OHH Dagbok (Cappelen) ferdig.qxd_A 07.07.16 10:39 Side 1
Olav H. Hauge
Tanke og draum er himmelske køyrety Dagbok 1924–1994 i utval ved Bodil Cappelen
Samlaget Oslo 2016
OHH Dagbok (Cappelen) ferdig.qxd_A 07.07.16 10:39 Side 3
Føreord Olav H. Hauge (1908–1994) er ein av våre største diktarar. Om omfanget av forfattarskapen i mange år ikkje var stort – seks eigne diktsamlingar ved sida av attdiktingar av utanlandsk lyrikk – er han likevel av høg kvalitet. Hauges Dikt i samling er ei av dei kjæraste diktsamlingane hjå lyrikklesande nordmenn i dag. Olav H. Hauge er samtidig ein av våre mest omsette diktarar. Han er ein lyrikar i verdsklasse. I 2000 kom det ei stor endring i storleiken på Hauges samla, publiserte verk: Forfattarskapen auka med mange tusen boksider. Då kom dagboka til Hauge ut. Ho byrjar i mars 1924, då Hauge var 15 år og skreiv ned dei fyrste refleksjonane sine, og ho endar 16. mai 1994, veka før diktaren gjekk bort. Med eit tidsspenn på sytti år og eit omfang på 4000 sider ruvar dagboka ikkje berre i norsk litteratur; ho er mellom dei mest omfattande i verdslitteraturen. Dagboka er ei eineståande kjelde til Hauges liv og dikting. Dagboka er feira som ei innføring i utanlandsk og norsk litteraturhistorie. Ho er rik på omtalar av store namn i bokheimen. Hauge er alltid stødig i vurderingane sine. Over tusen forfattarnamn er nemnde. Men Hauge skriv òg om hendingar frå kvardagslivet og tilværet som eplebonde, og om dei mange menneska som etter kvart kjem på besøk. I tillegg inneheld ho mange diktutkast og dikt som ikkje står på prent i diktsamlingane, og ikkje minst: På mest kvar side finn du visdomsord og råkande formuleringar, både av kjende tenkjarar og av Hauge sjølv. 3
OHH Dagbok (Cappelen) ferdig.qxd_A 07.07.16 10:39 Side 4
føreord
Det seier seg sjølv at dette ikkje er sofalesnad, men eit verk for dei med god tid og stor nyfikne. Slik det finst både dikt i utval og dikt i samling i bokhandelen, er det naturleg at det også finst utval av dei beste passasjane i dagboka. Bodil Cappelen – biletkunstnar og Olav H. Hauges kone og samtalepartnar gjennom tjue år – har gjort dette utvalet. Ideen byrja med at Cappelen vart spurd om kva passasjar i dagboka som høvde for presentasjonar av diktaren i andre land. Ho fann ut at det beste var å laga eit utval som utanlandske forfattarar og kritikarar kunne basere seg på. Utvalet er alt omsett til mange språk. Så kom tanken: Ja, kvifor ikkje dele dette med norske lesarar? Resultatet er Tanke og draum er himmelske køyrety. Betre redaktør for eit slikt utval finn du ikkje. Bodil Cappelen har sagt mange gonger at den fyrste helvta av dagboka, den perioden Hauge levde isolert, er den mest interessante. Då opplever han dei store stundene med verdslitteraturen, og då er han midt i den indre, personlege striden, der han slitst mellom visjonar og «ofserider», som han kallar det. Den viktige samtalepartnaren i denne perioden er dagboka. «Eg lyt fortelja nytt» – slik opnar eit notat 12. desember 1960. I tiåra etter gjennombrotet med På Ørnetuva (1961) blir livet merkt av ei avklara ro. Hauge blir ein populær mann: Heimen blir ein møtestad for norske diktarar og kunstnarar, og ikkje minst: Han får seg kjærast, Bodil Cappelen flytter inn. Då er det gjerne vener eller Cappelen diktaren vender seg til, når han «har nytt han lyt fortelja». Difor er den fyrste halvdelen vektlagd i dette utvalet, men viktige episodar og råkande formuleringar i den siste halvdelen er òg med. Ved å konsentrere seg om eit utval av hendingar, blir sentrale handlingsforløp i livet til diktaren tydelege for oss. I Cappelens utval får vi den indre striden Hauge førte i unge år, nært innpå oss. Samtidig er det spennande å fylgje med på kontakten med damer Hauge opplevde tidleg i 1970-åra. 4
