Skip to main content

Tre meter med kniv

Page 1

EILI HARBOE

TRE METER MED KNIV Roman

Illustrert av Tiril Haug Johne

Samlaget Oslo 2020


© Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no Omslag: Tiril Haug Johne Førtrykk: Tiril Haug Johne Skrift: Sabon 11,3 / 15,5 Papir: Munken Print White 100 gr/m² Trykkeri: Scangraphic Printed in Poland ISBN 978-82-521-9809-6 Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Til Une


KAN KALLA MIG FÖR IDIOT. DET HAR JAG INGENTING EMOT JAG ÄR EN IDIOT

Bob Hund – Mer än så kan ingen bli


Mor seier at vinteren i Noreg er så overveldande for folk. At me er eit land som scorar høgt når det kjem til leve­ vilkår og velstand, men at me likevel har ein av dei høgaste sjølvmordsratane i verda. Folk er ulykkelege her. Det er derfor eg blir så sint, seier ho. Tenk på Syden, seier mor. Tenk på Syden, seier mormor. Men eg veit at den typen Syden dei vil at eg skal tenkje på, ikkje er den same som eg tenkjer på. Mor tenkjer på vin og smugrøyking med venninnene frå studiet som ho berre ser ein gong i året. Mormor tenkjer berre på strikking i solveggen. Mormor trur ikkje på hudkreft. Ho bruker aldri solkrem og er alltid brun. Når eg tenkjer på Syden, tenkjer eg på smale gater som luktar varmt og klamt og kloakk og alkohol. Om vinteren leiter alle etter sola. Om ho kjem fram frå ein plass ein ikkje trudde ho ville kome frå, så må ein berre stoppe opp og kjenne varmen i andletet. Dei som er på veg til jobb, gjer det, folk på tur med hunden gjer det, små barn med tunge ranslar og pinnar dei drar langs bakken, gjerdet og buskane, gjer det. Det er det mormor kallar gudsvarme. Nakne greiner 11


strekkjer seg opp og skrapar mot himmelen. Skydekke, vik frå meg, kviskrar bjørka til vinteren. Her eg går, er det ikkje raude tømmerhytter med julelys i vindauga og eit mjukt lag med kvitt pudder og snøballjulelykt utanfor. Det er heller ikkje ski med gammaldagse bindingar inntil veggen og ein dompap i forgrunnen. Her eg går, er ein kyrkjegard. Ingen gatelykter er tende. Kyrkjegarden er meint for dei som skal leggje ut norsk lyng. For dei som skal setje ut gravlys, som far kjøpte feil av ein gong han skulle kjøpe kubbelys til mormor. Lyngen held seg godt gjennom ein norsk vinter, seier mormor. Om noko er dekt med eit mjukt lag kvitt pudder, så er det gravstøttene. Julestemninga er like stor her likevel. Enten det er desember eller mars. Eg likar korleis eg kan snu meg rundt og sjå at det berre er mitt spor i snøen. Når nokon kjem her etter meg, må dei bruke mine spor til å bane seg veg fram til porten og ut på gata. Om det snør i det heile tatt. Her snør det ikkje no, og det har det ikkje gjort på lang tid.

12


Eg går opp oppkøyrselen heime og forbi bilen. Eg kan sjå ein bulk bak ved døra til bagasjerommet og ei kvit stripe i lakken som eg ikkje har sett før. Mor er heime. Ho held på å setje ut skåler med sukkervatn til brunsnig­ lane. Ho gjer det så fort ho ser naboen er ute med saltet. Det er framleis frost på bakken nokre stader, men brun­ sniglar er eit stort tema her, og det gjeld å vere i forkant. Så fort snøklokkene kjem, så er dei ute, seier far. Mor sit bøygd over skåla med sukkervatn. Dei kan få kome hit heller, plar ho seie. – Hei, Lykke, seier ho då eg kjem bort. Ho reiser seg ikkje. Ho har på seg gule oppvaskhans­ kar i staden for hagehanskar. Med støvlar, kjole og berre legger. Boblejakke hugsa ho denne gongen. Likevel kan eg sjå nuppar og små hår stå ut på leggen hennar. Ho er blå rundt munnen og eg lurer på kor lenge ho har vore ute før eg kom. – Kva har skjedd med bilen? spør eg. Eg set frå meg sekken i botnen av trappa. – For noko drit. Heilt ut av det blå køyrde ho på meg. 13


– Kven? – Ei barnevogn. – Har du køyrt på nokon med barnevogn? spør eg. – Det gjekk bra. Det var ingen barn i vogna. – Ja vel? – Handlevogn meiner eg, handlevogn. På butikken. Hand­le­vogn, seier mor og reiser seg. Ho er på veg inn døra. – Kor er Lena? spør eg. – Oi, seier mor.

