Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 1
1
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 3
Jan Inge Sørbø
TIL TRØYST Å gje språk til psykiske kriser
Samlaget 2013 Oslo
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 5
Innhald Innleiing 7 «Fra journalen.» Beate Grimsrud 9 I lyset frå hi sida 15 «Den andre mannen.» Om Olav H. Hauge 19 Hauge les Hauge 35 Marta Karinas gåve. Om Alfred Hauge 40 II Å møta tap og sorg 57 «Jag hatar dig, Sidner.» Om Göran Tunström: Juloratoriet 61 Mitt testamente til en stumhet. Om Gunvor Hofmo 76 Songen frå den språklause. Om Lars Amund Vaage 91 III Angstens ansikt 105 Undergangstrong og hjelparens hovmot. Om Ronald Fangen 109 Angst og religiøs forvilling. Om Garborgs Fred 123 Svala i ordet flyg lågt, og eg er fri. Om Oskar Stein Bjørlykke 139 IV Mørkets dønninger. Melankoli, skaping og håp 153 Å stiga ned i mørket åleine. Om Arnold Eidslott 157 «På vanviddets bunn lurer tomhet». Ei Hauge-forteljing. 172 V På institusjon. Om sjukdom og definisjonsmakt 179 Ord og makt på sjukehuset. Skram, Hobæk Haff, Fossum 183
5
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 6
VI Til trøyst 205 Sorg er krafts oppkome 209 Ein dåre fri 215 VII Grenser. Om litteratur, religion og sjukdom 223 Diagnostikk og dikting 225 Etterord 236 Litteratur 238
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 7
Innleiing
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 8
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 9
«Fra journalen.» Beate Grimsrud I romanen En dåre fri av Beate Grimsrud fylgjer vi hovudpersonen Eli frå tidleg barndom og opp til vaksen alder. Ho presenterer seg på fylgjande måte: «Det er jeg som er Eli. Det betyr min Gud på hebraisk. Det er både et jentenavn og et guttenavn.» Denne presentasjonen inneheld store rom av identitetsproblematikkar som romanen sirklar om. Eli er jente, men ville heller vore gut. Ho oppsøkjer typiske guteaktivitetar. I tillegg skaper ho eigne indre univers, som ein slags skapargud, og til tider trugar desse universa med å overta kontrollen. Når boka startar, på notidsplanet, har ho fått ein ny terapeut som skal hjelpa henne å temma dei røystene som ho heile tida samtalar med: Espen, Emil, Erik, prins Eugen. Boka er fortald i første person. Fotoet av forfattaren på innbretten syner Grimsrud i klede som Eli fortel at ho brukar, på eit punkt i romanen. Og Eli har skrive bøker og laga filmar med dei same titlane som sin forfattar. Det innbyr jo til ei sjølvbiografisk lesing, men det er ikkje poenget her. Poenget er at vi får ei skildring av ein person som fungerer på eit høgt nivå og på same tid har så alvorlege psykiske lidingar at ho må få hjelp. Ho driv med sjølvskading, rusar seg, er tidvis suicidal. 9
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 10
Men så lenge vi høyrer Eli fortelja, er vi aldri i tvil om at vi har med eit subjekt å gjera, eit levande menneske som «hev vori i livsens strid», for å seia det med Vinje. Eg-forma gjer at vi opplever forteljinga innanfrå, vi les, kjenner att og forstår. Også lesarar som har sloppe å høyra stemmer, aldri har vore tvangsinnlagde eller behandla for alvorlege psykiske plager, forstår noko av innhaldet i det som blir fortalt. Den stemma som fortel, overtyder. Det er eit menneske vi høyrer på. Eit menneske som stundom gjer ville og uansvarlege ting, og som har plagsame tankar og førestillingar. Men eit menneske vi likevel gjerne lyttar til, ja, lyttar til nettopp fordi ho fortel om ei verd vi ikkje kjenner på same måte. Men stundom kjem ei anna stemme til orde. Den blir introdusert med frasen «Fra journalen». Etter å ha lese den lange og intense forteljinga før, har den korte journalteksten ein forbløffande sterk verknad. Eit av avsnitta lyder slik: Pas ble oppskrudd i går kveld. Kastet glass i spisesalen, sa at hun ville skjære seg Hun sa at hun ville skade seg selv og slå hodet i veggen. En ansatt satt lenge sammen med henne, men det ble nødvendig med beltelegging. (s. 349)
Kvifor verkar denne teksten så sterkt? For det første fordi Eli ikkje lenger heiter Eli, men berre pas. (Ei forkorting for pasienten.) Dernest fordi ho blir skildra heilt utanfrå. Og i den siste setninga blir også det behandlande subjektet borte. «Det ble nødvendig med beltelegging.» Når sjukdommen når eit visst nivå, trer 10
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 11
dei upersonlege strukturane i kraft, og først viser dei seg i språket. Eli blir pas, subjekt blir objekt, og behandlaren glir ut av synsfeltet og blir erstatta av anonyme makter: «… det ble nødvendig.» Kjenn på temperaturen i denne passasjen: Pas har klart hallusinatoriske opplevelser. Pas er motorisk urolig under samtalen, trommer med beina, slår hodet i veggen, ler plutselig etc.
