Skip to main content

St. Olav-komplekset

Page 1

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 1

1


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 3

Arild Rein

St. Olav-komplekset Roman

Samlaget Oslo 2014

3


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 4

For Helge P.

You better believe in ghosts because soon enough you too will become one – Lydia Lunch

4


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 5

01 Ti sekund etter at Fritz Hellman hadde skrudd på mobilen, freste han i bukselomma lik ein elektrisk støyt. Han heiste seg opp i bilsetet og trekte opp mobilen. Trafikken var tung og snigla seg som ein uendeleg makk innover mot Melbourne sentrum. Han hadde køyrt i tjuefem timar. Klokka var ikkje meir enn sju om morgonen. Bikkja hans, den amerikanske staffordshireterrieren Joe, sat i passasjersetet. I baksetet låg jentungen og sov som eit barn. Han opna sms-en. Meldinga var frå ekskona: «Far din er daud.» Han kjende ingenting. «Far din er daud.» Så slo det inn som eit støvelspark i magen. Han opna vindauget og tende ein sigarett. Fullasta trailerar drønna forbi. Dei rumlande brøla frå desse dinosaurane på hjul høyrdest ut som om dei kom kvelvande ut frå jordas indre. Han visste at denne dagen ville komma, men han hadde aldri sett fram til han. Han kryssa Yarra River og var heime etter nok ein vellykka turné, den første etter kollapsen. Han hadde køyrt hardt og fort, og nakken var stiv og spent som ei fjør. Utan amfetamin hadde det vore umogleg å køyra Agnes Water–Melbourne nonstop. Det var berre fire dagar sidan han hadde selt unna det siste 5


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 6

partiet med hydro og sat åleine i sommarregnet i bassenget på Carmlet Motor Inn i Bundaberg og drakk brandy medan han såg på dei gigantiske flokkane med fruktflaggermus som gjorde den flammeraude kveldshimmelen svart som olje, og kunne ikkje anna enn å grøssa av naturens under. Og berre tre dagar sidan han trefte jentungen på den milelange og folketomme stranda i Agnes Water. Det var ikkje planlagt. Det skjedde berre. Og etterpå gjekk han og jentungen til campinghytta hans og knulla så rasande at ho blei redd. Gradestokken nærma seg tretti grader allereie. Det lyse håret hans klistra seg til kraniet. Den tjukke sveitten rann i ukontrollerte bekkar på innsida av skjorta. Alt hadde endra seg då arbeidsgivaren hans drog til Balkan for å kjempa for fedrelandet mot muslimane: «Desse rottene som drog ned buksene og lét tyrkarane knulla dei i ræva for seks hundre år sidan og framleis klynkar av nyting.» Han skjøna faen ikkje kva Goran Tanic babla om. Fyren var australsk statsborgar og hadde ingenting på Balkan å gjera. Men ein ting skjøna han: Goran Tanic hadde øydelagt livet hans med det jævla tøvet sitt. No var det ein horde med lågpanna analfabetar han gjorde business med, og han visste faen ikkje kor lenge han orka det. Han hadde konsentrert seg om uviktige personar altfor lenge. Folk han ikkje brydde seg om. Folk han aldri ville risikert livet for. Tvert imot. Han stoppa på raudt lys og kikka bort på det døgnopne bordellet som låg på gateplan i det nyoppussa forretningsbygget. Melbourne hadde ikkje noko red light district. Det hadde politika6


