springa Kjørvald også i edru tilstand ja han hadde sprunge stafett særleg i oppoverbakke då sprang han forbi heile feltet og gjerne to eller tre etappar om det var bratt men nett denne kvelden sette han inn ein ofseleg fart som me ikkje hadde sett før så det måtte nok vera eitkvart viktig ja det måtte det og me vart einige om at han kom tilbake snart for spriten var jo hans så me heldt fram med drikkinga og såg utover sjøen og naut solnedgangen som glitra og fekk sjøen til å likna ei endelaus diskokule som ei eller anna gygremor hadde trampa paddeflat i svartsinne og hadde me hatt musikk sa Guri så skulle me ha dansa heile natta og ho gløymde at det kom til å verta mørkt for det var lenge sidan sola hadde snudd og dette glimande lyset skulle ikkje vara men Guri var som ein unge og såg ikkje anna enn augneblinken og det misunnte eg ho det skal eg innrømma men samstundes var ho dum i hovudet og drikkinga gjorde ikkje saka betre korkje i augneblinken eller i lengda det skal vera sikkert tvert imot vart ho galnare enn oss andre og det skal godt gjerast når eg tenkjer tilbake på korleis me var på den tida for me likte alt som small og eksploderte og alt som var farleg og ein kan ikkje anna enn å takka den norske formyndarstaten for at det var såpass vanskeleg å få tak i her på Skrotneset som ikkje nett er verdas midtpunkt ifølgje folk flest men dei tek jo vanlegvis feil og uansett vart ikkje Kjørvald hindra av statlege forbod for han hadde desse kontaktane sine og fekk tak 5


i alt me kunne fantasera om og kven desse kontaktane var og i kva grad dei var pålitelege var det ingen som visste men støtt hadde han eitkvart nytt som desse hadde klart å selja han og no kom han springande tilbake så eg berre høyrde fjøresteinane spretta og såg glimtet av raudfargen i jakka hans borti kvelden med eit eller anna i handa men før me visste ordet av det var han framme og fekk meg til å halda ei rifle medan han tok ei pappøskje med ammunisjon frå jakkelomma og tok ein støyt frå ei tilfeldig spritflaske for det fanst ikkje mitt og ditt lenger det gjaldt berre å hiva innpå for han hadde fått eitkvart for seg og gløymt alt anna og det var sånne kuler som øydelegg alt sa han farlege ulovlege kuler og berre berggylta veit kor dei kom frå men det var vel ein av desse kontaktane då og dette var det altså han hadde hatt det så travelt med å syna oss og så gjekk det som det måtte når ein byrjar å sysla med skarpe skytevåpen i skitfylla ja det har me vel alle vore borti ein gong og han trykte fem patroner inn i magasinet altså ikkje berre éi men fem og tok ladegrep for eit eller anna måtte ofrast slik at han fekk synt fram den øydeleggjande krafta som låg i desse grovkalibra kulene med hol tupp som ein visstnok kunne skyta elefant med men det trudde me ikkje før me fekk sjå det og her nedmed fjorden hadde me sete og skråla så lenge at me for lengst måtte ha skremt vekk det som fanst av elefantar ja sjølv mammutane måtte ha kvikna til og lagt på sprang no men Guri meinte me sikkert kunne finna ein om me leitte litt og eg sa ja visst sjølvsagt må me leita men Kjørvald stod og trippa og klarte ikkje roa seg så eg forstod at han ikkje hadde tolmod til noka vill elefantjakt nett no så eg sa kanskje me kan skyta noko anna og Kjørvald ja kanskje det og Guri sa kanskje me kan skyta lyr og ho hadde gjort det før ein gong og då var ho neppe meir edru enn no men 6