Dette sitatet blir fylgt opp av setningar i Elis eige språk: «Jeg vil hjem. Jeg vil ut. Jeg vil ut av Erik. Ut i luften og varmen som kommer. Sommeren som ikke trenger inn på avdelingen. Jeg vil hjem til Eli, som bestemmer.» Lesaren pustar letta ut. Han vil også heim til Eli, heim til stemma og det lidande mennesket som dei 348 sidene før har gjort oss kjende med. Denne slåande kontrasten mellom forteljaren i romanen og den anonyme røysta i journalen fører tankane til nokre fortetta formuleringar i opninga av Galskapens historie. Foucault siterer innleiingsvis Dostojevskij: «Man kan ikke overbevise seg om sin egen sunne fornuft ved å sperre inne sin nabo.» Pascal seier at menneska i sitt vesen er så galne at det å ikkje vera galen berre er ei anna form for galskap, og det er denne «andre galskapen» Foucault vil undersøkja. «Vi skal gi en historisk beskrivelse av denne andre formen for galskap som får menneskene, under ledelse av sin suverene fornuft, til å sperre sin nabo inne og til å begynne å kommunisere og anerkjenne hverandre gjennom ikke-galskapens nådeløse språk.» Det Foucault jaktar 11
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 12
på, er det punktet i historia der galskap og normalitet enno ikkje var skilde. Vi lever etter dette fatale skiljet, hevdar han. Da galskapen ved slutten av 1700-tallet ble konstituert som sinnssykdom, var dialogen brutt, separasjonen allerede utført. Alle de stotrende, ufullstendige ordene uten fast syntaks, som uttrykte enheten mellom galskap og fornuft, ble støtt ut i glemselen. Psykiatriens språk, som er fornuftens monolog over galskapen, kunne bare opprettes på grunnlag av en slik stillhet. Jeg har ikke villet skrive dette språkets historie, men heller denne stillhetens arkeologi. (Foucault 1991, s. 18)
Det er mange fine observasjonar i dette sitatet – ikkje minst det som dreier seg om dei stotrande orda utan syntaks, som både kjenneteiknar forsøka på å forstå eininga mellom fornuft og galskap, og som kjenneteiknar visse typar psykisk liding. Vi anar ein grufull historisk ironi i psykiatriens historie: Psykisk liding kan både koma av og utløysa nettopp stotring og samanbrot i kommunikasjonen. Og psykisk helse kan bli skapt og styrkt av velfungerande kommunikasjon. Dersom vitskapen om sinnsliding forskansar seg i førestillinga om at både vitskap og fornuft er galskapens absolutt andre, så vil ein ikkje berre seia frå seg kommunikasjonen med «pas». Ein vil også seia frå seg eit av dei viktigaste instrumenta til å gjera sjuke folk friske. I dialogens stad ser Foucault to partar: ein vitskapleg psykiatri i skapnad av fornuftas monolog over galskapen, og på den andre sida «stillheten». Dei to kommuniserer ikkje. 12
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 13