OHH Dagbok (Cappelen) ferdig.qxd_A 07.07.16 10:39 Side 5
føreord
I dette utvalet er omgangen med norske forfattarar i mindre grad teken omsyn til. Det taper ikkje boka på. For det fyrste kom den mest varige litterære påverknaden på Hauge frå store namn i verdslitteraturen. For det andre får vi eit friskt blikk på Hauge gjennom dette grepet: Den litteraturhistoriske forskinga på forfattarskapen har vore delt mellom talsmenn for eit nyenkelt og eit romantisk litteratursyn. Utvalet frigjer Hauge frå denne fastlåste posisjonen ved å leggje vekta på dei mange memorable lines i dagboka, som det heiter ein stad (23. oktober 1962). Det er den evige ord- og diktekunsten du møter i dette utvalet. Med «minneverdige setningar» meiner Hauge både poetiske versliner, visdomsord, ordtøke og råkande formuleringar, anten frå store tenkjarar, frå menneske han møter i livet, eller frå Hauges eigen poetiske verkstad. «Torfinn Syse – ja, han åt skyr og graut med hornskei og trudde på Edda og Garborg», skriv Hauge (desember 1960). «Eg lagar eit ordspråk, etter døme frå Salomo: Mok veg til huset ditt, elles fer gjesten framum», heiter det 18. januar 1944. Hauge har eit særeige blikk for det underfundige i tilværet. Tittelen på utvalet er ein aforisme frå dagboka (sjå februar 1959). Måtte dette utvalet gje lesaren lyst til å gå vidare til kjelda, den samla utgåva av Olav H. Hauges dagbøker. Oslo, 17. juni Ronny Spaans forfattar og litteraturvitar
OHH Dagbok (Cappelen) ferdig.qxd_A 07.07.16 10:39 Side 6
OHH Dagbok (Cappelen) ferdig.qxd_A 07.07.16 10:39 Side 7
Mars 1924 dagbokord Ein tanke slo meg her um dagen: eg skal føra dagbok, det vil verte hugnad med den. – Ja, ikkje dagbok i vanleg meining – versjaa, hendingar, handel og vandel, kjøp og sal. Nei, ei dagbok yver tankar og hugskot – ei aandeleg dagbok, – og meir sligt som kan vere verdt aa minnast. Det treng ikkje vere kvar dag, fylgjestrengt med dagetal og sligt. – Det fær vera naar eg hev tid, og elles um helgedagane soleis. – Det kan no vera ein grand hugnad med det. Men eg maa ha papir, best vilde det vere um eg kunde faa fat i ei stor linjebok, – lat meg sjaa paa det! – – Og kanskje kan eg med det same, og i same boki rite ned meiningar um ymse bøker soleis. Lat meg tenkje paa det! –
Mai 1924 Var til fjells i dag, fyrste gong i vår. – Draumsterke tankar steig upp i meg: Eg yngste eg kunde byggje og bu her; einsam med meg sjølv, og mine tankar! – Faa sitje der og sjaa, sjaa ut yver susande lider av lauv; sigle med blikket yver svagande, utgamle fureskogar; der stemning raader, og kvilande, æveleg fred, under susande, svagande kjempetre – – Og so, lengst bak og lengst burte for manneauga – fjelli – kvilande, himmelblaa reine; stigande fram or draumdis og blaagraa tronhimmel. – Du rekk eit stykke upp mot æveheimen! – Og viser oss leidi, leid mot ævehøgdi, – der eg for min part alltid stundar! – 7
OHH Dagbok (Cappelen) ferdig.qxd_A 07.07.16 10:39 Side 8
1924
Eg vilde hevde meg upp der, upp fraa alt trongsyn hernede, her ingen forstaar meg! – Der vilde eg ride fram i solglans, gjenom blånande høgder og himmlar, – ridande paa ei snjokvit, dunlett, svivande sky, og skode ut yver all heimen. – Ja, derfraa maatte vere flog, og luft nok under vengene for kjenslor tankar – høgre enn alt – Der uppe maatte hausen min kunne kvede ut ein song!