14


Lena går i 1. klasse på Auglend skule. Det luktar alltid leverpostei og våt fleece i gangane. Eg klarer ikkje bestemme meg for om eg synest det er hyggeleg eller berre veldig irriterande å vere her igjen. Var dei ikkje ferdige med snørr og sånn i barnehagen? Det er alltid så mange ekle små gutar som kjem springande mot meg når eg kjem inn i gangen. Bortsett frå Johannes. Han er så utruleg skjønn. Han har mørke krøller og smiler alltid til meg. – Nøkkel? seier Johannes. – Eg heiter Lykke, seier eg. – Er du her for å hente Lena? spør han. – Ja, seier eg. – Veit du kor ho er? – Nei, men atte katten min heiter også Lykke. Visste du det? Atte ho er stripete og fangar alltid småsporv som ho tar med seg inn i stua og gøymer innunder sofaen. Eg trur kanskje du også hadde vore ein katt om du hadde vore eit dyr. Trur ikkje du også det? Eg hadde vore ein skorpion, trur eg. Eller ein ørn. Eg liknar litt. Eg veit kva slags dyr alle menneske er. Du kan sjå det i auga og måten dei går på. 15


Alt dette seier Johannes. Og sjølv om han berre er sju år, så tenkjer eg alltid mykje på kva han har fortalt meg, når eg kjem heim. Det gjer eg ikkje i like stor grad når mormor eller mor snakkar. Lena subbar raggane gjennom skulegangen, som er full av småstein og søle etter dagen dei har hatt ute i regnet. Ho klatrar opp på plassen sin og fiklar med klist­ remerka på namneskiltet. Eg blir ståande, lent inntil ei anna hylle, for å sjå på at ho riv den vesle ranselen ned frå øvste hylle. Han ramlar ned på benken, men Lena ser ikkje ut til å bry seg om det. Ho verkar ofte slik. Uopp­ merksam og upåverka. Ho blir sitjande og tvihalde på ranselen. – Dette er ikkje din plass, seier Johannes til meg der eg blokkerer knaggane og skohylla. Han gir meg ein liten dytt i sida, og eg snur meg rundt og ser at det er hans plass eg står ved. Så likte han meg ikkje så godt likevel då, kanskje. Kvar gong eg prøver å spørje Lena om dagen ho har hatt, ser ho berre rart på meg. Eg kjenner ingen sjuåringar som oppfører seg sånn. Du må ikkje gløyme at ho har vore gjennom mykje, seier alltid mor. Lena er eigentleg ikkje veslesystera mi. Ho er dottera til ein kollega av mor. Ho ville gjerne at Lena skulle få bu hos oss. Ho skulle eigentleg berre bu hos oss ei lita stund, men no har det allereie gått tre år. Mor seier at det er fordi dei ønskte å hjelpe ho, men eg veit at det berre er ein del av sanninga. Legane hadde sagt at mor ikkje burde få fleire eigne barn. Då måtte ho slutte med medisinane igjen, og 16


det hadde ikkje gått bra sist då ho fekk meg. Mor hadde alltid ønskt seg fleire barn, og etter at Lena flytta inn hos oss, verka ho gladare enn ho hadde gjort på lang, lang tid. – No går me heim, seier eg til Lena. Ho bruker lang tid, men får omsider på seg regnjakka og støvlane. Ranselen har ho hengande på olbogane i staden for skuldrene. Eg spør om eg skal ta ranselen, men ho insisterer på å gå sånn. Ikkje spør meg kvifor. Ranselen blir vel tyngre av det? I tillegg fører det til at ho går i rykk og napp ned bakken til Mosvatnet. Ho går i sikksakk på fortauet og held på å gå på trynet fleire gonger. Eg forsøker å seie ifrå. Eg prøver å demonstrere korleis ein faktisk kan gå heilt normalt ned den bakken utan å ramle slik, men det er berre å gi opp. Ho får styre på som ho sjølv vil. Lena vil stoppe opp ved kvar minste vesle ting ho finn interessant. Ein møll, ein bærbusk med det ho meiner er giftige bær. Ho vil plukke med seg tørka lauv i fine fargar og det ho kallar for krystall, som eigentleg berre er vanleg gråstein med skimmer i. Lena har ein skoboks under senga på rommet der ho samlar alle desse tinga. – Det er frå eit kinderegg! ropar Lena. Som om det er den største oppdaginga nokon gong. – Det er nokon som har mista det. Ho held opp ei lita plastleike mellom tommel og peike­ finger. Eg kan skimte grelle plastfargar i lilla og turkis under all molda frå blomebedet der ho fann det. – Så kult, seier eg og ser ein annan veg. 17