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 7

rane bestemt. I staden låg bordella spreidde rundt i byen som små, usynlege vardar. Tre smilande og skjeggete menn i kritkvite kjortlar kom ut frå bordellet. Ein hadde kjeften full av gull. Ein annan hadde eit skeivt smil som fekk han til å tenka på faren. Han rista på hovudet og grynta som ein gris. Eit bilde av Goran Tanic på turistvisum kravlande rundt i fjella på Balkan med automatvåpen, bajonett og handgranatar poppa opp i skallen. Han hadde sett det altfor mange gonger. Okei folk var i stand til å gjera forferdelege ting. Han sette Toyota Hilux-en i gir igjen. Korfor kunne ikkje fanatikarar av alle slag møtast på bordell i staden for å springa rundt og skjera halsen over på kvarandre? Når rognposen er tom, blir alle litt rolegare. Han tørka sveitten i andletet med handbaken og retta litt på gebisset i underkjeven. Kjeften var kvit og tørr som mjøl. Han kikka i spegelen og svinga av frå St. Kilda Road og inn i Carlisle Street. Jentungen var vaken og sat og såg ut vindauget utan å seia eit ord. Det digre solbleikte rastahåret stod til alle kantar. Ifølgje den kinesiske astrologien var ho ei rotte nett som han. Den einaste skilnaden var at ho var tjuefire år yngre enn han, og eitt år yngre enn sonen hans, Adam. Medan dei sat og åt frukost oppe i Agnes Water, hadde jentungen plutseleg, ut av det blå, spurt korfor han såg så ulykkeleg ut. Han var ikkje ulykkeleg. Han hadde aldri vore ulykkeleg i heile sitt liv, men han hadde sjeldan lyst til å le. Og han var alltid roleg. Kanskje det var det som fekk folk ut av fatning og mistolka han? Han visste ikkje. Han var førtifire år, men det kunne ingen sjå. Det var som om 7


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 8

metabolismen i kroppen hans heilt hadde stoppa opp. Som om nokon hadde dyppa han ned i sjølvaste ungdomskjelda. Kanskje det var alt dopet han hadde tatt? Ekspertane meinte det endra metabolismen og bremsa aldringsprosessen. Ikkje ein kjeft tok han for å vera ein dag over trettifem. Sjølv hadde han dei ti siste åra sagt at han var trettito, til folk han ikkje kjende. På fortauet framfor 33 Carlisle Street stod Sjølvmords-Sandra i ein blomstrete hippiekjole og klødde seg manisk i håret, på overarmane og på leggane, som om heile kroppen var full av lopper og lus. Ho var høg som ei radiomast på dop. Gatene rundt her var fulle av folk som henne. Ingen snudde seg og såg etter dei lenger. Fordi dei skamma seg over å vera så på trynet, forventa dei ei slags ømheit i alle fall han ikkje kunne gi. Sjølvmords-Sandra var endå ei av desse ikkje-venninnene han verken hadde tid eller krefter til å bry seg om. Og ho var ubrukeleg til sex. Ho sleppte ut slike merkelege, rautande kulydar at menn mista lysta. Han fann fram remotekontrollen utanfor leilegheitskomplekset, opna metallporten og køyrde inn.


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 9

02 Den lange, kvite bygningen i to etasjar var ikkje meir enn tjuefem år, men bar tydeleg preg av forfall og dårleg vedlikehald. Malinga flassa av veggane. Søppel låg og flaut rundt hushjørna. Han hadde tatt kontakt med eigarinna for seks veker sidan og fortalt henne at ventilasjonsanlegget var reine rottemotorvegen. Ho hadde takka han høfleg for informasjonen, sagt ho skulle få folk til å sjå på det med ein gong. Ingenting hadde skjedd. Er det her du bur, Gary? sa jentungen og smilte. Engelsken hennar var perfekt, men med ein tydeleg skandinavisk aksent. Det hadde tatt han nesten tjue år å fila vekk aksenten sin. Velkommen til St. Kilda og kongeriket mitt. Gary Spencer var berre eitt av dekknamna han brukte. Han sette bilen frå seg på parkeringsplassen på baksida av bygningen og gjekk ut av bilen med Joe hakk i hæl. Han strekte dei stive og sure musklane, og bikkja gjorde det same. Dei var eit samansveisa team. Joe, bestevennen og våpenet hans, følgde han overalt som ein skugge. Jentungen kom krypande ut frå baksetet. Ho myste opp mot himmelen og blotta ein perfekt mage under den utvaska T-skjorta. Han løyste stroppene på lasteplanpresenningen. Han 9