13. mai Hauge Kva gleda og sut hev ein skulegut? Treet stod paa berget i gjenom tusund aar, bar kvar gong det var vaar Statt soleis du paa livsens hav – ber blomar og intil du sig i grav –! Mine ungdomstankar stilt eg inne bar, – dei stilte elles ikkje store krav! –
26. juni Hev no lese Den evige stad av Hall Caine. Det er eit veldugt verk. Veldugt i tankar og veldugt i gjerningar. Rossi var ein helt, ein martyr for den iden um det fullkome rike her paa jordi – Aa, kor inderleg eg er samd med han! Det maa vere det fullkomne! –
8
OHH Dagbok (Cappelen) ferdig.qxd_A 07.07.16 10:39 Side 9
1924–25
Seinare Ja, eg hev no skrive til Amerika – til han morbror – og eg ventar paa svar, svarar han? – daa vert eg sæl! – Daa skal so visst ikkje eg spare, men svare so fort det er raad. – Ja daa. Hev no fenge fat i Don Quijote, Cervantes, andre del. Det er ei megtug bok, men moro, – Cervantes maa ha vore ei veldug aand, ein stor skapande fantasi! Og so ein stor humorrist! Du kjem kanskje til å læ!
10. juni Hev no sett gjenom protokollen ein grand – bokprotokollen – og funne ut at eg hev lese 626 bøker or biblioteket. Det er lite. Temmeleg lite. Fatig er aandi mi! ho veit ikkje mykje. – Gjeve eg kunde metta kunskapstrongen min! – Gjeve eg kunde suge all heimsens visdom i meg! – Aa. Ja daa! Eg er byrja på Pelle Erobreren av Nexö. Den lyt eg lesa ut. Og so taka fat på dei engelske bøkene som no er komne. Eg likar ei lenger å lesa, eg finn aldri same hugnaden i det, eg les –- men kvifor? Eg veit det ikkje sjølv. Jau stundom veit eg det, – eg les for å «døve» for å gløyme. Januar . Olav Hauge
1.–7. februar 1925 Nineteen twenty-five! I am sixteen years now. I was on the point of sixteen years last year on the eighteenth of August – I am already an old man! What a unhappy boy I am!
Mars 1925 [Dagbok:] Eg held no på med eit engelsk brev til Amerika, og det gjeng fint. 9
OHH Dagbok (Cappelen) ferdig.qxd_A 07.07.16 10:39 Side 10
1925–27
Eg ser det no at det gjeng å læra framande mål, um so på eigi hand – um ein vil då. Når eg no hev lært engelsk toleg bra er eg tenkt til å taka fatt på eit anna. Hev tenkt so smått på spansk eller fransk, tysk er no heller ikkje til å forsmå. Og so sku eg ha lært latin, hebraisk og græsk – klassisk – –. Då vert folk vise, hev eg høyrt! –Lyt sjå til å få tak i lærebøker! – Ja, so les eg meg til professor på eigi hand, og det fint òg! Nett som det skulde vere noko! – – «blås! For her er gut her! – –»
9.–16. april From childhood’s hour I have not been as others were; I have not seen as others saw; I could not bring my passions from a common spring .. E. P. [Edgar Poe]
Mai 1927 Veik og vesal er eg, viljelaus. Eg tenkjer ikkje lenger, eg tenkjer berre at eg grundar på noko. Kanskje er det feilen, at eg tenkjest vera det som eg på ingen måte er? – Men kva er eg då? Ein null? Ein maur millom tusund andre maurar? – Nei, eg er ingen maur. Ein maur er ein stor socialist. Kva skal eg gjera? Skal eg syngja? Murra uppatt den ævegamle songen um livsens tomleik og meiningsløysa? Den songen som sangrar gjenom alle tider like vonlaus og sår, minnande um alle usæle lagnadene. Eg lyder. Eg synest synd i deim. Kvi skal eg syngja? Syngja so einkvan vonlaus som eg sjølv skal stana upp ein gong i ettertidi og hava vondt av meg? Nei, kvi ikkje kverva? Er eg den fyrste som kverv utan å lata etter seg ein ljosstolpe som lyser og sender stråleskinet um seg? – Kvi kann det ikkje like so godt vera natt? Svart, myrk, levande, løynande natt? – Kvorven so stilt i tidi sitt heimskav, at korkje bublor stig upp eller minneringar breider seg. – 10