Eg tenkjer på mor som meiner eg bør vere litt meir entusiastisk på Lena sine vegner. Ho meiner at Lena treng at nokon oppmuntrar ho. Det er så bra at ho vil fortelje ting og dele ting med deg, seier mor. Kvifor er det så ann­leis når Lena gjer det, enn når andre barn gjer det? Eg har lese i dagboka hennar. Det står berre Johannes, Johannes, Johannes, Johannes på tre sider og nokre teikningar av blomar og bilar. Trur ho at det vil skje noko dersom ho berre ønskjer det nok? Om ho skriv namnet hans mange nok gonger, eller om ho øver seg skikkeleg mykje på stavskrift, så vil han til slutt vere saman med ho? Plutseleg står han der. Går han der. Simeon. På fortauet på andre sida av vegen. Han går i B-klassen, men eg veit godt kven han er. Han er symjar og er saman med Kristian, Eskild og Hamza. Nokre gonger kan eg ikkje sjå dei i friminuttet, og eg veit ikkje kva dei gjer, eller kor dei går. Eg veit ikkje kor dei bur. Sikkert på andre sida av skulen mot tårnet. Eg kjenner ikkje Simeon, men eg har sett han i samlingar med trinnet. Både på barneskulen og ungdomsskulen. Han syng med open munn, men eg veit ikkje om han berre mimar, slik mange på trinnet gjer, eller om han faktisk syng høgt. Eg trur han er ein av dei som har klatra opp på skuletaket. Han er sterk nok til å kome seg opp åleine, utan at nokon drar han opp. Kanskje han står der og speidar nokre gonger. Han går alltid i jeans og vans og svart T-skjorte, eller ullgenser om vinteren. Han har aldri hanskar eller lue på. Ein gong då læraren vår var sjuk, måtte me ha utegym 18


saman med B-klassen. Eg såg at hendene til Simeon var lilla av kulde og øyra knallraude, og eg tenkte at han burde byrje å kle på seg meir. Hadde eg stått nær nok, kunne eg kanskje sett at huda på hendene allereie var sprokken, og at det var størkna blod der. Me spelte fotball på kunstgraset, og frosten knasa under joggeskoa. Det var altfor kaldt til å spele fotball. Eg hadde heller ikkje fotballsko, og joggeskoa var for glatte, så eg sprang rundt som ein tulling i Dr. Martens. Me var delte inn i fire lag, og mitt lag rakk aldri å spele mot Simeon, men me fekk sjå dei andre laga spele når me hadde pause. Då måtte han også sjå på meg. Ein gong trilla ballen i stor fart heilt ut til sida, og nokon eg ikkje hugsar kven var, ropte «Spring, Lykke». Og så sprang eg. Heilt ut mot høgresida, og rett etter at eg hadde skote ballen vekk, såg eg at han stod der. På sida av banen. Simeon såg ikkje på meg. Følgde heller med på kva som skjedde lenger framme, nærmare mål, med dei kalde hendene sine i lomma på treningsbuksa. Eg gløymde meg ein augeblink og vart ståande og sjå på han. Han såg konsentrert og alvorleg ut, men plutseleg opna han munnen og trekte pusten før han tok hendene ut av lomma, løfta armane opp i lufta og sette i eit gledesrop. Han lo og knytte nevane. Hamza hadde scora. Eg hugsar eg tenkte at han ikkje minte meg om ein fotballhooligan med brutal, djup røyst og desperate auge. Simeon uttrykte genuin glede over at vennen hans lykkast. Eg lurte på om det var sånn han var i symjehallen også, når han heia på lagkameratane sine i speedoen. Er han ein som ønskjer dei rundt seg godt? Sjølv 19


om kanskje dei kalde, tørre hendene sprakk opp endå meir. Sara og Marius vart irriterte fordi Simeon heia på motstandaren, og bad han halde kjeft. Simeon flirte og heldt blikket på Hamza. Hamza snudde seg mot han og smilte då Simeon gav han ein tommel opp, og så sprang han vidare. Eg hadde allereie flytta på meg, sånn at dei andre ville tru at eg framleis var ein del av kampen og faktisk brydde meg om det som gjekk føre seg på banen. Plutseleg kryssar Simeon gata der det ikkje er gangfelt. Eg trur ikkje han har sett meg eller Lena, men han blir gåande eit stykke bak oss. Me har aldri prata saman, men eg har høyrt stemma hans mange gonger. – Hei, seier han plutseleg. Eg snur meg rundt, men då er han allereie forbi oss og på veg vidare. Me blir gåande bak han heilt fram til krysset ved bensinstasjonen. Han går med rett rygg og ikkje på ein hengslete måte, som gutane i klassen min. Han ser sterk ut. Han snur seg ikkje, men eg lurer på om han kanskje kan kjenne at eg går der bak han. – Kven er det? spør Lena og peikar mot Simeon. – Det er stygt å peike, seier eg og tar ned armen hennar.

20


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Tre meter med kniv by Det Norske Samlaget - Issuu