dette var berre ei skrøne meinte Kjørvald det går ikkje an å skyta lyr for alt vert skeivt nedi vatnet og dessutan var sola allereie på veg ned ein eller anna stad utaskjers kor no den hadde tenkt seg og me såg ikkje ein skit i sjøen så den tanken slo me snart frå oss men kanskje naustveggen der borte sa eg ja kanskje den morkne naustveggen svær som ein elefant kunne ta imot ein salve om ein då ikkje berre skulle skyta lyr nedi vatnet likevel berre for moro skuld ein gong fyrst for å sjå kva som skjedde det kunne me fint meinte Guri og som sagt såg me ikkje ein kløyva skit i sjøen og ingen av oss høyrde uansett på Guri lenger for ho var så full i skit at me andre likna to nyskrubba rævhòl men Guri fekk løgne idear i fylla og så festa ho seg ved dei og nekta å innsjå realitetane så me var på vakt og stolte ikkje det grann på at ho kom til å snakka fornuftig men eit tre kunne me då skyta meinte eg ja her var nok av bjørk furu og annan slags jævelskap som eg ikkje klarte å skilja borti tussmørke skogbrynet men det finst alltids ein eller annan tresort som menneskeslekta har noko uoppgjort med og Kjørvald var ikkje spesielt begeistra for brake sa han og det såra meg for eg har alltid vore glad i dette seige og krokete treslaget men på ei anna side visste eg ikkje kor alvorleg eg skulle ta fyllepreiket hans og braken var dessutan ikkje lett å sjå han var mest berre ein skugge og rett nok likna skuggen ein drake men det var ikkje spanande nok nei me måtte tenkja større ein båt til dømes ein båt ja eit stykke godt tradisjonshandverk det ville vore saker då kunne me i det minste sjå om han sokk og det ville vel ha ein underhaldningsverdi i alle fall større enn ein traspa brake om me hadde greidd å treffa ein brake borti mørkeret det trudde eg ikkje mykje på men så hadde eg heller aldri sett godt om natta eg veit ikkje kvifor kanskje eg ikkje hadde ete nok grønsaker men det var ikkje natt heilt enno 7


sjølv om det truleg kom til å mørkna heilt innan me fekk bestemt oss for å trekka av og då ville det uansett ikkje vera mykje glede å henta gjennom synssansen i alle fall ikkje for meg dessutan byrja eg å synast det heile var ein dårleg idé så eg treiv ei av ølflaskene med sprit og heldt fram å drikka medan eg tenkte meg om og dei andre følgde meg i det og snart syntest me alle saman at det var ein god idé å skyta ein båt men skulle det vera plastbåt eller trebåt personleg gav eg faen men Kjørvald var oppteken av den materialtekniske skilnaden og Guri meinte det måtte vera ein skikkeleg plastbåt og her låg både askeladdar og trefæringar på ile så det var i grunnen berre å velja og vraka bokstaveleg talt men Kjørvald ville sjå korleis treverket vart til splintar og kor stort hòl det vart og plast var ikkje det same meinte han det ville berre flaka seg og sjå stygt ut nei det var annleis med skikkeleg tre så han såg seg ut ein færing som ikkje såg ut til å ha vore ute på ei stund og sikta grundig i alle fall så grundig som ein kan når ein er nær døddrukken av heimebrent det vil seia at geværpipa veiva så det i grunnen var umogeleg å sjå kva han sikta på i alle fall med mitt nattsyn men med eitt small det og det synte seg at han i det minste hadde trekt av på rett tidspunkt for treflisene fauk og færingen rugga i vatnet og byrja å halla sidelengs medan Kjørvald fór bakover, for han hadde visst stått rett opp og ned utan å tenkja på den overraskande kraftige rekylen og dermed ramla han over både Guri og meg som hadde stått på det me trudde var trygg avstand bakom han utan å tenkja meir på rekylen enn skyttaren sjølv hadde gjort så me landa i ei klynge på fjøresteinane under han og som han lo for det small så inni helsike og pipa fekk ein annan lyd kan ein seia for øyro peip som røykvarslarar på eit jonsokbål og ingen av oss hadde tenkt på at det skulle smella så fort og høgt og fingrane våre 8


hadde me ikkje rokke å stikka korkje i jorda eller i øyrehòlene og Kjørvald gav visst faen uansett så det var eit mirakel at han ikkje for lengst var døv slik han heldt på men gjennom pipinga kunne eg høyra eit nytt ladegrep og Guri ropte faen ta deg det var jo vår båt og ho greip etter rifla og sa at då skal eg hunden steike meg få skyta den fordømte plastholken din han ligg vel bortmed naustet ditt nei ikkje snakk om sa Kjørvald og treiv rifla til seg att og dei vart liggjande oppå meg og slåst om våpenet medan pipa veiva omkring rundt nasen min utan at eg kom meg vekk og det var då det skjedde det som skjedde og som ikkje skulle skje men som sjølvsagt berre må skje når ein tuklar med skarpladde skytevåpen i skitfylla for endå eg ikkje visste kven som rota fingeren borti feil stad og det var eg ikkje sikker på om dei visste sjølve heller så gjorde einkvan det og sikringa var sjølvsagt ikkje på for det var Kjørvald som hadde skote og våpenet gjekk så innihelvete av og det small som eg aldri har høyrt det smella nokon gong og i ein augneblink tenkte eg med irritasjon på all verdas nek og rævhòl som skulle få leva vidare på jorda etter at eg var død og så vart det svart som i grava som langt nedi svarte jorda og røykvarslarøyro peip som dei aldri hadde pipe men så stilna dei og ei stille av denne sorten burde ha hange att i øyro mine men det var heilt stilt og fritt for øyresus og eg visste ikkje kven eg var eller kor eg fór eller om eg i det heile teke var menneske lenger og deretter hugsar eg ingenting men eg skal fortelja det slik det fyrst vart fortalt til meg for då dei to såg kva dei hadde gjort gløymde dei straks dette med båten og Guri skreik at me har skote hovudet av Rånnien og det var ei sanning med modifikasjonar for Guri har ein hang til å overdriva men når sant skal seiast var det ikkje mykje å samla på for elles er eg sikker på at Kjørvald hadde samla det opp han samlar faen på alt men det var 9