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 10

heiste opp ein svart sportsbag og eit par armyboots og begynte å gå mot trappeoppgangen, som låg på utsida av bygget. Jentungen drog fram ryggsekken sin og følgde etter. Han gjekk opp trappene og sette nøkkelen i døra til leilegheit 213, opna og slo på airconditionen. Leilegheita likna eit lurvete motellrom frå ein lågbudsjettfilm. Ei dobbeltseng. Ein liten sofakrok med ein TV og eit lite kjøkken med eit rundt bord. Borte ved dobbeltsenga ei dør inn til eit knøttlite bad. Leilegheita var ikkje meir enn tjuefem kvadrat. Han skjøna med ein gong at det hadde vore folk i leilegheita medan han hadde vore borte. Det var noko med lukta. Han stivna til. På kjøkkenbordet stod ein skoeskeaktig pakke han aldri hadde sett før. Du kan setja ryggsekken frå deg borte ved senga, sa han. Han sette bagen og bootsa ned på golvet og vann igjen kontrollen ved hjelp av raseriet sitt. Han opna bagen, tok toalettveska med seg og gjekk ut på badet. Han fann fram barbersaker, tannbørste og kam. Det var ikkje før toalettsakene var på plass, han var heime. Då han kom ut frå badet, låg jentungen splitter naken i dobbeltsenga og stira i taket. Kan eg låna dusjen? Du finn handklede i hylla under vasken. Jentungen spratt opp og forsvann inn på badet før han fekk kjærteikna den perfekte kroppen. Ho gjorde han ung og kåt, medan ho heilt klart blei eldre av å vera med han. Han gjekk bort til ytterdøra, opna henne og studerte dørkarmen og døra. Ingen teikn på innbrot. Dei jævlane hadde nøkkel. I kjøleskapet fann han fram hundemat til Joe og ein frukostøl til seg sjølv. Han fylte drikkekaret til bikkja med kaldt 10


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 11

vatn og spretta ølflaska. Så drog han fram mobilen frå bukselomma. Han las sms-en frå ekskona ein gong til: «Far din er daud. Du kan ringa onkelen din: +4748319391. Han sa noko om ein eksplosjon, men engelsken hans var så dårleg at eg ikkje fekk med meg alt.» Han hadde ikkje høyrt eitt ord frå ekskona på fire år. Dei hadde berre forsvunne frå kvarandre på nattehimmelen som mørklagde fly. Dei hadde halde litt kontakt det første halve året etter skilsmissa på grunn av Adam, men etter at Adam flytta til Sydney og heilt braut kontakten og Eva gifta seg på ny og fekk ein unge i rekordfart, var det slutt på all kommunikasjon. Det var han heilt komfortabel med. Eva hadde sett fram krav som det var umogleg for han å innfri. Nokre aksepterer den typen ting. Han gjorde det ikkje. «Eg vil bli gravid igjen.» Det var denne setninga som starta alt. Berre tanken på å få nok eit barn med det kravstore og dumme mennesket, var grotesk og heilt uaktuell. Han hadde nådd det punktet at han – utan å lukka augene – kunne sjå for seg det monstrøse og raudhåra hovudet til det som kom til å bli avkommet deira. Det skaka han og gjorde han kvalm. Adam og Eva hadde blitt fullstendig uviktige for han. Å møta livet som ein nybyggar var hans ideal. Han fortente litt omsorg og velvære no. Livet baud ikkje på for mange dagar med sol og glede. Men ein ting skulle ekskona ha, utan henne hadde han aldri blitt australsk statsborgar. Han tok ein ny slurk av ølen. Det var tjueto år sidan han hadde sett far sin sist. Då var gamlingen yngre enn han var no. Eit bilde av faren kledd i lys sommardress og blåstripete slips fór 11


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 12

igjennom skallen. Han tende ein røyk. Han måtte ha duppa av, for då han såg bort på sigaretten, var det berre ei klo av oske igjen av han. Ein dump lyd, som om nokon slo på ein skrott med ein kjepp, høyrdest frå naboleilegheita. Så gråt og spetakkel. Dei parpirtynne veggane gjorde det umogleg for han å sleppa unna desse krapyla. Ingen ønskte å bu på sånne bisarre plassar som dette, bombardert av lyd og lort tjuefire timar i døgnet året rundt. Han hadde latt ekskona sitja igjen med hus, bil og møblar. Alt han tok med seg, var ein søppelsekk med klede og to småesker med bøker. Han orka ikkje å krangla om ting. Han likte å reisa med liten bagasje. Starta ein på ny, kunne ein like godt starta heilt på botnen. Då fanst det berre éin farbar veg – opp mot lyset. Han hadde alltid innbilt seg at livet ordnar opp i ting på eiga hand. Han hadde aldri planlagt noko. Var ein i stand til å akseptera det livet hadde å tilby, gjekk det som regel ikkje så verst. Det gjaldt berre å ha så låge forventningar til folk og fe som mogleg. Då blei alt som kom rekande inn i livet av ørsmå gleder, reine bonusen. Som jentungen, som hadde gitt han kroppen sin omtrent som ei mor gav tåteflaske til eit uroleg barn. Alt var så ukomplisert med jentungen. Det var fordi dei ikkje kjende kvarandre. Eller orka å rota i fortida til kvarandre. Å gløyma var ein av dei få luksusane i livet. Eska på kjøkkenbordet var pakka inn i grått papir. På toppen av eska hadde nokon skrive med barneskrift: «Dette er ikkje ei bombe.» Han rista på hovudet. Avsendaren hadde i alle fall humor. Han reiv av papiret og opna eska. Ho var fylt 12