Utgangspunktet for denne boka er at det finst ein tredje part som verken fell saman med fornuftas monolog eller med dei tause sjuke. Det er skjønnlitteraturen. Som i Grimsruds roman møter vi taleføre, sterke forteljarar som snakkar frå ein posisjon der skiljet mellom fornuft og galskap ikkje er absolutt. Som i denne romanen har vi å gjera med intelligente, språkføre personar med store ressursar. Samtidig snakkar dei frå stader som ein frå psykiatrisk synspunkt ville kunna karakterisera ved hjelp av diagnosar. Men det går ingen absolutte skilje mellom sjukdom og helse, mellom normalitet og galskap i desse tekstane. Verken liding, vrangførestillingar eller tvangshandlingar blir fornekta eller fortagde. Men dei framstår som forståelege reaksjonar på liding, stundom som forsøk på å meistre lidinga. Lesaren av slike tekstar tenkjer ikkje: For ein galen person! Snarare tenkjer ein: Slik ville sikkert eg også reagert under liknande forhold – eller: No forstår eg bakgrunnen for handlingar som eg tidlegare opplevde som heilt meiningslause. Foucault observerer noko han framstiller som ein absolutt motsetnad mellom den moderne fornufta og galskapen, og grunnen er eit behov i rasjonaliteten sjølv for å definera seg i kraft av sin eigen motsetnad. Det er naturlegvis ikkje slik at ein kvar dialog er borte frå psykiatrien. Det er heller ikkje slik at vi er dei første som har henta ut viktige observasjonar frå kunst og skjønnlitteratur inn mot psykiatri og psykologi. Likevel kan det framleis vera grunn til å venda merksemda mot det vi kan kalla den tredje røysta, den som lyder i skjønnlitteraturen. Dersom det er noko ved dei insti13
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 14
tusjonaliserte behandlarane som blendar av for innsikta i det dei behandlar, rett og slett fordi grensa mellom behandlar og behandla ikkje kan gjevast opp, så tilbyr litteraturen eit univers der desse grensene ikkje gjeld. Her er det språket og forteljinga som definerer kva som er viktig, ikkje plasseringa i forhold til institusjonar eller diagnostiske kategoriar. Her finst det innsikter som ein kan ta lærdom av, som medmenneske, som medlidar, som behandlar, som pasient. I det fylgjande skal vi sjå på nokre tekstar som talar frå denne tredje posisjonen.
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 15
I Lyset frĂĽ hi sida
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 16
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 17
Mange har opplevingar som går ut over den kvardagslege erfaringa, der tilværet opnar seg mot andre dimensjonar. Dei kan tolka dette ulikt, som religiøse syner, som inspirasjonar, som rus eller som sjukdom. I dette kapitlet ser vi på nokre tekstar, både litterære og biografiske, av lyrikaren Olav H. Hauge og forteljaren Alfred Hauge. Begge gjorde erfaringar som peikar utover det vanlege, sjølv om begge også skriv vakkert om å leva i kvardagen. Dei hadde heilt ulike livsløp og ulik røynsle med sjukdom. Men begge såg røynslene med «den andre sida» som viktige impulsar som hadde mykje å seia for det dei skreiv. Dikt, skriv Olav H. Hauge, kan skrivast i grenselandet, i lyset frå hi sida. Røynsler frå reiser i sinnet er viktige kjelder for litterær skaping, skriv Alfred Hauge. Dei to Hauge-karane møttest kanskje ikkje, men begge kommenterte den andre si skriving.