altså knapt ei beinflis att sidan desse ulovlege kulene var så farlege og eg låg still medan desse to sprang i ring rundt einannan i alle fall ser eg det føre meg slik medan dei lurte på kva dei skulle gjera og som kjent er det ikkje lett å tenkja klårt i skitfylla trass i at ein straks vert meir edru når slikt skjer men ikkje edru nok så dei fekk visst roa seg ned litt før dei vart ståande og mønstra skaden og Guri ville helst at det ikkje skulle vera sant så ho snudde seg vekk og tok til å gråta medan Kjørvald mest stod som i sjokk for han hadde aldri sett slikt før stakkar og syntest synd på meg og på seg sjølv for at han hadde kjøpt desse ulovlege kulene som hadde gjort så stor skade sjølv om det slett ikkje er sikkert at det hadde vore betre med lovlege kuler nett i dette tilfellet men kven veit det kunne vel henda eller tvert imot så kan det henda at dei ulovlege kulene gjorde kort prosess på ein måte som ikkje gjorde vondt for det kan eg ikkje seia det gjorde eigentleg det var mest berre eit slags sjokk mot organismen og medvitet før det vart heilt svart og tomt og eg ikkje kunne sansa meir men det stemmer ikkje for det var ei kort stund då eg kjende at eg ikkje kunne kjenna noko før alt må ha vorte til ingenting men stunda kjendest lang kanskje nesten uendeleg lang sjølv om eg ikkje klarte å nytta ho til anna enn å føra ein slags rekneskap over alle idiotane som var heldigare enn meg og dei to andre var livredde stakkar for det dei hadde gjort og kva som skulle skje og korleis dette kom til å gå og kor fulle dei var og kor dårlege dei var til å tenkja for dei gjorde ingenting av det ein fornuftig edru person ville gjort og det forstår eg sjølvsagt godt for det hadde ikkje eg heller gjort i deira situasjon men dei gjorde noko heilt anna og det var sjølvsagt Guri sin tåpelege idé og det er ikkje til å tru at Kjørvald skulle synast det var verdt å satsa på eller korleis han eigentleg tenkte men han 10


var vel i sjokk og visste ikkje kva han skulle tru så det eine forslaget verka like godt som det hitt og Guri sa altså at me må finna eit eller anna å putta der i staden det var det som var forslaget og Kjørvald tenkte vel på eit eller anna vis at det berre var logisk det og dei såg rundt seg og det var ikkje anna enn stein og brake og det stod klårt for dei båe at ein brakebusk ikkje kom til å duga for det likna ikkje nok på det som hadde vore men samstundes fanst det ikkje tid til å grubla for mykje over saka og Guri sa eg trur det hastar ja det gjer det sa Kjørvald me må leita og Guri skreik at du må leita Kjørvald du som er så fæl til å springa ja visst sa Kjørvald eg må leita og så sprang han og han sprang som eit helvete men dette såg ikkje eg så eg har framleis orda mine i behald om at eg aldri hadde sett ein full mann springa så fort som då han sprang for å henta rifla og dei ulovlege patronene men denne gongen skal han visst ha sprunge endå fortare sjølv om det er klart at det var mørkt og alt ser litt fortare ut når det er mørkt og dessutan var dei fullare enn før og når ein er full vert synet tregare men i alle fall fór han som eit skot gjennom sommarnatta om det då ikkje var haust men det var vel litt av både det eine og det hitt det er ikkje så nøye for årstida var uansett berre uinteressant bakgrunnsstøy men Kjørvald sprang i alle fall samstundes som han tenkte og grubla og hovudet gjekk ikkje like fort som beina men han grubla og funderte og spekulerte på kva han skulle finna og ikkje minst kor han skulle leita altså kor han skulle springa for han hadde i grunnen berre pilt av garde utan ein plan og det er klart at dette er vanskeleg når ein spring så mykje fortare enn ein tenkjer men på eit eller anna vis klarte han å hugsa naustet og at han måtte springa til naustet som han for lengst hadde sprunge forbi så då denne tanken spratt fram som eit troll-i-øskje i hugen hans slengde han ut 11