OHH Dagbok (Cappelen) ferdig.qxd_A 07.07.16 10:39 Side 11
1927–29
September 1927 Eg er mest heil kar att no. Eg arbeider ein grand til kvar dag; men når eg hev ei stund, so les eg. Eg sniglar langsamt gjenom det eine verset etter det andre. Men planlaust. Den eine forfattaren avløyser den andre. Dickens, Wergeland, Moren, Ibsen. Vinje er det helst eg hev halde meg til no ei stund. Og eg likar alle saman. Wergelands evigunge dikt! Desse gyllne, jublande solsongane! Det er ikkje kvar dag at eg er ute; eg sit helst heime. Vert vel nærast det dei kallar «ein einstøding». Eg finn meg ikkje til rettes nokon stad. Å, de menneske! Eg kjenner dykk ikkje! De er ikkje slik som eg tenkte. Eg frys millom dykk og kjenner meg meir einsam enn når eg er heilt åleine … Kvar var det eg kjende dykk frå? – Frå den underlege, dulrame draumeverdi i barndomen. Men verdi er onnorleis. Eg kjenner ikkje att nokon ting, ikkje meg sjølv ein gong. Å, du min barndoms draumeverd! Kannhenda var du den einaste rette? – Er det dei skattar ein henta med seg der i frå ein seinare skal leva på?
Februar 1929 Eg hev lite tid å lesa no; eg er leigekar hjå presten. Han held nemleg på og skriv bok um sine bragder som jeger. So skulde eg hjelpa til med retting og reinskriving. Det er eit godt rot; men eg likar meg i prestegarden likevel; der er so mykje bøker. Eg hev vore der snart ein månad no.
Mars 1929 No er eg byrja på Hjeltnes Hagebruksskule og dermed fær eg vel leggja både litteraturen og språki på hylla. Um ei tid hev eg vel gløymt alt i hop.
11
OHH Dagbok (Cappelen) ferdig.qxd_A 07.07.16 10:39 Side 12
1929
April 1929 Atter heime! Kom til å setja øksi inn ovanum kneet her eine dagen, og so laut eg sjølvsagt til sengs. Tunglyndet må vera ein sjukdom. Det er mange tunge stunder, stunder då alt som du er glad i vert til «utter nothingness», som Walt Whitman syng. Mitt sjeleliv er ei ustanseleg svinging millom ljos og skugge … Stundom kjenner er meg einsam i notti og synest løyst frå alt som batt meg til livet; all røynd sviv for meg som ein underleg draum. Er det slik det skal vera? Det er merkeleg: men alle stemningar hev sin eigen ynde og sin eigen hugnad. Eg hev alltid høyrt so mykje um «ånd» og «sjel», men eg hev aldri kunna skyna kva dei ordi i røyndi meiner. Når eg tenkjer eller talar, fær eg ein tokke av at dette ikkje er meg sjølv i grunnen. Det må liggja noko attum som er større og noko meir enn denne ytre «hamen» som funksjonerar til kvar tid i livsens gråe kvardag. Kva er det? Er det «sjeli», «åndi»? Granskar eg etter beste emne, finn eg berre ein uendeleg vase av hugsviv, uklåre inntrykk, voner og ynske, både godt og vondt. Ved påverknad utanfrå kann ei einskild stemningsleid koma i slik brand at ho tek makti åleine. Dette veit eg, og endå ei mengd med psykologiske fakta; men likevel: kva er sjeli? Ein fin organisme i den materielle lekamen? Ein refleks av den ytre verdi? Visseleg er ho alt dette; men er ho ikkje noko meir? Kannhenda sjeli ikkje kann fatast, gripast med våre materielle midlar? Kvelv poesien sin stjernehimmel yver sjeli! Eg trur på deg, mi sjel … Reika med meg i graset, løys tunga mi til song … Walt Whitman
12