Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 1
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 2
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 3
Georg Trakl
Sebastian i draum Gjendikta av Jon Fosse
Samlaget Oslo
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 4
© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no : Stian Hole : Samlaget : Minion ,/ : g Munken Premium Cream : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden 978-82-521-9894-2
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Desse dikta er gjendikta etter faksimile av Georg Trakl, Sebastian im Traum, Kurt Wolf Verlag, Leipzig 1914. Bolken Den einsames haust, med sju (av åtte) dikt i metrisk bunden form og med enderim, er utelaten.
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 5
Sebastian i draum
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 6
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 7
Full av bær er hyllen, roleg budde barndomen i blå hòle. Over kvorven stig susar no det ville graset brunleg, gruvlar stille greiner, raslar lauvet som før når det blåe vatnet tonar i fjellet. Veik er svarttrastens klage. Ein gjetar fylgjer tagal sola som rullar frå den haustlege haugen. Ein blå augneblink er berre meir sjel. Eit sky villdyr syner seg attmed skogkanten og i fredeleg ro er dei gamle klokker og mørke grender i dalen. Frommare kjenner du meininga med dei mørke åra, kulde og haust i einsame rom og i heilag blåne kling lysande steg bort. Stilt klirrar eit ope vindauga, til tårer rører synet av den forfalne kyrkjegarden på haugen, minne om attfortalde legender, men stundom lysnar sjela når ho tenkjer på glade menneske, mørkegylne vårdagar.
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 8
Med mørke blikk ser dei elskande på einannan, dei blonde, strålande. I stirande mørker omfamnar dei lengtande armane lett. Purpurraud brast den helga munnen. Dei runde augo speglar det mørke gullet i vårettermiddagen, skogkant og skogens svartleik, kveldsangst i grønt, kanskje det useielege fuglefloget, det uføddes stig igjennom mørke landsbyar, einsame somrar og frå forfallen blåne kjem stundom ein avliden. Stilt raslar det gule kornet på åkeren, hardt er livet og bonden svingar stålet i ljåen, tømraren festar trauste bjelkar. Purpurraudt fargar lauvet seg om hausten, ånda til ein munk går gjennom lystige dagar, mogen er drua og festleg er lufta på romslege gardsplassar. Søtare angar gulna frukter, still er den glades lått, musikk og dans frå skuggen i kjellarar, i den mørknande hagen er den døde gutens steg og stille.
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 9
Om kvelden bar dei den framande inn i gravkammeret, ein ange av tjøre, den stille raslinga frå raude platanar, det mørke floget av kaier. Ei vakt stilte seg opp på plassen. Sola er sokken ned i svart lin, stendig kjem denne kvorvne kvelden tilbake. I rommet attmed spelar systera ein sonate av Schubert. Så stilt søkk smilen hennar ned i den forfalne brunnen som rislar blåleg i mørkninga. Å, kor gammal slekta vår er. Einkvan kviskrar nede i hagen, einkvan har forlate denne svarte himmelen. På kommoden angar eple. Bestemor kveikjer gylne kjertar. Å, kor mild hausten er. Stilt kling stega våre i den gamle parken under høge tre. Å, kor alvorleg hyasintandletet til mørkninga er. Den blåe kjelda framom føtene dine, løyndomsfull er din munns raude stille, formørka av lauvets svevn, det mørke gullet frå forfalne solsikker. Augneloka dine er tunge av valmue og drøymer stilt på panna mi. Veike klokker skjelv gjennom bringa. Andletet ditt er ei blå sky sokken over meg i mørkninga. Ein song til gitar lyder frå ei ukjend kro, dei ville hyllane der, ein longe kvorven novemberdag, fortrulege steg i den mørknande trappa, synet av brune bjelkar, eit ope vindauga der ei søt von vart verande – så useieleg er alt, å Gud, at ein forferda fell på kne.
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 10
Å, kor mørk denne natta er. Ein purpurraud flamme slokna ved munnen min. I stilla døyr den redde sjela til einsamt strengespel. Ikkje meir, når hovudet drukke av vin søkk ned i rennesteinen.
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 11
Septemberkveld, trist tonar gjetarens mørke rop gjennom den mørknande landsbyen, eld sprutar i smia. Veldig steglar ein svart hest, tenestejenta med hyasintlokkane grip etter gløden i dei purpurraude naseborene hans. Stilt stivnar i skogkanten skriket frå hinda og dei gule blomane om hausten lutar seg tagalt over det blåe andletet til tjørna. Eit tre brann i raud flamme, flaggermysene flaksar opp med mørke andlet.
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 12
Elis, når svarttrasten kallar i svarte skogen er dette din undergang. Dine lipper drikk kulde av den blåe fjellkjelda. Ikkje meir, når panna di blør stilt, urgamle legender og mørk tyding av fuglefloget. Men du går med mjuke steg inn i natta som heng full av purpurraude druer, og du rører armane vakrare i blått. Eit tornekratt tonar der dine måneaugo er. Å, kor lenge, Elis, du har vore død. Din kropp er ein hyasint der ein munk duppar voksfingrane sine. Togna vår er ei svart hòle som det stundom trør eit mjukt dyr utor og langsamt slår tunge augnelok ned. På tinningane dine dryp svart dogg, det siste gull frå forfalne stjerner.
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 13
1 Fullkomen er stilla denne gylne dagen. Under gamle eiker kjem du til synes, Elis, kvilande med runde augo. Deira blåne speglar dei elskandes svevn. På din munn tagnar deira lysraude sukkar. Om kvelden drog fiskaren dei tunge garna. Ein god gjetar fører flokken sin langs skogkanten. Å! kor rettvise, Elis, er alle dine dagar. Stilt søkk ved nakne murar den blåe stilla i oljetreet, ein oldings mørke song døyr bort. Ein gyllen båt gyngar, Elis, ditt hjarta på den einsame himmelen.
Sebastian i draum ferdig.qxp_A 17.01.2019 16:06 Side 71
Innhald
Vesterlandsk song
Barndom
Forklåring
Timesong
Føn
Undervegs
Vandraren
Landskap
Karl Kraus
Til guten Elis
Til dei tagna
Elis
Pasjon
Hohenburg
Dødens sjusong
Sebastian i draum
Vinternatt
På myra Om våren
Kveld i Lans
I Venezia
På Mönschberg
Forhelvete
Kaspar Hauser-song
Sola
Om natta
Song frå ein fanga svarttrast
Det vondes forvandling
Sommar Seinsommar
År
Ro og togn
Kveldsland
Anif
Vår i sjela
Fødsel
I mørkret
Undergang
Den utskildes song
Til ein som døydde ung
Draum og formørking
Åndeleg mørkning