1
Erna Osland
TA 100 STEG OG FĂ… EIN VENN 14 forteljingar
Samlaget Oslo 2015
30
DEI SOM MØTEST 9 Emil og Kaja Det hemmelege 13 Yue-Yan og delfinane Delfindulting 19 Fatima og Sara eller Siri Regnbogen 33 Hanna og Håvard Hjartejenta 41 Trond og Maja-Mari Trond tenkjer 49 Sigurd og Sigurd Spesial 59 Jonas og jenta med slør Stilt 63 Sara og Klara 1 + 1 = 2 71 Brage og jenta i djupet Eit nikk er nok 77 Sandra og han som smilte i skjegget Kongemål! 83 Susanna og jenta i spegelen Bestevenn 89 Isak og jenta med hjelmen Piggsvin 97 Eva og Alexander Og så kan sommaren begynne 101 Tina og guten som talde Trappetrinn
8
Det hemmelege
Emil bur i femte. Kaja bur i sjette. Dei bur i same blokk. Dei går i same klasse. Og dei har same skoleveg. Straks dei ser kvarandre, seier dei hei. – Hei! seier Kaja. – Hei igjen! seier Emil. Dei går vidare. Men ikkje side om side. Emil går først. Han går alltid først, litt framfor Kaja. Kaja går alltid bak. Eit stykke bak Emil kjem ho i jamn, fin fart.
9
Det er langt å gå. Skolevegen er lang. Dei går og går. Men så snur Emil seg. Han smiler til Kaja. – Hei igjen, igjen! seier han. Og ho svarer: – Hei igjen, igjen, igjen! Han har alt stansa. Så ho stansar ho òg. Og set leppene fram, dei blir ein trutmunn. – Kysse-Kaja, du fangar ikkje meg! roper han og set på sprang. Han fer av garde. Ho kjem etter i same fart. Emil spring. Han spring, han spring. Men ikkje alt han kan! Ikkje så fort han kan! Det berre ser slik ut. Det berre ser slik ut for oss andre, som ikkje veit om det hemmelege som snart skal skje.
Delfindulting
Yue-Yan liker å svømme. Bukta som ho svømmer i, er lang og djup. Veldig djup. Men Yue-Yan er flink til å svømme. Ho svømmer fort. Ho svømmer djupt. Ho kan dukke og halde pusten lenge. Veldig lenge. Ho er som ein fisk. Ho glir langs botnen, nesten usynleg nede i djupet. Kvar kveld er Yue-Yan i badebukta. For da er det ein gutegjeng der. Dei lagar lydar. Som ein flokk delfinar fer dei gjennom vatnet.
13
Yue-Yan må smile. Fort dukkar ho under og svømmer langt utan å puste. Yue-Yan svømmer djupt under gutane, som plaskar og ler. Så begynner ho å stige. Roleg. Roleg, roleg stig ho mot dei plaskande gutane. Og enda litt til. Ho lar seg flyte opp rett under dei lange føtene, dei ivrige armane og gutemagane som glir over henne. Heilt nær dei fine gutane kan Yue-Yan komme når ho stig opp frå djupet. Men ho kjem aldri borti dei! Ho kjem aldri borti føtene eller armane eller magane til dei plaskande delfinane. Å nei, det passar ho på! Det hender at ho må puste.
14
Da stikk ho hovudet opp. – Unnskyld, seier ho. Delfinane berre ler. Så kjem dei nærare. Så dultar dei. Ein etter ein kjem dei svømmande. Ein etter ein dultar dei i henne. Og det er akkurat det ho ventar på – delfindultinga! Det er den Yue-Yan ventar på. Det er den ho liker så godt, dultinga med alle lydane idet ho stig midt opp i dei frå det stille djupet.
15