17
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 18
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 19
«Den andre mannen.» Om Olav H. Hauge I år 2000 sende Samlaget ut fem store bind med tittelen Dagbok 1924–1994. Forfattaren var Olav H. Hauge. Lyrikaren frå Ulvik, som hadde gjeve ut sju diktsamlingar og ei rad omsetjingar, hadde vore svært sparsam med skrifter i prosa. Men det tydde ikkje at han ikkje hadde skrive. Frå han var 16 år hadde han ført dagbok, etter kvart med regelmessige innføringar, berre avbrote av sjukdomsperiodar – og nokre tause år under krigen. (Om han skreiv då, og seinare kasta bøkene, eller ikkje skreiv, er ikkje heilt klart.) Brått låg det 4000 sider prosa frå Hauge på bordet, forfatta gjennom 70 år. Den siste innføringa er datert 16.5.1994, ei vekes tid før han døydde. Dagbøkene var ein sensasjon, av dei viktigaste utgjevingane i norsk litteratur på lang tid. Hovudemnet i dei er bøker. Hauge fortel kva han har lese, og reflekterer vidare i ein livslang, indre samtale med det han les. Og han les vidt og breitt; på i alle fall tre språk utanom norsk, og om religion og filosofi i tillegg til skjønnlitteratur. Han gjev skarpe tidsbilete, særleg frå etterkrigstida, då han las det meste av tidsskrift og litterære debattar og kommenterte dei. Innimellom kjem korte merknader om kvardagsliv og arbeid, ofte i telegramstil. 19
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 20
Hauge levde eit stillferdig liv og var nokså isolert. Få kjende han då han debuterte i 1946, og dei første åra visste ein lite anna enn at han budde i Ulvik, dyrka frukt og hadde gartnarutdanning. Somme visste også at han hadde vore plaga med sjukdom, og i bygda var det kjent at han hadde hatt fleire, stundom langvarige opphald på Valen psykiatriske sjukehus. Denne kunnskapen var lite framme i omtalen av Hauge og i diktlesingane. Biografiske lesemåtar var også i ferd med å bli forlatne i den tida han stod fram som forfattar. Hauge var usamd i denne nykritiske innstillinga og meinte at biografien ofte kan gje nyttig kunnskap om dikt (NLÅ 1986). Det kritikarane derimot feste seg ved, var at Hauge såg ut til å skriva ut frå harde og tunge røynsler. Det går att i omtalen av dei første bøkene. Utover på 1960-talet endra livet til Hauge seg. Profil-krinsen oppdaga denne stillferdige mannen og forstod at han hadde større kunnskapar enn dei fleste, bokmeldarar og forfattarar inkludert. Tvers gjennom ein gammalmodig nynorsk, heilt og fullt etter rettskrivinga av 1917, såg dei ein moderne diktar med ei presis tidskjensle, som med si nedkjølte, knappe form på sin måte fylgde retninga mot eit enklare språk, slik deira generasjon gjorde. For Hauge var det viktig at han no kom med i eit litterært miljø, han vart invitert på opplesingar og fekk nære vener i den nye generasjonen. Det var eit stort steg frå det isolerte tilværet han som forfattar hadde ført, der diktinga var noko som førte han bort frå folk. På 1970-talet kom det også store endringar på det personlege planet. Han vart kjend med Bodil Cappe20
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 21
len, som flytta i lag med han i 1975. Dei gifta seg tre år seinare, då var han 69 år, og levde i lag til han døydde i 1994. Dette var ei uventa lukke for Hauge, som hadde levd i stor einsemd mykje av livet. Med dei 4000 sidene dagboktekst fekk vi, med eitt slag, så å seia, vita langt meir om Hauge, også om dei mange åra han levde anonymt. Den grundige dokumentasjonen av kva han til ei kvar tid las, og kven han sette høgast, vart eit korrektiv til det biletet mange hadde av Hauge: den nyenkle, kvardagslivets diktar, som skreiv om sleggja og katten i tunet. Det antiromantiske og antimetafysiske i Profil-krinsen høvde slett ikkje med Hauge, som livet til ende heldt Uppdal, Aukrust, Wergeland og dei engelske romantikarane som dei største poetane. Dagbøkene reduserer ikkje inntrykket av at sekstitalsforfattarane var avgjerande viktige for Hauge, men det var meir sosialt enn litterært. Dagbøkene viser ein svært dialogisk Hauge, som alltid leitar etter det beste i det han les, og som i neste omgang diskuterer det kritisk. Difor kan han slutta seg til heilt ulike posisjonar etter kva han les; han er dialektikar. Dagboka gjev også større kunnskapar om sjukdomshistoria til Hauge, sjølv om det ikkje finst notat frå sjølve sjukdomsperiodane. Såleis er det store tomrom på dei datoane Hauge er innlagd på Valen, og berre nokre spreidde tilbakeblikk og kommentarar, helst i seinare år. Likevel gjev dagboka eit unikt innsyn i forholdet mellom normalitet, sjukdom og dikting. Vi møter dette både i dikta sjølve, i refleksjonar over sjukdom og i refleksjonar over forholdet mellom dikting og sjukdom. Ei svært spennande inndeling noterer han 13.10.1957: 21
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 22
Det er tri slags dikt: 1. Dikt på denne sida sedde med kvardagsaugo. 2. Dikt på grenselandet, der ljoset frå hi sida bryt fram, der synene opnar seg. 3. Dikt på hi sida. Sjeldsynte, um nokon gong skrivne.
