BJÖRNER TORSSON × 2 I skuggen av ein hare og Hüzün eller Den samanleggbare nasen Frå svensk ved Gunstein Bakke
Samlaget Oslo 2020
Titlar på originalane: I skuggan av en hare Hüzün eller Den hopfällbara näsan © Björner Torsson © Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no
O msl ag: Magnus Osnes F ø rtrykk: Magnus Osnes Skrift: Bembo Book 11/15 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden
IS BN 978-82-340-0213-7
INNH A L D
I skuggen av ein hare ������������������������������������������� 9 Hüzün eller Den samanleggbare nasen �������������������� 71 Notar ���������������������������������������������������������� 123 Etterord ved Dan Gustavsson ����������������������������� 125
I skuggen av ein hare ( 20 01)
Distriktslandmålar T. Sventon-Lundin såg seg aktsamt rundt til alle kantar. Det fanst folk rundt omkring. Det var uråd å hive på seg ein beskyttande burnus utan å bli sett av heile stallen. Nett då kom til alt hell eit par elefantar labbande forbi i gangen, og det finst knapt noko dyr som skuggar betre. Ein har rekna ut at ein einaste fullvaksen elefant kan skugge for opptil tre dusin landmålarar. (For samanlikninga si skuld kan det nemnast at eit såpass omfangsrikt dyr som kamelen knapt skuggar tredelen, medan for eksempel sebraen neppe vil skugge for meir enn eit lite fåtal, som dessutan må stå samankrøkte. Dekningsgraden til løva har det av praktiske årsaker ikkje vore råd å seie noko sikkert om.) Åke Holmberg: Ture Sventon och Isabella
11
I.
BLI E R DET S OM A L LTIN G E R
forsvinning Brot, forløp, forlis, krampar, Alt i sin brann, den skorne elden Blikket til den som er avlusa Nokon syng Men lyden forsvinn i lufta Vinden fører tåkeslør bort Og der står nokon opp frå senga si Å bli er det som allting er Bli – og plukke sund, sitt motstykke: Eg får det innfall å bryte meg inn i mitt eige hus Då slår eg meg på kanten av dørbladet i mørket Eg står taus i eit rungande kor
15
DER ER U LV E N
… … Ein eller annan stad i dette landskapet gøymde ein liten gris seg No gjaldt det berre å finne den
16
DER
Der snublar eit par gamlingar
17
DER BORTE
… Ho peiker: … Dei slanke trestammane har skote ned frå sine mørke kroner og landa forsiktig på bakken … No er ho borte
18
BORTE
No trur ein seg sjå at noko blir borte Eit tøystykke som fell gjennom tørkeloftet Eller det blir ført av kamelar, eit segl mot eit svart paradis, bortanfor horisonten Ein blir blenda Gjennom bussvindauget ser ein saltørkenen forsvinne til alle kantar
19
I K ANTEN
Det er noko eg leiter etter Noko smått og ubetydeleg å lytte til Som når du går i ørkenen – og plutseleg høyrer korleis nokon blar om i ei bok Eller du sit på ein bråkete lunsjkafé Og nokon snur seg i søvne i øyret ditt At det fanst villfarne utkantlydar Som ingen bryr seg om No høyrer eg dei i minnet
20
I ISFA H A N
Eg liknar det eg snublar over Blant oppsmuldra handelsmenn, byltar Og kamelar under kuplar, hetter, steinbygg Puslebitar som stadig må leggast på ny For ikkje å styrte saman av eiga tyngd I det avsela mørket har dei gått ned på kne Stjerner har regna over vegen deira i tusental Ei lita hand med vengar er det første auget ser Sidan blir eg blenda av terningen av lys Som held steinane på plass, i kuppelens isse Slik ein isblokk svever i eit hus av snø I ein film om kulda sin son, Nanook Den rører seg ikkje kring tyngdepunktet sitt – lysets lette kube Men på ein tråd mellom auget og verda
21