armen i fart og greip om stamma på ei furu som han snurra ikring så mykje at han greidde å springa attende og det så snart at han small i treveggen før han rakk å tenkja på å avpassa tempoet og dermed vart temmeleg ørsken av samanstøyten men like fullt låste han opp i ein himla fart og slo på lyset og desse nymotens gasspærene tek sjølvsagt ikkje omsyn til at ein har det travelt så då dei omsider vakna frå dvalen hadde han fått att både pusten og medvitet slik at han makta å sjå seg om og betrakta haugane av skrot han hadde samla opp i dei tre åra han hadde budd åleine som vaksen for der fanst alt ein kunne tenkja seg ein måtte berre vita kvar ein skulle leita og at det fanst noko som eigna seg til nett dette føremålet hadde han sjølv i dei villaste fantasiar ikkje teke høgd for så han tok til å rota gjennom gamle mjølkespann og uopna postpakkar og haugar av siste skrik i fiskeutstyr og han var fæl til å leita det hadde han alltid vore for støtt trong han delar til eit eller anna prosjekt og då måtte han leita så leiting hadde han lang erfaring med men ingenting var innvikla nok eller likna nok til å kunna brukast så han leitte vidare og fann to batteridrivne fjernsynsapparat eit par årar til ein gummibåt og eit sveiseapparat og eit telt heilt ubrukeleg alt saman og han byrja å få dårleg tid og kva med Guri som stod og venta så han treiv radioen som stod på muren og hadde om lag den rette storleiken og sprang attende i ein fart så Guri knapt merka at han hadde vore vekke før han heldt radioen opp framfor ho og det var ingen vanleg radio det var ein dyr båtradio som han hadde kjøpt på alibaba.com og importert med toll og moms og gebyr til langt inn i nasehòlene så det hadde vorte dyrt for han den gongen men no stod han berre i naustet og støva ned for han hadde ikkje funne den rette båten enno men radioen hadde han i det minste og den kunne både det eine og det hitt og den delen 12


ein skulle snakka i hang og dingla i ein krøllete leidning og Guri skreik ein radio er du på styr me kan vel ikkje bruka ein radio men Kjørvald sa roleg at det var det einaste han kunne finna og det var ein dyr radio som han helst ikkje ville skiljast frå men at det var no eller aldri og då var det som om Guri med eitt skjøna alvoret likevel for det er ikkje mange minuttane ein har til rådvelde i ein så alvorleg situasjon det veit me godt alle som har sett nokre timar sjukehusdrama på fjernsyn for det er mykje som kan gå gale i ein skrott på kort tid særleg for ein som har fått skote av seg hovudet og i grunnen var det ikkje så mykje anna dei kunne gjort det var då trass alt eit ærleg forsøk men eg orkar ikkje tenkja på korleis det må ha sett ut då Kjørvald festa radioen til halsen min det må ha sett ut som ein dårleg b-film eller kanskje snarare det reine vanvit men alt såg i grunnen like gale ut og dei som eg hadde hatt i seg både det eine og det hitt for det er ikkje så mykje anna å ta seg til når ærlege arbeidsfolk held på å gå på veggene her ute i distriktet og utan kjemiske stimuli hadde dei vel aldri komme på ideen så det var eit herrens lukketreff ikkje at eg trur på gud men eit herrens lukketreff var det at dei hadde hatt i seg alt dette og du må ikkje tru korkje Kjørvald eller Guri slutta å drikka medan dette gjekk føre seg snarare tvert imot heiv dei innpå for å roa nervane og kven kan vel klandra dei for eg tenkjer berre på kva eg sjølv ville gjort hadde eg skote hovudet av til dømes Guri for det må då vera umogeleg å behalda roa etter ein katastrofe som denne og hadde me skote hovudet av Kjørvald så ville det vore enden på soga men Kjørvald skrudde og sydde og fikla og til slutt sa han at no hang visst nyhovudet på men det var ikkje godt nok det var ikkje skikkeleg festa og han måtte ha verktøy så Kjørvald tok meg etter armane og Guri tok føtene og så bar dei meg bort i naustet og la meg på ein 13