Omfanget på denne merknaden er karakteristisk. Dette er heile teksten. Neste avsnitt er eit bibelsitat: «Den som vil berga sitt liv, skal missa det», så siterer han eit av sine eigne dikt. Undrar ein på kva «hi sida» tyder, så gjev han ikkje noko svar på det, bortsett frå at det står i motsetnad til det ein ser «med kvardagsaugo». Eg trur denne inndelinga er heilt fundamental i forståinga av Hauge, og at både diktinga og svært mykje av refleksjonane i dagboka handlar om dette. Men kva ligg i den? I første omgang kan ein ta utgangspunkt i den sentrale rolla draumen har hos Hauge. Knut Olav Åmås har kalla biografien sin Mitt liv var draum og peikar på korleis Hauge skil mellom kvardagsmannen, «ugrashakkaren», og den han drøymer om å vera. I det tidlege diktet «Gartnaren drøymer» skildrar han kontrasten mellom «gråe armodsskuggen» i kvardagslivet og gudelivet ein såg «då æva i ein bråblenk skauv frå gluggen». Denne spenninga finn Hauge att i mykje av den romantiske litteraturen han les, om det no er Hölderlin, Keats eller Aukrust. I delar av Hauge-lesinga har ein snakka om dette som ein rest av idealistisk filosofi, i den (ny)platonske tradisjonen. Og ei tolking av Hauge har vore at han arbeider seg ut av denne posisjonen og til det kvardagslege (Stegane, Vold). Men spenninga idealistisk vs. realistisk/materialis22
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 23
tisk filosofi fangar opp berre ein dimensjon. Hos Hauge fangar delinga mellom kvardag og «hi sida» opp både motsetnaden mellom (natur)vitskap og ånd(svitskap), materialisme og religion, kvardagserkjenning og «galskap» og mellom kvardag og kunst. Om vi kallar «hi sida» for «draumen», så inneheld den alt dette. Og det går over i kvarandre. Både Åmås og Cato Schiøtz har, på litt ulike premissar, peika på kor fascinert Hauge periodevis – kanskje særleg på 1950-talet – var av antroposofien, og særleg av Alf Larsen. For Schiøtz blir dette eit prov på at Hauge slett ikkje høyrde til i Profilkrinsens relativt materialistiske verdsoppfatning. Men ein skal ikkje gjera for mange ideologiske poeng ut av dette. For Hauge blir den antroposofiske orienteringa berre eit av mange uttrykk for ei oppfatning som rommar «hi sida», og når han t.d. finn sterke uttrykk for dette hos Aukrust, så blir det ei viktig erkjenning. Atle Kittang har gjort nokre fine observasjonar i lesinga av Dagboka. I innleiinga skriv han at det finst ei grunnleggjande spenning som ein kan lesa av i dei tekstane Hauge likar. Dei samlar seg om to ulike polar, som Hauge sjølv summerer stikkordsmessig slik: «Poe – Browning. Draum. Vilje» (24.12.1964). Mønsteret her er ein motsetnad mellom fantasi, draum og opplevingar med noko frå «hi sida», som han finn hos Allan Edgar Poe (med skrekkforteljingar m.a.), og kravet til vilje, handling og dermed kvardagsliv som han lèt lyrikaren Robert Browning stå for. Hölderlin «gav opp og let seg vogga av sine draumar. Han gav upp verdi, viljen og valde draumar». Hauge arbeider med å finna balansen mellom desse, og det er eit livsvarig prosjekt. 23
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 24
