Skip to main content

Spøkelsesnatt

Page 1

Påfunn i Paradis

Spøkelsesnatt Av MONI NILSSON Illustrert av ELIN LINDELL

Frå svensk ved ØYSTEIN ROSSE

Samlaget oslo 2016

spøkelsesnatt-INNMAT-9788252189605.indd 3

04.12.2015 15.53


spøkelsesnatt-INNMAT-9788252189605.indd 4

04.12.2015 15.53


Slatten har vondt i magen. Han har ikkje hatt det på lenge. Men no rumlar magen uroleg. «Venen min», seier mamma. «Du må ikkje. De kan vel sove her i staden.»

5

spøkelsesnatt-INNMAT-9788252189605.indd 5

04.12.2015 15.53


Slatten ristar på hovudet og pakkar pyjamasen og tannbørsten i ryggsekken. Der skal skulebøkene hans vere. Slatten gler seg til å begynne på skulen i haust. Ein ekte skulegut får nok ikkje vondt i magen berre av å overnatte hos ein ven.

6

spøkelsesnatt-INNMAT-9788252189605.indd 6

04.12.2015 15.53


Så Slatten har bestemt seg. Han vil overnatte hos Kaka. Same kor mykje det kiler i magen. For det har han lovd, og ein må halde det ein lover. Pappaen til Kaka har seinvakt på jobben, og dei skal få vere heilt aleine heime.

7

spøkelsesnatt-INNMAT-9788252189605.indd 7

04.12.2015 15.53


«Det blir nok moro», seier mamma og kysser han på panna. «Ring viss det er noko!»

8

spøkelsesnatt-INNMAT-9788252189605.indd 8

04.12.2015 15.53


«OK», pip Slatten og klemmer mamma veldig lenge. Som om han skal vere borte i fleire år. Minst.

9

spøkelsesnatt-INNMAT-9788252189605.indd 9

04.12.2015 15.53


Slatten har aldri overnatta hos nokon før. Nür mamma og pappa treng barnevakt, kjem alltid farmor, morfar eller mormor heim til dei. Da er alt bra.

10

spøkelsesnatt-INNMAT-9788252189605.indd 10

04.12.2015 15.53


Slatten lurer på om han eigentleg er stor nok til å gå og leggje seg utan godnattforteljing og nokon som breier dyna rundt han. Viss ingen breier dyna passe godt rundt han, får han ikkje sove.

11

spøkelsesnatt-INNMAT-9788252189605.indd 11

04.12.2015 15.53


Da ligg han vaken heile natta og tenkjer på fæle ting. Som at alle skal døy. Han òg.

12

spøkelsesnatt-INNMAT-9788252189605.indd 12

04.12.2015 15.53


Til slutt må han gå og leggje seg i senga til mamma og pappa. Og høyre at hjarta deira slår.

13

spøkelsesnatt-INNMAT-9788252189605.indd 13

04.12.2015 15.53


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Spøkelsesnatt by Det Norske Samlaget - Issuu