vaklevoren høvelbenk og Kjørvald leitte etter drill og sveiseapparat og arbeidslys og alt det han visste han hadde einkvan staden men som måtte gravast opp mellom bakkar og berg av skit han hadde kjøpt på nettet for det var det han dreiv med når han sat heime det var å kjøpa skit på nettet og stundom miste han interessa for produktet allereie før det kom i posten og det var vel difor han ikkje hadde råd til den båten han ynskte seg men takk og lov seier eg berre for han hadde alt som finst av spesialverktøy rett nok gjerne av billegaste sort for han var ikkje typen til å seia nei til eit godt tilbod og dermed var det støtt noko som knakk men det var ikkje verre enn at han seinare fekk gleda av å ta på seg meir gjeld for å kjøpa nytt og i alle høve tok han til å sveisa og lima og fresa og ordna og drikka slik at radioen skulle sitja skikkeleg og drikkinga var minst like viktig som dei andre tinga men gudane veit kva som gjekk føre seg den natta for båe to vart fullare og fullare og heldt fram med å røyka denne importerte mosen som Kjørvald hadde posar fulle av og til slutt var visst minnet svart også for dei men eit eller anna må dei ha fått til for utpå morgonkvisten kom eg til meg sjølv og kunne høyra snorking og denne snorkinga var alt som fanst i verda bortsett frå ei dundrande hovudpine og eg kan ikkje seia at eg straks hugsa kven eg var eller kva som hadde hendt eller kor mykje tid eg hadde gått glipp av men eg klamra meg til denne snorkinga endå det spraka i lyden og eg høyrde som gjennom eit radiosamband men eg kunne då i det minste høyra og det var godt for elles var det svart som i berget og eg fekk ikkje opp augo uansett kor mykje eg prøvde for det kjendest som augneloka hadde kilt seg fast i skolten men realiteten var at dei ikkje lenger fanst så tankane var alt eg hadde og denne snorkinga så eg klamra meg til dette som var heile tilværet mitt og så gjekk det ei stund før eg kom 14


på at eg skulle prøva å seia noko så eg sa hallo og røysta som kom ut var flat og rusken som ei filmavis frå førtitalet og det hjelpte ikkje å kremta og harka i alle fall ikkje på anna enn at snorkinga tok slutt det gjorde ho og det fyrste eg høyrde etter det var Guri som ropte han snakkar Kjørvald du må vakna og snart høyrde eg romstering og ei røyst like inntil hovudet og det var Kjørvald som sa Rånnien er du der og eg sa med filmavisrøysta mi at ja visst er eg her men eg ser ikkje ein kløyva skit og så tok eg meg til hovudet og merka at fingrane møtte metall og når eg ser attende på dette no så overraskar det meg at eg på dette tidspunktet syntest å framleis vera Rånnien for alt det som før hadde vore Rånnien låg att i fjøresteinane så grunnen til at eg framleis var Rånnien må rett og slett ha vore at det ikkje fanst andre eg kunne vera men det hadde eg ikkje tid til grunda over nett då og så høyrde eg at Guri gret og det kan eg tenkja meg at Kjørvald òg gjorde men eg sa berre ein gong til at eg ser ikkje ein kløyva skit medan eg tenkte meg eit liv med stokk og førarhund og det var vel ikkje det verste for eg kunne vel læra meg teiknspråk tenkte eg men det heitte vel blindeskrift og så sa Kjørvald hunden pitle meg det hadde eg ikkje tenkt på og så skrangla det ein stad og Guri ropte vent kva skal du og nokre forferdeleg høge lydar skrapa mot kraniet mitt før eit eller anna knakk og spratt veggimellom og straks vart alt kvitt og lyst og eitkvart anna spratt laus og det vart endå kvitare og lysare og Kjørvald sa eg spretta av nokre knappar for å sleppa inn lyset og eg ropte i den grad eg kunne ropa med den flate filmavisrøysta mi at inni helsike her vart det lyst no ser eg altfor mykje og det var sant for eg såg englar som flaksa med vengjene men eg såg ikkje kvast som før alt var berre skodde med sprikande lysskimmer rundt og dette sa eg til dei og Kjørvald meinte at eg trong linser for å sjå 15


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Tre vener og ein dum ting by Det Norske Samlaget - Issuu