Når eg seier at denne spenninga omfattar både verdsoppfatning og «galskap», har det samanheng med at fleire av Hauges heltar i den eine enden av skalaen – Hölderlin, Nerval, Poe – gjorde erfaringar med ulike former for sinnsliding, og at Hauge også reflekterer over dette. Ei slik samanstilling er sjølvsagt risikabel, dersom den skulle føra til at ein ser på religion eller filosofisk idealisme som ei forstyrring, gjennom reduksjonistisk å føra eit fenomen tilbake til eit anna. Hos Hauge er det ikkje slik tenkt, det er snarare slik at alle desse kategoriane stiller seg i forhold til ei «hi side». Men at denne andre sida er assosiert med galskapen, gjer dermed alle kategoriane risikable. Ingen kan sjå Gud og leva, seier Skrifta, og dette elementet av fare er til stades. Hauge opplever det absolutt som ein risiko. Kittang siterer eit viktig avsnitt, der Hauge kommenterer eit utval av eigne dikt: Det er einfelde ord, og små sette dikt. Men det ligg harde og dyre røynsler attum dei. Når eg ikkje har brodert dei ut, so kjem det kanskje av at dei er skrivne etterpå, med kaldt blod, og berre ein liten kjerne av upplevingi sat att. Når stormane rasa som verst, var det ikkje tid å skriva. For eg, min stakkar, kan no ein gong ikkje styra meg. Difor er kaldsmiing einaste måten for meg. Stemningsboren, rytmisk lyrikk, som flyt fram av dei store stundene, er farleg for meg. Eg veit ikkje å stansa og slå av. (12.09.1964)
Hauge skriv altså dikta sine frå det han kallar posisjon nr. 2: dikt på grenselandet, der ljoset frå hi sida slår inn. Men han må vakta seg for å bli riven med, for då går han over ei grense der han ikkje lenger har kontroll, 24
Til trøyst ferdig.qxd_A 05.08.13 08.53 Side 25
noko han er misnøgd med: «eg, min stakkar». Dette mønsteret, som vi har sett i lesingane hans, finst også i høg grad i dikta hans. Det kjende diktet om å leva i kvardagen har ofte vore lese som eit fasedikt: Før levde han i stormane og striden; no derimot lever han i kvardagen, rakar lauv, steikjer flesk og les kinesiske vers. Og i forhold til den forståinga av dikta hans som vart gjengs frå omkring 1970, har ein oppfatta det som at han sjølv opplever dette som ein framgang, han kjem ut av ein svevn: «Du er her. Her i denne verdi. Kor lenge hev du sovi?» Men denne oppfatninga er neppe rett. Diktinga er heile tida ved denne grensa, og medvitet om det som er på hi sida, høyrer med til dei faktorane som gjer diktet mogeleg «på denne sida». Eit anna kjernedikt kan illustrera dette: Og eg var sorg og heldt til i ei hole. Og eg var ovmod og bygde attum stjernone. No byggjer eg i næraste treet, og um morgonen når eg vaknar, trær fura gull på nåli.
Også dette er blitt lese som eit fasedikt: Før – på femtitalet – levde eg i ei hole og under stjernene – altså utanom «denne verdi». Men no (på sekstitalet) skriv eg om kvardagen. Men det er framleis for enkelt. Det er medvitet om sorg og ovmod, det kosmiske spennet mellom oppe og nede, som gjer at han kan sjå gullet på furunåla. Det er nettopp eit grensedikt; kvardagsfenomena på denne sida av grensa lyser opp av det som høyrer til på hi sida. 25