Jon Fosse
Teaterstykke 5
Samlaget Oslo 2016
Teaterstykke 5 Tittelark_Dei døde hundane 05.07.16 15:04 Side 5
Innhald
Stykke Jente i gul regnjakke 7 Hav 93 Desse auga 185 Kortare stykke Leve hemmeleg 267 Ein raud sommarfugls vengjer 273 Telemakos 285 Fridom 315 Der borte 337 Juletresong 355 Librettoar Melancholia 365 For seint 433 Morgon og kveld 487
Jente i gul regnjakke
PERSONAR EINSLEG MANN FØRSTE KVINNE FØRSTE MANN ANDRE KVINNE ANDRE MANN EINSLEG KVINNE Jente i gul regnjakke hadde urpremiere på Dramaten i Stockholm 9. oktober 2009. Regi: Gunnel Lindblom Scenografi: Jan Lundberg Einsleg mann: Carl-Magnus Dellow Første kvinne: Stina Ekblad Første mann: Magnus Roosmann Andre kvinne: Irene Lindh Andre mann: Johan Lindell Einsleg kvinne: Åsa Karlin
Lyset opp Den einslege mannen kjem, han ser seg litt rundt, nøler, han står og ser ned, han ser opp EINSLEG MANN
Eg er ikkje så gammal men det kjennest ut som om eg har vore her lenge ganske kort pause og det same som før har skjedd det skjer igjen ganske kort pause og ein stad må ein jo vere ganske kort pause og no er eg her ganske kort pause og eg kan like godt vere her som nokon annan stad ganske kort pause for det går jo ikkje an å ikkje vere nokon stad ganske kort pause 11
alle må vere ein stad Det går ikkje an å ikkje vere nokon stad Og så har eg vore her Han går litt framover Alle må vere ein stad Kort pause. Han stiller seg opp Og det er jo bra å vere her alt er som det skal vere her ganske kort pause og visst har eg venta på nokon eg kan godt seie at eg valde å leve åleine men det er ikkje sant eg har aldri valt det det har berre blitt slik det blei berre slik for det er ikkje godt å vere åleine Han blir ståande og sjå framfor seg. Pause Eg er åleine ganske kort pause og åleine skal eg vel vere Den første kvinna kjem, ho nøler, stansar FØRSTE KVINNE
Alltid her Alltid er eg her Og så er eg likevel ein annan stad Ho snur seg 12
EINSLEG MANN
Eg er her FØRSTE KVINNE
Eg er her Og eg er ein annan stad EINSLEG MANN
Eg er her på eit vis kort pause og eg forstår så lite og eg veit ikkje heller om eg vil forstå FØRSTE KVINNE
Eg er her Og eg er her ikkje Ganske kort pause Og han er her EINSLEG MANN
Eg er her FØRSTE KVINNE
Eg er åleine Ganske kort pause Eg er åleine sjølv om han er her ganske kort pause og eg er så lita 13
ganske kort pause eg er ei lita jente i ei gul regnjakke Ganske kort pause Og hĂĽret mitt heng rett ned Eg er stor Eg vil vere stor Eg har pĂĽ meg ei gul regnjakke Eg ser mot nokon ganske kort pause er det far min eg ser mot ganske kort pause er det bror min Pause. Den einslege mannen snur seg mot henne EINSLEG MANN
Eg ganske kort pause ja eg lurer pĂĽ ja ja vi har jo ja vore her lenge har vi ikkje eg trur at vi har vore her lenge ja ja slik kjennest det ut ganske kort pause men ganske kort pause 14
men vi kan vel ikkje seie ja ja at vi kjenner kvarandre FØRSTE KVINNE
Nei Nei det gjer vi ikkje Eg kjenner deg ikkje EINSLEG MANN
Nei ganske kort pause nei vi kjenner nok ikkje kvarandre FØRSTE KVINNE
Vi har vel aldri før sett kvarandre eller har vi det EINSLEG MANN
Eg trur ikkje det Nei vi har nok ikkje sett kvarandre før FØRSTE KVINNE
Nei Nei eg trur ikkje vi har sett kvarandre før no Pause. Den første mannen kjem, han nøler, stiller seg opp og ser ned
15
EINSLEG MANN
Nei ganske kort pause nei eg trur ikkje det FØRSTE KVINNE
Eg trur ikkje det eg heller Kort pause EINSLEG MANN
Nei Nei det er vel slik FØRSTE KVINNE
ser mot Den første mannen Men der var du jo EINSLEG MANN
Eg har vore her ganske lenge FØRSTE KVINNE
mot Den første mannen Fint at du kom EINSLEG MANN
Eg er her og alle må jo vere ein stad ingen kan vere ingen stader
16
FØRSTE KVINNE
mot Den første mannen Du du gode vennen min du ganske kort pause fint at du endeleg kom ganske kort pause men sei noko då ikkje berre stå der Vil du ikkje seie noko Vil du ikkje kome Kvifor vil du ikkje kome DEN FØRSTE MANNEN
ser mot henne Eg skal kome DEN FØRSTE KVINNA
Men kom då Den første mannen går og stiller seg attmed Den første kvinna. Pause FØRSTE KVINNE
Eg er her ganske kort pause men eg er her liksom ikkje likevel
17