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 13

med bomull. Midt i bomullsenga låg ei daud rotte på ryggen, med føtene trekte opp under seg og strupen skoren over. Tydelegare melding gjekk det ikkje an å få. Han sette lokket på eska og bretta saman innpakningspapiret. Då Joe skjøna at Fritz Hellman var på veg ut, styrta bikkja etter. Med skoeska under armen småjogga han ned trappene. Søppelkonteinarane stod i eit eige skur borte ved parkeringsplassen. Han heiv skoeska i konteinaren for matavfall. Så gjekk han bort til bilen, fann fram eit skrujern frå verktøykassen bak på lasteplanet og begynte å skru av New South Wales-skilta. Toyota Hilux-en hans var blitt modifisert med ein ekstra bensintank. Ein tohundreliters tank, ca. tretti centimeter brei, som strekte seg under heile lasteplanet. Ei flyttbar plate på innsida av tanken delte han i to avdelingar. Ei for legitim bruk. Og ei for pengar, våpen, bilskilt, hydro og anna dop. Han demonterte bensintanken og tok ut eit sett med Victoriaskilt, som han skrudde på. Så drog han ut seks burgartjukke bunkar med hundredollarsetlar, la New South Wales-skilta inn i bensintanken og skrudde igjen. Heile seansen tok ikkje meir enn fire–fem minutt. Han delte dollarbunkane i to og dytta dei ned i kvar si baklomme. Så spurta han mot leilegheita. Bikkja rasa forbi han som ei kule skoten ut av ein kanon. På toppen av trappene sokk han saman og heiv etter pusten. Han kjende sterke smerter på innsida av ribbeveggen, som om det var metallbitar der. Det var noko med maskineriet som faen ikkje stemde. Noko var riv ruskande gale. Lungene drog inn og pressa ut luft lik eit trekkspel spelt av ein galning. 13


St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 14

Joe stod ved sida av han og såg på han med triste auge. Lyden av dritmusikk frå naboen blei med eitt høgare. Det gjorde han meir uttrykkslaus og fokusert. Han gjekk bort til leilegheit nummer 215 og banka på døra. Ein liten, bøtteknottaktig mann han aldri hadde sett før, opna. Han var bleik og herja, som så mange i St. Kilda. Ein sigarett dingla i munnvika. Hovudet var altfor stort for kroppen. Smilet stakkaren sette opp, såg ut som det var malt på. Gå heim, sa Fritz Hellman. Partyet er over. Kven faen er du? Kva vil du? Fritz Hellman snudde hovudet rundt som om han kikka etter noko. Er dette eit filmsett eller noko? Kva faen er det du bablar om, din jævla apekatt? sa bøtteknotten. Er Kim der? Nei. Partyet er over, sa eg. Bøtteknotten var rusa. Kanskje stakkaren var dopa på dopet Kim hadde krita av han? Det spelte inga rolle. Han såg fjes inne i leilegheita han ikkje kunne utstå. Han likte ikkje Kim. Og Kim likte ikkje han. Ho likte ikkje nokon. Det var det dei hadde felles. Dei likte ikkje folk. Han tok sigaretten ut av kjeften på bøtteknotten med høgre handa og klinka til han med venstre. Berre ein gong. Armar og bein fauk opp i lufta og sokk saman som eit telt utan bardunar. Heilt frå starten på denne pinlege seansen hadde han kjent berre forakt for denne fyren. For denne krypande fattigdommen, og folk som underkasta seg han. Det grensa til vemming. Ja, han var ein kald faen. Han visste det. Han var ein mann med ein fisks blod.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
St. Olav-komplekset by Det Norske Samlaget - Issuu